-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Hekler wooleaterteppe, og kjøpte ikkje nok garn, trass namnet. Dårlig mobilbilde, fargane er egentlig ganske fine, men heklinga er nok like skeiv irl og.
-
Det er eit svar eg kan like, eg har garn nok til eit par striper til, så burde kunne ende på 70x80 ca. Takk begge!
-
Og det var mykje for stort, ja? Bill.mrk. 60x70
-
Kor stort må eit vognteppe være? Les: Kor lite slepp eg unna med at det er?
-
Enig med dei over. Men det er mannen som har problem altså, ikkje kvalpen. Kvalpen er bitteliten enno, og å ha hatt adferdskonsulent til han to gonger allereie skapar for meg meir problemer enn om de ikkje hadde hatt, for det er ikkje kvalpen si adferd som skapar problemer egentlig. Dersom det ikkje er mogleg å få mannen til å høyre etter kva som har fungert for deg, så ville eg ha forsøkt å kun la han gjere ting han tykkjer er gøy med kvalpen i ein periode, for å betre forholdet deira slik at kvalpen ikkje tykkjer mannen din kun er ein sur fyr. Og forhåpentligvis vil då mannen din ha meir glede av hundehaldet og få betre mestringsfølelse, slik at han etterkvart kan klare å gjere dei litt meir innvikla tinga etterkvart, som for eksempel å tørke av ein motvillig blaut kvalp, eller når kvalpen vert eldre og bøllefjortis. Edit: Fjerna quote eg ikkje meinte å ha med.
-
Tusen takk! Eg har trua.
-
Eg har ein stirreBC, som heile tida har tykt at å stirre på det meste anna er langt meir interessant enn å stirre på meg. Han ramlar fort ut på trening, og sjølvforsterer adferda stadig vekk. Me har grisekorte økter og tydelige pausar, og så låge kriteriar som overhodet mogleg når det er "vanskelig". Har trent kontakt ei stund kan du sei, med jackpotbelønningar. Han er no 19 mnd. Han er ein heilt annan hund heime, og der han er godt nok kjent til at omgivelsane vert kjedelige. Har og fått til at han er rimelig bra fokusert så lenge me er rett utanfor bilen, eller dersom han får gå rundt og vime i ein halvtime først på treningsområdet, målet er då sjølvsagt å kome seg lengre frå bilen og få mindre utsjekking av område. Ein del av orsaka til at det har vore eit problem så lenge har vore at eg har vore for snill (venta han ut for lenge, så han fekk styre på som han ville og kom innom ein gong i blandt og fekk superbelønning, før han datt ut att), og at eg har hatt for kjedelige belønningar, for han fungerer nesten berre på leik der ein verkeleg sliter seg sjølv ut, og det har eg ikkje alltid kondis til. Me startar no treningar med å belønne i det han går ut av bilen, og går inn i bilen att dersom det ikkje er fokus i det heile tatt, og tar ellers hyppige pausar. Han har og byrja ta godbitbelønningar, så lenge dei er gode og varierte. Det skal nok bli treningspatrulje av oss og til slutt.
-
Eg vil ha alt! Neidajoda. Me er eit vaksent par på nokonogtredve, med to-tre bikkjer, og ein gutt på 17. Hundane likar det meste, er omtrent same størrelse (litt forskjell i bredde/lengde/høgde, men alle er ca 25kg ca dekkenstørrelse 65-70), to av dei er mine, den tredje låner me ofte. Et alt mulig, jo meir det stinker jo betre. Ønsker seg reflekser kanskje, og leiker. Veldig glad i brukt. Naseprøvepinnar! For den øvelsen har me aldri prøvd. Edit: Hundane er blandings(tenk labrador), blandings(tenk schæfer), og bc. BCen trener eg lydighet og rundering med, dei andre er turbikkjer. Eldste er 14 og nesten heilt blind og døv, dei andre er 4 år og 18mnd. Tofotingane er og glad i det meste, eg er stort sett lavkarbo men jul er no eingong jul. Drikk ikkje kaffe, og har nok te! Med mindre det er noko veldig spesielt godt. Kan godt like og trenge vottar, sokkar, skjerf og luer, og er veldig glad for heimelaga eller gjenbruk. Eller reklamegratisting. Glad i brunt, oransj, blått og grønt! Mest jordfargar. Er litt bohemer, kanskje? Reflekser treng me alltid, salt/pepar bøsser, dukar. Har hol i øyrene og i nasen, ny nasedobb hadde vore snadder. Ein god handkrem kanskje? Liker typisk "loppis"ting. Treng forresten ny bakebolle! Og litermål, helst ikkje i plast. Strikker og hekler sjølv, så garn hadde vore gøy, eller ei kul strikkeoppskrift. Har langt Henna-hår som eg ikkje aner kva eg skal gjere med, og ingen vesker som er heile. Samler i alle hemmelighet på elefanter, så alt elefantrelatert er kjekt, men nasehorn er og veldig kule, helst ikkje pyntegjenstander dog, det må ha ein "funksjon". Har ingen allergier, men ser og høyrer selektivt dårleg. Brillestyrke -4. Kjem kanskje (sikkert) på meir seinare.
