-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Så teit å ha bilar med registreringsnummer 10360 og 30238... Er kanskje større sjanse for å vinne då, så dei slepp unna med å betale rett over 10 000, heller enn rett under 100 000 .
-
Hva vil DU si er god nok grunn for å starte oppdrett?
OlavEmil replied to turbogutten's emne in Avl og oppdrett
Eg synst det er god nok grunn at ein ønskjer å drive med oppdrett! Når det er sagt, har ein først teke valet, DÅ må ein sjølvsagt setje seg inn i det eine og det andre, ein må gjere alvorlege vurderingar på mange ulike ting og stort sett alt det som er teke opp her i tråden. Men eg meiner ikkje at ein må sitje med ein superhund som er betre enn alle andre i rasen, og starte oppdrett av den nobele og usjølviske årsak at det er til rasens beste... -
Blir nokre turar fram og attende med tosetaren om eg skal hente dykk alle...
-
Eg ville definitivt gått for skyvedørsalternativet. Ingen tvil! Ja, opphaldsrommet blir nokre kvadratmeter mindre, men det er utruleg kor mykje romkjensle som blir vekke når du set inn ei seng. Får du gøymd den vekk, blir det straks ei skikkeleg stove av det. Og som andre har nemnt, eit adskild "soverom" vil absolutt gjere det attraktivt for fleire når det ein gong skal seljast, og sjølv om den konstruksjonsmessige verdien ikkje blir noko høgare, kan fleire interessentar presse den reelle prisen opp ganske drastisk. Det burde difor ikkje vere noko problem å argumentere med at det er ei investering som huseigar bør ta .
-
Vi har òg tursti opp til Møsnuken frå rett borti vegen her, ca halvannan time å gå opp. Eventuelt er det eit utal turstiar på kryss og tvers alle vegar, og vi kan gå tur i skauen på alt frå 15 minutt til heile dagen. Som sagt, berre å kome .
-
Vi har då eit perfekt inngjerda område på ca. eitt mål her i Hegglandsdalen, berre å kome .
-
Ja, det går nok fort tomt når folk blir paranoide og monterar ekstratank på både tak og hengjar for å hamstre til dei sprekk... Sjølv blir eg ikkje ramma enno (med unntak av at eg lurar på om bosbilen streikar? Men vi har stor søppeldunk og er berre to personar + leigebuar, så det går greitt ), men 11. juni tek godstransporten opp att forhandlingane etter at dei vart utsatt halvanna døgn på overtid sist veke. Det blir veldig spennande, og vert det streik der, vil det fort merkast mange plassar. Suldal Transport er eitt av selskapa som er tekne ut, og då går alle som er organiserte ut. Vi driv mykje med matkøyring til butikkar, og det kan nok bli glissent i ein del butikkar på vestlandet ganske fort. Desverre er nok dette ein bransje der verken kundar eller konkurrentar tek fem flate øre for å drive streikebryting, så andre aktørar vil nok klare å demme opp ein del av effekten, iallefall i starten.
-
Eg ville aldri sleppt Laffen der, bandtvang eller ikkje. Han er heller ikkje heilt god på innkalling... Korleis funkar det med leik mellom hundar i langline?
-
Vi er med! Det dabba jo plutseleg av etter at vi var flinke og gjekk nokre fellesturar her, ikkje bra... Kvar og når?
-
To sekunders hjelp fra noen som er litt flinkere enn meg?
OlavEmil replied to Ia's emne in Foto og Tilbehør
-
Haha, fantastisk . Eg søkte berre på gugel mæpp, der var det ingen treff . Men det blir vel ei stund til utgjevinga, om du berre skriv eitt kapittel på ti setningar kvart fjerde år...
-
Det er ikkje berre du som kan stalke . Men nei. Så då er eg kanskje ikkje så flink til å stalke likevel...
