Gå til innhold
Hundesonen.no

Recommended Posts

Skrevet

Ein aldri så liten introduksjon av dei søte, små nykomlingane våre, som vi henta på søndag. Dei er ikkje håndtert så mykje, så dei er veldig skeptiske av seg, så den saken jobbar vi med ved og håndfôre dei. Dei er rundt 3-4 veker gamle, og vi mistenker at det er to andriker sidan det er to som er større og med kraftigare føtter enn dei andre.

Når eg var innom dei i dag tidleg for fôring og utskifting av vatn, hadde dei ete opp gårsdagens "kveldsmat", og var jo då sjølvsagt sultne. Så då kom dei utruleg nok nærmast springane når eg satte meg på huk med fôr i hånda, veldig morro! 
Er straks ferdig med "sommarhuset" deira, som vi skal gjerde inn i hagen vår utafor huset vårt. Då får dei masse utetid i sommar, og vi får beita ned litt gras :P 

Film og fleire bilder kan sjåast på instagram @Sikvax :) 

13288495_10156884435830468_173005042_o.j

13342269_10156884436480468_935473261_n.j

13334314_10156884437975468_1641191240_o.

13334763_10156884438495468_1230404053_o.
Dei grisar fælt med vatnet sitt!

13334513_10156884438820468_1419130924_o.
Deilig med nytt og friskt vatn :D 

Skjermbilde 2016-05-31 kl. 13.55.18.png
På morgonen i går, hadde dei lagt seg inn i buret :P 

  • Like 17
Skrevet

Utruleg morro at dei allerede har blitt litt meir frampå og ikkje står pressa opp i eit hjørne når eg er inne med dei. I sta kom dei springane når eg kom inn for fôring, og når eg tok inn vannslangen så det skulle bli litt enklare for utskifting av vatn, så kom dei utruleg nok springane då også, til tross for at vannslangen var der for første gang i dag. 
Og den eine lot seg, for første gong, bli klappa litt under fôringa :D 

Fikk med to brød frå jobb i dag, men er litt usikker på kor mykje dei kan få kvar dag? Til no har dei kun fått nokre få småbitar eit par gangar om dagen.

13344674_10156885689785468_2249235375785
Deilig med nytt vatn og brødsmular :D 

  • Like 4
Skrevet
Akkurat nå, Bellare skrev:

Vet at endene til svigermor får brød hver dag (eller nesten hver dag), men brødet må være lagt i vann (som en slags grøt). Det er vist veldig viktig da ender trenger vann for å klare å spise.  

Herlige dyr da! 

Skal du ha dem som kjæledyr eller er de tenkt å bli mat på et tidspunkt?

Skrevet
Akkurat nå, Snoffe skrev:

Ja, det har eg fått med meg. Så dei får det i vatn :) 

Blir nok (dessverre) mat på eit tidspunkt. Men det hadde vert morro og avla fram kyllingar sjølv når dei her er gamle nok, og så ta det litt deretter.

  • Like 1
Skrevet
2 minutter siden, Bellare skrev:

Ja, det har eg fått med meg. Så dei får det i vatn :) 

Blir nok (dessverre) mat på eit tidspunkt. Men det hadde vert morro og avla fram kyllingar sjølv når dei her er gamle nok, og så ta det litt deretter.

Gøy det da, også er det litt godt å vite hvor maten kommer fra og at den har hatt det bra :)

  • Like 2
Skrevet

Har aldri tenkt over kor artig det kan vere med ender :D På dei knappe to vekene dei har vert her, har dei blitt veldig tamme. Kjem springande når eg går ned for og gi dei fôr og nytt vatn, dei lar seg til og med blir klappa litt når dei er opptatt med maten. Er dei sultne og eg er opptatt med å fylle opp med vatn først, så prøvesmakar dei på det aller meste første; vannslangen, skoa mine, buksa mi... Dei er nokre skikkelege matvrak, enda dei får fôr 3 gangar dagleg + brød og gras når dei er ute :P 

Brukar eit reisebur for katt/liten hund når eg skal ta dei ut, og dei har blitt så morosame når eg skal ha dei inn i buret. Dei to første trenger litt hjelp til og bli ført inn i buret, nummer tre må ha en dytt i baken og så tusslar dei to siste fint inn i buret på rekke og rad utan hjelp :lol:
Når eg tar dei inn på kvelden nærmast "sparkar" dei opp burdøra og stormar ut, er så vidt eg rekker å få satt ned buret skikkeleg. Og så ekstremt pratesjuke til dei har fått kveldsmaten sin!

