Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Slik er (var) Laffen òg alltid. Han brukar å stå og brekke seg ein del gongar før han faktisk spyr, så vi har alltid nytta oss av den tida til å kaste han ut, så no, om han byrjar å brekke seg og eg kjem til han, spring han bort til døra og ut .
  2. I går hadde vi smalahove med vossakorv og kålrabistappe. Smalahove er eigentleg ikkje noko særleg til mat, det er jo 70% skinn og bein (det hovudet vi hadde i går var vel nærare 90%), og ikkje er det veldig godt kjøt heller. Men det er jo litt morosam mat, då .
  3. Det vart ei pakke kjøtdeig. Godt det .
  4. http://www.finn.no/finn/realestate/lettings/object?finnkode=38274260
  5. Vi har ikkje funne folk vi vil ha, som vil ha leiligheita enno. Dermed må vi vel ta det store steget over på Finn. Bajbaj, masse pengar, no bør det kome nokon som vil ha det... http://www.finn.no/finn/realestate/lettings/object?finnkode=38274260
  6. Har i utgangspunktet tenkt å steike ei pakke kjøtdeig med diverse krydder, og hive litt pomm fritt i omnen, men eg veit ikkje om eg gidd det eingong. Men eg har jo ikkje kvitlauksbrød...
  7. Vi burde starte tradisjon med julesonetur i Bergen!
  8. Men var det meint som ein spøk? Eg kan godt forstå om folk vil ha hundeskinna sine som "pynt", eg. Og eit dalmatinerskinn måtte då vore veldig dekorativt. Kan ikkje heilt sjå korleis det skal vere dyremishandling, det er jo ein viss forskjell på å ta skinnet av ein allereie avdød hund som har levd eit godt liv, og å ale opp hundar i små bur og knerte dei straks dei er store nok, berre for skinnet.sin del. Det er det (forhåpentlegvis) ingen som synst er greit! Foreldra mine har eit impala-skinn på veggen heime. Synst det er flott eg .
  9. Ein kan seie mykje om amerikanske republikanarsympatisørar, og ikkje mykje av det er positivt... Har ein slike meiningar i utgangspunktet, har ein ikkje mykje gangsyn å skryte av.
  10. Ooo, kven då? Fjernar frå lista eg, då: Ariegeois Aidi Airedale terrier American Eskimo Dog Amerikans foxhound Amerikansk vannspaniel Appenzeller Sennenhund Australian black and tan hound Australian Stumpy tail cattledogBarbet Bayersk viltsporhund Bergamasco Billy Black and tan coonhound Blodhund Bracco Italiano Ca de bestiar/Mallorcansk gjeterhund Cao da Serra da Estrela, kort-/langhår Cheseapeake Bay Retriever Cesky terrier Dandy dinmont terrier Dogo Argentino Dunker Entlebucher Sennenhund Field spaniel Fila Brasileiro Finsk spets Finsk støver Grosser schweizer Sennenhund Haldenstøver Hannoveransk viltsporhund Hokkaido Hollandsk gjeterhund, strihåret (finnes noen kort eller lang her?) Hygenhund Irish glen of imaal terrier Irsk terrier Irsk vannspaniel Islandsk Fårehund Italiensk spinone Kai (finnes en i Norge) Karelsk bjørnehund Katalansk gjeterhund Kaukasisk ovtcharka Keeshond Kerry blue terrier Kishu Komondor Kroatisk hyrdehund Laekenois Lakeland terrier Maremma Otterhound Norrbotton spets Peruviansk nakenhund Picard Podengo portugues Polsk Mynde Porcelaine Portugisisk gjeterhund Pumi Puli Riesenschnauzer salt pepper Russkaja Gontjaja Russisk-Europeisk Laika Russisk toy terrier Sarplaninac Sealyham terrier Shikoku (finnes en i Norge) Skye terrier Skotsk terrier Smoushond Sort russisk terrier Spansk Galgo/Galgo Espanol Spansk vannhund Svensk hvit elghund Sydrussisk ovtcharka Tibetansk mastiff Thai Ridgeback Tsjekkoslovakisk ulvehund Tosa Inu Tysk jakt terrier Tysk spitz Vestgötaspets Vestsibirsk Laika Volpino Italiano Wetterhound Østerisk pincher Østsibirsk Laika
  11. Vi har ikkje hatt problem med at nokon av våre kattar har forsvunne. Har gjort det litt gradvis, som nokre har nemnt, med å ha vore med dei ut i hagen og fulgt litt med, men vi har ikkje sprunge etter dei om dei skulle finne på å gå seg ein tur på eigen hand. Dei har alltid kome attende . Men ja, ta han med ut i hagen, la han gå laust, ha med litt NAM (skinke, ost, det han likar best) og ta det som det kjem . Elskar namnet (Sushi) .
