Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Ja, det hadde vore kjekt! Men vi reiser på onsdag. Du får gje ein lyd neste gong dei skal vaske i kollektivet...
  2. Var akkurat det eg meinte, ja . Eg tvilar ikkje på at det er fleire som har spansk som morsmål, men eg vil då tru at det er fleire som kan russisk? Veldig mange har russisk som 2.-språk. Det gjeld vel først og framst heile austeuropa (meir eller mindre). Men det er vel liten tvil om at både spansk og russisk er språk ein utan tvil vil kunne ha nytte av i løpet av livet.
  3. Russisk! Har alltid hatt lyst til å lære meg russisk, og no når eg driv og køyrar til Ukraina eit par gongar i året, er det jo høgaktuelt. Fekk ei Russisk for nybyrjarar-bok av Lina Kristine til bursdagen, så eg har byrja litt. Men eg trur nok eg burde ta eit kurs om det skal bli noko sving på det. Og så vil eg seie at det rusiske språket vel dekkjer mykje større område enn spansk. Spansk snakkar dei i Spania, mellomamerika og noko av søramerika, om eg ikkje tek feil. Russisk snakkar dei i Russland (allereie eit mykje større område i seg sjølv), praktisk talt heile austeuropa (som 2.-språk), og store delar av Asia (dei fleste -stan-landa). Så om ein skal vere fornuftige, så er det russisk som gjeld .
  4. Fantastisk . Med ein slik detaljhukommelse må det jo bli bra .
  5. Woho, dette lovar godt . ØYH! Kva har eg sagt om å publisere det biletet der!?
  6. Utan å skryte på meg noko erfaring eller kunnskap om problemet, så kan eg jo kome med mine eigne meiningar. Sjølv ville eg nok hatt ein liten glipe på vindauga, dei aller fleste hundar toler ein del kulde (med mindre det er massevis av minusgrader). Når det er sagt, er vel bilar såpass utette at det ikkje er noko problem om vindauga er att heller. Dugget på vindauga er kun fuktigheit, og særleg når det er kaldt, skal det lite til før det duggar, då kald luft ikkje klarar å halde på luftfuktigheit. Så det at det er dugg på vindauga, betyr ikkje at lufta er dårleg .
  7. OlavEmil

