-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Er det? Kult! Eg har jo sett brindle, men dei har vore veldig tydelig brindle, og mykje lysare.
-
Offisielt er ho svart, og for mange ser ho heilsvart ut, men det er liksom ikkje heilt korrekt. Det er mest tydeleg på hals og bak på rumpa, men det er og på sidene. Sjølve ryggen er svart, brei svart stripe frå nakke til hale. Tykkjer i grunn det er meir tydeleg i år enn det var i fjor, men sånt kan vel forandre seg? Eg kan ikkje fargar, det heiter kanskje berre svart? Dei fleste svarte dyr eg har hatt har jo hatt litt brunleg i seg, særleg om sommaren og i rett sollys, men tykkjer denne ser litt annleis ut.
-
Gratis klikketrener kurs - noe å bry nesa om?
plutte replied to MissHeike's emne in Trening og adferd
Blir ikkje utvanna her, eg får veldig ivrig hund som vil ha "sin tur" til å trene. Sidan du ikkje har plass til å separere, kan du kanskje trene den eine til å bli i sofa/seng medan du trener den andre. Sånn: -
Hjelp, eg har tre hundar. Me har passehund denne veka, og tre stk er ein for mykje. Det er jo bikkjer overalt. Introducing; Tora, 3-4(?) år og generelt masete. Men ganske fin.
-
Har nettopp kjøpt kanvasbur på plantasjen, dei største bura deira er på salg, til 349,50, førpris 699. Var vel 90x60x60++ om eg hugsar rett. Veldig greit å ha, måtte visst skille av passehunden litt.
-
Håpar det går bra med dykk!
-
Eg har, brukte den masse første tida men var litt misfornøgd med reingjering av den, var ikkje spesielt enkelt å kome til "inni" og det vart litt udelikat inni der. Fant aldri ut om eg kunne bruke noko remedier innvendig for å gjere reint, så den vart berre satt vekk på boden. Men det er nok avhengig av kva type du har altså.
-
Er stort sett forlaga som skriv dei meiner eg.
-
Eg kan ikkje miniatyrhund. Chi, sånn griffonsak, oooooog nakenhund?
-
Blaamann, Blaamann, Bukken min, tenk på vesle Guten din! Bjørnen med sin lodne Feld kann deg taka seint i Kveld. Gamle Lykle, Moder di, seint kom Heim med Bjølla si. So ikring seg ho mund' sjaa liksom der var Faare paa. Det saag ut som der var Naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde daa med deg. Naar eg laag som blind og dauv, grov du paa meg med di Klauv; ja du ville vekkja meg upp til Leiken din med deg. Du var sprek og glad og god, all mi Ros du vel forstod. Tidt du veit eg sa til deg: «Han veit meir enn mata seg.» Blaamann, Blaamann, svar meg no, mækra med ditt kjende Ljod! Ikkje enno, Blaamann min, maa du døy fraa Guten din.
-
Han er så fin! (Og me har same sofabord. )
-
Eg grin stort sett av emosjonelle dyregreier, så lenge det ikkje er aper. Grein da Dumbledore døydde i HP (boka), og då Mouse (hund, dresden files, lydbok) var skada, og vil nok gjere det igjen om eg les/høyrer dei på ny. Men ellers er eg ganske kynisk trur eg, og driter i det meste.
-
Eg trur det kjem mykje an på erfaringar og forventningar? Og litt flaks med individ. Eg hadde minimenneske og kvalp samtidig, kvalpen var leveringsklar då son min var 2-3 veker. For min del gjekk det greit, men eg hadde "enkel" sønn og "enkel" kvalp, og var klar over kva det meinte å ha hund. Sambuaren min hadde ikkje peiling på hund og for han vart det for mykje jobb, sjølv om han strengt tatt aldri var heime. Me enda opp med å gje frå oss hunden då han var 8-9 mnd, avdi det vart einaste viset å freiste halde forholdet i live. Det rauk jo alikavel seinare, men sånn var no det. Men hadde eg hatt kolikkunge samtidig med den unghunden eg har no som kvalp, så hadde eg nok gått på veggen trur eg, for sjølv med enkle individer av begge sortar så gjekk mesteparten av tida med til desse. BCen eg har no har tidvis vore meir "jobb" enn det begge dei to andre var i lag.
