Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Hils på Mira og Rebella, dei to eldste dyra i hus. Rebella er vel nærmare 9 år sånn ca. og Mira er vel snart 7 år trur eg. Mira er den som taklar hundane best. Eller det vil sei at ho lar hundane gjere kva som helst med, som å sleike ho i øyra, dra ho etter halen og bokstavleg talt kapre heile katten. Rebella derimot... kan ikkje fordra hundane, men så lenge ho får vere i fred går alt bra. Verkar som at ho har blitt litt "mjukare" på sine eldre dagar, spesielt når det kjem til Pia. Men ellers er ho ein stykk sær katt som ikkje likar fremmede. Kos består av å ligge på fanget og presse klørne laaaangt inn i kneet, deilig! Dyrebeskyttelsen er også enormt "flinke" til og fange inn den "svoltne og forlatte" Rebella som alltid er "langt" vekke frå heimen sin. Det vil sei at ho er mellom 50 meter frå inngangsdøra, til 2 minutters gange heimaifrå. Blæææh! Rebella Mira fulgte etter meg og Pia på tur... Mira Mira Pokerface! Mira Rebella Rebella
  2. Heilt normalt å berre sette "knute på tråden" i staden for å sy på hannkattar. Men alt høres normalt ut, men skadar jo ikkje å ringe veterinæren for å vere på den sikre sida Og du skal helst la det vere i fred utan for mykje dill og dall
  3. Bellare

    Etnahund?

    Og der fikk man svar også. Laaaangt svar. Verkar som at Etnahunden kan ha ein ørliten smule meir jaktinstinkt enn Salukien, men til gjengjeld er vist Etnahunden ein meir "brukshund" type som kan brukast til det meste, og som ikkje blir så fort lei som Salukien. Baaah, får ønske eg vinner i lotto ein dag og skaffar meg begge to etterkvart.
  4. Bellare

    Etnahund?

    Takktakk Sendte ein mail til kennel Biscotti
  5. Bellare

    Etnahund?

    Veit Salukien også har ein del jaktinstinkt, men slik eg las det verkar det som at Etnahunden har eit mykje kraftigare jaktinstinkt. Kle er null problem
  6. Bellare

    Etnahund?

    Er jo på utkikk etter den neste rasen som kan passe inn hos meg når eg ein dag flyttar for meg sjølv, og har sett på Salukien, og eg er fortsatt temmeleg sikker på at eg endar opp med ein slik. Men når ein rotar rundt på finn.no kjem ein over mykje rart. Kom blant anna over Etnahunden som eg las litt meir om. Følte eg ikkje fant så alt for mykje informasjon om rasen (sikkert fordi det er svært få av dei i Noreg...), men vart jo litt nysgjerrig på rasen. På grunn av dens sterke jaktinstinkt som den kan ha, så blir det neppe noko Etnahund i hus med det første i vert fall. Men nokon som har erfaring når det kjem til Etnahunden? Korleis dei er i kvardagen, korleis er lynnet, og når det kjem til trening (vanskelege eller lettlærte)?
  7. Oppmerksomhetssjuk? Eller kanskje ho må ut på do?
  8. Som tur/alt-mulig-sele har eg ein y-sele som funkar supert. Aldri farga av eller noko som helst, og når det skal vere sagt, så regnar det meir i Førde enn i Bergen, så den er godt vandt til vått drittvær Det er ikkje hurtta sin, men er av merket yukon. Funkar supert!
  9. Det er faktisk ganske så normalt. Veit om fleire om ikkje lærer hunden sin sitt fordi dei skal drive med utstilling og ikkje ønsker at hunden skal sette seg ned då den helst skal stå fint på bordet og/eller golvet. Driv jo sjølv med litt utstilling, men ser på sitt som ein "grunnleggande ferdighet" eller kva eg no enn skal kalle det, men er jo litt nyttig under LP-trening også
  10. Kan også vere øyremidd, men då ser det ut som jord inne i øyret. Men ta ein tur til veterinæren i morgon du!
  11. Og der fekk eg svaret på kvar eg skal kjøpe halsbånd når eg får min neste rase
  12. Det seiast jo at det er mindre sjanse for magedreining om matskålene står oppe frå golvet og "møter" hunden så den slepp å bøye seg så grådig. Og sidan din hund et og drikk roleg når skålene står i litt høgde, så ville eg ha fortsatt med det
  13. Frøkna vi har vert FULL av slike mini mini frø med piggar/borrar, og einaste måten å få det ut på er å børste pelsen flokefri, for så å finne ein superfin kam og børste det ut.
  14. Har ei stund vurdert å prøve ut fløyte når det kjem til innkalling. Det lille dyret som tusla etter matmor og kom når eg ropte slutta jo raskt etter at dyret fylte 4 - 5 mnd. og har i godt over eit halvt år vert langlineavhengig. Kunne eigentleg tenkje meg å sleppe langlina og la den henge etter, men sidan dyret fint kan finne på å fyke avgårde om ho ser ein person og/eller ein hund, så tar eg ikkje den sjansen. Har jo dermed hørt at fløyte kan (ikkje nødvendigvis sjølvsagt) føre til ei sikrare innkalling. Men blir litt usikker på korleis eg skal starte innlæring av det. Skal eg "fløyte" idet ho kjem springandes mot meg og gjerne hoppe, sprette og vere morosam, og samtidig rose, belønne og gjerne leike når ho har komt til meg? Altså prøve å oppføre meg som ein skikkeleg raring og vere den mest morosame personen i heile vide verda? Eller finst det betre innlæringsmetodar på fløyta?
  15. Bellare

