Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Eg kan heller ikkje å klippe klør, men må man, så må man Om det er kvite klør, så er det jo berre å halde seg litt vekke i frå det rosa, for ellers blir det lekasje
  2. No er eg mildt sagt drit lei. Pia var det lille nye "håpet" som folk gjerne kalte ho, og planen var at ho muligens kunne bli ein avlshund med tida. Det er vel planar eg no har satt ein stor og feit strek over. Med ei frøken som vart født på vinterhalvåret, så var det sjølvsagt grusomt kaldt for ein liten kvalp med kvalpepels, null underull og "babymage", og av dei grunnande vart det ikkje så mykje sosialtrening som eg hadde håpt på, og vi måtte ofte bryte dei gangane vi var der pga. den grusome kulda. Etter nyttår, ved ca. 4 mnd. alder starta det heile med at absolutt alt var skummelt og måtte bjeffast på. Snøballar, hundar, mennesker, skilt, pinne, ballar, osv osv... Det å gå tur i sentrum var rett og slett grusomt sidan ho bjeffa på alt av mennesker og skilt ++. Det er noko vi no har under kontroll etter X-antall turar i sentrum opp gjennom tida, og vi kan no fint gå turar i sentrum utan at folk eller andre ting skal utløyse bjeffing. Med mindre ho ser ein hund. Etter snart 1 år med jobbing på problemet har vi fortsatt det verste igjen, nemleg det at ho bjeffar på hundar. Det er ikkje berre sånn "Oi, ein hund! Voff, voff!" og tusle vidare. Ho kan fint bjeffe 1 time eller 2 i strekk, det er null problem nemleg. Så snart ho ser ein hund startar helvette laus, og eg står med ei frøken som drar i båndet og bjeffar på alt av hundar ho ser. Det vanskelege med ho, er det at eg aldri veit kvar eg heilt har ho sidan ho har ein usynleg av/på knapp, for den eine veka kan ho vere stille og alt ser ut til å gå riktig veg, mens den neste veka igjen, då er det umulig å få ho til og vere stille. Dei gangane ho er umulig, er det meir eller mindre også umulig å få kontakt med ho, og eg kan holde godbitar som pølse, ferske kotelettbitar og tørka kotelettbitar forran snuten på ho utan at ho gidder å bry seg. For dei som tenker å føreslå leike, så er det berre å gløyme. Leikar skal i følge Pia ikkje opphalde seg ute... Instruktørane på sosialtreningane må også gneldrast på. Alle instruktørane! Enkelte hundar går ho overraskande nok godt overrens med, og ho kan fint invitere dei til leik. Til no er det vel 4 stykk ho ikkje på nokon måte har bjeffa på, ikkje eigarane deira heller etter det eg kan hugse. Kvifor ho bjeffar på instruktørane er noko som for meg er eit lite mysterium, men så igjen, så kan Pia plukke ut folk som må bjeffast på, og folk som ikkje fortener kjeft i det heile. Ta til dømes naboen som bur i naboleiligheta, Pia møter nesten aldri på ho, men ho går under "OK lista" til Pia, og Pia søker fint bort og naboen kan fint kose med ho. Slik er det med enkelte andre mennesker også. Var sist på trening i sta, og etter 40 minutt med rein og skjær bjeffing, der ho lukka øyra og var totalt umulig å få til og vere stille, gav eg opp. Det frista eigentleg svært mykje å kaste heile fillebikkja på elva! På utstilling sist fikk eg høyre at ho var litt "spesiell" på ein måte. Sagt frå dommaren: "Ho står kjempefint på bordet og reagerar ikkje på nokon måte negativt, men så snart ho kom ned på golvet bjeffa ho. Til vanleg er det omvendt... " Heime er ho verdas herlegaste. Ho er mammadalt og vil helst fotfølge meg. Ho er enkel på absolutt alle moglege måtar og eg kan gjere absolutt kva enn eg vil med ho utan nokon form for tvang. No er eg lei, umotivert og endar stort sett opp med å forlate treningane med klumpen i halsen og tårene i auga. Både på grunn av bjeffinga, og det at enkelte synest det er sååå festleg eller sååå irriterande at eg er den einaste med ein hund som konstant står og bjeffar. Er det nokon som har ein mirakelkur til meg, for eg er så lei, så lei!?
  3. Bellare

    Saluki?

