Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. OlavEmil

    Æøå

    Привет
  2. Eg ser heller ingen forskjell. Eg brukar IE, fordi det er den som følgjer med datamaskinar. Eg har prøvd dei fleste andre, alle funkar akkurat like bra, forskjellane ligg i utforming ( = vane), men sjølv dei forskjellane er små. Blir litt som å krangle om kva som smakar best av Tine sin lettmjølk og Q-Meieriene sin lettmjølk...
  3. Hundeleike: Kosedyra på IKEA, til eit par titals kroner. Særleg er ulven kjekk, med lange, dinglande bein, i tillegg til slangen, som funkar som draleike .
  4. Det må jo vere supert, det . Rått, altså...
  5. No er alt i orden her, på IE, både i hurtigsvar og fullsvar . Takk for innsatsen!
  6. OlavEmil

    Æøå

    Æ Ø Å æ ø å Eg brukar òg IE, reknar med det er nyaste versjonen? Har aldri hatt problem med æøå (såvidt eg har sett sjølv, iallefall).
  7. Kall dei Staffadoodle, og vips, så har dei alle eigeskapane du leiter etter, i tillegg til at dei er allergisikre .
  8. Tibetansk mastiff, såklart : Litt usikker på om han er arbeidssom, om han kan stillast ut og brukast til lydigheit og evt. spor, om det er ein hund som kan vere med på alt, om han går overeins med andre hundar og andre menneske. Eg veit heller ikkje om han døyr i varmen, om han døyr før han er to år, eller om han er så stressa og lett å jage opp at ein heile tida må ta hensyn til dette. Men bortsett frå det må det jo vere heilt perfekt .
  9. Vi driv òg og ser etter eit stort verdskart som skal hengje på veggen i stova . Litt usikker på kva stil vi vil ha, men for 5kr var jo ditt heilt supert .
  10. Det KAN faktisk vere så enkelt som at han ikkje har forstått kor sårande det er, og at ein slik "kald skulder" var det han trengte. Slik eg kjenner menn (på meg sjølv ) så er den påfølgjande oppførsla med ekstra dulling og slikt noko vi gjer når det går opp for oss at vi har drite litt på stader ein ikkje skal drite, og skal hente oss inn att .
  11. Er det berre vanleg F5 som skulle vere slik ein vidundermedisin? Den gjer jo ikkje anna enn å laste inn sida på nytt, det gjer jo ingen forskjell. Eg som trudde Ctrl + F5 skulle vere eitt eller anna fantastisk som eg ikkje forsto noko av... Ikkje rart det ikkje hjalp. Same som alle andre her, ingen ikonar i svarvindauget. Er det nokon overhovud som har ikonar?
  12. Eller, hunden har garantert trakka hol på han idet han hoppa ut, slik at det ligg bæsj utover bagasjerommet og luktar slik bæsj luktar etter eit døgn i lukka bil i steikande sol... Dessutan er det garantert du som har gjort tabben, medan du lånte kona di sin bil, slik at kona blir sur...
  13. No er det vel ikkje meir enn eit par dagar sidan dei skaut og drap ein mentalt tilbakeståande, ubevæpna og passiv mann midt på ei trafikkert gate midt på føremiddagen i New York. Slik blir det når politiet skal vere bevæpna som ei løysing på alt vondt...
  14. Nei, eg har òg reagert på den lette haldninga til (menneskeleg) partner her i tråden. Hallo, folk får det jo til å høyrast ut som det er ein psykopat det er snakk om. Eg synst det høyrest ut som ein irritert mann som ikkje likar å snakke så veldig mykje om kjensler og slikt, og dermed blir litt furten. Om årsaka er hundar som tissar inne (ja, absolutt irriterande) eller djupare ting som vi ikkje veit er då umogleg for oss å seie. Men å byrje å snakke om at ein bør kaste ut partneren på bakgrunn av bittelitt informasjon på eit nettforum blir for gale!
  15. Det går jo an å berre steike og hakke kjøtdeig, og bruke det? Eller misforstår eg noko?
  16. Eg held med Kangerlussuaq, ta for all del ein leigebil, og køyr litt ut av Reykjavik (det gyldne triangel er ein fin tur der ein får sett eit tverrsnitt av Island, greitt når ein kun har ein langhelg). Sjølv var eg ikkje særleg imponert over den blå lagune, altfor kommersielt for min smak. Men så hjalp det kanskje på at vi eit par dagar før vi vitja den blå lagune, låg heilt åleine og duppa i Islands største utandørs naturvarmebasseng (svømmebasseng med vatn frå varme kilder) i kraftig snøstorm midt på natta . Vi var der i februar, Island er eit flott reisemål om vinteren .
  17. Uff, amerikanarar... :rolleyes2: Ser ut til at dette er ein meir eller mindre direkte oversetjing av ein eller annan amerikansk artikkel. Der borte er det sikkert mange som er overraska, men det blir jo berre utruleg teit av Dagbladet å framstille det som overraskande funn her i Noreg... Det kunne faktisk vore interessant. Her kom pusen heim med ein fuglunge sist veke. Kor mange som ligg strødd rundtom eg ikkje godt å vite . Mora til katten vi har no var iallefall ein jaktmaskin.
  18. Kvar sine lyster... (biletet viser ein hest som dultar ein kattunge med snuten, lizm )
  19. Rart. Eg får heller ikkje posta det. Men eg ser det i linken .
  20. Joda, men om ein les det som står i artikkelen, ser ein jo at faren til desse, som faktisk var rette eigar, solgte hunden for 6 år sidan. Sidan det har tydelegvis hunden blitt gjeven vidare fleire gongar, og stakk aldri av før først to veker før han vart funnen i skauen. Dermed har det aldri vore noko behov for å sjekke noko chip tidlegare. Så fint at hunden kom heim til dei som truleg var aller mest glad i han, etter alle desse åra hos ulike folk .
  21. Eg lurte på akkurat det same. Meinte å hugse det var tre timar til Moskenes, men eg har berre teke den ein gong, og kunne ikkje få det til å stemme at det skulle ta nesten tre gongar så lang tid ut dit. Det er då ikkje så mykje lengre, ifølgje kartet...
  22. Blir glad for all hjelp er any help is greatly appreciated.
×
×
  • Opprett ny...