Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Haha, så moro lesing . Laffen kan vere rå og hensynslaus òg. Om vi ligg i sofaen og inviterer han opp til kos (han brukar ikkje å kome i sofaen utan invitasjon), kan han godt finne på å sprette rett oppi og trakke fram og attende, om han trakkar midt i skrittet, i magen, brystet, på låret, nei det speler ingen rolle så lenge han får undersøkje heile sofaen før han legg seg ned. Og han legg seg ned akkurat der han finn det for godt, om det er med rumpa godt planta i ansiktet på den som ligg der frå før, er vel ikkje det hans problem . Jupp, moro med 45kg ikkje ferdig utvokst hund .
  2. Om å gjere å springe frå lukta, vel. Nei, Laffen har tendens til det same, straks han er ferdig, spring han av garde. Eg har han stort sett i band, så han kjem jo ikkje langt, men for meg verkar det berre som at han er ferdig med det han skal, og er ivrig etter å kome seg vidare.
  3. Om nokon treng kart, men ikkje finn det på gulesider.no/kart, søk på Nordnæsdalen.
  4. No hadde eg denne på kopiknappen min, rett og slett fordi eg opna første tråden i biletforumet, merka biletet og trykkja ctrl+c. Gjekk inn her og trykka ctrl+v, og joda, biletet kom fram det. Så då trur eg vi kan konkludere med at folk ikkje juksar. Og til IdaC: Jo, ho er kjempesøt .
  5. Nei, det var eit ukjend brukarnamn for meg . Seier Olav Emil, med trykk på i-en, ja . Gratulerer med supre resultat!
  6. Ja, korleis gjekk det for hundane her inne? Laffen vann sin klasse (er det eigentleg naudsynt å nemne at han stilte åleine i klassen?), og fekk very good, som vel er heilt greit på første utstilling? Mykje av kritikken er iallefall slikt han kan vekse inn i. Det hjalp vel heller ikkje at han plutseleg fann ut at han skulle gå i sveltestreik siste 5 dagane før utstillinga, eller at vi ikkje har mykje peiling på pelsstell, og heller ikkje utstyr som hundeblåsar og slikt. Eg kan leggje ut heile kritikken ein gong eg har han foran meg, SFX var vel interessert i kva type dommaren var. Dommaren var forresten veldig grei å ha med å gjere (synst eg, då, med null erfaring). Han var hyggjeleg og positiv, tolmodig med urolege hundar og effektiv men flink i handteringa. Laffen oppførte seg som eit ravande villdyr heile tida han var i hallen, og eg såg heilsvart på å dra han inn i ringen. Men idet vi entra ringen, vart han verdas snillaste hund, laffa perfekt ved sidan av meg i trav, og sto bom stille heile tida dommaren ville ha han ståande. Med tanke på at vi aldri har klart å lære Laffen "stå", og at domaren brukte lang tid på dømminga, synst eg det var fantastisk. Han brydde seg ikkje eingong om det når dommaren skulle sjå tennene, eller løfta på labbane og plukka under desse, trass i at han normalt trekk til seg labbane straks ein rører dei! SuperLaffen . Det var forresten ei som spurde i forbifarten om eg var Olav Emil (med trykk på e-en, men det får heller gå...), og kjende meg att herifrå. Eg fekk ikkje med meg kven det var, og beklager at det ikkje vart noko prat. Det var nokre tusen ballar i lufta på første utstillinga .
  7. 10 passar fint for meg . Tinkie: Jaja, eitt eller anna eventyrteikneseriefiguraktig iallefall .
  8. Jepp . 5 er jo bra det, vel? Men vi skulle ikkje ta det litt tidlegare? Det var vel berre Trixie som ikkje kunne før 4, og ho vart vel ikkje med før neste veke uansett.
  9. Bernerklubben har sine samlingar i Nordnesdalen. Eg har vore med ein gong, men då var vi kun oppe på plassen og trente. Vi kan jo sjå kva vi finn. Kan godt flytte det fram ein time eller to om ikkje Tinkie kan...
  10. Må jo gå tur, ja. Eg traska litt rundt på nokre stiar utanfor parken, men eg veit ikkje heilt kor eigna dei er (eller om det var stiar i det heile, eigentleg...). Kan godt gå ein annan plass, kanskje der nokon er antydning til kjent . Eg har jo bil, så det MÅ jo ikkje vere i Åsane berre fordi det er der eg har kontor .
  11. Kva gjer ein om ein ikkje har blåsar eller hårfønar? Er alt håp ute? Vi bada Laffen sist helg, og greidde og børsta, og han vart ganske fin. No er han stort sett attende til normalen, men han har fått ein heilt enorm manke, hadde heile pelsen vore som den, hadde han vore perfekt. Kvifor er det slik? Kva kan vi gjere før utstilling på søndag? Bør vi bade han att på fredag? Andre tips?
