Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Bellare

    Saluki?

    Aaaah, takk takk!
  2. I 2 guffne minusgrader drog eg med meg frøkna bort til parken så ho kunne få springe i frå seg litt. Ho som ellers pleier å vere over alle haugar når vi er i parken holdt seg unaturleg nok nærme meg i staden for. Men litt fart og spenning vart det vist uansett.
  3. Bellare

    Saluki?

    Berre sånn litt ut av det blå. Du bur i Bergen? Ca. kor lang tid tar det med tog frå Bergen til Oslo/Drammen? Og finst det sider med prisoversikt? Har null peiling på tog greier, men sånn tatt i betraktning i forhold til fly og bil liksom
  4. Aaah, ein Coton, herlege små ulldottar Som du allerede har skjønt, så kan folk fortsatt reagere på ein allergivenleg rase, for det kjem heilt an på kva personen faktisk reagerar på. Så sånn sett hadde det vert lurt om du kjenner nokon som har rasen der du kan passe hunden over ei helg eller ei veke. Eller eventuelt høyre med ein oppdrettar i nærleiken om du og dei i familien med allergi kan komme på besøk for og sjå om dei reagerar. Pelsstellet på ein Coton blant anna variera veldig frå hund til hund. Enkelte har ein kraftig og meir vansleg pels, mens andre har ein lettare og meir enklare stelt pels. Men dette arbeidet tar tid! Min Coton har ein enkel pels, men når dei "skiftar" til vaksenpels, vinterpels og slikt, så er det meir arbeid enn til vanleg. Eg børstar ho alt i frå 1 - 3 gangar i veka, og brukar stort sett ein time kvar gong, uansett om det er mykje eller lite flokar. Og det er ein tilvenningssak, for pelsstellet er noko ein må (!) starte med frå dag 1 for og få ein hund som ikkje kjemper imot som om livet skulle stå i fare når ein finner fram børstane. Sjølv synest eg ikkje det er så krevande med hund. Er på trening stort sett to gangar i veka, ein går på tur kvar dag, fôrar og trenar, osv... Ødelagde møblar, kloring på dører, tissing og bæsjing inne (spesielt i kvalpefasen) er noko "ein må rekne med". Ein kvalp klør i tenna, og så lenge dei ikkje veit kva som er lov og ikkje lov, så tar dei det som er mest spennande. Her har joggesko bokstavlegtalt blitt slitt i fillebitar, platåsko er utan hælar, men alt peikar berre tilbake til oss tobeinte som er dumme nok til å la slike ting stå framme. Og dermed fjernar ein gjerne det ein er redd for, spesielt i kvalpefasen. Når det kjem til tissing og bæsjing kan ein ikkje akkurat sette ein propp i hunden når ein ikkje er heime f.eks. det krever tid og trening. Enkelte er meir eller mindre husreine før dei kjem i hus, mens med andre kan det ta fleire månader før dei er husreine. Veit forresten akkurat korleis det er å vere 14 år og ha lyst på hund. Klarte på underleg vis å mase meg til ein hund, og det var Coton vi endte opp med. Eit år seinrare mista eg litt av interessa, og vart trua med det at om eg ikkje hjalp til meir med hunden, så vart den solgt. Den store hundegleden har jo for lengst komt tilbake igjen, og per dags dato (5 år seinrare) sitter eg her med mi eiga lille Coton tispe på 1 år.
  5. Er det ein spesiell grunn for at andre rasar ikkje får delta på treningane?
  6. Prøv å lære inn nei-kommando, eller så må du prøve å gjere det meir interessant enn dritten Er glad dyret mitt har slutta med det. Ho var grådig på dritteting når ho var mindre, no et ho ein skjeeeeeldan gong sin eigen drit om ho har gjort i frå seg inne og eg ikkje oppdagar det. Men då kun når eg er heime. Er sikker på at ho skjemst og prøvar å fjerne det på sin eigen måte
  7. Frøkna mi spring mot alle og einkvar ho ser når vi er i parken, så eg har ikkje sjans i havet i å nå langlina når ho setter avgårde. Så anten held eg den eller om eg har med meg kamerat, så knyter eg den rundt livet/festar den i magebelte
  8. Det lille dyret er klargjort for vinteren!
  9. Er vel fort at ein går på ein smell med såpass mykje pengar, men trur eg ville: Kjøpt eit lite hus/leilighet med stooor hage og ein passeleg garasje. Gjerda inn hagen med høgt gjerde Kjøpt ny bil Pussa opp huset/leilighet om det hadde vert noko å pusse opp Trappa litt ned på jobben, men ville fortsatt jobba nokre dagar i veka for å få litt forandring i kvardagen Endt opp med enda litt fleire hundar kanskje Kjøpt meg GSP tingetang til bilen sånn at eg tørr å reise på tur aleine utan å vere redd for at eg skal kjøre meg vill Kjøpt litt for mykje unyttige ting Oooog leika Onkel Skrue, og satt resten inn på sparekonto'n
  10. 123hjemmeside har jo kun ein gratis prøveversjon, når prøvetida er over, ja... då er det over med mindre du betalar. Webs.com har også gratis
  11. Deilig å måtte vaske drit utav baken og pelsen bak på frøkna, og det FØR frukost! >.<

  12. Fint å ha ei "studentbok-kalender-tingetang" med alle slike nummer ferdig notert Men får vel lagre nummeret på mobilen også kanskje.
  13. Bellare

    Saluki?