Dei har blitt kjempestore på den korte tida dei har vert her, og en av endene har komt i stemmeskifte :teehe:

13335602_10156908369230468_4803548024011

13392979_10156919608035468_902973154_n.p

13405571_10156919608305468_182150739_o.j

  • Like 16
Skrevet
15 timer siden, mushi skrev:

Nå herlige! På tide med større basseng snart? :D 

Ja, det er nok det. Dei har jo vokst så innmari, ser nesten forskjell på størrelsen deira, frå morgenfôring til ettermiddagsfôringa samme dag :|

Har fått beskjed om at ein gildebalje skal holde fint til dei, men eg er blitt litt hønemor, så eg har starta sjå på barnebasseng i hardplast. Dei er litt større :whistle::aww:

  • Like 1
Skrevet
På 11.6.2016 at 10:01 AM, Bellare skrev:

Ja, det er nok det. Dei har jo vokst så innmari, ser nesten forskjell på størrelsen deira, frå morgenfôring til ettermiddagsfôringa samme dag :|

Har fått beskjed om at ein gildebalje skal holde fint til dei, men eg er blitt litt hønemor, så eg har starta sjå på barnebasseng i hardplast. Dei er litt større :whistle::aww:

20140630-203544-74144729.jpg
Vi brukte sånn her til våre moskuser. Veldig greit og lett å gjøre rent :) 

Skrevet
10 timer siden, Paranomia skrev:

20140630-203544-74144729.jpg
Vi brukte sånn her til våre moskuser. Veldig greit og lett å gjøre rent :) 

Hadde tenkt på eit slikt, sidan eg hadde sånn når eg var lita. Men pappa meinte eg ødela det i dei tider :whistle::teehe:
Enn så lenge har eg fått med meg to gildebaljar frå jobb, som dei skal få teste ut i dag, når eg er ferdig å sette opp siste resten av gjerdet til uteområdet dei skal flytte inn på :D 

Men kva får man kjøpt slike no, og ca pris ligger dei på? :) 

Skrevet
På 14. juni 2016 at 0:15 AM, Paranomia skrev:

20140630-203544-74144729.jpg
Vi brukte sånn her til våre moskuser. Veldig greit og lett å gjøre rent :) 

Korleis lagde dåke til for at dei skulle komme seg oppi og utav? Stige, trapp? Fant eit barnebasseng/sandkasse på Biltema som eg kjøpte, men er litt høg kant på den. Dei er veldig klønete med gildebaljane, men kjem seg både oppi og utav utan noko hjelp. Og dei elskar det! :D 

Søndags kveld prøvde vi og la dei gå ned i løa sjølv, for eiga maskin, og det førte til ein god del latter. Tok si tid og få dei ned, men allerede i går merka eg stor framgang. Så når eg tok dei ut etter arbeid i dag, kom dei gakkande ut mens eg spylte skålene deira, og så nærmast sprang dei etter meg opp bakken og bort til innheininga dei har fått :lol:
Skal sette opp netting"tak" så dei kan vere ute frå morgen til kveld, til det er ferdig må dei vente med å komme ut til etter arbeidstid. Er dessverre ein del hauk her vist nok, forge eigarane av huset her, hadde hauk etter duene sine blant anna :|

13445945_10156942972080468_1929669597_o.

13467853_10156942972310468_1260641022_o.