-
http://www.scssoft.com/ScaniaTDS/under_bar.jpg
-
Synst ikkje det er noko rart at Noreg kom på sisteplass, eg er faktisk ikkje overraska heller. Noreg får ikkje mykje vennskapspoeng, slik mange andre land får, og då er vi heilt avhengige av å ha eit bra bidrag. Og ærleg talt, det hadde vi ikkje i år! Eg heia på Russland, MGP er ein showkonkurranse, og handlar ikkje berre om fin musikk ( ), og der scora Russland hundre prosent! (så har eg òg ein forkjærleik for Russland, og likte kva dei planla for pengane dei evt. vann ) Sverige hadde eit flott bidrag, fin musikk og eit alle tiders sceneshow. Ikkje overdrive og superharry, som mange andre (nokon som merka seg Irland? ), men flott og estetisk, kun ved bruk av eigne rørsler og klede (pluss litt "snø" på slutten av sangen). Imponerande Tredjeplassen (Serbia?) såg òg bra ut, men dei såg eg berre på oppsummeringa. Det gjorde eg i grunnen med det meste, det var Zorrofilm på TV3, som eg vart oppslukt av (har aldri sett eller likt Zorro før ). Eg slo over på MGP på "heiltid" då den var ferdig, då hadde ti land gjeve poeng, og det var alt då klart for meg at Sverige vann. Kven var den norske kommentatoren under poengutgjevinga? Han var jo heilt ekstremt elendig. Høyrdest ut som han var møkklei jobben sin, null interesse og null kunnskap. Eit døme var når eine landet skulle gje 12-poengaren sin, og kommentatoren sa "skal vi tippe på Russland?". Russland hadde alt fått 6 poeng. Faktisk hadde alle dei 12 øvste landa utanom Serbia på 3. plass fått poeng. Poenggjevaren drog ut tida og spurde "what do you think?", og programleiaren sa igjen "ja, eg har sagt kva eg tenkjer eg (og tenkte "få no dei forbanna poenga" så hardt at vi nesten kunne høyre det)". Ja, og sceneshowet til Tyrkia (på oppsummeriga) var knallbra . (det vart eit langt innlegg frå ein som kun såg dei siste 20 minutta, og kun små glimt elles )
-
Desse hersens kundane...
-
DET er eit veldig godt poeng! Det er heilt klart her det verkeleg store problemet ligg, per i dag. Det er ein tragedie at folk svelt medan vi faktisk produserer nok mat til å mette alle OG ha restar i kjøleskåpet. Men det går an å ha to tankar i hovudet på same tid (sjølv for oss mannfolk). Ein meir effektiv matproduksjon, som sikker genmodifisering kan gje, kan til dømes opne for å bruke større område til dyrking av t.d. biodrivstoff, utan at dette går ut over matproduksjonen.
-
Det kan vi skrive under på. Huset i Vaksdal (førre huset vårt) kjøpte vi av ein polakk, som hadde laga leiligheit i kjellaren. Badet hadde han (visstnok) fått bygd av ein polsk røyrleggjar. Dette var heilt nytt då vi kjøpte huset. Då vi byrja å tenkje på å selje att to år seinare, var badet totalvrak. To år med normalt bruk... Ser ut til at stova byrjar å ta form. Det ser kjempefint ut, eg likte særleg golvet (men det blir kanskje sjåande annsleis ut når det er ferdig?).
-
Mykje av løysinga på problemet som filmen tek opp, ligg jo nesten klar til bruk i genmodifisering. Brukt på rett måte kan dette verkemiddelet auke matproduksjonen kraftig utan å auke ressursbruken i det heile. Problemet er den generelle oppfattinga om at genmodifisering er unaturleg, skittent og farleg, og at genmodifisert mat er giftig. Det treng jo ikkje å vere nokon av delane! Vi snakkar kun om å "flytte på" mikroelementar i maten, for å optimalisere effekten, eller for å seie det på ein annan måte, framskunde det naturen godt kunne funne på å gjort sjølv i løpet av mange års evolusjon. Ein tilset jo ingenting. Men, enn så lenge er genmodifisert mat altfor uglesett. Heldigvis finst det forskarar som ser det same som meg, som jobbar med dette slik at det kan vere klart den dagen vi er desperate nok til å akseptere at genmodifisering ikkje er farleg, men naudsynt. Skyt...
-
Slikt får eg òg. Og ikkje berre "hm, dette verkar kjend", men slik at det overhode ikkje er noko tvil om at det har skjedd før. Prøvar å tenkje etter om det kan ha skjedd noko liknande, og tenkjer gjerne "sist skjedde det og det om tre sekund", og så skjer akkurat det. Men det verkar jo som om det er ganske normalt, så eg trur ikkje det er noko veldig overnaturleg ved det. Elles er eg kristen, og trur fullt og fast på at Gud kan gjere ting som for oss vil framstå som "overnaturleg", men som jo eigentleg er heilt naturleg med tanke på at Gud har laga, og styrer, universet og verda. Sjølv har eg opplevd små ting som for min eigen del stadfestar trua mi, men som nok ikkje er nyttig til noko anna enn nettopp det. Eg har òg nære vener, og fleire meir og mindre kjente, som har opplevd større ting av type helbredingar og andre direkte bønesvar. Kan jo ta med ein bitteliten ting, mest ei morosam lita hending . Vi hadde eit kristent ungdomsarrangement i gamle kulturhuset i Os, Fjellheim (det var altså det einaste kulturhuset på den tida). Då hadde eg ein amerikansk van som foreldrene mine kjøpte ny i 95. Denne hadde i fleire år kun vore mogleg å låse opp og att frå bakdøra, alle dei andre låsane sat fast. Plutseleg, midt under eine møtet, fekk eg for meg at no funka låsane att, og eg måtte ut og sjekke. Eg tenkte at det vart litt teit, og prøvde å slå det frå meg, men det vart såpass tydeleg at eg måtte berre gjere det. Gjekk ut, satte nøkkelen i førardøra og prøvde å vri. Nei, sto framleis fast. Eg smilte for meg sjølv, og fekk stadfesta kor teit det var. Eg fann ut at eg fekk no prøve dei andre dørane òg, så var det gjort. Men jammen funka ikkje plutseleg både passasjerdøra framme og sidedøra! Etter den gong funka dei heilt fint alltid. Eg måtte sjekke med både mamma og pappa at eg ikkje hadde rota, men dei kunne stadfeste at ingen av dei låsane hadde funka på mange år, og kunne ikkje forstå kva eg hadde gjort for å få dei til å funke Som sagt, ikkje noko svære greier, men litt morosamt var det .
