Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Dette er ein utruleg fasinerande musikkvideo. Heile filmen er jo ein optisk illusjon .
  2. Og berneren gjer det visst ikkje heilt gale heller .
  3. Eg kjenner eg hadde vore ein dårleg burettslagsbuar. Trur nok eg kunne funne på å bede både den eine og den andre om å ryke og reise... Glad eg bur i einebustad på landet, ja .
  4. Utruleg interessant! Trist at desse polakkane blir sett ned på, dei gjer jo eigentleg samfunnet ein god gjerning.
  5. Eg vart iallefall kurert av min . Og så får eg vel følgje trådens trend og leggje til dumme kvinnfolk, då. Men då blir eg vel stempla som eit mannssvin... (eg har heldigvis ikkje investert i eit slikt sjølv )
  6. Amerikanske bilar er svært dårlege investeringar...
  7. Åhr! Eg har så lyst til å ta ein slik operasjon! Det vil seie, eg har forferdeleg lite lyst til å ta operasjonen, det er vel einaste grunnen til at eg ikkje har gjort det for lenge sidan, men eg kunne betalt hundre tusen for perfekt syn om eg slapp å operere. Trur nok eg kjem til å gjere det ein dag, når eg berre får manna meg opp. Kunne godt gjort det i austeuropa. Eg har stor interesse for den sida av Europa, og det hadde jo vore eit fint høve til å ta ein tur, og faktisk spare pengar på det . Red.: Erfaring, ja. Eg har openbart ikkje personleg erfaring med dette (enno), men husverten vår den tida vi budde i Sveio tok ein slik operasjon. Han var ein av dei svært få som fekk alvorlege (per definisjon) komplikasjonar, Han fekk gradvis verre og verre syn, og var faktisk heilt blind i to veker. Det var likevel ikkje verre enn at dei tok ein ny operasjon, og då vart resultatet perfekt syn. Dette er vel i det store og heile ein type operasjon med svært låg risiko. :lol: Går ut frå at du meiner nærsynt?
  8. Eg tenkte akkurat det same. Namnam!
  9. Men sånn elles: Eg har ofte brukt kjøtdeig til trening, og ein treng jo ikkje rulle denne ut til pølser eller noko, resultatet blir jo det same att når ein plukkar denne "pølsa" ned att til godbitstorleik. Steik kjøtdeigen godt, då blir det minst gris, og hakk det opp. Då får du massevis av passe små godbitar .
  10. Eg er glad eg ikkje har noko storesøster!
  11. Stakar! Eg trudde VELDIG lenge at pastaplatene i lasagne eigentleg var ost. Eg vart like skuffa kvar gong når det viste seg at det ikkje var det, og eg kunne ikkje fatte og forstå kva det kunne vere for noko. Etter kvart hugsa eg frå gong til gong at det jo ikkje var ost, men eg hadde alltid eit lite håp likevel...
  12. Eg har kontantkort hos Telenor, eg. Fyller på ein 500-lapp i året, eller noko slikt. Dei fleste seljarar ønskjer meg fortsatt god dag når eg seier det . Vi juksar litt og har fri familie med mine foreldre, søsken og kona mi, og eg har ikkje noko særleg interesse av å ringje andre enn dei.
  13. Det byrjar eigentleg å sjå litt lysare ut. Eg har kanskje forveksla utstilling og lydigheit...
  14. Veldig status tacoen hadde fått her i tråden, då. Spelar då vel ingen som helst rolle kva rekkjefølgje ting kjem på i, MEN ost og kjøtdeig må jo sjølvsagt liggje i kontakt med kvarandre, elles er det då heilt meiningslaust. Kalde, tørre ostestrips innimellom salat og agurk er vel ikkje noko godt? Elles var det ei som sa at ho såg på papiret når ho tørka seg bak. Ja? Må ein ikkje det, då? Korleis skal ein elles vite når ein er rein? Rare vaner og slikt klarer eg ikkje heilt å kome på. Eg tel alltid trappetrinn (inni meg, vel å merke, HEILT gal er eg då ikkje).
