Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Eg er vaken! Fy søren, for noko møkk. Eg er A-menneske så det lysar av meg, og var meir enn klar for senga klokka 21. Men her sit eg altså. Og om 5 timar skal eg opp. Fekk telefon i ettermiddag frå ein sjåfør som ikkje kunne kome på jobb i morgon. Ingen problem, tenkte eg, eg har jo to sjåførar som står disponibel (oppført på jobb, men har ikkje fått noko oppdrag). Så no har eg ringd dei begge i heile kveld, og for tre timar sidan sendte eg melding til dei begge at dei skal på jobb i morgon tidleg, og at dei får ringje meg når dei får meldinga. Har framleis ikkje høyrd noko. Her luktar det lønstrekk. Eg blir forbanna! Nei, får vel kanskje sjå om eg finn senga. --- Gråtass: Så trist med Pyh! Vil gjerne seie noko fint, men det er vel ingenting som kan hjelpe nett no.
  2. Island! Og sørlege Afrika, men det er jo ikkje ein plass ein dreg på heisatur i haustferien, for å seie det slik .
  3. No er jo vi gift, og då har ein jo felles økonomi med mindre ein skriv avtale på særeige. Det har aldri falt oss inn. Vi tener like mykje, og eig alt av verdi saman. Skulle det mot formodning bli brot, blir alt automatisk delt likt. Rekningar og slikt er det eg som styrer med. Kvifor det er vorte slik, anar eg ikkje. Eg har tilgang til hennar kontoar i min nettbank, og når eg betalar rekningar, tek eg frå den kontoen med mest pengar på der og då . Avdraga på huslånet, straum og dei fleste andre slike faste trekk står på min konto. Det har overhode ingen praktisk betydning uansett.
  4. Svaret på spørsmålet er vel at dei aller, aller fleste hundar blir avliva av dyrlege. Svært få hundar døyr av seg sjølv, då det stort sett berre fører til unødvendig liding for hunden. Om vi ser på årsaka til avlivingane, finst det vel like mange dødsårsakar hos hund som hos menneske.
  5. Eg synst dei verkar som snille og gode hundar, eg. Men ein ting er iallefall heilt sikkert: Dei er dritflotte å sjå til! (spesielt dei store individa )
  6. Det var akkurat dette eg hang meg opp i òg. Det verkar jo openbart at husvertens kone heller ikkje ville utføre operasjonen før pengane var på bordet. Dei har altså prøvd å dytte saka over på andre veterinærar (som til og med blir navngjeve som store stygge egoistar i artikkelen) så lenge det ikkje var utsikt til å få betalt, men straks det er eit betalt oppdrag, tek dei det sjølv. Høyrest heilt vilt ut. Er jo òg litt rart at døra vart brote opp torsdag kveld, og hunden ikkje operert før neste dag, då pengane var eit faktum... Godt poeng!
  7. Er ikkje det akkurat det same då? Laffen kjem jo, så alt etter kjønnsbestemt kunne du berre gløymd . Red.: Og er 38 få? Måtte lese to gongar før eg forsto at det faktisk var det de meinte...
  8. purina.proplan@purina.nestle.com står på heimesida deira. Du kan prøve den .
  9. Forderva og (halv)rote kjøt er då heilt normal mat for åtseletarar, som jo hundar godt kan vere ved behov. Hundemagar er laga for slikt. Eg har ingen problemar med å gje kjøt eg ikkje sjølv ville spist til Laffen. Laffen har heller ikkje noko problem med det .
  10. Eg stemmer for at vi legg SM2013 til Hegglandsdalen .
  11. Som køyretur ville eg anbefalt Hol - Aurland iallefall ein av vegane (om somaren, vel å merke). Det er ein mektig og storslått fjellovergang, verdt turen anten du er nederlender eller nordmann .
  12. Om leiligheita faktisk er vanskeleg å selje, ville eg definitivt starta salet før eg kjøpte nytt. Det å sitje med to hus er i beste fall utruleg nervepirrande, i verste fall økonomisk ruin. Lukke til, huskjøp er moro .
  13. Jupp, ser ut som du har fått fornuftige svar, og trekt fornuftige konklusjonar sjølv. Eg vil berre slenge på at ut frå korleis din hund reagerte, ser eg ingen grunn til at det skal føre til store problemar. Berre hald fram med treninga, og sørg for at dette ikkje skjer igjen, så går det nok fint .
  14. Laffen har vore stilt ut ein gong i løpet av dei drøye to åra han har eksistert. No skal han stillast ut for andre gong om 4 veker. Ikkje noko vi driv noko særleg med, det gir oss lite, men gjer det mest med tanke på eventuell avlsbruk, om nokon skulle vere interessert i det.
  15. 1 hund og 1 katt. Hadde på det meste 1 hund og 5 kattar (wohooo, crazy cat (wo)man), men då hadde katta vår fått 4 ungar. Vil beholdt den eine (dei tre andre fekk alle gode heimar ), men så stakk mora av. Ho var aldri heilt god, trur ikkje ho hadde det så godt . Så då endte vi opp att på det opprinnelege talet.
  16. Det høyrest ut som det er greit for S at du skal ha hunden. Eg er kanskje kynisk, men eg synst ikkje det er noko som helst urettferdig i at han køyrer hunden til deg om han tilbyr seg å gjere det. Kan nok godt tenkjast at det er ein tur han uansett kunne tenkje seg. Guttetur med ein kompis / fetter treng slett ikkje vere så ille .
  17. Litt usikker på kva som eigentleg er saka her. Er det snakk om om du skal ha hunden eller ikkje, eller er det snakk om kven som skal få hunden? Vil S ha hunden? I resten av innlegget tek eg som utgangspunkt at han seier frå seg hunden, så du kan velje fritt. Då er det nok lurt som Line seier å tenkje grundig på om du faktisk vil ha han. Det er lov å svare nei på dette utan at nokon skal skulde deg for ikkje å vere glad i Marvel, eller at du er ein dårleg hundeeigar! Om svaret er nei, er sikkert tulip sitt forslag det beste (om det er eit aktuelt alternativ). Om du endar på eit ja uansett korleis du snur og vender på det, er det ikkje meir å lure på. Du får han med deg til Noreg. Ja, det kostar, og ja, det blir jobb, men som andre har sagt, det skal du gjere ein gong. Det er ikkje nokon grunn til at du ikkje skal ha han (igjen, om det verkeleg er det du vil). Lukke til i ein forferdeleg kjip situasjon .
  18. Eg trur Laffen er formann i den klubben der .
  19. Å lyge på seg eigenmelding, er per definisjon trygdesvindel, altså rimeleg alvorleg. Gjerne greit å tenkje på. Elles er det jo ein interessant problemstilling. For min eigen del kunne eg nok teke Laffen med meg på kontoret (har eg gjort mange gongar utan at han har vore sjuk), eller jobba heimefrå (er kopla opp til kontorserveren på heimedataen, og mesteparten av jobben min går over telefon likevel). Men eg ser jo at det ikkje er like enkelt for alle. Hadde ikkje vore greitt for meg heller då eg var sjåfør.
  20. Det kan jo hende at det kom med i siste artikkeloppdatering klokka 10.02. Du må jo lese artikkeloppdateringstidspunkt og sjekke opp mot tidspunkt for innlegga her inne før du uttalar deg .
  21. Med 140 stemmer så langt, ser det ut til å vere ein klar tendens: Det blir født kvalpar jamnt over heile året . Laffen er fødd 20. desember.
×
×
  • Opprett ny...