    Åååh, dei verkar jo så herlege! Kan tenkje det blir ein smule vanskeleg å vente i nokre år, men eg får vel halde meg sjølv i skinnet
  4. Pleier å halde klørne korte ved å klippe dei ca. 1 gang i veka, og gå ein del på asfalt slik at Pia kan slite dei litt sjølv, noko som har resultert i at eg ikkje har trengt å klippe bakklørne på vel 6 mnd! Men har hørt om fleire som pleier å få dei blodklipt hos veterinæren, då gjerne fordi hunden er umulig under klipping når den er vaken
  5. Ingenting i vegen for humøret når frøkna får herje rundt i parken
  6. Nydeleg er ho, men ho er også ei h******* gneldrebikkje når ho ser andre hundar!
  7. Åneeeida, pelsen er så enkel atte Børstar ho alt i frå 1 til 3 gangar i veka og brukar rundt 1 time kvar gong, kjem heilt an på korleis den er med tanke på om ho har kommande flokar. Badar ho 2 - 3 gangar i året med shampoo og balsam, og skyller ho kun når ho har klart å "drite på seg" slik at det er ekkel drit i pelsen bak (noko som er ytterst skjeldant)
  8. Det hørtes overveldande mykje ut med tanke på kva som vart gjort
  9. Ikkje spør... Sånn går det når ein tek ein brå sving og har mykje pels. Froskelår.
  10. Sidan frøkna fant ut at ho skulle stå opp og vekke meg før fuglane i dag, så tok vi turen bort i parken etter frukost. Der leikte ho sau og gneldrebikkje som vanleg. Gras er nemleg svært svært godt synest Pia. Så må man surre seg litt inn også. Standard grimase etter at Pia har rista seg litt. Viktig å verke litt sur og overlegen ut. Enda viktigare er det å sjå litt gal ut. Heilt normal "pang" start under innkalling
  11. Brukar klikker på innlæring av øvelsar og elles når vi trenar aleine. På trening blant andre blir den etterlatt heime. Men klikker funkar kjempebra
  12. Sammenleggbare bur er jo ikkje bra i den forbinding med det at dei kan klappe sammen og utgjere skade på hunden under ei bilulykke. Sele er heller ikkje noko særleg bra med tanke på det at dei faktisk kan løsne, og dermed så har du ein 15 kg. tung hund slengandes rundt i bilen, og som utgjer ei vekt på sikkert fleire tonn i ei ulykke. Herkulesbur og liknande er jo bur eg har hørt skal vere svært svært gode. Også dei "bura" der ein gjer heile bagasjerommet om til eit/fleire bur. Om du er usikker på burstørrelsen til din hund, så bør du ta med deg hunden på ein eller fleire dyrebutikkar og gjerne prøve ut bura. Om du skal bestille på nett bør du måle hunden din
  13. Har hørt at kvit Boxer gjerne ha dårlegare gemytt enn dei med farge. Stemmer det? For ser ikkje heilt kva fargen kan ha med gemyttet å gjere eg då...
  14. Haha, litt av eit uttrykk på den grå! Er misunneleg på alle som har hundepark eg
  15. Noko sånt trur eg at eg smakte for ein god del år sidan, og det var godt Så det må prøvast ut!
  16. Sikker på at kjøttet kjem frå Gilde? I så fall må det vere "kokkane" på McDonaldas som er sjukt dårlege til å lage mat, for alt smakar jo plastikk og guffent Og eg har forresten hørt at kjøtt gjerne kan ligge ufatteleg lenge utan å mygle/bli dårleg slik alt normalt kjøtt gjerne vil over lengre tid, på grunn av noko stoff som er tilsatt kjøttet på eit eller anna vis. Om det er sant veit eg ikkje.
  17. Kanskje eg må prøve ut fyllt kyllingfilet neste helg, har jo så mykje kyllingfilet i frysen at gosh! Er veldig skeptisk til ost, men det skadar vel forhåpentlegvis ikkje å prøve
  18. Nesj, kan vere alt i frå kylling, storfe, svin, osv osv... Filet Wellington såg litt artig ut, er det noko brødgreier som er rundt, eller? Edit: ooooh, franskbiff er jo sånn vi til tider har i ferskvaredisken. Men vi kallar det noko anna enn franskbiff då. Om det finst gode rettar på laks også, så er jo det supert! Ovnsbakt laks og laks i taco (istede for kjøttdeig) er jo heeerleg!
  19. Elskar kjøtt, så må nok bli det. Mildt til medium sterk, og helst ikkje lenger enn 1 time forberedelsestid
  20. I helgane er eg stort sett aleine med lille frøkna sidan mamma er bortevekke ( ) og eg har jo fått det inn for det at på lørdagane, då skal ein kunne unne seg noko ekstra god mat til middag. Så dei siste lørdagane har det gått i ytrefilet, løvsteik, litt taco og litt gryterett, men til tross for at det er supergodt, så blir ein raskt lei med såpass lik mat heiletida. Sååå, er det nokon som kan tipse om gode matoppskrifter for litt lørdagskos? Helst ikkje noko innvikla sidan eg ikkje er ein god kokk Og berre så det er sagt, så finner eg aldri noko spennande på matprat.no og dei sidene der. Eller har funne noko godt ein gong!
  21. Kan ein ta sånne fine eventyrbilder av sånn der ND-filter?
  22. Bellare

    Julekalender

    Kaaanskje. Endar stort sett opp med ein kjedeleg sjokolade-julekalender i midten av Desember
  23. Det er vel ikkje kun fargane som er forskjellige, er vel størrelse også?
  24. Oookei. Men vanleg lotto er vel på lørdag?
  25. Haha, no føler eg meg bra dum! Meeen så har tida komt for det at eg kunne tenkje meg å sløse vekk litt pengar på lotto i håp om og vinne den store potten. Har liksom ein plan om at dagen eg spelar, då vinner eg så klart *kremt* Men ja, korleis er det heile systemer går for seg? Har sjekka Norsk Tipping sine sider, men finner ikkje den informasjon eg er ute etter... Må ein ha spelekort, eller kan ein berre spør etter f.eks. ein ferdig utfylt kuppong? Ja, dumme lille meg veit ikkje heilt korleis det here greiene skal gjerast.
×
×
  • Opprett ny...