Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. Mine går aldri i ring før dei driter? Har ikkje observert fenomenet. Fram og tilbake, ja. Finne riktig haug å drite på, ja. Plutselig styrte over på andre sida av vegen i bæsjeposisjon, ja.
  2. Er det mest vanlig å fjerne alt altså? Det var eg ikkje klar over. Og menneskemanner brukar å bli sterilisert, fordi dei berre snipper over ting, då burde det vere mulig å hugse for meg og.
  3. Er ikkje steriliserering av tisper, og kastrering av tisper, to forskjellige inngrep? Hvilket som er hvilket, og hvilket som er mest brukt, er eg dog usikker på, men frå barndommen av lærte eg at sterilisering var for hodyr og kastrering var for hanndyr, så har eg liksom aldri heilt lært kva som er korrekt etter det. Edit: Googla, fant denne http://artikler.eksperthjelp.no/sykdommer-hos-katt/kastrering-vs-sterilisering Reknar med det gjeld likt for hund som for katt.
  4. Den paraplyen gjorde jo bildet tykkjer eg! Vart meir ein historie ut av det.
  5. Eg er overvektig og har aktive hundar. Ein periode var eine hunden min veldig tynn, det var fordi eg er ein glupsk tjukkas som åt maten hans, og så gikk me aldri på tur så han hadde verken muskler eller fett. Jepp.
  6. Vaffel er flokk med Bamse, og store deler av resten av verda. Bamse er flokk med meg, sambuar og sønn. Vaffel behandler Bamse litt som han behandler oss, vil gjerne sitte på fanget, leike, vaske og sove sammen. Bamse er litt sånn "gah, du igjen", men godtar å bli vaska litt av og til, og det hender dei herjer ute i lag.
  7. Eg har rota vekk objektivdekselet mitt, korleis veit eg kva størrelse eg treng? (Nikkor 35mm 1,8)
  8. Må korrigere meg sjølv, krabbe/kreps/hummer er blæh, og eg et ikkje rå eller råten fisk/kjøtt.
  9. Baccalao Tunfisk Lunge/lever Er stort sett altetande trur eg, var meir kresen før. Gikk inn for å lære meg å ete tomat, oliven, løk og slike skumle ting for nokre år sidan, og no likar eg det godt og klarer å innta det meste utan å protestere. Men ikkje bacalao, då vert eg kvalm.
  10. Min X-stebror har ketchup på alt, raspeballar, pannekaker og risengrynsgraut. :blæh: Raspeball med surmelk derimot!
  11. Bamsen min har byrja bli skrekkelig gamal. Denne veka er eg heimeverande student, og så lenge det er fint og (halv)tørt ute, og ikkje for kaldt, står gjerne døra open ut så dei kan gå inn og ut i hagen. Men sidan Bamse både ser og høyrer dårleg, så står han stort sett ute og gøyr for den minste lille bevegelse/lyd som han (trur) han får med seg dersom han er i riktig lune. Det blir ikkje heile tida, men innimellom, og så høyrer han jo ikkje når eg ropar han inn. LilleDusten. Han er ikkje med på langturar lengre, med mindre det er avslappa traskelangturar der dei stort sett styrer seg sjølve, og søndag fekk han vere med til fjells på ein litt meir strevsom tur enn han brukar, sååå sprek og glad! Det må vere passe temperatur og ikkje for vått, men då er han sprek som ein fole. Og så er han sjølvsagt stadig like vakker på bilder. Vaffelen er ei snodig skrue. Han tilbyr Bamse triks liksom, det har eg aldri sett før. Favorittrikset til Vaffel er hoppe opp og ned/hoppstå, og det er spesielt det han gjer foran Bamse dersom han for eksempel vil ha den leiken Bamse har, eller vil at Bamse skal kome ut til han eller noko slikt. Etter ei tids valgfri døvhet har han no byrja høyre litt meir på meg att, og han er skikkelig gøyal å trene og egentlig ikkje så verst smart sjølv om han ikkje får til IQleikane til Bamse, og tykkjer at godbitball med lyd er dritskummelt. Er desverre i ein dusteperiode vs andre hundar, men prøver å møte på så mange klubbtreningar som mogleg så får me heller berre øve kontakt når me er der, det går sakte men sikkert bedre. Me har fått gått litt kurs, og håpar me får gå litt meir til vår/sommaren. Vaffel er alltid fotogen og ser aldri ut som ein slesk type. Men litt søt.
  12. Bakepapir fungerer i brødformer og sånne springformer eller kva dei heiter, men dette er ei sånn form, berre heilstøpt og med riller/striper: http://4.bp.blogspot.com/-U55RxVIg6hc/UCtW-mIccVI/AAAAAAAAAdM/ZNOlYQ98zh4/s1600/003.JPG
  13. ...eg har hårspray.... og jif..... ?
  14. Åååh, så enkelt? Eg har styrt med potetmel, olje, og noko sukkergreier før, men har aldri fått bra resultat. Gidder aldri google det heller. Takk! Skal prøve å hugse det neste gang, sjølv om det nok blir ei stund til.
  15. Eg har fått for meg at det ikkje er så mykje dyrare i Noreg enn i utlandet, så eg hadde nok kjøpt her. Lettare med garantier og reklamasjon og. Eg har kjøpt speilrefleks i Russland, dog. Det var gøy, sidan me hadde kommunikasjonsproblemer.
  16. Eg og neier! Ikkje alltid, men ofte, og i allefall omtrent alltid når det er noko høgtideleg. Og så lurer eg på korleis ein smører kakeformer. Eg baka kake i går, i den fiiiiine! runde tunge forma med renner og hol i midten, og hugsa kvifor eg kun gjer det ca kvart tredje år. Det vart ein klædd.
  17. To hunder, ein får Orijen(bc), andre får Hills spesialfor(labradorblanding), ellers hadde begge fått Orijen. Orijenhunden får og litt rått, den andre får bittelitt innimellom. Ingen rabatt.
  18. Eg har hatt liknande issues, og det @Sheila seier hjalp veldig her. Eg vart gjort oppmerksom på at eg ikkje belønte hyppig nok (pluss at eg gjerne la handa i lomma med godbiter før hunden fikk tilby noko, så han vart meir fokusert på det enn på kva han skulle gjere.), så snart eg vart meir aktiv sjølv og peiste på med godbiter ved minste lille antydning til det eg ville han skulle gjere, så kom han seg veldig. Pluss bacon.
  19. plutte

