Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. Haha, eg vart kjempenysgjerrig på kva strinning kunne vere for noko, og tykte det såg kult ut at det tydeligvis var ein eller annan teknikk som ligna veldig på strikking. Jada. Treig. Av farger, så har Bamse mest raudt. (Han er svart blandingshund.) Vaffel (svart/kvit raggeBC) har oransj sele og rosa regndekken, resten er stort sett arvegods frå Bamse og difor raudt. Pluss litt svart. Eg vil egentlig ha grønt til han, men det har eg visst ikkje fått til enno, anna enn kløven.
  2. Me har hurtta str 80, og den er bittelitt stor. Eg -trur- eg planlegg å kjøpe str 5 i non-stop, men vil sikkert prøve den først. BC 24-25 kg.
  3. Det dukker opp alt for mange alternativer no. Takk for tips! :notere: Haha, det tenkte eg og i går då eg stod og nesten kjøpte. Dei har jo maskiner overalt!=!!! Hadde handlerunde og var innom Wallendal, Ica, Coop, Europris og Rema. ALLE HADDE MASKINER! Men eg klarte å la vere. Sjølv om den adventskalenderideen ikkje var så dum.
  4. Eg har vore på IKEA!! Julmust! Haha, eg diggar det. Tippar eg er meir engasjert i operasjon julmust, enn han som faktisk drikk skvipet. Hamstra med meg nokre flasker, no blir'e jul på svensken! Søstra mi har forresten informert om at ho ønskjer seg le cruiset salt og peparbørser, så da får ho kanskje det, sjølv om eg eigentleg hadde ei bok ho skulle få. Dei andre veit eg ikkje enno, men eg, pluttemann og plutteson skal dele ein star wars Lego kalender.
  5. Fantastisk! Tusen takk! Eg elskar deg! Me skal feire jul aleine og heime for første gang, må lage nye tradisjonar, og julmust var tydeligvis viktig for meg.
  6. Eg fann masse DGkapslar på Rema, til og med på tilbud, så det var like før eg hamstra men klarte å la vere. Tipper eg hamnar på DG. Og så falt eg litt for ideen til @Ingvild, så eg kan kanskje prøve å skaffe ein vannkokar og sånn kaffesiledings i tillegg? (Kva heiter kaffesiledings?) Vannkokar har me heller ikkje. Om eg då legg på ei (lita) flaske instantcoffee så får han tre variantar til jul, då blir han sikkert glad, hæ? Finst det te med kaffesmak? Sjokolade? Eg må jo ta den heilt ut om eg først byrjar med ei kaffeinspirert jul.
  7. ! Såg du det på Ikea i Åsane? Fann Ikea-julmust på nettet for nokre år sidan, då eg sist prøvde å få tak i, men då hadde dei ikkje inne i Åsane. Åh, sei at du såg det der. Det hadde vore så kjekt! Smakar sikkert like mykje høgg som alle dei andre julmustvariantane, så det spelar nok ikkje noko rolle.
  8. Det kan vere så ymse ein får. Dei fleste bøkene eg har kjøpt brukt har passa heilt til den beskrivinga dei har gitt på amazon, med unnatak av ei som såg ein smule meir brukt ut, men eg har handla ein del altså. Kjøp av 100% folket så går det nok bra. Eventuelt bruk ei teneste som Jetcarrier eller liknande, og shop det du vil frå junaiten til ei liksomadresse? South Park!
  9. Har ikkje tips, men takk for tråd! Har tilsvarande problem, bortsett frå at han ikkje ønsker seg noko som helst. Han likar slalom (og dataspill..), men har egentlig greit utstyr. Blir og 17 rett før jul, så må finne dobbelt opp. Har tenkt på f.eks. ein god sovepose, sponse jegerprøven, eller fjellsekk, han likar godt å gå i naturen men går lite på eige initiativ så det kan lett bli heilt bortkasta utstyr. @Tabris si løysing er genial, så lenge folk faktisk kjem med ønsker.
  10. Er det i det heile tatt mogleg å logge inn nokon stad utan å sitte i kø i timesvis først? :Venter ei veke:
  11. Forvirra. Eg må stille små, uskyldige spørsmål skjønar eg, for å finne ut kor mykje han vil bruke maskina. Om det han ønsker seg kun er ein kopp kaffe om morgonen så blir det kapslar på mor (kakao!), men om han vil fylle termosen så må eg vurdere noko anna? Er forøvrig 500,- rabatt på http://www.elkjop.no/product/hjem-og-husholdning/kaffemaskin-og-espresso/GENIO2BLACK/dolce-gusto-genio-2-kapselmaskin-sort]denne no ser eg.
  12. Dette ser ut til å være særs avgjerande. For meg. Atte sånnderre kapslar, finst det ikkje gjenbrukskapslar? Meiner eg las det i ein bisetning ein eller annan stad. Den DGen du linka såg forøvrig veldig ok ut. Likte spesielt godt at den skrur seg av av seg sjølv. Kan godt vere det blir den. Maskina trenger forsåvidt ikkje vere superenkel, fyren er ganske teknisk begava, han er berre lat.
