Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Eg tenkjer på same måte. Om folk eg møter på tur ser mot meg, gjerne smilar / nikkar / verkar imøtekomande, ser eg ikkje noko problem i å gå bort til dei. Er dei på nokon som helst måte avvisande, endrar retning, stoppar og trener kontakt eller anna, går eg i stor sirkel rundt. Eg har jo sjølv ein svær tenåringstestosteronbombe, så eg gjer det eg kan for å ta hensyn til andre. Sjølv gjer eg det klart så snart eg ser andre med hund at eg ikkje krevjer noko helsing, eg trekk meg ut til sida, evt går eit stykke utanom dei eg møter om det er stor plass, men samtidig tek eg gjerne augekontakt og helsar på. Om dei andre då vel å kome bort til meg, ser eg ikkje det som noko problem, då eg har "invitert" dei til det.
  2. John Doe (engelsk uttrykk for NN) går jo fint saman med Domino .
  3. Colin McRae DiRT er gode spel, og no er det vel DiRT3 som er siste ute. Om ein likar bilspel av typen rally, og ikkje banekøyring, så er dette truleg det beste du får .
  4. Som Hermes seier, det er ein rein Rogalandsting, og ikkje eingong eg, med ganske sterke rogalandstrekk i dialekta, byggjer opp spørsmål slik. Kona mi og hennar familie som er frå Haugesund, derimot, dei byrjar alle spørsmål med "om", og du kan tru ho fekk høyre det når ho kom inn i min familie, særleg av søskna mine . Har generelt inntrykk av at svenskar forstår oss på denne kant av landet (og eg har som sagt sterke rogalandstrekk sjølv) betre enn austlendingar og folk frå andre delar av landet. Austlendingar, og særleg unge av slaget, er heilt håplause på å forstå oss som snakkar normalt . "Hva gjør du på" er jo som folk har sagt noko ganske anna enn "kva gjer du". Slike slengord som "på" er i dette tilfellet, har vel eit eige namn i språkforskinga, om eg ikkje tek feil. (eg kunne forresten sagt "kva gjer du på" om eg ville, for eg seier gjørr, og ikkje gjør (jo, Ia, gjørr ER korrekt nynorsk!)) Joda, hokjønsord er til i bokmål òg. Men etterkvart er det vorte godkjend å bruke en-endingar på hokjønsord i bokmål, og det blir vel mest praktisert i Bergen og andre stader der ein ikkje har hokjønsord i talespråket. Eg brukar sjølv en-endingar om eg skulle vere nødt til å skrive bokmål ein gong, berre for å gjere skiljet mellom nynorsk og bokmål så klart som mogleg, men tradisjonelt sett er a-endingar det korrekte i bokmål òg.
  5. Haha. Og der kom eg på ein gong vi hadde høgtlesing på ungdomsskulen. Vi las utdrag frå Mormor og de åtte ungene, og ein las "og foran peisen låg det ein dæsj som dei kalla Ovnsrøret". Vi holdt på å krepere . Du må nok lese litt nøyare på logoen deira framover . Når det gjeld svenskar og særleg danskar (svenskar forstår stort sett vestlandsdialekt godt) som ikkje forstår mi dialekt, så legg eg før over til engelsk enn å byrje å knote, knoting er det verste eg veit. Einaste gongane eg knotar, er til nordmenn (austlendingar og denslags) som ikkje klarar å skilje "tri" frå "ti". Og då passar eg godt på å seie treeeeeeeeeeeee på ein slik måte at det høyrest heilt tåpeleg ut .
  6. Woho, ein tråd der eg kan irritere meg litt . Eg irriterar meg voldsomt over at ordet regissør skal vere så grusomt vanskeleg. Sjølv regissørar og andre filmfolk seier jo dette feil. Med mindre det er eg som er heilt på jordet, då. Men eg kan ikkje forstå noko anna enn at dette skal uttalast "resjissør", medan alle andre (særleg austlendingar) uttalar det "ressisjør". Det MÅ jo vere feil. Det er jo ein som styrar regien (resji), ikkje ressien... Har eg rett? Generelt kan folk snakke som dei vil (sjølv om eg absolutt kan ha sterke meiningar om kva som er fint å høyre på og ikkje ), men det einaste som irriterer meg er når det er direkte feil i uttale, særleg av slike importord.