-
Ja! Endelig! Hahahaaaa eg har venta så leeeeeeeenge!!! Takk @SFX ! Så deilig med folk som tar ansvar. Eg er med altså, om det ikkje var klart. \o/ Lag ønskeliste tråd da, nokon!
-
Det dei over sa. Angåande motorikken så har eg erfaring med at dyr (inklusive mennesker) som "aldri" har gått i ulendt terreng har store problemer med balanse og aner ikkje korleis og kvar dei skal føte seg. Enda meir når dei ikkje er i form. Det brukar kome seg rimelig greit, men det gjer det enda meir slitsomt å gå i ulendt terreng enn ein kanskje først trur. Så ja, små rusleturar iblanda litt tjo og hei etterkvart. Eg hadde køyrt masse opp på fjellet og rusla rundt over og under skogsgrensa. Og små og hyppige måltider. Og svømming om mulig! Lykke til, dette blir nok bra. Så heldig han er som har kome til dykk.
-
Han kan heite Nydelig. Finingen!
-
Stemt!
-
Apollonius Hans Ansgar Gjermund Henrik Harald Tord Torgrim Reidar
-
Hurra! Gratulerer!
-
25 mål meiner eg å hugse at den er, men den kan ha krympa noko sidan den er ein smule nedlagt og gjengrodd. "Min" gård er på sett og vis ikkje usentral nok, og samtidig ikkje sentral nok. Me har veg, ligg i ei bygd, har for så vidt grei vegforbindelse til byar på vestlandet (ca 2 timar), men det er litt for langt for at byfolk gidd ta småturar, og ikkje langt nok vekk/usentralt nok til å vere eksotisk. Det er absolutt ingen verdas ting elles i bygda som kan dra folk, er berre ein liten gjeng med nedlagde gardar. Eg diggar garden vår på alle vis, har støl og strand med naust, digert hus som har vore i familien lenge, svær låve, hytte, og ligg avsides i bygda så me slepp alle dei plagsomme naboane. Men eg ser ikkje for meg at det er noko framtid der, med mindre me finn ei anna hovudinntekt eller vinn i lotto.
-
Haha, med unnatak av grøn omsorg har me like planar ser eg. "Min" gard er ganske liten da, og ikkje så veldig greit lokalisert for å vere besøksgard for anna enn sommarturar f.eks. Har tenkt på alpakka og sau i fleire variantar, og lære meg å spinne og farge garn sjølv for salg. Høner, eit par hestar og kyr, og nokre geiter. Lage ost og slikt, poteter/gulrøtter/kål/bringebær/jordbær, plukke bær. I den grad det er praktisk gjennomførbart drive garden på gamlemåten, og ha opplevelsespakke for byfolk som sjølvsagt skal betale i dyre dommer for å gjere alt det tunge arbeidet.
-
Knall! Tusen takk!
-
Tjohei! Eg kom over ein film tidlegare i sommar, som eg gjerne skulle ha funne igjen og vist til nokon. Eg -trur- eg fann lenke til den her inne, men det kan ha vore ein annan stad, og no har eg googla og youtuba til auga vart stort og vått. Det er ein film der innlæringen foregår ved hjelp av fleire matter og klikker. Dekktarget på mattene og legge matter foran kvarandre, akkurat denne snutten er spilt inn i ein park eller i ein diger hage eller noko. Andre filmer som demonstrerer same metode er og velkomne. Eg fann forøvrig denne, reknar med det er same prinsippet somn ligg bak, men utførelsen er ikkje like god som originalen.
-
Kvart år. Gamlingen fekk si første vaksine (oss bekjent) då han var ca 8, og me møter trufast opp kvar gong me får brev. No er han ca 14 og har ikkje hatt nokon reaksjon på vaksiner.
-
Leverposte, tubeost, våtfôr, v&h, diverse brukande middagsrester. Me stapper dei gjerne fulle og hiver i frysen.
-
Når eg ser på bildene ser det ut til at dei har fortsatt med rett + vrang mønster, kan det stemme? Har aldri sett slike sokkar "live", i så fall må dei maskene i "midten" (mellom dei tre første og tre siste), strikkast etter det same mønsteret vil eg tru.
-
Skjønar at det er forvirrande altså. Dette blir nok bra!
-
Video to vridd rett sammen: http://www.garnstudio.com/lang/no/video.php?id=218 Med 15 masker på kvar pinne: Strikk ei maske rett, strikk to masker rett sammen, strikk ni masker rett, strikk to masker vridd rett sammen, strikk ei maske rett. Med f.eks. 13 masker på kvar pinne: Strikk ei maske rett, strikk to masker rett sammen, strikk sju masker rett, strikk to masker vridd rett sammen, strikk ei maske rett. Så egentlig er det dei tre første og tre siste maskene på kvar pinne du må tenke over, dei tre første = 1 rett 2 rett sammen, og dei tre siste = 2 vridd rett sammen 1 rett. Alle masker i mellom er vanlige rettmasker.