-
Eg har da fått vite blodtypen min mange gongar, gravid eller ei, blodprøvedings på skule og diverse, men eg hugsar det jo ikkje, så i min hjerne er det normalt å ikkje vite blodtype. **** Eg lurer på kvifor det tilsynelatande kjem som eit sjokk på veldig mange at dei skal betale når dei kjem til kassa. Kan dei ikkje leite etter lommebøkene sine medan dei står i køen og ventar, i staden for etter at dei får vite kva dei skuldar?
-
Det er da huseiger som er vanskelig, ikkje Susselussa. Dei har ikkje lov til å hive ut folk pga salg, og dei må gi skriftleg varsel. Det kjenst nok urettvist for utleigar dersom dei er redd dei ikkje får solgt pga at dei har leigebuarar, men det er jo ein del av pakken å drive med utleige. Aner ikkje kvar HI bur, men enkelte stader er det jo veldig mykje vanskeligare enn andre stader å finne ein ok plass å bu, å pakke sakene sine og gå berre for å vere grei er ikkje alltid så praktisk mulig.
-
Eg kjenner opptil fleire som har blitt "solgt med huset" som leigebuarar, ny kjøpar kan sjølvsagt seie opp dersom dei skal bruke utleigedelen til noko anna for eksempel, men i utgangspunktet meiner eg at gamal avtale fortsatt gjeld, ny kjøpar har på eit vis "godkjent" den når dei kjøper. (At det kan vere vanskeligare å selge eit hus som har leigebuarar ser eg derimot ikkje vekk i frå, men det skal ikkje vere godkjent utkastelsesgrunn.) Du må ha skriftleg oppsigelse meiner eg og, trur ikkje muntleg er gyldig. Les meir her, f.eks. http://www.boligjegeren.no/Underleieforholdet/Temasaker/Eierskifteognyutleier.aspx
-
Eg tenkte lenge på den. Takk for hjernetrimmen!
-
2x3 halvsøsken og 1xheil? Eg ser dårlig, har (omtrent) ikkje luktesans, og har no begynt å høyre dårleg. Eg kan ikkje følge ei oppskrift om det så stod om livet, endar alltid med å slumpe ting eller bruke erstatningar. Min mat blir aldri vellykka, og når den blir "ok" så får eg aldri til å reprodusere den. Var lenge redd for å gå på kino, i tilfelle jorda gikk under medan me var der inne og me ikkje merka det pga høg kinolyd/during i salen. Har ikkje spesielt stort behov for å reise/oppleve verda, og hater å fly, men vil (tilbake) til Island. Ofte. Likar ikkje unger, i det heile tatt. Tykkjer dei fleste(= alle utan min eigen) er usmakelige før dei er (minst) 13-14, og later som eg er begeistra når folk rundt meg skal befolke verda. Gler meg alikavel til mine søsken evt skal få små, for då har eg nokon å strikke til. Veldig glad i å teikne/male/strikke/lage-ting, men fullfører aldri noko som helst og har huset fullt av halvferdige prosjekt, der huset i seg sjølv er eit halvferdig oppussingsobjekt.
-
Bil. Kunne i teorien ha tatt offkom til jobb, men måtte vente opp til 2-3 timar på transport heim. Går til hundetrening dersom det er i nærleiken, men køyrer elles.
-
Er på jobb, blir gjerne med ein annan gong.
-
Jøss, imponert! Eg er ikkje så kjent med excel, men eg kan jo lage meg ei papirutgåve bygd på same lest. Vart liksom aldri ven med treningsplanen frå klikkerboka, men dette såg ut til å kunne vere noko eg kan klare å skjøne og oppdatere. Skal jammen prøve, flink du! (Eg prøver hardt å ikkje bli hekta på (fleire) spel, men Elder Scrolls såg veldig ut som noko eg kan like. )
-
Sol og sjokolade! Fin dag. Den treningsplanen din såg lur ut, er det noko du har laga og funne på sjølv? Eg må kanskje kopiere.