Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Heilt normalt det. Og på det siste kullet vart ho "smitta" av ein Chi med løpetid som vi passa, og Dina fekk dermed løpetid nokre månader før vi forventa den. Kull var planlagt, så då var det berre å reise til hannhunden. Og Dina har laaaange intervallar mellom kvar løpetid.
  2. Har pelsrase sjølv, og det kan til tider feste seg drit i pelsen, det er derfor viktig å halde pelsen heilt kort rundt analen. Så rundt der må du passe på å klippe. Men ellers må du bade hunden for og få vekk alt dritet, og den som ikkje vil, den SKAL! Frøkna mi er heldigvis så lita at eg kan halde baken under springen i vasken på badet og gni det vekk ved hjelp av ein klut.
  3. Skal ikkje alltid vere så enkelt nei. Men lille kvalpen er kun 3 mnd. og klør nok fælt i munnen på grunn av tenner som detter ut og poppar opp. Frøkna her var også føl til og bite, spesielt i buksebeinet/leggen, så eg lærte ho kommandoen nei, og det funka veldig bra. I tillegg fekk ho eit tonn med bein (sjølvsagt kun eit om gangen) som ho kunne gnage på, samt leikar og fyllte kongar. Så hadde ho noko anna å tenkje på enn å bite på alt og alle. Men kvifor gir du oppmerksom til kvalpen heile tida med unntak av når den sover? Biter kvalpen på møblar ville eg prøvd med GettOff spray eller andre ting som kan vere ekkelt for hundar og andre dyr. Er ikkje alltid det funkar, men er jo verdt eit forsøk. Men også her ville eg rett og slett lært inn kommandoen nei. Går vel også an til å "stenge" kvalpen ute frå flokken ved å forlate rommet, snu seg vekk og oversjå atferden. Men det er vel også blant det vanlege som står på nettet såh...
  4. Er spent på kor mange Coton som er påmeldt på NMHK utstillinga! :D

  5. Bellare

    Saluki?

    Kjem vel gjerne an på om hunden er/var vandt med katt frå før av også reknar eg med. Dagen eg flyttar for meg sjølv saman med frøkna skal eg skaffe meg ein katt også (vi har to her heime, så frøkna er vandt med dei), både for min eigen og hundens del. Men vi får da sjå kva eg sitter igjen med om nokre år, det kan jo bli riktig så spennande x)
  6. Bellare

    Saluki?

    Reknar i grunn med at innkallingstrening av Salukien er ein svært svært viktig ting å starte med frå dei er små. Men det er vel slik med alle så uansett. Er jo ein storforbrukar av langline sidan frøkna mi plutseleg kan lukke øyra og springe bort til nærmaste person og/eller hund, og då gjerne for å kjefte. Haff, kunne ønske ho var som når ho var lita, dilta etter meg og sprang aldri bort til andre x) Er salukien typisk "passiv" til andre hundar, eller veldig sånn at dei VIL hilse? Er jo sjølvsagt individuelt frå hund til hund, men sånn generelt sett liksom. Kva er typisk for dei? Når det kjem til at enkelte kan vere nokre grusomme monster som kvalp, der dei øydelegg alt mogleg, så trur eg at eg har opplevd det meste allerede. Mange sko som er ihjeltygde, telefon- og internettledningen er avgnagd X - antall gangar, pc laderen vart drept, det siste kullet til hunden til mamma drog tapet av veggane, frøkna mi pissa og dreit inne i nesten eit år og er enda ikkje 100% stuerein, og jah... Er jo også ute etter ein frisk rase, og Salukien, eller myndar generelt er jo ein relativt frisk rase. Føler meg nesten litt "sær" på rasevalget mitt. Rasen eg har frå før av er det nesten ingen som har hørt om før (her i området altså), og Salukien er ikkje den rasen det finst flest av heller akkurat. Aldri sett rasen her faktisk x) Er forresten den langhåra varianten eg har forelska meg sånn i då.
  7. Bellare

    Saluki?