    Gjeterhundkurs

    Eg har ingenting i mot kjerringer mot straumen, gode å ha for litt realitetsorientering. Eg forsøkte å få det litt med i HI, men det kom kanskje ikkje så godt fram. I utgangspunktet har eg "ingen planer" vidare, på same måte som eg heller ikkje har til hensikt å bli verdsmester i å gå spor, eller agility, eller noko av det andre som eg og bikkja driv med. Meeen, eg har jo aldri forsøkt, og kunne godt tenkt meg å prøve, med det mål at dersom eg og hund likar/passar/trivast med aktiviteten, så kunne det kanskje vere ein aktivitet for oss. Me har ikkje sau på garden heime lengre, alternativet at eg overtek der og startar opp att med sau er tiår fra i tid enno, så eg har jo ikkje "behov" for ein sauehund slik sett, og kanskje heller ikkje det som trengst for å kunne drive med gjeting når eg tenker meg om. Kan eg tolke det slik at du er aktiv innan gjeting? Dersom du meiner at det vil vere uheldig å utsette hunden(og sauene) for gjeting i ein slik situasjon, så vil eg sjølvsagt revurdere ei eventuell påmelding på kurs.
  20. plutte

    Gjeterhundkurs

    Du kan jo høyre, om du plutselig manglar samtaleemne eller noko. Men ikkje noko stress altså. Eg er forøvrig på vestlandet, nær Bergen.
  21. plutte

    Gjeterhundkurs

    Hah! Typisk. Får campe på sida og kanskje eg klarer å kapre ein plass om nokre år?
  22. plutte

    Gjeterhundkurs

    Takk for tips! Skal sjekke ut Anne Buer. Eg treng virkelig nokon som er tålmodig med eigar, eg blir så lett forvirra. Kanskje! Eg skal skrike ut dersom eg melder meg på, det hadde vore kjekt. No fann eg og ei fin liste her. Eg elsker lister. Kronbacken.se fikk eg litt sansen for, men ser ikkje at dei har nokon kurs no i sommar.
  23. plutte

    Gjeterhundkurs

    Jaa! Der var navnet! Supert, bookmarked, ser han skal ha sommarkurs så det skal eg sjekke ut! Takk.
×
×
  • Opprett ny...