Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Hehe. Overlat slikt til profesjonelle . Mykje skader? Ser jo eigentleg overraskande lite gale ut på biletet...
  2. Berlingoar og tilsvarande bilar (pizzabilar) har utruleg låg bruktverdi, og får du 30 000,- for ein 99-modell skal du vere bra nøgd. Men, EU-godkjend for to veker sidan, ny registerreim og nye bremser, samt uvanleg låg km-stand (min 98-modell er gått over 280 000) sel jo godt. Når du veit at det er ein mandagsbil, kan ein jo sjanse på å selje denne, og kjøpe ein annan tilsvarande, som du fint kan få for under 30 000,-. Det skal ikkje vere naudsynt med 50 000 i reparasjon på 3 år på ein slik bil. Så er jo sjølvsagt problemet at ein aldri veit kva ein får heller...
  3. The Kennel Club har visst ikkje humor, dei har fått filmen fjerna.
  4. Synnøve kan kanskje kome med forslag, sidan ho kanskje ville vere med? (og bur på rette sida av Bergen )
  5. Vi kan jo slenge på at ved siste VGS-reform (når dei gjekk over frå grunnkurs, VK1 og VK2 til VG1, VG2 og VG3) fann dei ut at transportfag måtte liggje under sal og service, sidan dette var eit serviceyrke. Det skulle dermed ikkje lengre vere mogleg å byrje på transportfag etter å ha teke førsteåret på mekanisk, elektro eller allmennefag (som eg gjorde), slik det var før. Vi kan vel alle tenkje oss korleis trailerungdomar passar på sal og service... Det gjekk rimeleg kort tid før det igjen var mogleg å gå førsteåret på mekanisk att. Eller "Teknisk industriell produksjon", som det vart heitande. Fint skal det vere!
  6. Ahem... Det finst faktisk dei som går i dørken når ein tek blodprøve i biologitimen på gymnaset...
  7. "Nei, eg bryr meg ikkje" har aldri passa betre. Det at det sprutar kloakk rundt i rommet, og især på tannbørsta, når ein trekk i snora, har eg aldri trudd på. Det er så typisk slike fønfækts som folk strør om seg, som ikkje har rot i noko som helst anna enn at dei igjen høyrde det frå nokon som hadde sett ein vilt fremmed skrive det på ein tilfeldig internettside. Men for all del, folk får tru kva dei vil . Eg ser forresten at Kangerlussuaq har funne ein test som tyder på at eg har rett...
  8. Eg har vanleg, keisam åtte til fire-jobb . Jobbar då som trafikkleiar i Suldal Transport avd. Bergen. Kvar 6. veke har eg vakttelefon, noko som gjer at eg må vere tilgjengeleg for sjåførane ikkje berre i Bergensavdelinga, men òg Haugesund (som er mykje større enn Bergen) og Oslo heile døgeret. Dette fordi vi har bilar som rullar 24/7, og då samlar vi heller alt utover vanleg arbeidstid på ein person kvar 6. veke, heller enn at alle skal svare for sine sjåførar heile døgeret heile veka. For kvar vaktveke får eg ein avspaseringsdag. Om eg må ut og køyre, og det går utover vanleg arbeidstid, får eg overtid for det som skjer utanom 8 - 16. Tidlegare, då eg hadde fast rute på Bama (sjåfør), jobba eg 5 - 14, og fri tysdagar. DET var luksus, det . Butikkfag, vil eg tru?
  9. Kan godt seie fredag klokka 13, om det passar for folk, så har vi satt eit tidspunkt. Synnøve: Vi går der den som ropar først og høgast vil at vi skal gå .
  10. Om han ringjer deg, eller sender melding "Ring meg", er jo akkurat det same, så lenge poenget er at han gjer det som ein rutine, og at det er når han sender melding du ringjer, og ikkje nårsomhelst .
