Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Har hørt fleire av den der "jammen hunden gjer det kun på trass for å ta hevn sidan den ikkje vil høyre på meg..." Mon tru kvar folk får det i frå?
  2. Ein levande teddybjørn jo
  3. I sommar sendte eg inn søknad om kennelnamn, og nokre månader seinare fekk eg brev om at dei skulle trykke det i hundesport, og om ingen klagar kom, så skulle eg få eit nytt brev om at det var 100% godkjend og bla bla bla. Kennelnamnet vart trykt i hundesport for snart 2 mnd. sidan, så kor lang tid tar det eigentleg før ein får det brevet frå NKK om det er godkjendt eller ikkje? Søkte opp kennelnamnet på fci.be, og det ligger der... Eg er utålmodig!
  4. Trur nok dei aller fleste har lyst på pengar. Sjølv kunne eg gjerne tenke meg å gifte meg med ein gammal riking, forgifte han når alt står på meg i testamentet og legge han i frysen, men så veit vel dei fleste "normale" folk forskjellen på rett og galt, og må gjerne basere seg på å vinne i lotto eller får millionar i arv i staden for. Desverre har vi dei som kun tenkjer på seg sjølv, som dei som driv den der nettbutikk tingetangen. Var som eg las på ein klage i går: "Once she has your money she's done. Doesn't matter what problems you might encounter, whether receiving a different pup than you selected and paid for , sick pup, dead pup, pup that you're told will weigh 2 lbs full grown and it already weighs 3 lbs on arrival at 3 or 4 months of age.... she is done with you and moving on."
  5. Alt handlar om pengar, pengar og atter pengar.
  6. Bellare

    Saluki?

    Bump. Ingen som veit?
  7. Sjekka ut facebooksida deira, og det at folk faktisk er interessert i å kjøpe hundar frå dei... Kvar er IQ'en til folk blitt av?
  8. Alle hundar kan bruke dei, men sidan det stort sett er myndar som brukar dei, så blir det kalla for mynehalsbånd. Trur i vert fall det er grunnen til namnet Og eg er heilt enig med deg, det finst ekstremt mange forskjellige slike halsbånd som er superfine! Ein av grunnane til at eg gler meg til eg ein dag skal skaffe meg ein Saluki
  9. FYSJ! Og så skal det tydelegvis gjerast så smått som overhode mogleg så alt blir til "teacup" kvalpar... KVIFOR er det ingen som har gått inn og stoppa den/dei personen(ane) som driv med dette griseriet!? Edit: Kvalpane er jo deformerte i ansiktet. Det som liksom skal vere Chihuahua har jo auga på kvar side av ansiktet og er heilt inntrykt...
  10. Eller du kan be dei i familien teste seg for å finne ut spesifikt kva dei reagerar på. Då er det kanskje ein mulighet for ein allergivenleg rase. Men sånn elles ville eg venta til eg hadde flytta for meg sjølv før eg gjekk til anskaffelse av ein hund. No finst det mange rare oppdrettarar ute i den store vide verda, men sjølv ville eg nok ikkje ha solgt til ein person som ikkje hadde hatt sjansen til å ha kvalpen heime hos seg sjølv
  11. Bellare