13444117_10156942973395468_66276004_n.jp

  • Like 3
Skrevet
33 minutter siden, Bellare skrev:

Korleis lagde dåke til for at dei skulle komme seg oppi og utav? Stige, trapp? Fant eit barnebasseng/sandkasse på Biltema som eg kjøpte, men er litt høg kant på den. Dei er veldig klønete med gildebaljane, men kjem seg både oppi og utav utan noko hjelp. Og dei elskar det! :D 

Søndags kveld prøvde vi og la dei gå ned i løa sjølv, for eiga maskin, og det førte til ein god del latter. Tok si tid og få dei ned, men allerede i går merka eg stor framgang. Så når eg tok dei ut etter arbeid i dag, kom dei gakkande ut mens eg spylte skålene deira, og så nærmast sprang dei etter meg opp bakken og bort til innheininga dei har fått :lol:
Skal sette opp netting"tak" så dei kan vere ute frå morgen til kveld, til det er ferdig må dei vente med å komme ut til etter arbeidstid. Er dessverre ein del hauk her vist nok, forge eigarane av huset her, hadde hauk etter duene sine blant anna :|

Den sto rett nedenfor en liten stein (fjell som stakk opp fra jorda) så de bare hoppet oppi derifra siden den var på samme høyde som bassenget. Også hadde vi laget en liten trapp av plank som var oppi bassenget, og la et bøybart marsvinhus oppå der igjen. resampler.aspx?type=display&src=Z016899.
Egentlig bare fordi det var det vi hadde liggende, ikke fordi det var utrolig smart :lol: 
Bassenget fikk vi av foreldrene mine, de hadde fra jeg var liten. Men tror de fleste lekebutikker har :) Spesielt nå på sommeren. 

  • 3 weeks later...
Skrevet

Ei aldri så lita oppdatering av dei fine gakkisane våre :D 

Dei har vokst i rekordfart, men no trur eg dei er fullt utvokst. Kvite og fine har dei blitt, har nesten full fjærdrakt, eter, driter og kosar seg. Dessverre er dei fortsatt merkelege i oppførselen etter kva som no enn har skjedd på mandag. Dei er ekstremt "tunge" og få både ut på morrakvisten og inn på kveldstid. Viser lite interesse for brød, til tross for at dei var reine gribbane tidlegare og kom gjerne springande berre dei hørte brødposen. Ikkje er dei særleg gira på og ete frå hånda lenger heller. 

Om det har vert folk her dei få timane eg var vekke mandags formiddag, rev, hønsehauk (er mykje av det her), mink eller noko anna som kan ha skremt dei, er for oss ukjent. 
Kjenner det er trist at dei har blitt sånn, men vi gjer det beste ut av det og prøvar heller la dei bli tryggare her igjen. I dag har dei fått kose seg med masse salat, mais og agurk etter tacoen vi hadde i går. Det falt godt i smak :D 

13412957_10156930596610468_4612974617799
Ikkje en mnd. sidan eingong, dei har vokst i rekordfart :|

13442286_10156931321645468_1437225862220

13438784_10156988725300468_6236014716637

13509864_10156973263715468_1264737277_o.
Mat, mat, maaaaat!

13555768_10157015701815468_360591933_o.j

13578924_10157015701870468_2134428953_n.

  • Like 6
Skrevet

Endene har begynt og bli litt meir normale i oppførselen, endeleg! Litt smårare på morrakvisten der dei står på dørterskelen og vurderar om dei skal vere med ut eller ikkje, men når eg fristar med ein neve fôr, då klarar dei ikkje halde seg stort lenger. Då driter dei først og kjem så vaggande :teehe:
Kan vere litt vriene på kveldstid, som her på mandag; tre av dei kom tuslande etter mens dei resterande to ikkje heilt fant ut at dei måtte gå rundt grinda for å komme ut, dei gjekk og "stanga" i hønsenetting utan og skjøne kvifor dei ikkje kom seg nokon veg... Ikkje hjalp det å skulle prøve og hjelpe dei heller. Ikkje alltid like enkelt og vere and, altså!

