Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Purring med stengevarsel hadde ho vel alt fått, dette var "siste sjanse", altså steget etter stengevarselet, slik eg forsto det. Elles får eg berre seie som Krutsi, ring dei i dag og snakk med dei, så ordnar det seg nok straks du har betalinga i orden. Vi har òg Gjensidige, og har vore særs nøgd med måten dei fiksar ting og tang. Vi har òg hatt eit par oppgjer / utbetalingar hos dei, og det har gått strålande, både på store saker (tilbakeslag i kloakken) og småting (jakke forsvunne på reise) . Synst det høyrest merkeleg ut at den første du snakka med ikkje hadde myndigheit til å gjere noko som helst, men det kan jo vere at han meinte at den betalinga du hadde gjort var for mars, og at pga fleire purringar var det no ikkje mogleg å opne forsikringa att før pengane var på plass. Når dei er det, reknar eg med at dei kan opne forsikringa på flekken .
  2. Okai, så det er i verste rushtrafikken, altså?
  3. Eg hadde trudd at nokon andre skulle ha nemnt det til no, men sidan det einaste som blir brukt som motargument er at det er irriterande og teit, får eg ta det sjølv: Det store problemet med eit slikt system, er at FB etterkvart er vorte unormalt "viktig" i samfunnet, i fleire situasjonar er det no FB som viser kven du er, og ikkje motsatt. Når du då plutseleg blir meldt inn i swingergrupper, FrP og "Vi som støtter omskjæring av jenter", kan ein plutseleg framstå som ein HEILT annan enn den ein er, og det i tildels viktige situasjonar, der det blir avgjort om folk vil ha noko med deg å gjere eller ikkje. Har ein så ikkje noko fokus på dette, som nok er tilfelle for veldig mange, er det overhode ikkje bra.
  4. Er avstemminga tur-retur, eller kvar veg? Eg brukar 50 - 55 minutt på å køyre heimefrå til kontoret, 61km. Kunne spart ei lita mil på å køyre om Bergen, men då hadde det teke minst 20 minutt lengre i rushtida, like lang tid om det ikkje er trafikk (lågare fartsgrense heile vegen). Eg synst det er heilt ok, men så likar eg godt å køyre bil, og eg har vaktbil, slik at eg ikkje betaler dieselen sjølv . Wow, de har SVÆRT hus!
  5. Vaaat? Det der høyrest jo heilt vilt ut. Godt eg ikkje er å finne på feisbukk...
  6. Det høyrest kjend ut. Mine foreldre fekk òg tvillingar 20 månader etter at eg vart fødd. Var visst litt småhektisk til tider .
  7. Vi tek 6000,- pluss straum for 50m2 kjellarleiligheit, og det ligg faktisk ein times køyring frå Bergen, med bortimot null kollektivtilbod, og 3,5km til næraste nokosomhelst. Det er heilt sprøtt, men det er der marknaden er. Vi averterte for 5000, og endte opp med 6000.
  8. St. Bernadoodle må jo vere noko for vårt kjære hundehotell .
  9. Og det blir då gjenteke fleire gongar at ein bør ha dokumentert behov for å halde hund, av typen diagnostisert angst eller depresjon. Eg finn ingenting i den artikkelen som støttar ditt syn på at ønske om ein turkamerat og selskapshund er, som lova ordlegg seg, "gode grunner". Særleg dårleg stillar ein dersom ein ikkje hadde hund i utgangspunktet, men ønskjer å få seg hund etter at ein har flytta inn i leiligheit. Ein leigekontrakt har normalt gjensidig oppseiingsfrist. Om kontrakten ikkje har det, er dette likevel fastsatt i lovverket. Denne oppseiingsfristen er eit minimum, altså kan huseigar aldri seie opp ein leigekontrakt med kortare utflyttingsfrist enn denne (med unntak av få, svært strenge unntak). Det ligg likevel strenge avgrensingar på når ein huseigar kan avslutte eit leigeforhold på toppen av dette, og han skal ha særskilde grunnar til å seie opp leigetakar.
  10. Du må nok berre spørje huseigar. Seier dei nei, er det meiningslaust og respektlaust å kome med allslags argument for kvifor du burde få lov. Og det kan jo hende dei seier ja .
  11. Vi har flott halsband til Laffen. Det har mange fargar, og er enkelt å klipse på og av. Når det gjeld flåtten, gjer vi ikkje noko spesielt. Brukar ikkje flåtthalsband, og ikkje dropar (veterinæren sendte med oss flåttdropar i fjor, men det viste seg at vi hadde fått middropar eller noko slikt i staden, og så vart det aldri til at vi fekk bytta det). Prøvar å plukke etterkvart som dei kjem, då, er ganske mykje av dei her. Seinast i går kosta eg vekk ein der han traska blid og nøgd midt mellom auga på Laffen og såg etter ein fin plass å slå seg ned. Æsj...
