-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Eg merka meg òg Purre då Lina Kristine fann denne artikkelen i går. Fantastisk kattenamn . Pusen vår heiter Tinus, kalla opp etter gamlekatten til mormor og morfar, skogskatt som vart over 20 år gamal. Han var Katt med stor K .
-
Identisk med svaret dei sendte til Lola Pagola. Lurer på om dei i det heile veit kva dei flotte orda tyder...
-
Huffameg. Det der høyrdest ikkje bra ut! Vi gjekk ofte tur forbi det huset då vi budde i Vaksdal, og eit par gongar sto denne hunden ute på plenen og i oppkøyrsla saman med eigarane. Det må vere trist og fælt å oppleve slikt.
-
Eg drøymde i natt at eg bladde gjennom eitt eller anna snuskete hundeblad (ja, ikkje SÅNN snuskete, altså...) fordi de her inne hadde sagt at dei brukte å stele bilete frå internett. Eg tenkte at det jo finst veldig få bilete av Laffen på internett, men eg kunne no sjå. Trur de ikkje eg fann ein 4-siders heime-hos-artikkel om oss og Laffen? Dei hadde til og med intervju med oss, sjølv om eg aldri hadde snakka med dei, ikkje eingong høyrd om dei, før . Litt sonenpåverka i natt, ja...
- 43 replies
-
- 11
-
Mjo, LITT buss går det vel, men trur berre det er på kvardagar i arbeidstida, og då er eg på jobb... Rutenummer 606.
-
Sjølv om det er vorte lengre mellom innlegga dine, er dei jo så fantastisk positive og flotte når dei først kjem. Håpar dette går vegen, og at alle draumane dine går i oppfylling .
-
Kor seriøst det er kan nok diskuterast. Eg kan likevel ikkje sjå korleis det skal vere eit relevant argument i diskusjonen. Eg får òg gjenta meg sjølv og seie at så vidt eg kan sjå, har eg ikkje nemnt verken Hitler eller nazismen. At du tolkar Anders Behring Breiviks meiningar som nazisme, er heilt greit for meg, men ikkje tileign meg dine eigne meiningar.
-
Uffoguff... Hegglandsdalen ligg aust for Os. Opp mot Hatvik, og til venstre ved Bjørnefjorden Gjestetun, på veg mot Samnanger og Kvamskogen. Bur ca. 4km frå Osøyro.
-
Gratulerer med flott hund . Appetitt er uglesett her på forumet. Sjølv har vi og oppdrettaren vår brukt Appetitt på vår berner sennen sidan han vart fødd, og det funkar fint. Vi fulgte stort sett mengdene som sto på sekken i starten, etter kvart (ca ved 5-6 månader?) såg vi at to fulle kaffikoppar eller eitt fullt målebeger (4-5 dl) var eit passe måltid. Då fekk / får han mat to gongar om dagen. Så er det sjølvsagt å justere opp og ned ved behov. Elles er det alltid greitt å gje hunden litt anna innimellom, rått kjøt / bein (kotelettar o.l.) er alltid bra. Det er lurt å gjere heilt frå starten av, og halde fram med relativt jamnleg, slik at magen venner seg til at den skal tole ulik mat.
-
Vi har då ein mellomstor svart hund, og bur i Hegglandsdalen (Os). Her er det god plass og lite folk. Laffen er ikkje veldig god på passeringar sjølv, men han bjeffar ikkje, og eg har ikkje noko problem med å halde han, slik at han ikkje kjem bort til din hund. (det hadde jo ikkje gjort noko om Laffen fekk litt passeringstrening heller ).
-
Når du avfeier eit langt og sakleg innlegg med ein flåsete graf frå humor123.no eller noko slikt, må du tole flåsete svar attende. Eg kan heller ikkje sjå at eg har nemnt nazismen med eitt ord i diskusjonen. At du vel å dra parallellar mellom Andres Behring Breiviks meiningar og nazismen, får du stå for sjølv. Sånn elles forstår eg det slik at den einaste endringa du ønskjer, er at Noreg skal bli eit land der ein kan ytre sine meiningar utan noko som helst konsekvensar eller motseiingar. Eg forstår ikkje korleis samfunnet kan få dette til. Innføre lovar mot å meine noko om andre sine meiningar? No finst det massevis av politisk motivert vold i verda, enorme mengder. Svært, svært lite av dette finn stad i Noreg. At vi fekk èin mann som utførte ein ekstrem voldshandling, vil ikkje seie at vi har eit større samfunnsproblem enn andre land som har hundrevis og tusenvis av små politisk motiverte voldshandlingar. Igjen synst eg du bommar grovt på målet.
