-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Veit ikkje heilt korleis eg skal tolke det, men det var frå mormor for nokre år sidan: "Du har sånn rompe som stikker ut og ikkje ei sånn flat ei!" Og som enkelte har sagt: "Du og bror din liknar veldig" skjønar ikkje heilt korleis dei kan få det til å stemme sidan han er normalvektig med masse musklar, og eg er ein bolle :rolleyes2:
-
Sidan eg er så dårleg til å forklare, så har eg laga ein liten bildeserie så det kanskje blir enklare og forstå. 1. Brett kantane frå høge og venstre siden inn mot midten og legg dei over kvarandre. Tre så ei nål gjennom på ein "sikk-sakk" måte. Om du trer nåla inn bakfrå, så går den nederste og øverste kanten fram på sløyfa når du strammar tråden, mens når du trer inn nåla framifrå, så går kantane bakover. 2. Finn fram ein tråd som passar fargen og ei tynn nål. Stikk nåla med tråden inn bak heilt nede, inntil nåla som går på tvers av båndet, og så skal nåla gjennom oppe, så nede, så oppe igjen og til slutt nede igjen. Stram til og snurr tråden rundt og rundt nokre gangar før du tar eit sting og knyter. Du kan no fjerne "hjelpenåla" 3. Sy fast strikk og pynt, fest tråden, klipp av tråd og restane av båndet. Voila, du har no ei fiks ferdig heimelaga sløyfe.
-
Fersk, ikkje kryddra eller røkt. Kutt den opp i passlege bitar, steik dei i steikepanne til dei er gjennomstekte, tørk det verste feittet av dei og hiv dei i ovnen ein times tid til dei er tørre og sprø
-
Prøvd å lage noko heime? Tørka kotelettar for eksempel? Eller prøve med leike i staden for?
-
Eller som eg likar å kalle det; CotonPower!
-
Och nokre gjespebilder av Rebella pus som viser sine flotte hogg - tenner
-
Lexi - Kullsøstera til Pia. Pia Lu-Lu og Noah Lu-Lu... eller Noah...
-
Det må vere nokre av dei største og merkligaste Sheltiane eg har sett i vert fall...
-
Sidan eg kun bur 5 minuttars gange frå treninga, så gidder eg ikkje kjøre, så null bil og bur der altså :rolleyes2: Dei einaste "venane" ho har fått seg på treninga er tisper på hennar eigen alder sidan ho ikkje går så godt overrens med andre (bjeffar og bli usikker, spesielt på store) og eg prøvar dermed og halde litt avstand frå før av uansett. Så det med å halde avstand til andre hundar er i vert fall null problem. Får satse på at det går bra og ingen sure miner frå andre
-
Sidan Pia endeleg har fått si første løpetid, så kjem tankane mine inn på trening, då altså klubbens treingsdagar der det er ein del andre hundar av begge kjønn. Veit spesielt enkelte med hannhund kan bli bra sure om tisper med løpetid kjem på trening (har vist komt ønske om å forby tisper med løpetid på trening O.o), noko som gjer at eg nesten føler meg om ein liten skurk om eg reiser på trening med Pia mens ho har løpetid. Men korleis er tankane til andre rundt akkurat dette?
-
Nei, er ikkje det eg meinar. Men med tanke på korleis dagens samfunn faktisk er, der folk gjerne tar ting utav henda på folk (ja, det har faktisk skjedd), så må ein nesten rekne med at det finst folk som er frekke nok til og halde utkikk etter til dømes ein ulåst bil. No er det uklart om personen var ute etter bil og/eller hundane, men jah. Eg personleg ville aldri etterlatt hunden min i ulåst bil eller hus, rett og slett fordi du aldri veit når det er slike raringar på ferde. Det å binde ein hund utafor ein butikk til dømes er også noko eg synest eg uansvarleg (og ulovleg?). Kven som helst kan stikke av med hunden. Og dermed meinar eg at folk kan vere litt dumdristige når dei gjer slikt. Sjølvsagt kan ein glipp skje og du gløymer å låse bilen, men det er tross alt ein grunn for at vi har lås
-
Nokon som veit kvar ein får kjøpt Soft Pens Hundegrind? Slik som DENNE.
-
Ja, trur det eg også. Men man får da i vert fall ikkje liv i kvalpen ved å dytte slimet lenger ned i halsen. Betre å bruke "sleng" metoden for og få fjerna slimet.
-
Om ein ikkje låser bildører, husdører o.l. er eg frekk nok til og meine at folk legger opp til det sjølv og "leverar" ting til frekke tjuvar.
