Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Ikkje gale det, utan snugtutting . Kaja-T&A heiter Kaja og har to hundar, Tesh og... Neiognei, no hugsar eg ikkje A. Pinleg. (hmm, står tre raser, eg har visst gått glipp av noko). Heitte tidlegare Kaja-T&C, der C sto for Cosmo. Har ein miniku (Tesh) som driv og gomlar flogesopp. Der stoppar igrunn mine kunnskapar...
  2. IW: Bur i London (dvs, rett utanfor London, Essex eller deromkring?) saman med sin engelske mann. Trenar og held seg i form, og kler seg gjerne i neonjoggeaotfitt frå 80-talet. Er gamingnerd (sånn som AnetteH). Hadde irsk ulvehund, driv og planlegg ny kvalp (?). Er supermoderator på hundesonen, og stengjer tråden din om du ikkje er snill. Lina Kristine er ikkje sambuar, ho er kona mi .
  3. Eg plukkar opp dei to som ikkje vart vurdert, eg. IdaC: Hmm... Her veit eg igrunnen ingenting . Men eg vil anta at det er ei jente ved namn Ida, ho har tre hundar av raser som kan forkortast til ISWT, OES og DP. Basert på signaturen (og det faktum at ho er aktivt medlem på hundesonen ) vil eg seie at ho er uvanleg glad i hundar. Lill: Ei ung kvinne frå austlandet / Chile (?), som gjorde eit lurt val og flytta nordover saman med / til sin kjære Lars. Vart mamma i fjor eller forfjor, til ei søt lita jente som heiter Sophie, men som går under namnet Soph. Har fire colliear og ein hest, hesten skal vekk. Driv for tida og funderar på å flytte sørover, av alle ting, mest pga arbeidsmarknaden i nord. Dreiv og skulle kjøpe hus der nord i fjor, men det vart heldigvis aldri noko av. Og, som ein del andre her inne, har ho krympa. Det skulle vel vere sånn nokonlunde rett?
  4. På det siste biletet var ho berre fantastisk . Men biletet av foreldra var i minste laget...
  5. Dette høyrest for meg ut som ein svært snuskete måte å omgå systemet på, ein "falsk" deleigarkontrakt som gjev oppdrettarane fordelar dei ikkje har rett på. Og som andre har nemnt, har kvalpekjøpar èin einaste fordel med dette lureriet? Det ser ikkje slik ut for meg. Useriøs oppdrettar.
  6. Flott hund! Slike blandingar har eg sansen for .
  7. Hva fôrer dere med til vanlig? *Kg på hund. Mengde og type mat. Hvor mange måltider pr dag. Hundens hold og hvor mye/ofte blir den trent? 40kg hund. Fyller opp skåla når den er tom. Vi forar med det vi har ståande til einkvar tid. Når det er tomt, kjøper vi inn nytt, det som passar best / har best tilbod / er lettast å få tak i der og då (innan rimelege grenser, såklart, vi kjøper ikkje first price og Eldorado...). Hunden er vel i ok hald, kunne nok lagt seg ut litt, men det kjem vel med alderen. Bytter du ofte type mat/merker som du gir til hunden din eller spiser den det samme "hele livet"? Hvorfor bytter du? (mener du at forandring fryder?) Vi byttar. Ganske enkelt fordi vi ikkje ser nokon grunn til at hunden må ha same mat heile tida, han funkar heilt topp på alt han har fått så langt. Når det er slik kjøper vi inn det som er enklast og greiast akkurat når vi må handle inn for. Pleier dere å gi hunden noe ekstra i maten? (boksmat, grønnsaker, frukt, ris, pasta, middagsmat osv -spesifiser) *Mengde? Hvor ofte? Hvorfor? (for at maten skal smake bedre? har rester igjen fra middagen? osv -spesifiser) Kan godt tømme diverse matrestar (makrell i tomat, kjøtdeig og spaghetti o.l.) i matskåla hans, heller enn å hive det. Mengde: Det som er att. Kor ofte: Når det er att restar. Kvifor: Fordi det er dumt å kaste mat. Pleier dere å gi andre ting (snacks) utenom mat? (griseører, griseromper, struper, bitebein, brødskiver osv -spesifiser) *Hvor ofte? Mengde? Brukar å gje rått kjøt av ulike slag, avhengig av kva som er på tilbod i frysedisken. Kotelettar, grillbein og denslags er gode slagerar. Litt opp og ned, men gjerne ein kotelett eller to eit par gongar i veka. Har òg dentastix liggjande, som han får av og til. Hva bruker dere som godbiter? (Frolic, pølser, leverpostei, kjøttboller osv -spesifiser) *Hvor ofte trener dere? Mengde godbiter pr trening? Trener altfor lite, men brukar gjerne godt stekt kjøtdeig eller kylling/kalkunpølse eller -karbonade (litt fastare i fisken enn vanleg pølse og karbonade). Gir du hunden din menneskegodis? (potetgull, sjokolade, is, smågodt, kaker, kjeks osv -spesifiser) *Hvorfor? Hvor ofte? Mengde? Nei. Eg kan ikkje sjå at han skal ha noko glede av det. Tigger hunden din når du spiser? *Hvor er den når du spiser? Det kjem vel an på auget som ser. Han er nysgjerrig på maten, og vil gjerne lukte. Om vi lener oss bak og ikkje gjer noko, kjem han gjerne ca. 10cm frå fatet og luktar, men tek aldri. Han er heller ikkje pågåande når vi et, aldri lyd, og ligg stort sett ein eller annan plass i rommet, slik han gjer når vi ikkje et òg.