    Salukien høyres jo ut som ein super rase. Har ingen ambisjonar innan verken LP eller AG, men trenar det kun for gøy. Om eg ønsker å satse så smått, så har eg uansett ei frøken som synest lydighet er kjempe kjekt i vert fall. Lure Coursing er det ikkje her, i så fall har dei gjømt seg vekk, så det blir det nok svært lite av. Blir nok heller ein mulighet for utstilling. Trur det kan vere ein fin rase for meg og for mitt bruk, kan vel også sykle med dei? Berre ikkje så mykje på asfalt Litt bjeffing er null problem, har jo tross alt ein liten varsler i hus frå før av. Huff, fekk det litt travelt her no. Får prøve å skrive vidare seinare x)
  8. Utstillingsklær ja. Føler meg alltid som ein liten bums som går inn i ringen med tanke på alle dei andre som går rundt i dresssbukse og dressjakke med ei fin skjorte under. Men i sommar gjekk eg til innkjøp av nokre klær, då med spesielt utstilling i tankane, men også til kvardags. Så ei svart, inntilsittandes bukse (eigentleg joggebukse) som faktisk var ganske så fin, samt ei brun inntilsittandes bukse med litt sleng heilt nede. Ei kvit skjorte, ei rosa (som MÅ leggast opp, ser ut som ein kjole!). Funderar også på om ei rutete og delvis stripete skjorte eg har kan brukast også, minnar litt om ei "fjøsskjorte", men veldig fin. Har jo hørt om enkelte dommarar som er så prippne på det at dei nesten dømmer etter handlerens klær... I vert fall at det kan verke slik.
  9. Pia Isadora, født 09. September 2010 er eit kapittel for seg sjølv. Mammadalt, gneldrete på spesielt medium/store hundar og enkelte fremmede mennesker. Leik er kult, men godbitar overgår alt, i vert fall nesten *kremt* Ho er hovudsakleg ein utstillingshund, men trenar ho også til litt lydighet, har prøvd ho så smått på AG bana og gått litt pølsespor med ho. Pølsespor er ho forresten overraskandes flink til!
  10. Mitt namn er Siri, er 19 år og kjem frå den lille, men svært regnfulle byen Førde som ligger på Vestlandet. For dei som lurer, så regnar det meir her enn i Bergen, jeeei! Bur fortsatt heime, og jobbar bak ein ferskvaredisk sidan eg no har eit friår frå skule. I 2006 fekk vi vår første hund er heim, nemleg hunden Dina som er av rasen Coton de Tulear. Det er i hovudsak mamma's hund. Vi skulle ikkje stille ut, og ikkje avle, men slik endte det ikkje heilt. Dina vart stilt, og har eit stort og eit lite Cert, og har til no hatt tre kull. I Dina's siste kull kom lille Pia til verda. Ho vart registrert på meg og vart mitt ansvar. Min første og heilt eigne lille hund. Pia er no heile eit år og vi har vert gjennom både oppturar og nedturar, frustrasjon og glede. Har eit lite ønske om og kunne ta appellmerket med Pia, og kanskje entre LP klasse 1 ein dag. Pia kan alle øvelsane til appellmerket, men på grunn av at ho ikkje er så glad i andre hundar av stor/medium størrelse, og enkelte fremmede personar, og dermed reagerar med "utkopling" og gneldring må vi fortsatt trene på sosialiseringsfronten. Men det har da gått framover i det minste! Ellers er Pia ein utstillingshund. Ho fekk BIR i klassen valp 6 - 9 mnd, og skal snart debutere i juniorklasse på dobbelutstillingane vi skal på i Bergen nest siste helga i September. Framtidsplanen var å bruke frøkna i avl om ho får helsesjekken i orden og gjer det bra på utstilling. Men vi får sjå kvar vi er om eit år eller to. Er også interessert i fotografering, så er ein liten hobbyfotograf. Stort sett frøkna som må stille opp som modell, men pyttpytt, ho har lært seg å posere!
  11. Bellare

    Saluki?

    Er ny på sida, men kvifor ikkje få nokre nye auger på "saken"? Som sikkert mange andre, så er eg på utkikk etter den "perfekte" rasen for meg. Blir då rase nr. 2 sidan eg allerede har ei super lita gneldrebikkje av rasen Coton (mulig framtidig avlshund). Rase nr. 2 ligger enda nokre år fram i tid sidan eg først vil flytte heima ifrå og eg må ha ein fast jobb med stabil inntekt. Startar derfor leitinga etter rasen tidleg for så å finne den rette kennelen. Men ja, Salukien. Har forelska meg så til dei grader i denne rasen. Anar ikkje heilt kvifor eigentleg. Men er ute etter ein mellom/stor hund med lite pelsstell (har nok med Coton pelsen). Eg trenar lydighet på hobbybasis og til tider AG. Ellers går det i utstilling. Har forskjellige stader hunden kan springe fritt på. Har forhørt meg litt med raseklubben og fått til svar at det er ein super familiehund om den får springe i frå seg. Får jo sjølvsagt dagleg tur og hjernetrim også så klart. Mens av andre høyrer eg at det er ein sjølvstendig katt i hundeklær som så absolutt ikkje funkar til blant anna lydighetstrening. Er vel ganske så individuelt eigentleg reknar eg med. Men ja, korleis er eigentleg salukien? Skal prøve å oppsøke Salukiringen på neste utstilling for og sjå, eventuelt snakke litt med folk der.
  12. Så får ein utforske denna sida også då sidan frøkna har sovna :)

×
×
  • Opprett ny...