  7. Og det er vel nettopp difor ein skal ha bur som ikkje er for store i høve til hunden. Det er vel forresten òg eit problem, har eg inntrykk av, at folk med små hundar ofte har altfor store bur. Ser jo folk med toypuddel og chihuahua som har bur som fyller heile bagasjerommet. Då forsvinn jo heile poenget.
  8. Skottland? Vi kan jo ikkje køyre til Skottland!
  9. Joda, Laffen tyggjer òg maten, men èi kyllingvinge monnar lite. Eit lår kan han kose seg med ein god stund . Oooh, namnam! På tide å rydde frysen .
  10. Takk for tipset . Du kjenner vel til problemet sjølv .
  11. Eg har kun yrkesutdanning, då fagbrev som yrkessjåfør. Eg har i tillegg studiekompetanse, slik at eg kan studere seinare. Det er eit krav i vår slekt... Eg starta læretida mi i 2006, sertifikat for vogntog var i boks på min 18 år og 3 månadersdag 6/12-06. Sidan då har eg køyrd lokalt, distrikt og langtransport, med alt frå toaksla 18-tonnar, til 50-tonns vogntog, heile tida for same firma. I september i år fekk eg jobb som trafikkleiar i firmaet si bergensavdeling, først som 50% (og 50% sjåfør), så no frå 1.12 100% trafikkleiar. No er det eg som har ansvaret for den daglege drifta av våre 25 bilar og 40 sjåførar her. Eg syter då for at bilane går som dei skal, at sjåførane veit kva dei skal gjere, eg er den kundane kontaktar om det er noko, eg førar inn løn til sjåførane og eg fakturerer kundane ved månadsskifte. Nok å hengje fingrane i, og det skortar ikkje på utfordringar i ei slik bransje. Men moro er det . (så har eg meg sjølvsagt ein tur ut i feltet frå tid til annan, eg tok ikkje denne jobben fordi eg var lei av å køyre lastebil)
  12. Jupp, stemmer det. Kyllingvinger funkar supert . Vi har vel gått meir over til anten kalkunvinger eller kyllinglår, kyllingvingar er nærast for godbitar å rekne no når Laffen er blitt stor, og funkar dårleg som koseknask lenger .
  13. Vi gir òg alt rått til Laffen, kotelettar, kyllingvingar / lår, høne +++. Bein og alt går fint ned og gjennom, så lenge det er rått. Mykje godt og billig i frysedisken, treng sjeldan gje meir enn 30kr/kg for supert gomlegodt til hunden . Fiskeslo / avskjer slo desverre ikkje an hos Laffen...
  14. Det er jo eit drama utan like . Neida, men èin definisjon av "krise" er "akutt problematisk". Ein annan definisjon er "dramatisk situasjon". Smørmangelen passar godt med ein av desse.
  15. Per definisjon (sidan du no tok det opp), så ER det smørkrise. Det er plutseleg vorte vanskeleg å få tak i smør, HEILT etter definisjonen av "krise". At det er eit samfunnsproblem, er jo derimot heilt på trynet, og som det har vore sagt her i tråden fleire gongar, dette er kun eit problem i media. Synst forøvrig denne annonsa var fin : http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=32276702
  16. No har det vel forsåvidt vore nemnt før, men vi hadde altså kyrkjeorgelversjon av kjenningsmelodien til barnetvserien Flukta frå Dyreskogen som utgangsmelodi til vårt bryllaup:
  17. JA . No har det vel forsåvidt vore nemnt før, men vi hadde altså kyrkjeorgelversjon av kjenningsmelodien til barnetvserien Flukta frå Dyreskogen: Red.: Ja, i bryllaupet vårt, altså. Gravferda er ikkje heilt ferdig planlagt enno...
  18. Og ikkje mastiff av noko slag? Er vel ikkje berner, vel?
  19. Newfoundlandshund? Alternativt noko mastiff, kanskje.
  20. Blir spennande med alle dei nye sonistbussjåførane på nyåret . Lurar forresten på om alle de som vel å gje folk bussertifikat veit kva slikt kostar. Ein bil blir jo nesten lommerusk i forhold .
×
×
  • Opprett ny...