Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Vår hund får kyllingvingar og lår, kotelettar, grillbein og alt mogleg, men KUN rått. Går heilt fint .
  2. No er det vel ingen som har påstått at politi og tollvesen går manngard for å jakte ned ulovleg innførte hundar. Men anten ein likar det eller ikkje, ER det ulovleg å importere dyre varer (t.d. hund) og la vere å betale moms. Myndigheitene HAR heimel til å iverksetje reaksjonar på lovbrotet. Men som eg sa, om ein sjølv ikkje har noko problem med smugling, er det truleg ingen andre som kjem til å lage noko problem for ein heller.
  3. Det er ikkje noko problem å gje ein hund kokt / stekt kjøt frå middagsrester, så lenge beina er tekne vekk. Men skal du servere kjøt eine og åleine til hunden, er det ingen grunn til å steike det. Det er tvert om betre å gje det rått, då kan bein og alt følgje med.
  4. Eg likar jo å tru at eg ville kjend att Laffen, fordi han er så uttrykksfull i ansiktet, og MIN hund, men vi veit vel alle kor like bernerar er... Han er likevel ein miniberner, til og med mindre enn dei fleste tisper. Han har i tillegg ganske høge sokkar (kvitt på labbene), og når ein kjem heilt inntil har han ein liten flekk på snuten som er litt mørkare enn resten av snuten. Ser ut som det er noko der, ei skorpe eller eitt eller anna, men når ein stryk over med fingrane er det heilt jamnt og glatt. Å ja, så har han litt fregner oppå snutepartiet (ikkje einaste berner som har, men det er iallefall noko ikkje alle har).
  5. Sjansen for å bli teken er vel relativt liten. Spørsmålet er nok heller om du sjølv synst det er greit å gå rundt og vite at du har smugla inn kvalpen din...
  6. Ein ting kan forresten vere litt skummelt med frysekotelettar. Sist Laffen fekk ein sleika han visst litt for sakte, og plutseleg var tunga frose fast i koteletten . Han fekk han laus, saman med ein bit av tunga, men litt blod var visst berre krydder, så alt gjekk ned på høgkant og Laffen var glad og nøgd likevel .
  7. Laffen får stadig kotelettar frå frysedisken, og har ingen problem med det. Han et dei anten dei er frosne eller tinte. Men dei må jo vere rå, såklart .
  8. Søren. Straks eg las den ruta, var eg sikker på at det måtte vere ein eller annan sonenperson som dreiv og oversatte. No trudde eg endeleg eg hadde fått svar på gåta .
  9. Det var ikkje du som oversatte ein Donald Pocket for nokre utgåver sidan, der masse hundekvalpar var vekke, og det hang sakna-plakatar for Laffen, Tinka og Cita?
  10. 1. Driv med klatring, og dreiv i yngre dagar med tildels rimeleg heftig terrengsykling. Eg dreiv òg med laussnøkøyring på nedoverski alt på den tida folk som dreiv med slikt vart sett på som galningar utan respekt for liv og tryggleik (den tida det var mogleg å finne laussnø i nærleiken av skitrekk som ikkje alt var oppkøyrd fordi fem hundre andre hadde same idé...), byrja vel med det rundt årtusenskiftet. Eg er ein veldig lite ekstrem person, så det er litt merkeleg... 2. Eg snakkar ein heimesnekra samlingsdialekt, med ein del innslag frå Rogaland / Stavanger (skjønt, folk frå Stavanger lurar òg på kvar eg kjem frå...). 3. Eg var truleg den yngste trailersjåføren i landet akkurat då eg byrja å køyre. Eg var kun 17 år då eg byrja på sjåførkurset, og såvidt eg vart fortald var det kun den skulen eg gjekk på som tok inn folk som ikkje hadde fylt 18. Byrja å jobbe som sjåfør med vogntogsertifikat då eg var på dagen 18 år og 3 månader.
  11. Som andre har sagt så er det nok Nord-Afrika som gjeld på den tida av året. Om det blir Kanariøyene, Egypt, Tunisia eller noko anna spelar nok ikkje så stor rolle, velg etter pris (og kvalitet på hotell, såklart). Heile dette området er turistifisert så lenge ein held seg i området rundt dei hotella vi får på slike turar, men det skal ikkje meir til enn ein leigebil og ein liten rundtur ein ettermiddag, så får ein sjå kva landet eigentleg har å by på . Kanskje ikkje så greit når ein ikkje er van med å køyre bil, då... (hadde du sertifikat, forresten?)
  12. Kanskje det eigentleg er IW i artikkelen, utan at ho heilt tør å innrømme det .
  13. Eg stussa òg på det. Med mindre det har vorte flytta, då. Til artikkelen: Eg ville iallefall ikkje stilt opp til intervju med ei slik vinkling!
  14. Vi kallar stort sett Laffen for Laffen vi. Av og til Laff eller Laffelaff, og i gjevne situasjonar, Rapelaff . Tanta mi fekk ei bernertispe for ei stund sidan, som heiter Idena. Ho blir gjerne kalla Laffa her i familien .
  15. OlavEmil

    Dra til Paris

    Men du kan jo søkje kun flybillettar på restplass.no òg. Eg ville nok òg kjøpt flybillettar og overnatting kvar for seg til ein plass som Paris (eller New York, for den saks skuld).
  16. OlavEmil

    Dra til Paris

    Restplass.no er perfekt til å finne flybillettar / pakkereiser. Dei har ikkje berre restplassar, som mange trur, men ein komplett søkemotor som trålar alle store og mange små fly-/reiseselskap for billigste reise .
  17. Bernerkvalpar er drittøffe . Nydeleg hund!
  18. Lurar fælt på kva snuskete hemmelege forum du er med på, sidan du ikkje vil seie kva det er . Eg har vore aktiv i mange ulike forum oppigjennom. Nett no er det berre dette forumet eg er fast aktiv på, men eg er relativt aktiv på BergliTruckstop.no, og eg er stadig inne på "Juridisk"-delen av bilforumet.no.
  19. Eg veit forskjellen på Bodø og Tromsø. Eg ER jo frå Bodø . (budde der berre 8 dagar, men likevel!)
  20. Djervekvinnen bur i eit raudt lite hus med kvite lister utanfor Tromsø eller deromkring (nord for polarsirkelen). Ho har jordbæråker. Har ein greyhound, hadde ein doberman i tillegg fram til i vår. Har ein kjærast ho er glad i, men vil ikkje ha ungar. :lol:
  21. Hæææ? Hadde ho tre hundar heile tida? Aim kånnfusd .
  22. Var Cosmo miniku? Eg har alltid trudd at Cosmo var maxiku...
×
×
  • Opprett ny...