Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Har faktisk holdt på med og lage sløyfer no. Har kun to finsløyfer til hundane, og ville ha litt meir å velje mellom. Sløyfer er såpass dyre at eg gjekk til innkjøp av bånd og pynt, og fant fram nål, tråd og strikkane eg kjøpe på utstillinga i helga. Fikk litt dilla, så har laga 6 stykk no, samt pynta ei scrapbooking sløyfe og sydd på strikk. Her er resultatet: Scrapbookingsløyfa eg pynta. Pia får prøve eine sløyfa
  2. Det stemmer. Ligger bilder av Chi'en ute på norwegian Weightpull club
  3. Well develop body maybe
  4. Er det verkeleg ingen som har "erfaring" med andre kvalpegrinder enn dei kompost greiene frå Biltema?
  5. Du kunne ikkje tilfeldigvis har kasta ein trylleformel over på meg slik at eg også klarte å kutte ut sukker og slikt noko? :rolleyes2:
  6. Då får du dra med deg ei venninne eller ein kompis som har lappen og reise på ein liten rundtur x)
  7. No har det seg slik at vi eigentleg har alt for mange vannskåler, men den eine står inntil veggen ved sidan av matskåla på kjøkkenet, den andre står mellom grinda som går inn til kjøkkenet (når grinda er open) og ein kommode saman med den andre matskåla. Ellers står det ei på soverommet inntil tøyburet og ei på det andre soverommet inntil veggen Edit: på kjøkkenet har vi spisebrikke under mat- og vannskål, men vi har ein bleiekladd som ligger under spisebrikka igjen for å suge til seg vannsøl.
  8. Er ikkje slemt, det er normalt. Hadde heller ikkje passa ein hund der eg sjølv hadde måtta betalte både fór, veterinærutgifter og eventuelt utstyr. Har du prøvd å ringe på døra, sånn meir eller mindre hamre/ringe deg inn liksom? Eller tatt kontakt med naboane hennar for og høyre om dei veit kvar ho er?
  9. Dette funkar som bevis om det eventuelt skulle bli ei sak utav det heile, så for guds skuld behald alt saman! Men ser ut til at du har havna oppi litt av eit rot når eigaren verkeleg nektar å ta telefonen eller svare på noko som helst. Det du gjer då, er at du møter opp på døra og snakkar face to face med ho. Sidan du kun skulle passe hunden er det i grunn korrekt at du kan sende rekning til eigaren av hunden. Ta kontakt med falcken og få dei til og hjelpe deg om det heller ikkje funkar å møte opp på døra. Ville også reist til vetten, fått bikkja på vekta for og sjekke vekta, tatt bilder av den og liknande. Få ein veterinærattest også. Dette funkar også som bevis med tanke på tilstanden til hunden når du fikk den.
  10. Topline ja. Takk for svar
  11. Kritikkane er vel ikkje alltid like enkle å tyde, så får høyre her inne. Sikkert mange erfarne utstillarar her kan eg tenkje meg "... fine poter, noe understilte bv..." Er det bakbeinsvinkling som er meint her? Vart litt skeptisk sidan mamma sa at Pia så vist ikkje hadde det "... Typ. in t-line & tail set, tail carriage could be a bit better, too much over the back..." T-line? Kva/kvar er det? Aldri hørt om før.
  12. Synest det kan vere svært så lurt! Kunne i vert fall gjerne tenke meg å svare på evalueringsspørsmål frå utstillingane eg har vert på. Spesielt med tanke på at det er enkelte ting eg synest høyrer til på ei utstilling.
  13. Då har frøkna debutert i juniorklasse på utstilling, og ho var einaste Coton på begge. På miniatyrhundutstillinga gjekk ho ut med gult sidan ho bjeffa på dommaren. Stakkars frøkna gjekk med luggen nede og såg ingen verdens ting, vegra seg dermed for å få i ringen og bjeffa ein god del. Tok lærdom i det til BSBK utstillinga på søndagen for og sei det sånn. Luggen var oppe og frøkna gjekk fint i ringen, vart litt ukonsentrert når vi stilte opp for dommaren mens kritikken vart skriven og ho bjeffa litt på noko utafor ringen og ringsekretæren, men det vart Excellent og konk1, så vi gjekk ut med rødt. Fornøgd med det.