  11. Eg har berre eitt lite tips, som kanskje ikkje hjelper deg, men som kan hjelpe han du er saman med, og heile forholdet. Det er eigentleg ei fortsetjing av tipset til madam mim: Ein gong de er i det gode hjørnet, og snakkar saman om dette problemet (som eg forstår at de gjer frå tid til annan?), lag ein avtale om at HAN skal ringje DEG, og ikkje motsatt. Gjer det heilt klart for han at det er noko han MÅ få til, anten ved eit fast tidspunkt (som må vere flytande nok til at han har sjans til å kome seg litt unna ting som skjer akkurat der og då), eller ved eit fast punkt på dagen (når han står opp, når han skal leggje seg, når han skal ut og køyre bil (hugs hændsfri) e.l.). Då kan det kanskje òg vere lettare for deg å unngå å vere sur og grinete når han ringjer, fordi det er eit høgdepunkt på dagen, som du kan glede deg til, i staden for at du ringjer han når du er på ditt mørkaste. Det kan iallefall prøvast . Og elles, bli med på fellesturane våre, som vi planlegg i Hundetreff - Bergen-forumet: http://hundesonen.no/forum/forum/50-bergen/ Det kan vere ein fin distraksjon, og det er ingenting i vegen for at du inviterer til tur når du veit at du skal vere åleine heime. Det kan vere lettare å arrangere slikt via her, enn feis tu feis, om ein er sjenert .
  12. Uff, det høyrest så fælt ut . Det vil seie, eigentleg høyrest det jo heilt overkommeleg ut, når alt er gjort på eitt minutt, men fy søren, den dørstokken må jo vere halvannan kilometer høg! Slike operasjonar skal i utgangspunktet rette opp synet ein gong for alle. Det dei derimot ikkje gjer, er å forebygge dei synsproblema som kjem seinare, i praksis langsynthet som ein normalt får når ein er i alderen 40 - 60 år. På den andre sida, dette vil jo kome uansett, og om ein ikkje tek operasjonen, blir ein både nærsynt og langsynt, og må bruke anten vanlege brillar til vanleg og lesebrillar til lesing og småputl, eller progressive brillar (ulik styrke i ulike delar av glaset).
  13. OlavEmil

    Triste bøker

    Eg kjøpte meg ei bok som heiter "Før jeg dør" til ein ferietur for ein del år sidan. Eg trudde det var noko spennande og moro, om alt ein har lyst til å få gjort i løpet av livet, men det viste seg fort at det handla om ei tenåringsjente med dødeleg kreft. Eg kunne ikkje fordra boka, ho gjorde så mykje fælt for seg sjølv, og alt var berre trist og frustrerande, men eg kom meg gjennom heile boka likevel. Om ein likar triste bøker, er denne sikkert bra.
  14. Måndag er eg i Haugesund. Kan godt ta onsdag. Neste veke kunne jo alle, så kven er med?
  15. Vi er då alle perfekte, er vi ikkje?
  16. Hahaha! Snakk om å ikkje tenke lengre fram enn sin eigen nesetipp .
  17. "Ahaaa, er det SÅNN døra funkar? Den skal eg jammen teste neste gong eg er åleine heime!"
  18. Ein absurd samanlikning, men eg er einig i at denne sutringa over matprisane i Noreg er kvalm. Med all respekt for dei få som slit med å skaffe mat på bordet til heile familien, men så er det heller ikkje desse som klager høgast. Ja, vi har billigare mat enn samtlege andre land i verda samanlikna med gjennomsnittsinntekt, og i tillegg til det har vi uslåelege velferdsordningar som gjer at alle skal få sitt daglege brød, om ikkje akkurat biff og brus. Samtidig har vi ein norsk landbruksnæring som er køyrd heilt på dunken, og som truleg er heilt vekke om 20 - 30 år. Det er for dumt!
  19. Tja, kvifor ikkje... Er det ein og same hund?
  20. Ja, oppdrettaren overhørde han seie "jag tycker inte om dom høga halerna" då ho var på veg inn i ringen med sin hund. Dei fekk likevel excellent, så det verkar jo ikkje som han var urimeleg, men klarer å sjå forbi personlege preferanser og fokusere på heilheita .
  21. Kritikken til Laffen (litt sen, men her er han iallefall...): "Middel stor mask. hode m. bra profil, mørke øyne, middel long hals, bra rygg litt rett kors. Kunne hatt litt mer vinkler foran og bak. Bra stamme, men trenger mer volum og masse. Bra pels. Med litt høge strømper på forbena. Trenger mer bredde i fronten. Litt kort i steget bak. Med høg hale." Analyser i veg .
  22. Eg stemmer òg på fredag . Det viser seg at sjefen frå Haugesund skal til Bergen på torsdag, så då passar det ikkje så bra å ta avspaseringa då. Når på fredagen passar for folk?
×
×
  • Opprett ny...