  12. Ein kan seie kva ein vil på eit offentleg forum, for vi har jo YTRINGSFRIDOMEN (woho)... Men altså, TV2-artikkelen gir jo eit lite imponerande inntrykk av desse folka. Tek ein seg tid til å lese den opprinnelege amerikanske artikkelen, er biletet eit heilt anna: http://www.post-gazette.com/pg/12048/1210839-56.stm Ho har altså teke til seg mishandla hundar. Det kan veldig godt forklare kvifor hunden er underernært og "gal". Det står og om kor glade heile familien og nabolaget var for den nye ungen, medan ein av TV2 nesten får inntrykk av at dette er ein unge dei berre har dumpa midt på golvet og ikkje vil ha noko særleg med å gjere. I tillegg skildrar naboane korleis mora kjem springande ut av huset med ungen på armen, skrikande og hysterisk, slik ein ville vente av ei mor i ein slik situasjon, og at faren kasta alt han hadde i hendene og storma frå jobben for å kome seg heim. Igjen, av TV2 verkar det mest som om ho drog vekk hunden, konkluderte med at ungen blødde, og gjekk over til å ta seg av, og forsvare, hunden att. Eg kan godt innrømme at eg tenkte mykje det same som andre her etter å ha lese TV2 sin artikkel, men eg sit att med eit heilt anna inntrykk etter å ha lese den opprinnelege teksten. Når det er sagt, har ho jo openbart vore lite smart med å la ungen vere uvokta saman med potensielt ustabile hundar, og dyrevennlegheita er nok litt for stor når ein vil ha attende ein hund som har drept din eigen unge.
  13. *kremt* Altså, eg meiner jo såklart Rolland Skole .
  14. Ikkje? Altså, Bergensgeografien min er ikkje heilt god, men eg hadde bilen på verkstad på Mazda på Nyborg, der Biltema ligg. Derifrå gjekk eg opp til bilvegen, til høgre, så til venstre i rundkøyringa. I neste T-kryss gjekk eg til venstre (mot Scania og Skoda), så første til høgre att. Eg gjekk den vegen til endes, så ned mellom nokre rekkjehus, då kom eg til denne "parken", og ein fotballbane eller idrettsplass. Der låg det òg ein skule, som eg trudde det sto Rossland på. Er eg heilt på jordet då? Eller er eg ikkje lenger i Åsane?
  15. Det som får nokon til å reagere, er vel at ein framstiller eit lite born som ein ravande drukkenbolt. Eg hadde ikkje tenkt å skrive noko her, for eg meiner at det har lite hensikt å skrive "Eg synst ikkje det var morosamt", men dette måtte kommenterast.
  16. Hmm... Eg hadde med meg Laffen her ein gong eg hadde bilen på verkstad, og då fann eg ein slags park med nokre turvegar og slikt, og ein skog med sti som vi traska oppi, litt tilsvarande førre turen vår. Trur eg hamna ved Rossland Skole til slutt (om det eksisterer noko slikt). Kanskje det går an å møtast og parkere der, og gå motsatt veg?
  17. Då seier vi onsdag klokka 16, då. Åsane?
  18. Då eg køyrde langtransport, og kryssa Haukeli eit par gongar i veka, stoppa eg ofte på Høydalsmo. Her hadde dei god, "heimelaga" mat. Eg valde ofte fiskerettane, dei hadde dagleg levering av fersk fisk, og serverte ofte laks og torsk, evt (GOD) fiskegrateng.
  19. Einig med Powers og Malamuten, markering inne er "straffbar handling". Ein kan ikkje samanlikne det med ein kvalp (eller vaksen, for den saks skuld) som ikkje er husrein, markering er ein bevisst handling. Eg opplevde det med Laffen for aller første gong førre helg, då vi var og vitja tanta vår som hadde fått kvalp. Plutseleg markerte Laffen på vaskerommet, der kvalpen søv om natta (og det hender jo ein kvalp tissar og bæsjar i løpet av ei natt). Eg reagerte slik eg gjer på uønskte handlingar, med eit strengt NEI.
  20. LITT morosamt må vel folk innrømme at slike problemstillingar kan vere? Men for å svare litt seriøst, så er det vel ikkje urimeleg at hunden høyrer og reagerer på slike lydar. Funkar det ikkje å seie NEI eller be henne leggje seg? Min universalløysing på slikt er forresten å selje leiligheita og kjøpe einebustad i staden, fortrinnsvis på landet...
  21. Tjaaa... Jobbar jo i utgangspunktet 8 - 16. Men onsdagen skal Laffen ha vaksine, og er med meg på kontoret, så då kan eg vel gjerne ta ein ekstra lang lunsj .
  22. Sookie (DSGen) leika då med hund som var 30kg, ho . Vinterferie er berre ei veke med litt mindre trafikk i rushtida. Men på ettermiddag / helg er det alltids tid. Ikkje no til helga, då, men det passar vel ikkje for deg heller, MM, slik eg forsto det? Kan jo slengje på at Laffen var og helsa på ein 9,5 veker gamal kvalp på laurdagen, det gjekk heilt strålande, sjølv om han no har runda 40kg med god margin!
  23. Vi er med . Kan til og med kanskje klare å skvise inn ein tur før påske òg (i tillegg til veka etter påske, såklart).
  24. Det er heilt sant, men det er nok generelt ein overdriven skepsis til å køyre bil i utlandet. Folk har faktisk stort sett eit ønske om å overleve dagen i dei fleste delar av verda (sjølv om det ikkje alltid ser slik ut utanfrå). Har sjølv køyrd bil i tjukkaste arabia (Tunisia), og sjølv om det frå fortauet ser ut som vegen er ein leikeplass for suisidale, gjekk det heilt strålande når ein sjølv var uti det .
×
×
  • Opprett ny...