Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Ja, det kan du risikere. Ved ein konkurs må alle som har uteståande verdiar i firmaet leggje inn krav, og så skal dei resterande verdiane i firmaet fordelast mellom dei som har fremja krav i boet. Litt usikker på korleis det er med privatpersonar som har kjøpt varer hos eit firma som går konkurs før varen er sendt, men det er det kanskje andre som veit?
  2. Johs Lunde har jo livnært seg på denslags. Lundekonsernet var eit enormt paraplykonsern med masse firma som bytta på å gå kokurs og starte opp (veldig forenkla, sjølvsagt). Av dei tre transportfirma eg nemnte er to framleis i drift, med alle dei gamle Lundebilane, folka og kundane. Det er sjølvsagt andre som står registrert som eigar av selskapa, og om du spør dei, vil dei ikkje sjølv seie at dei er eit Lundefirma, men linken er veldig direkte.
  3. Jupp, dei kan snyte leverandører og andre for det dei skulder av pengar. Som Loke seier, det er slett ikkje uvanleg å slå seg "konkurs" på måndag, beklage djupt og rørande til alle som ikkje får pengane eller varene sine på tysdag, starte opp nytt firma på onsdag, selje heile restlageret frå gamle til nye firmaet for smulepris på torsdag og opne butikken att på fredag. Sjølv jobbar eg i transporten, og vi konkurrerer mot masse firma som gjer slik som dette heile tida. Eit velkjend døme er jo Johs Lunde, som dei fleste, sjølv dei som ikkje har noko kjennskap til transport i det heile, kjenner til. Det finst enno masse Johs Lundefirma i drift, dei heiter berre andre ting, som Nortemp, Bergen Kran & Cargo og Nordan. Eit anna døme er Kårstad Transport i Sogn, som plutseleg skifta namn til Gamle Kårstad Transport. Veka etterpå gjekk dei konkurs, og starta eit nytt firma som heitte Kårstad Transport (som forøvrig gjekk konkurs to månader seinare). Felles for alle som gjer dette, er at dei prøvar å rettferdiggjere det med hensyn til arbeidsplassar og samfunnet rundt. Faktum er at slik praksis ikkje gjer anna enn å skvise arbeidsplassar frå andre, seriøse firma. Lokalsamfunnet er heller ikkje tent med ustabile arbeidsplassar, og firma som slår seg konkurs for å snike seg unna rekningane. Når Canis sender ut mailer som den Mollymor har fått ("omorganisering", liksom?), samtidig som dei står konkursført i Brønnøysundregisteret, tyder vel alt på at dei har akkurat same plan. Vart visst ei lita novelle av dette, men sidan eg jobbar i ei bransje som slit med nettopp slikt som dette, blir eg mektig provosert når eg ser slikt!
  4. Når eg skriv "heilt ok sydenplass", så er fokuset hovudsakeleg på "sydenplass" . Eg trivdes ikkje spesielt godt der, men eg ville ikkje trivdes spesielt godt i Tyrkia, Hellas eller Gran Canaria heller. Men som sagt, dei hadde varme, strand og innpåslitne seljarar. Er det ikkje det syden handlar om?
  5. "Korr ska vi reis henn?" -- Elles tenkte eg å slå eit slag for Island, men dei har ikkje kvite strender, det er ikkje spesielt varmt, og det er ikkje billig å leve der. Du kan nok unngå dei store mengdene med ungar, då . Syden har eg lite peiling på, men vi var i Tunisia for nokre år sidan. Heilt ok sydenplass, billig og varmt. Men det var før den arabiske våren.
  6. Mitt poeng oppi dette er ikkje at handlinga i seg sjølv er verdas undergang. Poenget mitt er at vi har eit heilt meiningslaust monarki, som gang på gang brukar pengar vi kunne brukt på nyttige ting på tøys og tull og privat luksus, utan å gje noko som helst attende til samfunnet. Å handle seg duddelhund, lage duddelkvalpar og hoppe til sengs med høgst lugubre verksemder er jo berre eitt døme i ei lang rekkje. Den fundamentale forskjellen på Kongefamilien og Obama, eller Statsministeren, om vedkomande heiter Jens, Erna eller Audun, er at dei sistnemnde gjer nytte for seg og skapar verdiar i samfunnet sitt. Om dei gjer jobben sin bra eller dårleg varierar, men om vi ser på kongefamilien, gjer dei ikkje anna enn å vinke til kamerateamet nokre gongar i året og kaste vekk pengar på tull. Og dette kostar staten Noreg 300 000 000,- i året! Dette er på sida av den store diskusjonen som har kome her no, men det var altså dette som var mitt poeng (og eg vel å tru at det gjerna tøtsjar litt av det som låg bak Nirm sitt innlegg òg).
