Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Fann det med ein gong, eg. Synst faktisk det var betre enn Quiz Battle, her får vi dei same spørsmåla, og du kan sjå kva motstandaren svarte etterpå . Eg heiter OlavEmil på både Quiz Battle og Quizkampen . Berre ei løysing som funka for oss: Kjøp dobbelmadrass! Vi prøvde alt, overmadrass (sjølvsagt...), sengebru, snudde madrassene fleire gongar i månaden. Ingenting funka, og til slutt (etter eit knapt år) hadde vi ein sprekk på 20cm mellom madrassene. Så kjøpte vi dobbelmadrass (sånn mjuk, ikkje rammemadrass), og det er heilt fantastisk . --- Det regnar. Æsj...
  2. Sjølvsagt kan ein ikkje berre grave ned kadaver rundtomkring, dette er det jo veldig strenge reglar på. Eg forstår ikkje at folk finn på slikt, særleg ikkje i tettbygd strok. Galskap. Ut over det, synst eg ikkje det verkar ufølsomt å leggje frå seg hunden når han er død. Som mange har sagt, det er jo dei levande minnene vi vil ha. På den andre siden forstår eg godt at det kan vere viktig for nokon å få med seg urna og gje hunden ein gravferd. Kva gruppe eg sjølv er i, veit eg ikkje, då vår første hund framleis lever, og vår første katt forsvann, slik at vi uansett ikkje fekk noko val.
  3. Laffen hadde ingen problemar med å kjenne att meg når eg var nedklipt . Eg drøymde forresten i natt at eg hadde fått relativt langt hår att i løpet av natta, og var igrunn ganske nøgd med det . Hmm... Er det altså IKKJE sånn at ida mobbar VW Polo som ein så dårleg bil at ein får den for nokre småslantar? Har eg laika noko eg ikkje forsto?
  4. Trøytt og sliten etter ein lang 30-timarsdag. Skjelt ut vart eg òg, eg var visst aaaaltfor treig. Slikt er moro når ein er vaken på 25. timen og jobbar så sveitten renn i 2 plussgrader . No skal det bli godt å sove! Berre spent på når naboen kjem heim frå jobb og startar motorsaga att...
  5. Eg er einig med Krutsi og tulip. Nei, eg får vel kome meg på jobb. Trur eg skal sove godt i morgon, ja .
  6. Langt, grått hår er utruleg tøft .
  7. Hmm... Det vart stille. Skal vi ta sjansen på at naboen er ferdig med motorsaga? Er det vits i å leggje seg att, når eg må opp att om to timar?
  8. Ja, såg det når eg fann artikkelen i BT. Takk for link, alltid kjekt å vite kvar ein skal vise til neste gong ein finn millionbeløp som ligg og sleng rundtom .
  9. I svartaste forbanna... Kvifor må folk på død og liv bruke motorsag sånn midt på ettermiddagen? :gaah: Eg som akkurat var sovna... Sa eg at eg HATAR å sove på dagen? Og sa eg ? Eg meinte det!
  10. Då er spørsmålet: Kor mange fleire staffar skal de ha før de går vidare til neste rase?
  11. Lurar du verkeleg på det? Med 50% arbeidsledigheit i fleire europeiske land for tida, er det fint mogleg å drive med slike vilkår. Men fullstendig forkasteleg, og sjølvsagt heilt ulovleg i norske verksemder. Problemet her er jo at sidan vi er med i EU, kan kva firma som helst drive i Noreg med slike vilkår, så lenge dei på papiret er registrert i utlandet. Forøvrig er det ikkje det grann betre i min bransje, transportbransjen...
