Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Trur ikkje det er mange komponentar på vårt kjøkken som hadde fått blitt lenger enn oppvaskmaskina, altså! Vil ALDRI attende til oppvaskmaskinfritt tilvære...
  2. Det beste er vel å ta kontakt med Chihuahuaklubben og høyre kva retningslinjer dei har på avl, og gjere det dei seier skal gjerast. Det er som du seier ikkje nødvendigvis papiret som gjer kvalpane friske, men det er papiret som gjer dei til chihuahua. Chihuahua er vel desverre ein rase med ein del useriøs avl, så om du ønskjer å ta vare på rasen og gjerne tilføre noko godt til denne, bør du som eit minimum oppfylle raseklubbens krav til avl, og i tillegg setje deg ein god del inn i din hunds positive og negative sider, og leggje arbeid i å finne ein hann som passar din hund. Hugs at å setje kvalpar til verda ikkje er noko hasteprosjekt, men må planleggjast nøye, og om du ikkje har erfaring (som du ikkje har, om eg forstår deg rett?) må du lytte til dei som veit kva som gjeld for avl innan din rase, og avl generelt. Lukke til .
  3. Sokkar må òg gjerne nappast ut dei siste ti centimetra... Deretter er det berre å hive dei rett i vaskemaskina, så er dei gode som nye att...
  4. Han kan ta med din legitimasjon. Då burde det gå fint.
  5. Kom igjen då! No ventar heile sonen på at du skal seie at Oabba var rett, slik at Synnøve kan kome med ny oppgåve .
  6. Det var det første eg tippa òg, men eg fekk det ikkje heilt til å stemme .
  7. Er det ikkje hunden vi skal gjette? Aiko? (trudde eigentleg SEC hadde meir enn to hundar, eg?)
  8. Posten Norge (særleg i form av Bring) er jo storbrukarar av det etterkvart så berømmelege "kabotasje"-fenomenet vi har i godstransporten òg. Grunnregelen er at det ikkje er tillate med nasjonal transport innan eit land du ikkje sjølv høyrer til. Vi som norsk transportør skal ikkje kunne køyre eit lass frå Berlin til Hamburg, eller frå Roma til Pisa, akkurat som ein tyskar eller litauer ikkje skal køyre eit lass frå Bergen til Oslo, eller frå Enebakk til Geilo. Men så kjem jo vårt elskede EU på banen, og meiner at det må vere litt lov. Dermed er det tillate med inntil 3 "tilfeldige" turar innan framande landegrenser før ein må ut av landet. Vips kan litauarar og rumenerar køyre Bergen - Oslo likevel, så lenge dei ikkje hadde planlagt det på førehand (ja, for det lar seg jo handheve...). Bring er storbrukarar av dette systemet, og har ved fleire høve til og med vore stoppa for brot på 3-tursregelen. Kjekt å føle at det offentlege verner om våre arbeidsplassar... Då skal vel ikkje eg nemne at vaktar på 3 - 4 - 5 samanhengjande døgn slett ikkje er uvanleg i ambulansedrifta på bygda. Dei har rett nok aktiv og passiv tid, men dei er likefullt på vakt opp mot ei veke i strekk .
  9. Og då er vi òg inne på det vi begge har vore inne på: Useriøse aktørar, og omgåing av arbeidsmiljølova. Forferdeleg!
  10. Kjapp og grei oversikt over våre regler (tungtransport på veg): Max 4,5t samanhengjande køyring Max 9 timar køyring samanlagt per dag (kan utvidast til 10 to gongar i veka) Max 45 timar køyring samanlagt per veke (kan utvidast til 56 annankvar veke) Minimum 45 minutt pause etter 4,5t Minimum 11 timar samanhengjande kvil (anten i parkert bil med seng eller ute av bilen) i løpet av siste 24 timar Minimum 45 timar samanhengjande kvil etter 6 dagar med jobb. Så litt strengare er det, ja. Når det er sagt, er eg av den oppfatting at det ikkje er den same intensiteten ved å fly eit fly, som ved å køyre eit tungt køyrety på veg. I løpet av flystrekket mennom to flyplassar har dei vel ikkje meir enn eit par innslag der dei må justere autopiloten eller snakke med flygetårnet. Eg er ikkje umiddelbart avvisande til at det kan vere forsvarleg med 22 timar "utan kvil" som pilot. Eg er mykje meir skeptisk til det andre du tek opp, nemleg lågprisselskapa sine haldningar til flygarar. Først og framst ser eg dette som eit stort problem for flygarane sjølve, der dei må vere "sjølvstendig næringsdrivande", og dermed fritek flyselskapet seg for alt som har med arbeidsgjevaransvar å gjere. Når dei i tillegg stasjonerer drifta i lugubre øystatar i andre delar av verda for å kunne forholde seg til dei lover og reglar som gjeld der, sjølv om pilotane stort sett flyg innanlands, er det nesten så ein kan kalle godstransporten ein seriøs bransje i staden (og godstransportbransjen er ein forferdeleg råtten bransje, for dei som ikkje visste det).
  11. Eg kan ikkje grunnleggje noko som helst på Facebook. Dessutan er eg eigentleg ikkje maskulinist, eg synst berre feminismen går for langt til tider... Men eg gir gjerne frå meg rettigheitene på ideen, om nokon ønskjer å setje i gang .
  12. Vi får starte Maskulinistgruppa Olga .
  13. Problemet er jo berre det at slusa ikkje blir opna for alle, men fjerna. Dermed er vi attende der vi starta, med for liten kapasitet, og alle er nøgde...