Neste veke skal naboen passe dei. Eller rettare sag sjå til dei, fôre dei og skifte vatn mens vi er på tur. Då skal gakkisane for første gong få vere ute 24/7, men stengast inne i uthuset på nattestid. Syns nesten det er litt fælt å skulle reise i frå dei, sjølv om eg er sikker på at dei får godt stell av naboen :P

Skjermbilde 2016-07-06 kl. 18.02.34.png

  • Like 3

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

  • Nye innlegg

    • Som sagt, få en instruktør til å komme hjem til deg og se situasjonene og få hjelp til et opplegg. Dette er en hund som trenger konsekvent gjennomgående trening og rammer i hverdagen. Men få utelukket først at det ikke er noe smerter eller andre ting som påvirker adferden også.
    • Men når jeg skiller dem så biter hun meg. Hun blir helt vill i blikket og i kroppen og alt. De kan aldri være alene sammen. Jeg kan heller ikke la hun være på ett rom og jeg ber hun bli når den andre er på andre siden av døra. Da løper hun og biter meg i bånda. Eller i armen. 
    • Jeg har kjøpt nye håndklær, nytt sengetøy, nødklær og et par mer brukbare klespakker fra Finn, men mange av de såkalt berikede klærne er helt unike og har høy affeksjonsverdi. Bl.a. den nevnte singletten, som var det første fairtrade sertifiserte plagget jeg fant. Original Max Havelaar, fra før de byttet navn til Fairtrade. Den kostet omtrent 250 kr for tjue år siden og har trofast holdt stand gjennom hver eneste sommer siden. Med alt arbeidet jeg har lagt ned i den nå, så er Gucci fast fashion for tacky træsh hoes til sammenlikning.  Fordi jeg har vært en så etisk bevisst shopper og bygget en garderobe jeg kunne gå moralsk rakrygget i, så er det ikke bare, bare for meg å handle nytt. Favorittbutikken Libe er nedlagt, og jeg liker ikke kolleksjonene de gode merkene (som Komodo og Monkee Genes) har for øyeblikket. Nudie har heldigvis jeans jeg liker, men utover dem ser det svart ut. Derfor velger jeg redde det som reddes kan.  Alt av ulltøy må byttes fordi proteinfibre går bokstavelig talt i oppløsning i høy pH. Ikke bare undertøy som ikke er så farlig hvordan ser ut, men affeksjonsverdi Komodo blazer, kåpe, skjerf og lue, kjole, skjørt og flere bukser. Det er virkelig en smerte å vente på plagg jeg vil ha fra de merkene jeg liker. Trendene for tiden faller ikke i smak. Nøstebarn har fortsatt de samme plaggene de alltid har hatt, men er selvsagt utsolgt for de riktige fargene.  Jeg drar det antakelig så langt at jeg demonterer en jakke vevd og sydd i Sverige, fra et svensk merke som gikk konkurs og ikke lenger tilbyr noe nytt, for å unngå skade elgskinnet på utsiden mens jeg renser innsiden.  ..ikledd pølsedrakt fra Biltema, fordi jeg ikke hadde nevneverdig lyst til å legge penger i kassa til noen såkalt grønn butikk da jeg trengte emergency beskyttelse mot klima etter den fanatiske grønnskallen fra den sekterisk klorofyllkommunistiske kloakken av ruspsykotisk økolååågiske fotsoldater fra MDG beriket både garderoben min og miljøet med det ufortynnede insektsmiddelet sitt. Biltema klær med pølsemotiv på var det mest aggressive motsvaret jeg kunne finne som traumeterapi. Made in China av helt ny polyester, fraktet fossilt fra andre siden av planeten og med bilder av svinekjøtt på. Jeg slo til og det føltes bra.     
    • Er det ikke bedre å kaste klærne og kjøpe nye, det burde dekkes av innboforsikringen? Litt jobb, men føles tryggere likevel?
    • Det hjelper også å legge den i glovarmt vann etter vask, for å drepe mikroorganismene før du tørker den hurtig et varmt sted med god ventilasjon. De formerer seg lett under tørkeprosessen om du ikke har kverket dem skikkelig. Vaskemiddel hjelper bare med å få hardføre mikroorganismer delvis ut av stoffet, det dreper dem ikke, mange blir sittende igjen, og vannet i maskinen holder ikke 60° lenge nok. 
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...