  12. Laffen har òg periodar der han stinkar noko så inni ein viss plass, t.d. akkurat no. Er det litt varmt og han pesar, luktar det i heile rommet. Anden hans luktar akkurat som søppel (slik det luktar ute i avfallsdunken dagen før tømming). Eg forstår ikkje kva det kjem av, og dyrlegen fann ikkje noko då vi var inne til vaksinering (det lukta sjølvsagt ikkje akkurat då). Det var vel ikkje mykje til hjelp, tenkjer eg . Men eg er òg interessert om nokon veit kva det kjem av.
  13. Kvifor må ein på død og liv ha alkohol å kose seg med?
  14. OlavEmil

    Valpetreff.

    Så snart han er gamal nok til å omgås andre hundar (gjerne når han er vaksinert?) får du hive deg på fellesturar og slikt som vi har innimellom. Dei hundane folk tek med seg, er gode, stabile hundar som ein kvalp har godt av å gå tur med, han kan godt sosialiserast med hundar i alle aldre .
  15. Det er kanskje ikkje vanleg, men du har rett på det. Yrkessjåførkurset er ein del av læretida, og du skal ha lærlingeløn den tida du går der.
  16. Du må ha utvida legeattest (eigen attest for tungbilsertifikat som du får hos legen). Det er ikkje veldig strenge helsekrav, men sjukdomar som kan gje anfall, som epilepsi, er strykfeil. Du kan likevel få dette godkjend dersom du har vore anfallsfri i mange nok år med same medisinering, eller noko slikt. Når det gjeld syn, kan ein generelt seie at om ein kan sjå normalt med briller, er det greitt.
  17. Lastebilsjåfør er ein fin jobb . Nei, altså, det å køyre lastebil er nok ein jobb for veldig spesielt interesserte. Det er dårleg betalt (leveleg, men ikkje noko meir), ugunstige arbeidstidar, LANGE dagar og ofte høgt stressnivå. Når det er sagt, finst det folk som driv med denslags, og som ikkje kan tenkje seg noko anna (t.d. meg sjølv), om ein likar å køyre (stor) bil og er innstilt på å jobbe hardt for pengane, samt syt for å hamne i eit nokonlunde seriøst firma, er det fint . For å bli yrkessjåfør i din alder, søkjer du på VG2 Transport og Logistikk på Os VGS. Eg er usikker på om du slepp inn der med almennefagleg grunnkurs etter siste skulereformen, men det kan du høyre med rådgjevaren på skulen, eller du kan traske bort på transportfagbygget og høyre med Øyvind eller Bjørn eller ein av dei andre der borte. Det er eitt år med vanleg skule, der teorien består av persontransport, lager osv, og to halve dagar i veka har du praksis, der du får truckførarprov og køyretimar på personbil. To gongar i løpet av året skal du ha utplassering, der du får vere med eit transportfirma på køyring, og sjå jobben i praksis. Då kan du ta kontakt med meg . Når året nærmar seg slutten, søkjer du læreplass hos firma du vil jobbe i. Første halvår av læretida går med på skulen (framleis på Os), der du tek tungbilsertifikata. Her er det etterkvart kome ganske mykje og omfattande teori, men om du er flink i teorifag, er det ingen problem. Elles er det øvekøyring med bilane, både på området på skulen, og ute på vegane i Hordaland. Rundt nyttår tek du oppkøyring, så byrjar du å køyre hos verksemda du har fått læreplass hos. Når læretida er over, tek du fagprøve, og du er ferdig utdanna med fagbrev yrkessjåfør. Då er du meir eller mindre garantert jobb resten av livet .
  18. Om det er ein kattunge stiller saka seg litt annsleis, ja . Då går det seg nok til etterkvart .
  19. Så lenge du har kasse inne, og han er mesteparten av tida inne, så kjem katta til å gjere frå seg i kassa, inne. Hos oss har vi det motsatt, katta er ute når vi ikkje er heime og om natta, og er kun inne når vi er heime. Vi har ikkje kasse inne, og han kan fint halde seg inne ein heil dag om vi har fri / helg. Er det ikkje litt bakvendt å hive katta ut når de er heime, og stengje han inne når de er ute? (satt på spissen og vinkla negativt for å få fram poenget )
×
×
  • Opprett ny...