-
Altså, ho får mange korte turar rundt om i nabolaget i løpet av dagen, men det finst jo grenser for dei dagane eg gjerne har jobba i 9 timar, og om eg då orkar å gå ein, to eller tre timars tur med ho. Ellers er vi ofte i parken der ho får rase i frå seg, samt trent litt lydighet. Ein hund blir ikkje akkurat mentalt sliten av og gå på tur, med det treng ein noko anna enn tur altså, og vi har lydighetsøkter, nokre gongar enkle, andre gongar litt meir krevjande. Udyret er 1 år, født og oppvokst her om det gjer nokon forskjell Når eg frå før av står opp 6 når eg har tidlegvakt, så orkar eg i vert fall ikkje og stå opp 5. Det er skremmandes tidleg for ein B-person som meg Men vi ryddar unna det vi kan, men så har vi dei dagane ho finner ut at ho skal gjere litt ekstra faenskap og drar bokstavlegtalt plastboksting greier av veggen. Og eg anar ikkje korleis udyret får det til Bur funkar ikkje. Fører berre til seperasjonsangst, så den saken er i vert fall klar
-
Kjekt program, men med den kvalpen som døde handla dei feil. I staden for å ta "slenge" metoden for og få slim UT, så tok dei munn-til-munn metoden og dermed vart slimet dytta lenger ned i halsen på den stakkars lille greia :/
-
Kjempefint! Takk for idéen
-
Ho kan fint vere aleine i 2 timar utan å øydelegge ting. Til tider også ein heil arbeidsdag, er ikkje kvar dag ho gjer det. Tur og slikt kjem heilt an på arbeidsdagen min, men ho får fleire turar i veka, trenar lydighet og prøvar å lære ho nye triks i ny og ne for hjernetrim. Om ho hadde vert over-/understimulert reknar eg nesten med at eg hadde vist om det når eg er heime også? Då er ho roleg, mammadalt, men roleg. Kan ein og anna gong få nokre leikebyger, men ellers slappar ho av og tar livet med den største ro.
-
Begge hundane her i huset er tolka, og det aller meste/alt stemte. Ganske så skemmande med tanke på at tolkaren ikkje viste noko som helst om hundane frå før av, sånn med unntak av rase, kjønn og alder. Men er svææært spennande!
-
Sånn eg har merka ho frå når eg går, då er ho heilt roleg. Ligger gjerne å tygger på beinet sitt eller sløvar på sofaen og ser på mens eg går. Ho skjønar godt når eg går og ho ikkje får vere med, for sånn ellers pleier ho å komme i full fart. Når eg kjem heim er ho gjerne glad, men har oversett ho litt sidan ho til tider er så glad, noko som har gjort at ho har roa seg meir når eg kjem heim. Ho kan fint vere aleine heime i mange mange timar utan å øydelegge ting også, men så har vi dei dagane ho verkeleg går bersersk også... Ho er dog ikkje heilt aleine, mamma's hund er her også, og ho ligger å snorkar under sofaen dagen lang.
-
Pia er ei nøtt for seg sjølv. Er ho i bur får ho totalt hetta og seperasjonsangsten slår kraftig til. Å vere innestengt på kjøkkenet (har barnegrind) endar kun med at ho hoppar over grinda, teite lille saken! Det funkar heilt fint å la ho gå laus, problemet er berre det at ho har ein stygg tendens til å øydelegge ting. Ho har øydelagd telefon/internettledningen X-antall gangar. Ho har til og med fått ein ting som henger fast i veggen laus! Ledningane som kan fjernast her, blir fjerna og plassert i eit rom ho ikkje har tilgang til. Sko - har det under kontroll sidan vi invisterte i skoesker frå IKEA. PC-laderen min har ho drept, og eg har no min andre lader. Alt av slike ledningar blir også lagt vekk så ho ikkje skal få tak i dei når eg og/eller mamma ikkje er heime. Radioledningen har ho aldri rørt... Før i går. Den er død. Står bordet for nærme sofaen, og diverse småting ikkje er lagt vekk er stua full av dilldall. Gnaging på kommode har ho starta med. Satte noko forran så ho ikkje får tilgang. Tja, lista kan bli nokså lang etterkvart. Men er det noko vi kan gjere for og forhindre dette? GettOff - spray er noko drit og funkar ikkje til anna enn at eg får hundane til og nyse. Både eg og mamma jobbar, og om vi gløymer å gi ho bein om morgonen er det dømt til å skje noko galt, men det kan skje diverse ting sjølv om ho får bein også. Nokon som har eit tips til kva som kan gjerast for og få udyret til å slutte med noko av dette? Det er ein ørliten sjanse for at eg flyttar ut snart *håpe håpe*, og om ho held på slik der også må eg få gjort noko på eit vis, alt er jo nytt der! x)
-
Mon tru om det var ungen sin feil, eller om hunden gjorde det uprovossert...
-
Samme måte som Tonje her også. Hundane her er ikkje noko særleg glad i støvsugaren, men dei finner seg fint i at eg durar i veg med den. Dei får berre flytte seg eller gå i eit anna rom enn det eg og støvsugaren er i