    Ebay

    Det viser vel berre kor omfattande det er, når dei som sel slikt har fått det innprenta at det er slik det skal vere...
  8. At ho ikkje disponerar kontoen, ville brydd meg midt i ein viss plass. Ikkje svar på det (men det tenkte du nok ut heilt sjølv òg ). Når det gjeld "dei uteståande" pengane, så kunne det gjerne vere eit høve til å få på plass papira, for å få saka ut av verda ein gong for alle, om det var så at du faktisk hadde planar om å betale 5000 ekstra i si tid. Når det er sagt, om alt det som du skriv no kjem på sms, har ho nok gravd seg såpass djupt at ho ikkje har noko ho skulle ha sagt om det skulle gå vidare. Ho har jo skrive at pengane er komne attende, og at det faktisk var eit kjøp ein gong i tida. Så om du ikkje bryr deg med papira, og ikkje bryr deg om maset hennar, eller skiftar nummer, som andre har nemnt, er det vel berre å fortsetje ignoreringa.
  9. No har ikkje eg lese gjennom alt her, men om det er så at ho heilter Shiba i dag, og dei rundt deg har byrja å bruke det namnet, men du ikkje vil ha rasenamn, kva med Siva / Ziva? Ganske likt, slik at det forhåpentlegvis blir lett for både hund å folk å gjennomføre skiftet, i tillegg til at det er eit fint namn .
  10. Laffen (vår hund) legg seg òg i sofaen om han får vere åleine heime med tilgang til den, eller i senga vår om han kan. Vi lukkar døra til stove og soverom når han skal vere åleine, slik at han får tumle rundt i gangen nede og oppe. Men det er klart, den moglegheita er det jo ikkje alle som har. Kan gjerne vere ein ide å leggje eit stort teppe / dekken over sofaen, som RM sa, slik at han ikkje slit på sofastoffet. Alternativt kjøpe kompostgjerde på biltema og sperre av sofaen, som Marie og Malamuten foreslår. Forstår godt at du ikkje vil fram med buret, og det held eg (og 95% av alle andre her inne) med deg i .
  11. Som andre seier, den einaste grunnen til at hunden ser "skuldig" ut når du kjem heim, er at han etter å ha blitt kjefta på x antal gongar har lært seg at det ikkje er noko kjekt at du kjem heim. Det er ikkje ein god ting, som Red Merle seier, slutt med det. Når det gjeld sofaproblemet, så er det klart hunden vil leggje seg der om han har moglegheit. Der er det lunt og mjukt, og luktar godt av menneske . Einaste løysing er nok å lage ei fysisk sperring mellom hundens opphaldsrom og sofaen.
  12. Eg har ingen tips, men det var trist å høyre . Håpar det ordnar seg.
  13. Kan eg få den som hodelykt, tru?
  14. Som dei to siste seier, det vil vere lurt å svare at du ikkje er interessert i å selge hunden med ein gong. Det er ingen som helst fordel med å vente til pengane kjem. Om du tenkte at du ville vente fordi du ikkje er sikker på at pengane kjem i det heile, så er det ikkje relevant i høve til at du må poengtere at hunden er din, og ikkje til sals. Om du ikkje alt har sendt den meldinga, gjer det no i kveld.
  15. Høyrest ut som det skal vere mogleg å klemme ganske mange raser inn i dei krava der. Sjølv hadde eg gått for berner sennen .
  16. Som Jankaa seier, då har du beviset du treng. Då skriv du berre den neste meldinga eg skreiv i mitt innlegg, at du ikkje vil selje hunden att. Etter det treng du igrunn ikkje skrive meir, då kan du leggje saka død. Skal ho få gjort noko meir då, må ho gå til retten, og då har du som sagt bevis på at du har kjøpt hunden. Problem solved .
  17. Og ein ting til: Ikkje ta telefonen om ho ringjer. Ta alt over SMS. Det som blir sagt munnleg kan du aldri hente fram att som prov, samtidig som du neppe får henne til å gjenta noko ho har sagt på telefon skriftleg seinare.
  18. Skriv følgjande (eller liknande): "Er det kjøpesummen til hunden du returnerer?" Pass på at denne meldinga blir lagra på telefonen din. Når ho då svarar "Ja", har du prov på at du har kjøpt hunden. Då svarar du "Jeg er ikke interessert i å selge hunden tilbake til deg. Jeg returnerer pengene til deg straks jeg får dem." Pass òg på at denne meldinga blir lagra. Når pengane kjem, sender du dei attende til henne, og får kvittering på at du har gjort det. Kvittering kan du få i nettbanken, om du er usikker på korleis du gjer det, går du i banken din og får det gjort.
  19. OlavEmil

    Kald bil

    Kva byggjer du dette på? Det vil tvertom vere varmare inni ein bil enn ute, jo kaldare det er ute, jo større vil forskjellen bli. Det er fordi hunden sjølv avgir varme, som skallet på bilen vil halde på. Jo tettare bilen er, jo mindre vil varmen forsvinne ut (sjølvsagt). Dermed vil ofte ein vanleg personbil med plast og foring halde betre på varmen enn ein enkel kassebil av typen Berlingo eller Caddy, utan noko innerforing innanfor metallkarosseriet. Men det vil likevel aldri bli kaldare inni ein bil med eit levande (varmblods) vesen i, enn utanfor. Eg veit ikkje kor stor ein Scharpendoes er, men jo større hunden er, jo mindre kaldt vil det bli i bilen, fordi ein stor hund har større kroppsmasse å avgi varme frå.
  20. Det burde ikkje vere forskjell på oppdraginga av små og store hundar. Jaudå, ein kan fint halde att / løfte opp / fjerne ein liten hund, medan det kan vere vanskelegare med større hundar. Men det er vel nettopp difor vi har fleire små hundar som ikkje kan gå i band, som bjeffar og brølar, som ikkje går overeins med framande, og generelt blir oppfatta som / er aggressive. Men for å svare på det eg trur er spørsmålet til TS: Nei, det er på ingen måte naudsynt å bruke "hardare" midlar på større hundar. Metodane som må til, er akkurat det same anten hunden er stor eller liten .
  21. Lina Kristine er Tom Waits-fan . (det er ikkje eg...)
  22. http://www.youtube.com/watch?v=_93CgV1JIrQ
  23. Oi. Då hadde det nesten vore verdt å drive aktiv trening på at spying skal skje på parketten, ikkje teppet. Men det er vel vanskeleg å få til, når du har èin sjanse til å trene det inn ein gang i skuddåret .
×
×
  • Opprett ny...