-
Heldigvis treng vi ikkje velje mellom massemord eller samfunnsendring. Eg vil heller ikkje setje dei opp mot kvarandre, av fare for å bagatellisere Utøya, men å endre eit samfunn er ganske drastisk.
-
Alle / dei fleste er einige i at vi ikkje ønskjer at det skal skje igjen, men det stoppar der. Ein: Eg nektar å tru at det er MANGE som er einige i at den ariske rasen er overlegen dei andre rasane, og at menneskeavl bør regulerast for å unngå snusk i vår flotte rase. At altfor mange i større og mindre grad meiner at "Noreg er for Nordmenn" (med stor N), stemmer nok desverre, og DET skaper til tider problemar i samfunnet vårt. To: Tida der FrParar vart sett ned på og diskriminert i samfunnsdebatten er forbi. Mange FrParar likar å bruke det trumfkortet når dei møter motbør, men faktum er at alle som ytrar seg politisk møter den same motbøren. FrP får god dekning i media, og denne dekninga er godt balansert, Dei som stemmer andre parti meiner FrP får for mykje positiv merksemd, dei som stemmer FrP meiner dei er utsatt for klappjakt. Slik er det i alle parti. Når det gjeld utsegnet "Det oppleves som vanvittig urettferdig at høyreekstreme ikke tillates noe, mens venstreekstreme tillates pengeunderslag, voldshandlinger og rasistiske utsagn som om det skulle være positive tiltak i norsk media." så er vel det det aller mest fordomsfulle eg har lese så langt her i tråden, og eg håpar du sjølv ser kor grovt du bommar når du no les det att noko tid etter at du skreiv det. I skuledebattar blir det alltid slengt dritt alle vegar. Er det ein overvekt av folk som ikkje likar FrP, evt at dei "kule" på skulen ikkje gjer det, er det dei som får gjennomgå. Er det derimot positiv stemning om FrP på den aktuelle skulen, er det andre parti som får møkka etter seg. Sjølv er eg vakse opp i Os i Hordaland, du kan kanskje tenkje deg kva veg skuledebattane gjekk der... Heldigvis er ikkje nivået på skuledebattane representativt for den generelle politiske debatten i Noreg, sjølv om ein desverre ser tendensane.
-
No kjem eg ramlande inn i ein gamal diskusjon, men slik er det når ein er vekke i to veker. For å snu på spørsmålet: Har vi råd til å gamble på at Anders Behring Breivik har rett, og endre på eit samfunn som har fungert unormalt bra i verdssamanheng på grunn av at ein mann som etter alt sannsyn har minst ei mental liding utførar landets grovaste voldshandling for å få plass på talarstolen? Det er ein mykje farlegare veg å gå.
-
På radioen. Koseleg .
-
Det "friaste" landet i verda, med mest gjennomført ytringsfridom (bortsett frå for muslimar, men det er vel slik vi likar det), og som i tillegg har klart og tydeleg fokus på alle problemane desse hersens utlendingane skapar, er jo det same landet som produserer flest av desse galningane som skyt sine eigne landsmenn meir eller mindre på måfå. Dette landet er heller ikkje antydning til raudt. Vi snakkar sjølvsagt om USA. Eg kan ikkje med min beste velvilje sjå korleis vi i Noreg har eit samfunnsproblem som skapar slike folk som Andres Behring Breivik, eller at vi har eit massemedia som kneblar alle som ikkje er marxistar. Mogleg eg er mørkeraud og naiv, men slike tankar bommar grovt. Ja, Noreg er relativt raudt politisk sett, og har vore det sidan krigen, men vi er LANGT frå ekstremt raude, og Arbeiderpartiet er på mange område blåare enn både Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, så å plukke ut dei som mål for å vere ekstremraude, er heilt på jordet. Dessutan er det ein gong slik at den "raude" måten det har vore tenkt på i Noreg dei siste 60 åra, er noko alle i Noreg nyt godt av i dag. At det finst ein del som ikkje verdset dette, er ikkje til å unngå, men eg håpar ikkje de klarar å øydeleggje for oss andre som likar å ha det godt.
-
Oi, her går det unna .
-
Å, så koseleg . Og uglelua er jo drittøff . Åtgaum og hugnad, lizzm.
-
Ta no berre og meld henne, då. Verre er det ikkje.
-
Problemet er nok at Gjensidige krev avtalegiro som ein forutsetnad for avtala slik ho står. Det er etterkvart vorte vanleg hos fleire ulike selskap.
-
Så bra . Og det stemmer jo bra med det fleire her har trudd. Merkeleg at det skulle vere så vanskeleg for han du snakka med i går...
-
Æææsj. Heilt einig med Aussieglis her . Eg gjer alltid som tulip foreslår, eg, anten det gjeld frukostblanding eller potetgull .