  7. Tenkte akkurat det same som Nirm. Dette er jo eit praktdøme på eit kongehus som går rundt og kastar vekk pengane våre på det totale tullball, og med status som forbilde for folket som dei misbrukar så til dei grader. Kva må til for at folk skal forstå galskapen i å ha eit monarki som vårt? Heilt alvorleg talt!
  8. Ein merkar fort om ting er meint positivt eller negativt, same kor "hjelpsamt" det som blir sagt kan sjå ut ord for ord. Hadde sjølv ein sist eg var på utstilling med Laffen. Han er 2 år gamal, og bur på landet. Med andre ord, midt i verste ungdomen, og ikkje van med mykje folk og hundar rundt seg. I ein utstillingshall stappa med andre hundar og folk, blir han dermed litt stressa, og vil bort og helse. Eg klarar å halde han att, og plagar ikkje andre hundar med at han får kome bort, det skal understrekast. Likevel var det ei anna dame med same rase som under heile utstillinga såg stygt på oss. De kjenner sikkert typen, som skular akkurat lenge nok til at dei er sikre på at du har sett det, for så å snu seg demonstrativt vekk, for så å skule att når du ser ein annan veg. Ingen skal kome til meg og seie at det var godt meint då ho etter å ha skula slik i ein times tid kom bort og sa noko som at "Du burde bruke strupeband på han, så du har kontroll på hunden din! (fnys)", for så å setje seg bort att på plassen sin og halde fram med skuleshowet. Setninga i seg sjølv kan godt brukast som eit velmeint råd, om det er sagt med ein gong, i ein hyggjeleg tone og med eit smil. Det var ikkje tilfellet her. Og som sagt, eg hadde kontroll på hunden min, sjølv om han ikkje sat laina opp som skuleelevane i Nord-Korea. Men, eg går heldigvis på utstilling med tanke på oppdrettar, og for avlsgodkjenning, og det bryr meg midt i granskauen kva andre måtte meine. Eg er stornøgd med Very Good .
  9. Det var snilt sagt, men eigentleg skummar vi jo berre fløyten av arbeidet. Vi får ein flott ferietur der vi får køyre trailer gjennom flotte og spennande land. Det er mange andre som står i kulissane som gjer den eigentlege jobben, ikkje minst dei lokale representantane der nede, som bur oppi alt dette, og som ikkje har meir enn dei treng sjølv (og knapt det), men som likevel brukar liva sine på å hjelpe dei rundt seg. Beklager om eg blir litt kvalmande her . Eg merkar at eg blir meir og meir glad for at eg tilfeldigvis vart fødd nordmann for kvar slike tur eg har. Men vi hadde altså ein fantastisk flott tur .
  10. Då var eg heime frå min tredje Ukrainatur . Denne gongen var det far min som var med, han måtte jo teste om klasse 2-sertifikatet han tok på 60-talet framleis funka, og det gjorde det forsåvidt. Hadde ein flott tur, tangerte rekorden over grensa inn til Ukraina med 3,5 timar (mot normalt ca. 7), men fekk det att på veg ut att til Polen, med 7 timar (mot normalt 2). Er jo litt kjekt å sjå at ungane på barneheimen kjenner meg att (trass 70cm kortare hår!). Og godt å sjå at vi kan hjelpe. Blir ganske når eg tenkar på kva bakgrunn ein del av dei har, og kva framtid dei aller fleste av dei kjem til å få... Og no sit eg heime og er sjuk. Og jobbar frå heimekontoret. Passar ikkje å vere sjuk frå jobben i dag.
  11. Det hadde gjort seg . Er jo likeverdig, då. Det er ein del hakk verre, ja . Er jo ikkje så langt unna, då. Blond (mørkeblond, vel å merke) jente med haugesunddialekt . Og apropo det, så "heiter" bror min LP (strengt tatt Lars Peder, men det var det ingen som klarte å uttale då vi budde i Afrika, så då vart det LP, og det har det vore sidan). Det er kun her inne at eg til stadigheit får lese om LP-arrangement, LP-bilete og LP-trening .
  12. Kan jo leggje til at eg ikkje laga noko sak av det, eg berre godtok, beklagde og avslutta samtalen . Men dei / de brukar uttrykket "juridisk eigar" feil, eg ER juridisk eigar av alt LK er juridisk eigar av. Og det er eg faktisk sjølv om vi skulle vere midt oppi ein stygg skilsmisse. Rette uttrykket i dykkar samanheng hadde vel vore registrerte eigar. Men som sagt, eg er berre snill og grei, og lot vere å skjelle ut kunderådgjevaren, sjølv om ho snakka bergensdialekt .