    Bæresele

    No jobbar eg i ein ferskvaredisk bak i ein matvarebutikk, og eg har sett hund i butikken to gangar. Hund i matvarebutikk er ikkje greit med mindre det er ein førarhund som gjer ein jobb. Ein veit aldri kven som er allergisk og ikkje, og kva om hunden drar med seg baseluskar inn i butikken og spreiar dei til diverse matvarer? Ser heller ikkje poenget med å dra med seg ein hund inn i ein matvarebutikk. Plutseleg kjem det ein person som er hyperallergisk og skal prøve eit plagg som er fullt av hundehår... Einaste gangane eg drar med meg frøkna inn på eit shoppingsenter er når vi skal på dyrebutikken eller om eg skal ein svipptur innom postkontoret for å hente/poste ein pakke. Det ligger opent, rett ved inngangsdøra til shoppingsenteret. Ein ting eg har merka meg er at mange senter kun har "hund forbudt" skilt ved ein eller to ingangsdører, men dei resterande dørene ikkje har slike skilt. Sist eg sjekka var det ein vesentleg STOR forskjell på eit privat kjøkken heime, og ein offentleg matbutikk der alle moglege mennesker handlar.
  16. Er da enkelt å mentaltrene ein hund sjølv om den ikkje går laus. Lær hunden lydighetsøvelsar og diverse andre morosame/hjelpsame triks. Tren spor (pølsespor t.d), det er super trening og ikkje minst kjekt! Om du MÅ ha hunden laus for å trene den, så anbefalar eg langline sidan du helst skal ha kontroll over den, spesielt med tanke på det at den kan gå etter mennesker.
  17. Festet er vel litt lenger bak enn midt på ryggen, men ikkje fullt heilt bak ved halerota. Selen er meint for skiturar, har ein heilt grei y-sele som tursele
  18. Å ha eit spesifikt rasenamn i kennelnamnet er ikkje så bra med tanke på at du plutseleg ein dag kan avle på ein anna rase. Norsk kan vere litt negativt om du skulle få kjøparar frå andre land og diverse. Når eg skulle søke hadde eg så mange rare og teite namn at eg til slutt fekk tips om å bruke f.eks. dei to første bokstavane i fornamn og etternamn, samt ein Z eller X heilt på slutten så ein slepp den teite 's greia. Dermed endte eg opp med Sikvax liksom (som eg enda ventar på skal bli 100% godkjend)
  19. Obsideisan, gjekk litt fort i svingane sidan frøkna måtte så fælt ut på do... Men uansett, ser også ut som at selen sitter greit på ho, hadde den på mens eg gjekk ei runde rundt i nabolaget, og den sklir ikkje når ho vimsar rundt histen og pisten. Er godt mulig er reagerte litt fordi på y-selen har så stor halsopning. Verka som at ho følte den var litt ubehageleg når ho drog, men det kan kanskje vere fordi ho er vandt til ein y-sele som sikkert har eit anna trekkpunkt? Hadde eg berre hatt litt peiling på selar, så hadde dette sikkert ikkje vert så vanskeleg :rolleyes2:
  20. Nett fått Gresshoppa selen eg bestilte til Pia, men vart litt usikker på størrelsen. Det var ingen størrelsesguide på iPet.no der eg bestilte den, og fant vel ikkje så mykje størrelsesguide andre plassar heller når det kom til selen. Bestilte den i halsopning 30cm sidan det er det ho brukar på halvstrupen sin. Selen verka litt trang å få på, mulig det er fordi det ikkje er klips-opning, men sånn ein på tre over haude for så å tre labbane ut i riktig opning. Selen sklir framover så sant den ikkje blir trekt bak, og eg får akkurat plass til to fingrar mellom selen og huda på sida. Kanskje ikkje så enkelt og sjå på ein slik pelsdott som det her, men ser det ut som at selen sitter som den skal, eller burde eg gått opp ein størrelse? Følte liksom den vart litt liten...
  21. Hat på nettet som har vert supertregt dei siste dagane. Trur ikkje det likar at vinteren er på veg...

  22. Nei, er som med dei fleste andre hundar. Dei treng sosialisering, miljøtrening, tur og mentaltrening. Og dei fleste Coton eg har møtt på utstillingar verkar som rolege og harmoniske hundar. Sjølvsagt så kan det vere miljøet der og då også sidan det er mykje som føregår på ei utstilling, men jah. Pia er av den usikre typen. Kan reagere (bjeffe) på enkelte mennesker, og nesten alt av hundar. Mamma har litt kontakt med eigarane til søskena til Pia (mamma er oppdrettaren til Pia) og etter det eg har hørt, så er dei glade og harmoniske hundar som elskar nærmast alt, og som er med på stort sett det aller meste.
×
×
  • Opprett ny...