Ja, som folk tippar, Laffen har A heile vegen . Ei positiv overrasking, det, då vi på ingen måte har pakka han inn i bobleplast eller noko, han nekta å bruke rampa vi lagde til trappa, og v i slutta fort å bære, samt at av dei to søskna som var røntga før han, hadde ein D framme, og den andre D bak.
Interessant at du seier det. Det første veterinæren spurde meg om då eg skulle hente Laffen etter røntging, var om han hadde hatt noko brot i bekkenet i løpet av oppveksten. Det har han ikkje, såvidt vi veit, og ifølgje veterinæren er det noko vi ville merka. Kva har det å seie at han er skeiv i bekkenet, og kva kjem det av?