Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Ser ut til at det er meir enn berre lua som er blitt tygd på .
  2. Forferdeleg ver på Island i desember / januar høyrest jo fantastisk ut .
  3. Dei folka du skriv om der treng du ikkje bry deg mykje om. Det er heilt sikkert dei same folka som slepp laus hunden sin i hundegarden, for så å snu ryggen til alt (dritt)hundane deira gjer der inne (som til dømes å stå og jokke på ein svak hund som blir halde fast av ein annan hund). Og berre for å la fordommane flyte fritt eit lite sekund, så er det nok dei same folka som har hunden i bur 21 timar i døgeret, oppdrar hunden med bank og aldri plukkar opp bæsjen etter hunden . Som du tydelegvis har sett sjølv, var ikkje dette noko bra, og det kunne nok ha vore unngått. Austeuropearen er iallefall heilt utan skuld (kunne nesten verke som du prøvde å få det til å framstå som noko anna i førsteinnlegget), det var ho som faktisk hadde kontroll over hunden sin (band). Det ser ut til at du handterar saka bra. Ikkje ta hunden med til slike plassar, men la henne leike med hundar ho kjenner. Slepp dei laus på område der de har kontroll, og der det ikkje er andre hundar. Når ho skal bli kjend med nye hundar, la det skje med ein av gongen, og ha full kontroll over henne når dei helsar, så skal du nok sjå at dette går fint . Velkomen til forumet, alltid kjekt med nye folk .
  4. Er det snakk om firma her til lands (ser først no at det er ein barnehage) burde det vel absolutt vore .no, ja, iallefall på den adressa som folk skal sjå.
  5. God tur! Bittelitt misunneleg på den, kjenner eg .
  6. Definitivt .com! For meg er det kun .com eller landkoder (.no, .co.za, .fr osv) som gjeld, eg synst .net og slikt ser amatørmessig og useriøst ut.
  7. Blir trailertur til Ukraina midt i mai saman med far min. Det blir kjekt . 17. blir truleg feira på båten frå Polen til Sverige, noko som passar oss begge veldig godt . No gjekk det med tre av årets ferieveker på afrikaturen, og ei veke til på denne, så då trur eg eg sparar den siste veka til seinsomar (septemberish). Dermed blir det jobb jobb jobb heile somaren...
  8. Smokey and the Bandit .
  9. Vil vel òg tippe hund. Ville dyr går som regel rett fram dit dei skal, kun hundar som er dumme nok til å kaste vekk energi på å vimse fram og attende .
  10. Eg ser dette har blitt ein tråd om turbulens? Normalt vil eg seie som Teresere, moro moro . Men på turen frå Oslo til Bergen når vi kom frå Afrika satte vi ei venninne av LK / oss begge mellom oss, då ho har ganske heftig flyskrekk. Vi møtte henne tilfeldigvis på Gardermoen, og ho skulle ta same fly som oss. Ho sat lenger framme under letting, men flytta seg bak til oss så snart vi var i lufta. Under innflyginga til Bergen fekk vi ein voldsom turbulens, med fleire dropp som må ha vore ganske lange (opp mot to sekund på dei lengste før det "tok tak" att). Det var heilt på nippet til at det tippa heilt over i panikk for ho mellom oss, og då var det ikkje noko kjekt for oss heller. Men det gjekk jo bra, det òg...
  11. Er det ein trussel eller eit tilbod? (rusle stille ut att og late som eg aldri har vore her )
  12. Ja, det hadde vore kjekt . Yay, takk. Då var Laffen påmeldt . Men startnummer kjem seinare, eller? Eg ser han vart påmeldt klasse UT-AK. Kan det stemme? Var hos dyrlege med Laffen på tysdag (vaksinering), fekk då beskjed om at han var vel tynn. Det er vi forsåvidt einige i. Blir spennande å sjå korleis dette går...
  13. Ja, her tenkte vi å vere med òg. Men korleis melder vi oss på? Eg finn ikkje denne utstillinga på utstillingslista på nkk.no. Finn masse ulike raseutstillingar i Bergen denne datoen, så eg går ut frå at det er denne, men ingen på berner sennen. Nokon som kan informere ein uvitande "kosehundeeigar"?
  14. Det treng vel ikkje å seie noko? Mor mi har blitt teke for å vere dattera til far min òg, enno ho berre er 7 år yngre, og dei møttest då dei var i 30-åra .
  15. Verste var at eg måtte lese to gongar før eg forsto kva som faktisk sto .
  16. ( med to tomlar opp) manglar. Den må vi få attende.
  17. Trur nok det er mange som har funne kvarandre der . Men det vart oppfordra på møtene til å vente med å kaste kleda til leiren var over, då .
  18. Bush Gardens var det vi var på, ja. Six Flags var vel ein annan plass .
  19. Nøyaktig same svar gjeld for Laffen her i hus. Har kun hatt hannhund, så eg kan ikkje samanlikne kjønna mot kvarandre, men det er overhode ikkje noko problem å ha hannhund! (for oss, iallefall)
  20. Huff, det må vere kjipt! Får håpe i det lengste at det kan vere noko anna som gjer det. No finst det jo heldigvis gode rasealternativar for dei med allergi òg (utan at eg skal påstå å kunne mykje om det, som du ser av min rase...)
  21. Eg ber alltid Laffen om ein ordentleg unnskulding, gjerne skriftleg, når han har vore uskikkeleg. Ang saka: Som andre seier, gjerne slutte å gje han gomletøy når han er i det offentlege, evt. slutte å ha han med på jobb om det er mogleg. Men som det òg er sagt, det verkar jo som at han som vart bite (heldigvis) aksepterer at han trakk det for langt, og ikkje gjer meir ut av det .
  22. Har vore i Orlando, ja. Var nok Six Flags-fornøyelsesparken eg hugsar best. Og truckstop og slikt, men det interesserer gjerne ikkje folk flest like mykje . --- Ein ferie eg anbefalar sterkt for alle, er ein Islandstur, gjerne på vinteren, då det er lite turistar og ein verkeleg får oppleve det råe islandske landskapet. Leig bil og køyr rundt og nyt det fantastiske landet. Ein overnatting på Hotell Reykjanes (http://rnes.is/EN/) er å anbefale. Her finn du Islands største utandørs naturvarma basseng, laga med naturstein. Heilt ubeskriveleg å liggje nedi der og duppe på seine kvelden medan snøstormen stormar rundt aura dine . Ein tur med arctic truck må òg med. Vi tok denne turen: http://www.icelandrovers.is/DayTours/TourItem/198 Fordelen med dette selskapet var at dei var dei einaste som framleis tok betalt i islandsk valuta, medan alle dei andre var gått over til dollar (iallefall då vi var der for nokre år sidan). Dei kom dermed mykje betre ut prismessig, då den islandske krona som kjent ikkje er den sterkaste valutaen i verda... God tur .
×
×
  • Opprett ny...