  13. Vi har fått mobilrekning på abonnementet til Lina Kristine. Der står både fakturagebyr (har prøvd å få til avtalegiro på begge dei to førre fakturaene, men greit nok), og purregebyr. Såvidt eg kan forstå, skal det ikkje følgje med purregebyr på ein førstegangsfaktura. Sidan det er eg som betalar rekningar, ringde eg sjølvsagt til Chess. Der fekk eg beskjed om at LK var "juridisk eigar" av abonnementet, og dei kunne ikkje dele noko informasjon med nokon andre. No er det no ein gong slik at vi er gift, og eg er juridisk eigar av alt ho eig, og motsatt, men det var ikkje godt nok. Ho måtte sjølv ringje. Eg kjenner at det var litt irriterande...
  14. Laffen er ekspert på bordrydding . Takk for tilbodet .
  15. Takk for svar . Trur vi går for Trondheimsløysinga, Laffen er då van med litt båtliv . Neida, vi har snakka med gamle leigebuaren, han ville meir enn gjerne helse på Laffen att i helga, så det ordna seg fint . Men veldig kjekt å sjå at sonefolket vil hjelpe når det knip litt .
  16. Vi skal i konfirmasjon til fetteren til LK i helga, og så viser det seg at ingen av oss har arrangert pass for Laffen. Han er i utgangspunktet ikkje veldig velkomen hos svigermor, då ho likar å halde huset sitt plettfritt til einkvar tid, og ein slik helg er det heilt uaktuelt. Mine foreldre brukar alltid å hjelpe til, men dei har ikkje moglegheit denne helga. Har og prøvd min bror, som av og til kan hjelpe. Han skal springe maraton på laurdagen og liggje langflat resten av helga... No står det att å ringje til den gamle leigebuaren vår, som sa då han flytta ut at om vi trengte pass ein gong, kunne vi ringje. Men så kom eg på at eg gjerne kunne spørje her først (litt dumt når første kontakt etter eit halvt år er for å be om hjelp). Vi kan levere han i Bergen, Haugesund eller ein plass imellom. Laffen er ein drygt 2 år gamal hannhund, type miniberner. Stort sett veldig roleg og avbalansert, alltid snill med andre hundar, uavhengig av kjønn, alder og rase. Kan vere litt pågåande og innpåsliten på andre hundar, vil så forferdeleg gjerne vere besteven med alle til einkvar tid . Roar seg etterkvart. Krev ingenting, toler det meste. Tilpassar seg dei rutinane han får tildelt. Toler fint ein dag utan tur, samtidig som han gjerne blir med over vidda. Treng pass fredag til søndag. Som de gjerne forstår, hastar det litt, så om nokon føler lysta, er det fint med raskt svar .
  17. Her er ein garden snake som vi såg i Swaziland : --- Nei, får vel ut og lufte Laffen i regnveret...
  18. Fysj. Styggaste formen for utnytting av systemet. Skjedde det same med eit stort transportselskap i Sogn, Kårstad Transport, her i fjor. Plutseleg skifta dei namn til "Gamle Kårstad Transport AS". Ei veke seinare "gjekk" dei konkurs, samtidig som det vart starta eit nytt selskap ved namn "Kårstad Transport AS". Eigarane gjekk ut i aviser og media og skraut over kor flott og fantastisk det var at dei no starta på friskt, ein kjempefordel for både kunder og tilsette. At alle dei skuldte pengar truleg ikkje var like nøgde, snakka dei ikkje så mykje om. Ei heller om oss andre, som skal konkurrere mot dette. Gjorde meg lite at dei gjekk konkurs enno ein gong 7 månader seinare...
  19. No bur ikkje vi i Vaksdal lengre då, men vegen var no stengd fleire gongar pga ras dei tre åra vi budde der òg .
  20. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Apnet-vegen-til-Vaksdal-2880937.html http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Som-a-ha-en-snikskytter-i-fjellet-2881202.html Dette var jo litt av sjarmen ved å bu i Vaksdal, då .
  21. Nei, hallo. Ein betalt rekning er vi ferdige med. Det kan då ikkje vere naudsynt å sitje og ruge på masse papirbos berre for syns skuld. Kva godt skulle kome ut av det? (med mindre ein driv firma med alt det medfølgjer, men det var vel ikkje saka her)
  22. Bieber kom jo til Noreg iallefall i går morges, om ikkje før, for det sa belieberane eg høyrde på radioen. Korleis skulle han elles få tid til å øve til konserten?
  23. Eg ville mykje heller gått til legen enn å byrje å teste på allslags humbug som reklamen seier at skal funke...
  24. Kaukasisk ovcharka eller tibetansk mastiff. Og som venta, vel alle raser som er tett opptil det dei alt har. Meg sjølv inkludert .
×
×
  • Opprett ny...