    Staaakars mormor og besten, eg kjem til å besøke dei alt for ofte og kapre alle bøane deira for frislepp
  14. Idet ho bit ville eg sagt nei og/eller evt. oversett ho. Når frøkna her dreiv på med voldsom leikebiting når ho var lita, så var det "nei" som funka, og då kun ein gong "nei" aldri "neineineinei". Lærte inn nei-kommandoen ved hjelp av godbit her, og det funka som berre det
  15. Refleksdekken (Samme som MaritaSørensen har, og eit heimelaga med fleece inni), 2 forskjellige selar med refleks og eit halsbånd med refleks + nokre dressar med refleksstriper på til frøkna. Og vanleg refleksvest til meg eller sånne bånd som ein festar på arm/beinar.
  16. Her i hus har dei heile leiligheta for seg sjølv. Mi lille urokråke kan nok irritere på seg ein heil gråsteinhær, men det går veldig fint å la dei vere aleine heime
  17. I dag fekk Pia prøve ut korleis det er å vere i ein bil der alarmen går. Stakkars lille pinglefrøkna mi! Sjølv om ho ikkje verka så pinglete der og då, sidan ho satt fint i eine framsetet og såg ut til å late som ingenting samtidig som at ho var litt sånn "kva ER den irriterandes lyden?!" Eg og pappa hadde nemleg vert innom butikken ein kjapp tur, og han hadde glømt at det var følelsessensor/alarm ved bevegelse i bilen. Gaaash, har dårleg samvittighet og føler meg som verdens dårlegaste hundeeigar. Og ikkje nok med det overhørte eg nokre ansatte på butikken som tydelegvis snakka om stakkars frøkna som var inni bilen mens alarmen tuta i veg, og dei var tydelegvis ikkje blide på den som no enn måtte eige hunden. Som er meg. Det verka ikkje som at ho har fått varige mén utav situasjonen (heldigvis!). Ho var roleg når eg opna døra og tok ho ut av bilen, var vel heller eg som var meir hysterisk for den lille stakkars gullklumpen min. Når vi skulle inn igjen i bilen for å kjøre heim logra ho med halen og verka ellers glad og fornøgd som vanleg. Så får håpe ho ikkje har tatt skade av det på nokon måte. Men må ha vert grusomt for ho å høyre på. Det er i vert fall ein tankevekkar for den dagen eg skal kjøpe meg ny bil! Er det fleire som har opplevd noko liknande? Korleis oppførte hunden seg etter hendelsen?
  18. Sånn som ein får kjøpt på dyrebutikken med ei lita lengde strikk på også. Omtrent det samme som på bilde under.
  19. Jobbar alt i frå 4 - 9 timar, men sidan eg enda bur heime er det ofte mamma er ferdig ein eller fleire timar før meg, så det varierar veldig frå dag til dag her i vert fall. Men så lenge ein får inn ei god heime-aleine-trening frå starten av og tar tilvenninga sakte men roleg for og få ein hund som er trygg når den er heime aleine, så tvilar eg sterkt at hunden tar skade av det. Så eg synes nesten dei lovene i Sverige vart litt vel drøye. Og korleis skal dei uansett finne ut av kven som har hund og som jobbar i meir enn seks timar? Blir berre rot slik eg ser på det i vert fall
  20. Kattane har reflekshalsbånd, men bjella som følger med blir fjerna med ein gong og telefonnummer blir skreve direkte på halsbåndet. Før var dei fæle med å forsøple gatene med halsbånd, men no på sine eldre dagar har dei vist endeleg lært seg å la halsbånda bli værande på Vi bur midt i sentrum og har kattar som ser ut til å ha lært seg trafikkreglane, så refleks er liksom viktig her
  21. Aldri tenkt over før... Mamma's hund vart raskt stuerein, min hund, som er dattera til mamma's hund derimot var vel like rundt året før ho slutta å gjere i frå seg inne mens eg eller mamma var heime. Når vi ikkje er heime kan "uhell" fort skje, men ho held seg i mellom 5 og 7 timar enkelte dagar, sååeh. Men treg var ho, og eg sprang ut ti tusen gangar om dagen når vi jobba med saken :rolleyes2:
  22. Det jevnar seg nok ut skal du sjå. Frøkna mi var grusomt skeiv når ho var yngre, men har retta seg opp no Her er Pia 9 - 10 mnd. gammal og grusomt skeiv! No er ho 14 mnd. og er slik ho skal vere
  23. Haff... Betyr det at eg må på shoppingtur før neste utstilling? Eller kan ein lilla tunika med t-skjorte armar og med ein under-rompe-lengde passe? :rolleyes2:
×
×
  • Opprett ny...