  13. Takk for svar! Som venta må eg kome med meir informasjon som eg gløymde i første innlegg. @Siri Svær er relativt, i dette tilfellet bør den ikkje ta meir plass enn kjøkkenmaskina (Kitchen Aid). @Tekopp 3-4 kr pr kopp var litt meir enn eg hadde forventa, men ikkje uforskamma dyrt. Eg drikk brus for meir enn det han i så fall vil drikke kaffe for, så eg kan ikkje bruke det som argument. :[ Men eit kriterie eg gløymde, som absolutt burde stå øverst, er at det må vere enkelt. Helst fyll på vatn og trykk på ein knapp. Fleire operasjonar som å kverne bønner først og vaske presskanne etterpå, er nok uaktuelt. Eller var det ei maskin som kverna bønner og laga kaffe med ein knapp? Skal sjekke clas ohlson etterpå! Pluttemann er ikkje snobb på kaffe, men sånn instantkaffe greie er ikkje -kjempepopulært-. Kapsel vart straks meir interessant om eg kan få kakao av den. -.-(først meg sjølv... etc) Trur eg skal sjekke ut Tassimo, men tar gjerne i mot fleire tips!
  14. Herr Plutte har uttrykt ønske om kaffemaskin til jul, og eg har gått meg vill i jungelen. Eg drikk ikkje kaffe sjølv og kan rett og slett ikkje nok til å vite kva som er greia. Han drikk ikkje så mykje kaffe, og likar den helst svart (vanleg?). Per i dag drikk han kaffe på jobb og har statoil/shellkopp eller eit eller anna sånt. Me har lite kaffedrikkande besøk, så vil ikkje ha behov for noko massiv multikaffekokemaskin. Han har hinta til at kapselmaskin kanskje er det han vil ha. Kan nokon tipse om kva som fungerer? Gjerne kapselmaskin, men alternativer kan og vere ok, kva veit vel eg. Kriterier! Må lage meir enn berre sånn minikopp, tipper den vil bli brukt om morgonen til å fylle termosen (0,6L), og ein og annan kaffekopp i helger sikkert. Må vere rimelig enkelt å skaffe kaffe til, anten det er kaffegrut eller kapselsak eller eventuelle andre ting som finnast. Grei å gjere rein! Helst til rundt tusenlappen, makspris 2000,-. Gjerne ikkje ein fysisk diger sak, tipper den blir ståande på kjøkkenbenken. Hjelp?
  15. Det er ganske mange nye strikkebøker ute no i haust, dersom du vil ha noko kjapt og smått har nøstebarn ny bok ute no for eksempel. Ellers er det og kjem det nokre koftebøker, og facebook si strikkeside har eiga bok, og og og! Det er mange. Og sannsynligvis har Ark mange av dei inne, eller kan skaffe. Og om ikkje, så får du nok heilt sikkert bytta boka i ein vilkensomhelst annan bokhandel og. :]
  16. Eg er med enten det er her eller fb, og det kan godt vere eg er mindre sjenert på ei lukka gruppe enn her i det o store offentlige rom. Laster ned sjekklistene as we speak, og skal alltids få skaffa boka på eit vis. Jobber i bokhandel så sjekker om eg får den rimeligare der først, sidan det sikkert kjem til å hamne fleire ting i korga om eg skal kjøpe hjå kreativhund, som har litt for mykje kjekt.
  17. Me vil med, me berre slit med gjennomføringa. (Skulle jo vere med på dei tovekerstreningane me hadde her og, men kom oss aldri i gang.) Trener positivt og ufokusert. Har ikkje boka, men den står på ønskelista.
  18. Grattis med flytting! Så effektive de var, eg får aldri mykje når eg flytter, hilsen lett distrahert. Pizzaløysinga er forresten å fjerne eine breisida av øskja, som ei heimelaga takeaway pizzaøskje.
  19. Liten avsporing kanskje, men er det så lett å "bli kvitt" kvalpar då? Eg såg eigentleg for meg at mange oppdrettarar var nøydd til å behalde kvalpar frå kull, i mangel på (gode?) kjøparar, og innbilte meg at det kanskje var litt sjangsespel å drive oppdrett, avdi ein kunne bli sittande att med ein haug med hundar, og når ein då avlar utan å planlegge å behalde noko så.. tja.
  20. plutte

    Monas vinter-EFIT

    Åh, du har snø! Du er tydeligvis ikkje i mitt nærområde. Digger bussbildet. Fin dag!
  21. Eg har fått så fin venn! :hjertedingsegikkjekannavnetpå: Og så utnytter eg dødtid på jobb og har allerede laga ei gåve, hoho! Min venn skal få mange eg-kjedar-meg-på-jobb-gåver.
  22. Eg fekk etter ei stund ikkje lagre nye filer på minnebrikka, men ellers virka den heilt normal altså, alle filene var der og fungerte, kunne berre ikkje legge til nye eller fjerne nokon. Trenger ikkje vere det som er problemet på din da, kan sikkert vere noko heilt anna og.
  23. Ligg bildene på minnebrikke? Min xperia krangla med minnebrikka eg hadde i, og det gjekk ikkje an å slette filer lengre. Den både sletta og formaterte men alle filene låg der etterpå, og eg googla meg fram til at andre har opplevd det same og at brikka er øydelagt. Sånn ellers, så er det ein del telefonar som sjølv lagar thumbnails av andre bilder, så du har på sett og vis dobbelt opp, og då kan du slette hovudfila så mykje du vil men thumbnailen blir sjølvsagt liggande fram til den og er sletta.
×
×
  • Opprett ny...