  14. Haha . Elles held eg med i løysinga Flytt på Landet! I løpet av 3 år i Vaksdal og 1 år i Hegglandsdalen har eg vel hatt besøk av ein seljar, ein student frå Kenya som studerte i Tanzania, og brukte somaren til å selje bøker for eitt eller anna forlag i Noreg (hadde ID, kor ekte det var veit eg ikkje ). Eg inviterte han inn, eg, så sat vi og prata ein halvtimes tid før han reiste vidare. Kjekt det .
  15. Snakk om praktdøme på sakar som blir vridd og feilframstilt i media! Heile poenget her var då på ingen måte at kvinner liksom skulle bruke lengre tid i kontroll. Grunnen til at dei gjorde det slik, var at kapasiteten på dei ordinære slusene var for liten. Dei laga då ein provisorisk sluse "bak" dei vanlege (mellom borterste sluse og veggen). Her var det for trangt til at to kontrollørar kunne stå og gjere jobben, slik det er i dei vanlege slusene. Normalt har dei ein kontrollør av kvart kjønn, i tilfelle det skulle bli behov for kroppsvisitering. Då har passasjerane rett til å bli visitert av ein av same kjønn. Grunnen til at det vart ein mannleg kontrollør som tok seg av ekstraslusa, var rett og slett at dei har fleire mannlege enn kvinnelege kontrollørar. Så seier folk at dei har blitt visitert av kontrollørar av motsatt kjønn før. Det er heilt greit det, men du har altså rett til å be om at visiteringa blir utført av ein av same kjønn. Problemet her ville då blitt om det var ein som ønska nettopp det. Då ville dei måtte halde att køen medan det vart ein ledig kontrollør av rett kjønn i ein av dei andre slusene, for så å ta denne ut av den slusa, slik at det ville vere fare for at akkurat det same skjedde der, og vi er inne i ein dominoeffekt som forsinkar heile systemet, i staden for å effektivisere det, som jo var heile poenget med dette. Når det gjeld køane, så vart dei som skulle inn i den nye slusen først slusa ut av den ordinære køen heilt nede ved slusa. Det var altså ikkje ein eigen superkø, men ein avlasting av dei vanlege køene. Det skal ikkje mykje intelligens til for å forstå at med ei ekstra sluse, går heile køen fortare enn han ville gjort med ein sluse mindre. Men nei, det er viktigare at vi ALDRI skal måtte oppleve den grusomme mentale påkjenninga det er å sjå eit skilt der orda KUN og MENN står i same setning, enn at alle skal kome seg raskare gjennom kontrollen. Ein stor ripe i seriøsitetslakken til norsk media, og ein stor ripe i lakken til likestillingsdepartementet, som diltar etter media utan å setje seg eit minimum inn i kva som eigentleg er saka!
  16. Berre for å vere kjip, så synst eg denne linken argumenterar godt. Eg har til og med lagt linken i ein spoiler, så eg er heilt sikker på at alle opnar han .
  17. Å dele ut nøkkel til leiligheit som ein deler med husvert vil eg påstå er ganske alvorleg. Det kjem definitivt under definisjonen av framleie som KarpeSkrotum posta på førre side: Fremleie Fremleie eller annen bruksoverføring fra leietaker til en tredjemann krever samtykke fra utleieren. [kilde: Bolighjelpa] Det står altså at det krev samtykke frå utleigar. Det vil dermed seie at dersom det ikkje står spesifisert i leigekontrakten, er det ikkje tillate, i motsetnad til det fleire her inne har meint. Eg ser på meg sjølv som ein veldig ok husvert, som eg gjerne kunne leigd hos sjølv (no kjem vel dei fleste ganske greit overeins med seg sjølv, men likevel...). Eg synst likevel ikkje på nokon måte at dette er "dårleg gjort" av lucy, og for å vere heilt ærleg ville eg blitt forbanna om det var eg som fekk slike kommentarar som m.a. Hapzen lirte av seg på første side. lucy: Skriftleg åtvaring kan vere eit greit verkemiddel. Du kan uansett ikkje hive han ut utan at du på førehand har sendt han ein slik og gjeve han moglegheit til å rette seg etter det. Dette kan dermed vere eit godt høve til å sende ut ein slik, så du stiller sterkare om du eventuelt skulle ha behov for å hive han ut seinare. (men eg ser at det kan vere ubehageleg når du skal bu saman med fyren...)
  18. Sjølvsagt er det lov å ha med seg snekkar på visning . Dei fleste salsannonser anbefalar å ha med seg fagfolk på visning, ettersom ting ein burde kunne sjå på ein visning ikkje kan påklagast seinare. Boligkjøpforsikringa gjer ikkje ein sak meir eller mindre god. Du har ikkje rett i ein sak fordi du har forsikring, som du elles ville tapt. Men forsikringa stiller med advokatar og sakkundige som tek seg av arbeidet, finn ut kva regelverk og kva paragrafar ein skal bruke og byggjer opp saka for deg. Dei tek òg risikoen som det alltid er å gå til sak, slik at ein aldri kan tape på det (ut over det ein gav for forsikringa), uansett om ein skulle tape ein sak og bli idømt saksomkostingar.
  19. Eg vil anbefale å teikne Help Boligkjøpsforsikring (Help fordi det ikkje finst andre i Noreg enno). Det skjer altfor ofte at ein kjem ut for ting ein ikkje er nøgde med når ein kjøper hus, og då er 8000 småpengar når ein får den hjelpa ein treng.
  20. No ville det vel ikkje vorte meir enn 16 millionar?
  21. 1,75 millionar pund? Då kan de vel stort sett velge og vrake blandt store, flotte eigedomar med perfekte hus i Noreg...
  22. Sitat frå artikkelen: "De ristet også på kroppen, noe som man kan tolke som at de rister av seg det ubehaget de har følt med å være alene, sier Rehn." Jaja...
×
×
  • Opprett ny...