  15. Er det lov? Eg ser for meg at alle andre har perfekte hundar som gapar opp og lar domaren / kvensomhelst grave og plukke med dei vil, eg . Hehe. Får vel presisere litt. Det er kanskje lov å stramme bandet litt, om ein merkar at hunden har lyst til å skjene ut litt? Jepp, er nok godbitar og trening som skal til . Leigebuaren hadde forresten ein minitreningsøkt med Laffen her ein dag, Laffen sto i band utanfor døra, då vi holdt på å rydde og vaske litt. Leigebuaren kom heim med sin hund, og trente litt kontakt med den, medan Laffen sat og såg på. Når dei nærma seg, byrja naturleg nok Laffen å ase seg opp og ville leike. Han fekk EIN godbit av leigebuaren, og så var det bang i perfekt sitt, strak hake, stiv og stram, medan leigebuarens hund hoppa og spratt rundt han. Glad i godbitar, ja .
  16. Spennande. Lukke til . Trave pent skal gå greit (det er lov å halde litt i bandet av og til?), resten er eg veldig skeptisk til . Tusen takk for grundig gjennomgang, eg rekna med at eg kunne stole på deg . Vi får gå laus på det litt og litt. Eg prøvde å tafse han litt i kjeften i stad, det har då gått sånn nokonlunde greit tidlegare, men no var det lite interessant, okking og stønning og snu seg vekk... Og beina skal alltid løftast når dei blir tekne på, tek ein på alle fire samtidig, løfter han alle fire . Vi har nok eit stykke å gå, ja... Dommaren skal granskast nøye, så du veit kva du får .
  17. Ja, jo, det var kanskje hakket verre . Men eg meinte altså at det ikkje er noko å ha dårleg samvit for .
  18. Eg vart mobba / plaga ein del av ein eg gjekk i klasse med på barneskulen og parallellklasse på ungdomsskulen. Ein gong i musikktimen på barneskulen sa det snapp i meg, og eg kasta ein stol alt eg kunne mot han. Til alt hell klarte han å dukke / kaste seg unna, og det vart hòl i veggen der stolen traff (eit hòl eg insisterte på at var der frå før, sjølv om eg visste godt at det ikkje stemte). Ein annan gong var i friminuttet eit par veker etter at vi byrja på ungdomsskulen. Då tok eg godt tak i armen hans, snurra to og ein halv runde og slapp taket. Det var ein del meir moment enn eg trudde, og han flaug bakover og tumla rundt på asfalten. Då vi gjekk inn (det ringde inn omtrent samtidig) sto sløydlæraren, ein staut gamal kar, slik ein ser for seg ein sløydlærar, i døra og sa at det der måtte eg ikkje gjere, med eit svært dårleg sjult glis om munnen . Eg har ikkje dårleg samvit for dette! Det der var forferdeleg trist. Eg vart litt fuktig i auga... --- Eg var stort sett ein snill gut, eg har aldri stole noko som helst, og aldri mobba nokon (som eg veit). Men eg har to episoder som er slik at dei gneg i samvitet, sjølv om det eigentleg burde vore mogleg å lagt det bak seg... Den første var i barnehagen, det må vere noko av det første eg hugsar veldig godt (og eg er ikkje blitt gjenfortalt dette seinare, eg turde aldri å seie det til nokon, og sjølv om eg er heilt sikker på at barnehagefolka sa det til mamma og pappa, sa dei aldri noko til meg). Vi sat og spelte Uno, og eg vann stort sett. Eg var visst ein forferdeleg dårleg tapar, for plutseleg ein omgang vann ho eg spela mot. Ho hadde spelt mange rundar med meg, og ikkje gått lei sjølv om eg vann alle, og då ho endeleg vann vart ho kjempeglad og lo og tralla. Eg vart sur og dytta ho ned frå benken (vi hadde MEGAHØGE benkar i den barnehagen), ho