  12. Ja, det er kanskje lett å sitje her og seie, men dette er eg ganske sikker på: Det ville aldri falt meg inn å behalde pengane. Med ein slik sum trur eg gjerne eg hadde kontakta politiet, sjølv om det låg eit pass i veska, fordi ein halv million i kontantar hylar kriminalitet i mine øyre. Så kunne heller politiet teke det vidare. Eg hadde heller ikkje tenkt på at finnerløn er noko ein har rett på. Kva regelverk er det du siktar til då, Simira? Red.: Og ved å flytte meg over til Bergens Tidende i staden for VG, ser det ikkje ut til at det var så dumt tenkt. VG: - Det er ingenting mistenkelig med disse pengene, her er alt i ryddige former, understreker operasjonslederen. BT: Torsdag formiddag har Follo politidistrikt besluttet at pengene ikke skal leveres ut til den påståtte eieren. - Det er satt i gang en etterforskning for å bringe på det rene om pengene er lovlige og om mannen som sier han er eier faktisk er det, sier operasjonsleder Pål-André Thorsby ved Follo politidistrikt til Aftenposten.no. http://www.bt.no/nyheter/innenriks/Etterforsker-mystisk-pengeveske-2876690.html Synst det er litt rart at politiet er så skråsikre på at alt er ok så tidleg i ein slik sak. Ser òg at det er ein ny mann som blir omtalt som operasjonsleiar i saka i dag enn i går, så det er vel gjerne fleire som har reagert .
  13. Fænsi. Fått noko svar i dag då? Han må jammen ha vore redd, som tok seg tid til å stoppe opp rett ved sidan av desse fryktinngytande monstra for å såre vilt framande... "Wow! Vil ha!" tenkjer eg . Skal vere einig i at manken ikkje var fin. Øydelegg i grunnen ein flott hund, for å seie det rett ut. Men sjekk den nydelege snuten / munnen, då. Og DEI vakre beina! --- Då skal vi på jobb i natt, ja. Nærare bestemt frå 1 til 10. Og eg kom heim frå jobb for ein time sidan. Fysj. Så no sit eg og funderar på om eg skal sove no, eller vente til i morgon. Eg HATAR å sove om dagen! Men eg er trøytt... Får vel fundere litt til, så er vel plutseleg klokka nok til at vi slepp å lure meir .
  14. Woho, ny logo! Men hadde det ikkje vore mykje betre om hundane og teksten var kvit? Det er vel normal logo-etikette, at om bakgrunnen er kvit / lys, skal logoen vere svart, og når bakgrunnen er svart / mørk, er logoen kvit.
  15. Den der er så fantastisk! :lol: Ein av dei aller beste dei har, og dei to har MYKJE bra! --- Eg skal på kurs i morgon, ADR klasse 7 (for å få lov til å frakte radioaktivar på veg). Dei ringde før helga og sa at dei hadde sendt melding med tidspunkt på. No har eg lada telefonen og sjekka mailen, men ingen stader står det. Ho sa eitt eller anna om klokka 7 og noko. Eg får møte klokka 7 og sjå om det er nokon der... og då er det LAANGT forbi leggjetid no. Kva skjedde med kvelden?
  16. Eg HAR posta eit heilt tomt innlegg, for å lure dykk . (neida, har ikkje det )
  17. Dette er då barneskulepensum. Men det er sikkert både lettare og kjekkare å ha nokon å skulde på...
  18. Ikkje eg heller. Når laushundar blir eit problem, som her, bør dei absolutt avlivast. Men avliving kostar. Om kostnadane kan dekkjast, samtidig som godt kjøt kan bli brukt som mat, er det jo vinn vinn. "It's juck" må vel vere tidenes dårlegaste motargument. Sjølvsagt må avlivinga gjerast så humant som mogleg (det høyrdest jo ut som dei hadde tenkt på det), og kjøtet må vel testast for sjukdom og slikt. Ut over det, høyrest det ikkje dumt ut.
  19. OlavEmil

    Godgutten

    Eg vil framleis ha st. bernhard, og Oscar hjelper ikkje mot den lysta, altså!
  20. OlavEmil

    NKK Bergen

    Gler meg til du får lagt ut bileta då .
  21. OlavEmil

    NKK Bergen

    Ingen bilete, men eg såg faktisk etter om du var der då st bernhardane vart stilte rett ved sidan av bernerane. Såg deg ikkje, men det var mange nydelege st. bernhardar .
  22. Mamma er populær hos Laffen òg, så det er nok ikkje uvanleg. Som du seier sjølv, er nok lettare å få viljen sin hos "bestemor" enn hos oss .
×
×
  • Opprett ny...