  12. Kan jo berre sjå for oss kva folk hadde synst om vi skulle ha moderatorar som lukka og stengte einkvar tråd der folk skreiv om ting. Hadde ikkje vore mykje forum att då...
  13. Nei, kun 1. juledag . Og det er lett, EG får det jo til .
  14. Det er vel dårleg med andre sennenhundar enn berner? Litt usikker på korleis det er med kaukasisk ovcharka etter at kjære Argyr fall ut? Airdale terrier American Eskimo Dog Amerikansk vannspaniel Appenzeller Sennenhund Australian Stumpy tail cattledog Barbet Bergamasco Ca de bestiar/Mallorcansk gjeterhund Cheseapeake Bay Retriever Cesky terrier Dandy dinmont terrier Dunker Entlebucher Sennenhund Field spaniel Finsk spets Finsk støver Grosser schweizer Sennenhund Haldenstøver Hygenhund Irish glen of imaal terrier Irsk terrier Irsk vannspaniel Islandsk Fårehund Karelsk bjørnehund Katalansk gjeterhund Kaukasisk ovtcharka Keeshond Kerry blue terrier Komondor Kroatisk hyrdehund Laekenois Lakeland terrier Maremma Norrbotton spets Picard Podengo portugues Polsk Mynde Portugisisk gjeterhund Pumi Puli Riesenschnauzer salt pepper Russisk-Europeisk Laika Russisk toy terrier Sealyham terrier Skye terrier Skotsk terrier Smoushond Sort russisk terrier Spansk Galgo/Galgo Espanol Spansk vannhund Tibetansk mastiff Tysk jakt terrier Tysk spitz (muligens noen har pom, men har ikke sett noen med klein, mittel eller gross spitz her?) Vestgötaspets Vestsibirsk Laika Volpino Italiano Wetterhound Østerisk pincher Østsibirsk Laika Så får folk rette meg om eg har feil .
  15. Trengs vel ingen poll for å finne ut at om det var nordmenn (eller ein hvilken som helst annan nasjon i verda) som skulle stått for valet, ville Obama vunne med enorm margin...
  16. Det er forferdeleg at så mykje av verdas sjebne ligg i eit så lite demokratisk valsystem som det amerikanske. No kan det heldigvis sjå ut som at Obama får halde fram, noko anna ville vore ein global katastrofe!
  17. Eg tenkte òg at dette med julekalender må vel la seg gjere, sjølv om moderatorane ikkje har kapasitet til å ta seg av det i år . Har ikkje all verdas med råd, då eg eigentleg aldri har fått heilt klart for meg kva desse julekalendrane har gått ut på, men det er det heilt sikkert andre som har!
  18. Dette er unødvendig. Forøvrig kan eg ikkje sjå at det er nokon som frekventerer sonen no for tida som aldri bidreg med noko som helst positivt.
  19. Vi har i 60 år hatt som tradisjon i (stor)familien å dyppe lys i byrjinga av desember. Det skal sjølvsagt skje i år òg, men i år har dei lagt datoen til same laurdagen som eg og Lina Kristine rullar inn i Korosten i Ukraina med hjelpesending. Dårleg gjort. Dermed blir det ikkje jul i år . I går hadde Lina Kristine fått juleturnusen sin, ho skal jobbe 22., 23. og 24 (går av om morgonen 1. juledag). Dermed blir ikkje ho med på julaftan. I år planlegg vi tradisjonell jul i familien (mamma, pappa og "ungane", heime hos seniorane). Det blir veldig kjekt . Har jo vore litt forskjellige jular no etter at vi vart "vaksne" (set det i hermeteikn, eg, eg føler meg ikkje vaksen ). Ønskjer meg videokamera til Afrikaturen. Så det er berre å starte spleiselag .
  20. Då seier vi 1. kvar månad, då . --- Mari: Det er ikkje meininga å rakke på prinsippa dine med dette, men å kalle det å rydde vekk gamle AN-trådar for sensur blir altfor drøyt. Eit prinsipp er mykje meir verdt om det er nokonlunde nyansert.
  21. Tapet som fleire har nemnt no, som ikkje har blitt teke tak i, er at ei veke er forsvinnande kort tid. Då tapar ein som ikkje er her kvar veke moglegheiten til å få med seg det som er skrive til vedkomande, t.d. ved at han / ho har blitt sitert, og får opp notification, men når han / ho då skal inn og sjå, er det alt sletta. Ja til system og rydding, men blankt nei til den korte tida /hyppige slettinga.
×
×
  • Opprett ny...