    Bake kake

    Brownies er jo superenkelt. Eller Oreo kake *sikle* den er faktisk ikkje så vanskeleg som mange vil ha det til
  12. Dei var billege, og ho(?) som lagar dei er superduper rask! Bestilte dei på søndag, og i dag havna dei i postkassen I tillegg til det var dei ein god del tjukkare og meir solide enn dei tynne "platene" ein får på dyrebutikken blant anna. Og ikkje minst billegare
  13. Burde vel ikkje vere noko stor kunststykke å kjøpe eit bredt, langt og solid lærhalsbånd der ein kan lage til fleire hol i tilfelle det blir for stort
  14. Det burde da vel vere lov? Har sjølv brukt white on white på frøkna mi når eg prøvde ut shampoo'ar før utstilling, ikkje at det vart noko særleg med forskjell sidan ho er kvit frå før av
  15. Får håpe på det. Har jo jobba i 9 - 10 mnd. med problemet no
  16. Iiiik! Har hatt den beste, rettare sagt den stillaste, økta på sosialtreninga i dag! Håpar dyret fortsetter på denne måten og at ho kjem over "skrekken" for instruktørane som er der. Dei fleste er nemleg superduperskumle og MÅ kjeftast på :rolleyes2:
  17. Då har eg faktisk bestilt frå ebay, for aller første gong. x) Bestilte 2 for 1 for £4.50 til saman vart det £6 og det med gratis frakt. Så vart vel noko å 50 norske kroner eller noko i den duren. Så har nett fått ein hyggeleg mail frå ho som selger dei, verkar veldig hyggeleg. Gler meg til dei havnar i postkassa sidan dei ikkje er heilt som dei vanlege vi får kjøpt i dyrebutikkar og sånt http://stores.ebay.co.uk/ENIDS-EMPORIUM/_i.html?rt=nc&_sid=460644410&_trksid=p4634.c0.m14.l1513&_pgn=1
  18. Har funne nokre supre på ebay eg skal bestille. Men eg har aldri bestilt derifrå før, og er generelt sett svært skeptisk til slikt. Eg har jo ingen PayPal konto, men reknar med det er trykt å betale med den der: "Betal med debet- eller kredittkortet ditt som PayPal-gjest" slik at eg kan betale med visa?
  19. Oooh, dei der var jo billege! Veit du om dei blir dei tilsendt eller med eller utan ønska tekst?
  20. Eg veit, eg veit. Var berre så enkelt å kjenne på søskena hennar etter at dei fekk chippen nemleg, mens på Pia var det heilt umulig, og då snakkar eg om etter at dei hadde komt heim frå den veterinærtimen då dei vart chipa som små. Tenkte eg skulle få skrive inn "hunden er chippet" + telefonnummer neste gong eg stikk innom dyrebutikken for å kjøpe inn fleire ID - brikker. Mulig ein smule smartare enn namnet på hunden kanskje?
  21. Føler meg litt sånn, tja... kva skal eg kalle det? Overdramatisk kanskje? Når det kjem til ID - merking av hund. Frøkna er chippa, og den skal sjekkast i desember når ho skal vaksinerast, har fått det for meg at den har klart å dette ut ikkje lenge etter at ho tok den nemleg, for uansett kor eg leitar, så er det pin umulig å kjenne den. Veit det ikkje er alle ein kjenner chippen på, men jah. Så er det ID - merke på halsbånd og slikt då. Ho har på begge halsbånda, rett og slett fordi det eine blir brukt om vi skal på hytta, fjelltur, o.l sidan ormtablettane heng på den, mens det andre blir brukt til småturar og trening. Men så har dyret på kort tid gått i frå og kun ha ein sele, til no å ha tre. Den eine skal brukast til skiturar og dei to andre til tur, pølsespor og evt. sykling om eg begir meg ut på den galskapen med frøkna. Men så lurer eg på om eg skal skaffe meg tre ID - merker til som eg kan feste på selane. Og ja, eg veit eg høres ein smule overdramatisk ut, men når ein høyrer om alle tilfella der hundar stikker av, sliter seg eller blir stjelt, så kan det vere fint med ei ID - brikke føler eg. Sånn just i case. Og det at miljøet her i byen har blitt så elendig med fullt av uteliggarar og narkomane som vandrar gatelangs dagen lang, samt enkelte eldre som ikkje heilt veit forskjell på opp og ned, rett og galt gjer meg ikkje mindre hysterisk akkurat Så lurer litt på kor mange ID - merker folk har til hunden(ane) sin(e)? Kun eit, eller fleire?
×
×
  • Opprett ny...