slo seg i hovudet og byrja å grine. Uff, det gneg! Så var vi ein god del eldre, og var byrja i speidaren. Vi hadde ein fantastisk speidarleiar, ein mann i byrjinga av 50-åra som brukte kvar mandag kveld på å traske ut i skauen med oss, lage bål, lære oss enkle knuter og var i det heile ein fantastisk mann. Han køyrde i tillegg langtransport, og eg var med han på nokre turar. Han døydde desverre altfor tidleg (20. september 2002, klokka fem over ni), noko eg tok forferdeleg tungt, men det er no så. Ein gong var vi iallefall i hagen hans, han hadde nokre epletre og litt diverse. Eg såg eit par eple som var mykje større og såg mykje betre ut enn dei andre, og spurde han om eg kunne ta eitt av dei. Jaja, sa han, utan å kikke opp frå det han dreiv med (han var ganske oppteken), eg tok ein bit av eplet og det var fantastisk. Plutseleg såg han at eg åt av det, og spurde kva i all verda eg dreiv med. Eg sa at eg fekk jo lov, og då beklaga han, han hadde trudd at eg spurde om dei andre eplene, desse var det nemleg veldig få av, og dei få som var brukte han og kona å lage eplesyltetøy av, og då hadde dei akkurat nok til ei skive kvar, og det var eitt av somarens store høgdepunkt. Dette forklarte han med iver, og kun fordi han syntest det var moro å fortelje, og på ingen måte for å gje meg dårleg samvit, men det fekk eg. Og så til dei grader òg. Då han var ferdig å fortelje, tok eg ein bit til av eplet, men samvitet var så svart at eg overhode ikkje klarte å ete det opp, og gjekk diskre og heiv det under ein busk, og eg håpar den dag i dag at han aldri oppdaga at eg kasta det fantastiske eplet...
  19. Då skal eg gjere noko så sjeldan som å starte ein ny tråd! Laffen er nemleg påmeldt sin første utstilling. Ja, det er godt på overtid, han burde jo ha vore med på kvalpesjåv og greier, men han fekk desverre våteksem ganske tidleg, og måtte barbere brystet. Det tok eit halvt års tid å vekse ut att (ekte mannfolk har mykje hår på brystet), men NO er han klar. Det vil seie, eksteriørmessig er han klar (bortsett frå litt finklipp og slikt, men det får oppdrettar sjå på). Meen, eg veit ikkje om han kan det han bør kunne for å stillast ut. Det vil seie, eg veit vel at han IKKJE kan det. Dette er nemleg oss tobeintes første utstilling òg, ikkje berre første gong vi stiller, men første gong vi i det heile er med på noko slikt. Dermed lurer eg på, kva må vi og hunden eigentleg trene på før utstilling? Køyr på, eg er heilt blank! Eg lurer på kva vi må kunne, og korleis vi kan trene på dette. Utstillinga er i Radøyhallen i Nordhordaland 25. og 26. februar.
  20. Eg ser at "alle" seier at hund 2 hadde best teikningar. No har eg overhode ikkje peiling på hundeeksteriør generelt, og iallefall ikkje basenji, men eg synst hund 1 hadde best teikningar. Ho hadde jamnare skilje mellom kvitt og brunt bakover magen (slik det ser ut), og meir markert kvitt i snutepartiet. Eg anar som sagt ikkje om det er bra eller ikkje, men EG likte det .
  21. Hm? Eg var då HEILT sikker på at det var "every time you are near". Men om det står noko anna på gugel, så må jo det stemme .
  22. Huff, det var ein forferdeleg tekst. Eigentleg heilt typisk for slike avstemmingar... Meeeen, sidan det er for ein god sak, så har eg lagt inn både privatmailen min og jobbmailen min. Så skal eg godkjenne dei i morgon. Lukke til .
×
×
  • Opprett ny...