-
Det er alt smør på flesk. Bøndene får subsidier av staten slik at mottakarane kan kjøpe råvarene til lågare pris enn det det faktisk kostar å produsere dei. Då kan igjen dei store matkjedene kjøpe ferdige produkt til lågare pris enn det det faktisk kostar å produsere desse. Men så kjem smøret: Dei store kjedene sel varene til ein pris som (i stor grad) faktisk kunne dekkja det det kostar å produsere. Dermed er det faktisk matkjedene som får både smøret og flesket, i form av godene frå subsidiene (billig innkjøp), og dei faktiske inntektene (relativt høg utsalspris). Eg meiner altså ikkje at maten i Noreg er for dyr, slett ikkje, men med fire store kjeder som alle (utanom ein) tener tisifra beløp kvart år (den siste berre nisifra beløp), samtidig som staten betaler subsidier til bønder, og bøndene likevel har særs dårleg betalt på slutten av dagen, er det tydeleg at det er her noko burde gjerast.
-
Slikt er jo sjølvsagt heilt umogleg å vite, men eg vil jo tru at Laffen om vi hadde vore langt heimefrå hadde laffa litt rundt på eigen hand, for så å kome attende til meg (slik han gjer når han er laus), men om eg berre låg der og ikkje kom, ville han vel dulta i meg og prøvd å få liv i meg (leike). Når det ikkje førte fram, ville han nok byrja å sutre og syte, før han hadde lagt seg ned for å sove. Kva han hadde gjort når han så vakna ti timar seinare, anar eg ikkje.
-
Alternativet er at staten går inn og regulerer matprisene, anten med strengare regelverk på dette, eller med direkte eigarskap av matutsal. Personleg meiner eg det hadde vore flotte greier, men DÅ hadde nok folk fort byrja å hyle på den siste kommuniststat osv...
-
Greit, så var eg for sen med mitt innlegg . Men du seier at ein er på villspor når ein seier at staten er bøndenes arbeidsgjevar. No er det ein gong slik at den norske staten har stilt seg på ei linje der dei ønskjer at det blir drive norsk landbruk, trass i at dette i prinsippet ikkje er økonomisk forsvarleg, slik det internasjonale samfunnet er i dag. For å få til det, har dei innført landbrukssubsidier, eller for å forenkle det, gjort bøndene til "statstilsette", der staten betalar bøndene "løn" i form av subsidier. No skal desse subsidiene reforhandlast. Så kan ein kalle det lønsforhandlingar, subsidieforhandlingar eller kva ein vil, faktum er at bøndene forhandlar om å få pengar av staten for eit produkt staten betalar for, akkurat som ein arbeidar i lønsforhandlingar forhandlar om å få pengar frå arbeidsgjevaren for eit produkt arbeidsgjevaren betalar for. Ja, der fann eg linken, og eg ser jo at artikkelen der seier omtrent det same eg sa (og eg er nøgd med at eg påpeika at 9 av 10-overskriftene høyrdest vel tabloide ut) .
-
No synst eg òg det er litt påfallande når media sleng rundt seg med "ni av ti støtter bøndene", basert på litt tuting og eit par tomlar opp i ei rundkøyring i Trondheim. Men dette innlegget her er heilt meiningslaust. For det første seier du ingenting om kven som har utført denne meiningsmålinga, og kva målgruppe dei har spurd. Er det SSB, Norsk Bondelag, FpU eller Dagbladet? For det andre (og det som gjer at du verkeleg feilar i sleivsparket ditt) er jo spørsmålet i denne undersøkjinga eit heilt anna enn om ein støttar bøndene i si sak, nemleg om ein meiner at det kravet dei har fremja er urealistisk. Spørsmålets utforming bringjer meg òg raskt til å tenkje at spørsmålsstillaren ikkje støttar bøndene, og konstruerar ei spørjeundersøkjing for å underbyggje si meining. Og nettopp difor burde "du som alle andre" sjå at det her er ei utvikling som har spora heilt av, med matpriser som aukar med dobbelt så høg hastigheit som inntektene til bonden. Synst òg det blir feil når media i formiddag gjekk hardt ut og nærast laga skandale av at bøndene sa nei til ei lønsauke på 17000. Det er under 1500 i månaden, ikkje eit stort hopp når heile poenget er at ein skal prøve å minske lønsgapet i høve til andre grupper.