  8. Vi planlegg tur til Afrika no til vinteren. Desse turane dine er desverre litt langt nord for oss, då det er Botswana som er vårt hovudmål. Men det er eit fantastisk kontinent, som du seier .
  9. Når ein veit historia bak blir det nok nærmare 10 . marjea: Hmm... Vanskeleg å forstå, og utan å ane kva det er eller kva det står for, får det bli ein 5. Pluss for å skilje seg ut .
  10. Då blir det tur frå Fyllingsdalen ca klokka 16. Komkom .
  11. Joda, det er fleire av oss som har hatt kvalpen åleine i 8 timar, altså ein full arbeidsdag. Det er jo det som faktisk er diskusjonen her, om det skal vere mogleg å ha full jobb + kvalp. For har ein 4-timarsdag, så har ein ikkje full arbeidsdag, og då er det heller ikkje eit problem.
  12. Vi er halvvegs på utkikk etter billige / gratis mot henting hundegardelement på finn og slikt. Vi har 7-8 element som vi kjøpte av ein kollega av Lina Kristine, men det blir litt i minste laget, synst eg. Laffen trivst svært godt ute, og er generelt lite interessert i å kome inn om dagane. Vi har desverre ikkje det beste gjerdet rundt hagen, og å la han vere ute utan jamnleg tilsyn er ikkje aktuelt. Som Hermes seier, ein hund hoppar lett over eit vanleg gjerde om han vil, og Laffen er jo ikkje ein liten hund heller. Ein stor og god hundegard trur eg ville passa Laffen ypperleg .
  13. I så fall beklager eg det. Eg kunne like godt ha skrive "då har eg notert meg di meining, og eg ser at vi desverre ikkje er einige i akkurat dette.". Poenget der var å la belgerpia vite at eg hadde lese det ho skriv, og at eg ikkje er einig. Argumenta mine hadde eg alt skrive, å gjenta dei opp att og opp att blir dumt.
  14. Deg om det. Det er jo eit viktig poeng. Men forhåpentlegvis er dei som er oppegåande nok til å søkje nok etter informasjon til å hamne her, òg oppegåande nok til å vite at ein kvalp i hus vil føre til tiss og bæsj på golvet, i større eller mindre grad .
  15. Fire veker held i massevis, og det er heilt normalt å vere vekke frå kvalpen 8 - 9 timar. Eg har sagt det før, det er ikkje slik at ein er nødt til å vere ufør eller rik nok til å seie opp jobben eller gå ned i deltid for å få ein velfungerande hund...
  16. Vi kan vere med på søndagen. Laurdag er det festdag for ein fetter av meg som skal gifte seg, og eg skal stå for eine posten på programmet, rapellering. Eg har ikkje lyst til å lære Laffen spor, då. Kun tur og treff.
  17. Snakk om å vere dårleg til å innrømme eigne feil når ein heller stikk av til Kina...
  18. Beklager at eg ikkje var pålogga mellom 1920 og 1950 .
  19. Ingen er vel interesserte i eit stilleståande treff med masse hundar i band... Eg jobbar neste veke (8 - 4), men kan sikkert fikse meg ein times lønsj ein av dagane. Då hadde det i så fall passa best med ein tur i Åsaneområdet, sidan det er her eg har kontor. Måndag og tysdag går ikkje.
  20. Hermesleik er moro, det . Eg kjenner òg til staden, og som sagt, eg slepp ikkje Laffen der, for eg stolar ikkje på at han kjem attende til meg når eg vil det. Han kjem, men først må han berre springe overende ein liten unge, tigge kos av ei gamal dame (ved full gallopp rett mot nemnte dame, ikkje alle likar å få ein ukjend svær svart hund i fullt firsprang rett mot seg ) og tisse litt på fotballmålet. Men det går jo an å ha som eit utgangspunkt for ein liten tur .
  21. Neste veke må vel gå. Vi treng ikkje vere her, altså .
  22. Vent litt... Det er to veker til den 15., då kan det jo passe med neste fredag då .
  23. Neste fredag tek bror min over ny leiligheit, så den helga passar nok dårleg for meg. Skjønt, ein liten tur med utgangspunkt Danmarksplass / Bergen må jo Laffen ha uansett, men det blir dårleg med tid til noko meir enn det.
×
×
  • Opprett ny...