  14. Dei kan gjere det bra på utstilling ja. Har hørt og sett hundar som glefsar/biter etter dommaren, og som enda har fått tildelt BIR. Mens enkelte er strengare, slik som når Pia bjeffa på dommaren og dermed gjekk ut med gult. Ein Champion treng ikkje nødvendigvis vere ein god avlshund heller. Mange som trur det, men det er nok feil
  15. Slike har vi på hytta, men dei er nok litt vel store med tanke på å dra dei med seg på tur, utstillingar og liknande.
  16. Driv og ser etter ein kvalpegrind som kan passe ved kull og eventuelt utstilling. Derfor MÅ den kunne leggast heilt flat! Har sett på ein i "tøy" der ein også får meg ein oppbevaringsveske, men er litt usikker på høgda (43x92 cm), men så såg eg også ein blå type med netting som er forma som eit kjøttbein på kvart "element". Nokon som har erfaring med nokre av desse to, eller som har ein anna type å anbefale?
  17. Pia fekk gult på miniatyrhundutstillinga sidan ho bjeffa på dommaren, men ein fin kritikk. På BSBK utstillinga gjekk ho ut med Excellent og konk1, så absolutt fornøgd med det. Tok også lærdom i det at eg MÅ har luggen hennar oppe på utstilling framover, mulig vi hadde unngått gult på laurdagen då
  18. Hannen kan ta livet av kvalpane, og tispa kan ta livet av kvalpane. Det kan skje. Det er vel mest normalt å skilje tispa med kvalpar frå dei andre hundane i flokken til kvalpane er "gamle nok" til å springe rundt og sosialisering/miljøtrening startar i heimen.
  19. Udyret gnage over internettledningen i går, så fekk ikkje svart før no. Men Carro92 kom med det eg skulle anbefale, nemleg fotovideo
  20. Tja, kjem vel heilt an på kvar du kjøper det, og kva objektiv du vel. Veit om ei norsk fotoside på nett som selger utstyr til ein heilt OK pris, og eg har hørt det ofte er billig der. Ellers har vi den svenske tvspelsweb.se der du kan sjå om du finner noko. Kan sjå om eg finner igjen den norske sida seinare i dag om du ønsker det? Så sant du ikkje klarar og få klare bilder seinare i dag då
  21. Geniale bilder! Fekk meg i vert fall ein god latter no tidleg på morgonkvisten
  22. Objektivet ja. Det kan vel også ha noko med det å gjere trur eg. Mitt lille objektiv (det som følger med kameraet) EF - S 18 - 55mm f/3,5 - 5,6 ll funkar ikkje overhode til fartsfyllte action bilder. Så det kan nok desverre ha noko med det og gjere også x)
  23. Funkar ikkje sportsinnstillinga!? Det er stort sett alltid den eg brukar når eg er ute i parken med udyret, og det funkar supert, og eg har Canon eos 500D. Ellers så kan du bruke TV/AV (hugsar ikkje heilt kass det var av dei) og så snurrar du på "hjulet" som står rett opp og ned, ikkje det flate med innstillingane på. Då ser du eit tall på skjermen som forandrar seg. Er best om det er lavt for lav lukkertid, men prøv deg fram med forskjellige tall. Er slike bilder eg får med sportsinnstillinga. Lyset har også mykje og sei, er det dårleg lys funkar ikkje sportinnstillinga noko særleg.
  24. Skammarserien Historien om Katriona Teresadatter De fire og han som gjør galt verre (usikker på om den finst på lydbok, men anbefalar denne på det sterkaste uansett!)
  25. Reknar med det har litt med dommarane og gjere. Nokre ser ikkje på det som ein feil, mens andre gjerne gjer det.
×
×
  • Opprett ny...