Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. Eg har ikkje, men går og siklar på det. Det varer ganske lenge gjer det ikkje? Ser etappe 2 skal byrje no snart, men finn ingenting om når etappe 1 evt startar att.
  2. Me er med, har trent rygging foran førar før (sjølv om det er lenge sidan), så då prøver me ved fot tenker eg.
  3. Min gamling driter gjerne 4-6 gangar på ein tur, meir eller mindre uavhengig av lengde på tur, farten på turen, og heilt uavhengig av type fôr og fôringstidspunkt. Han er berre sånn, og han er den einaste hunden eg har hatt/kjent som er sånn. Første klumpane som kjem er vanleg fast avføring, siste er berre dropar, om noko i det heile. Han likar å tømme tarmen tenker eg, hadde sikkert tatt med seg ei bok på dass om han var menneske. Det går med ein del fleire bæsjeposar, men ellers er det ikkje noko problem. Dei 5-6 posane er sjeldan fulle så eg puttar dei berre inni kvarandre.
  4. Bamse, 14, er nesten døv og ser nok litt dårlig. Med mindre han vil, da. Høyrer litt syner innimellom, kan bråvåkne og tru at det han har drøymt er virkelig, eller misforstå ein lyd han har høyrt som noko anna, så han vokter litt på ingenting og gøyr litt på spøkelser. (Og kjem ikkje på innkalling...) Luktesansen verkar vere heilt i orden, er dritgod på godbitsøk. Har blitt mindre aggressiv mot andre hundar med åra, men det kan vere trening som omsider har satt seg. Er veldig, veldig glad i å trene lydighet og dør litt på seg når han får sjans til å trene. Han har mista ei tann framme, og går på ein del medisiner pga indre defekter, men er ellers i grei form for alderen sjølv om me ikkje tar han med på så veldig lange turar lengre. Litt stiv til beins, søver store deler av dagen, og taklar mindre varme enn før. Grei appetitt, men me må passe på å tilby friskt vatn fleire gonger for dagen, for om han inntar store delar vatn på ein gong kastar han det opp etterpå. Tisser meir (lengre om gangen), mindre markering. Kan finne på å vandre vidare medan han tissar. Han er mykje svakare i bittet enn før, han er veldig glad i drakamp, men det er lite styrke att i grepet hans og han orkar ikkje så lenge om gangen. Ellers blir han berre penare for kvar dag som går, gamle hundar altså. <3<3
  5. Eg og har frå Arkoz, veldig fornøgd. Tok vel berre ei drøy veke før eg fekk det i posten.
  6. Hæ? Kvar? Eg og vil nerde.
  7. Me har fått ein FTF! :danse: Log my dog såg kult ut, kanskjekanskje?
  8. No er eg eigentleg berre innom for å skryte. Fekk A på eksamen! Dæven! No aner eg ikkje kva eg skal gjere, studere meir eller søke jobb, vanskelig!
  9. Kan ikkje i morgon, men blir gjerne med ein annan gong når det passar!
  10. Passehunden eg har her no gjer dette mykje, og det ser ikkje akkurat ut til å vere noko mine set spesielt stor pris på. Verkar litt smiskete/masete betydning her egentlig, og eg tippar det kan bety veldig mange fleire forskjellige ting hundar i mellom enn kva eg klarar å lese. Ingen av mine gjer det på kvarandre, men det hender den yngste har forsøkt på meg/andre hundar.
  11. Søt! Jøje! Aaah det er så kult med sånne trådar med bilder og kvalpar og søøøøøøt og rasar eg aldri har sett! Meir bilder!
  12. Eg heklar vognteppe no, i ein alpakkablanding. Det loer litt, og det snik seg inn eit og anna hundehår. Eg har bestemt at ungen ikkje skal bli allergisk, men sidan eg aldri har blokka noko i heile mitt liv, vil det sjå betre ut etterpå?
  13. plutte

    Fantasy bøker

    Trur @Poter sitt forslag kan bli bra, men ellers, bøker eg likar som eg trur eg kunne fått mamma til å lese/høyre: Dresden files - Fantasy krim, lest av langt fleire vaksne enn unge. Hovedperson er wizard og hjelp politiet. Yrsa Sigurdardottir - Skriv islandsk krim, med hint av overnaturlige spøkelser og slikt. Hunger games - sidan du ikkje hadde skrive dei opp, men du har sikkert lest/sett. J.K.Rowlings sin krim, utgitt under namnet Robert Galbraith - The Cuckoo calling, eg likte den godt i alle fall, men eg har veldig sans for oldschool krim, og likar veldig godt måten ho skriv på. Ellers tykkjer eg at alle bør lese/høyre alt med Sherlock Holmes og eller Poirot.
  14. Min pensjonist (14) har mindre pels no enn før, og røyter ein god del meir no. Men han er kastrert da, og har lågt stoffskifte (som me fann ut pga dårleg pels for nokre år sidan.) så han er muligens ikkje eit godt grunnlag for "fasit".
  15. Den skjøna eg virkelig ikkje ein dritt av. Eg har bevisst unngått alle sånne cacher der eg må tenke for å finne fram, er vanskelig nok å finne cachen sjølv om eg har coords av og til. Men det ser jo gøy ut. Kva brukar det gå ut på, matteoppgåver?
  16. Ååååå så kule! Desse har eg sett på tv og lest om i... avis?
  17. Piggsvin er dritkule. Skulle ønske me hadde dei her. Eg trur ikkje piggsvin og hoggorm har kvarandre på middagsmenyen sånn egentlig, men piggsvin er rimelig safe mot hoggorm og kan forholdsvis enkelt ta livet av dei i alle fall. Mulig hoggorm prøver ete piggsvinungar, men dei er jo ikkje aktive samtidig? Hoggorm er vel mest ute på dagen? Rart tiltak, men eg skjønar jo forsåvidt at dei vil redusere piggsvinbestanden når den ikkje er naturleg der.
  18. Er ikkje det litt bakvent? Piggsvin tar jo hoggorm, og har blitt satt ut andre stader for å få _ned_ hoggormbestanden?
  19. Jaja, verda blir mykje enklare når eg ikkje overkompliserar alt. Så snart eg fekk inn i skallen at eg ikkje skulle behandle det som AS så vart den oppgåva den enklaste av alle, og den vanskeligaste vart å tolke lovparagrafar som var ein smule forandra sidan eg hadde lese dei sist. No er eg eigentleg berre innom for å skryte av at eg har levert i god tid.
  20. Spot liknar jo min? Eg må jo ha to like? Ja? Feil tidspunkt. Men Flax da, herreguuuuud!
×
×
  • Opprett ny...