Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Liv Anne Ugland som driv kennel tidelidee.com er vel kvalpeformidlar for rasen. Ellers finn du ein god del oppdrettarar på bolcot.no si side under fana "oppdretter". Hadde planar om å avle på dyret mitt, men blir lettare usikker pga. gneldringa hennar :rolleyes2: Ellers driv mamma også oppdrett, men ho har inga heimeside
  2. Godt spørsmål. Då må du nesten søke litt rundt. Men ellers så finner du mykje informasjon på bolcot.no (raseklubbens heimeside). Har sjølv skreve ein god del info om rasen på mi eiga heimeside 123.hjemmeside.no/coton
  3. Drog med meg det lille udyret bort i parken i dag. Sol, blå himmel og knappe 2 plussgrader er vel ingenting og sei på? Var bra vått i parken i dag, men trur ikkje frøkna brydde seg noko særleg. Ho var meir opptatt med å rase rundt, ja... og kjefte på forbipasserande sjølvsagt. 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17.
  4. Både eg og mamma (som eg fortsatt bur hos) har Coton, og det er ein herleg rase! Når det kjem til det med at dei er allergivenlege, så kjem det heilt an på kva ein person er allergisk mot, så folk kan reagere på ein Coton. Dei er røytefrie og mister pels som vi mennesker mistar hår, ein fin ting med det at ein ikkje finn pelsdottar over alt. Sidan vi no har to Coton i hus, der eg har trent begge to, så ser eg stor forskjell når det kjem til innlæring av øvelsar. Mamma's Coton tok ting mykje raskare enn min, men dei begge går fortsatt under kategorien lettlært. Men det kjem litt an på individa, enkelte tek ting raskare enn andre. Dei krev ein del pelsstell ja, og det er noko ein må starte med med ein gong etter at kvalpen er i hus. Hos dei fleste oppdrettarar blir kvalpen tilvendt både pelsstell og kloklipp, så det er då din jobb å fortsette på denne jobben. For du vil ikkje ha ein hund du må "slåst" med for å klippe klør og børste pelsen på. Men ja, du kan klippe dei. Hugs berre på at det tek rundt 2 år før pelsen er fullvokst igjen. Men på grunn av at Coton kun har "hår" og ikkje underull som dei fleste andre rasar, så er det ein rase som bør bruke ein varmedress på vinterstid. Men for all del, Coton er ein super og allsidig rase som kan vere med på lange turar i skog og mark til korte turar rundt om i nabolaget (du bør sjølvsagt gi dei lange turar nokre gangar i veka), det er ein super rase til agility sidan dei er så raske og snur på ein femøring, dei kan brukast til freestyle og lydighet. Det negative er at dei er ein varslar. Men om ein er obs på det frå dei er små, så kan dette trenast vekk. Eg har fått meg ei utfordring med mi sidan ho utagerar (bjeffar) på dei fleste hundar, men ho er på betringens veg. Mamma's Coton synest alt og alle er supre, og så sant ho får kos av mennesker, uansett alder, så er ho storfornøgd!
  5. Reker er nokre skumle dyr, spesielt når dei er døde...

  6. Etter ein spasertur tidlegare i veka såg eg ein mann som sykla med ei Schipperke gallopperandes ved sidan av. Kan vel sei eg fekk blod på tann og har no svært lyst til og prøve å sykle med mitt lille udyr. Sist eg sykla med hund (BC) for nokre år sidan endte det i bråbrems og kræsj i mitt eige sykkelstyre, ikkje særleg behageleg akkurat... Derfor blir jo springer eit "must". Men etter å ha søkt litt rundt på nettet har eg sett to typar. Den "vanlege" og ei slags stang som står rett ut. Kva type er å anbefale når det er snakk om ein liten hund ein skal sykle med? Når det kjem til tilvenning av springer og sykkel er det vel lurast å gå/trille sykkelen mens hunden er festa til springeren den første tida, for så å sykle saaaaaakte og små mini mini turar? Og prøve å halde oss vekke i frå asfalt?
  7. Kastrering er ikkje ei sikker løysing til alt. Hunden kan forandre atferd til det positive, men han kan også forbli som han er, ingen garanti. Når han begynner å knurre om du skal ta i frå han noko, trekker du deg unna? For det høres på ein måte ut som at faren din er øvst på rangstigen, så kjem bikkja, så du...
  8. Eit frustrerandes problem ja. Kjenner til det der! Jobba med frøkna mi i rundt 4 mnd. før eg såg tydeleg framgang, og enda kan ho finne på og "dette tilbake" i gamle spor, og eg må jobbe ekstra hardt for og få ho opp igjen på dagens nivå. Ho har då aldri hoppa mot/glefsa mot andre, men ho gneldrar. Gneldrar, gneldrar och gneldrar! Spesielt på hundar, men også enkelte folk. Kan vel ikkje komme med så mykje anna tips enn det å trene mykje på kontakt. Om det er ein hundeklubb som arrangerar sosialtreningar ein eller to gongar i veka, så anbefalar eg deg på det sterkaste å reise på dei. Der får du veiledning, og sjølv om alle dei andre gjer ein ting, så kan du godt gjere noko heilt anna for å jobbe med å få hunden din til og bli tryggare (om det er usikkerhet?). Ros når ho er stille og prøv å få kontakt når ho bjeffar/utagerar. Ellers vil eg faktisk anbefale deg å gå mykje tur i trafikerte gater. Frøkna mi har blant anna gått i frå å ikkje tåle ei einaste sjel, til no å tusle stille og roleg (så sant ho ikkje ser ein anna "skummel" hund) på tur utan å utagere. Men du må ta tida til hjelp. Også mulig ho reagerar på nervane dine om du går med hjartet i halsen på tur. Det gjer mi nemleg :rolleyes2: Får håpe du får hjelp av hundepsykologen og på passeringskurset
  9. Supert! Trur eg skal kjøpe den, men blir så usikker på størrelsen. Fant ei side der dei kun hadde 20 cm og 30 cm halsopning. Frøkna brukar 30 cm halvstrup, så 30 cm halsopning burde vel passe?
  10. Seint i seng og opp tidleg = alt for lite søvn. Godt eg har fri i morgon!

  11. Det er ikkje OK å drive avl på den måten der nei. Er ikkje kun helsa som skal vere i orden på ein hund før den skal kunne brukast i avl, mentaliteten må også vere på plass Det einaste ho oppnår er å øydelegge ryktet til rasen og sitt eige rykte.
  12. Sjølv om linjene kan stoppast, så kan ho fortsatt avle som ho vil til tross for at det er feil å avle vidare.
  13. Om ladaren ikkje funkar, verken den eine eller andre delen, så kostar ein heilt lader rundt 800,-
  14. Bellare

    Saluki?

    Finn.no er vist ikkje bra for helsa. Sitter her og har så lyst til og ringe enkelte av dei som har kvalpar no. Men det går jo sjølvsagt ikkje Men etter å ha sett på haugevis med kvalpebilder, så ser eg at enkelte har meir markert pels (langhåra) på blant anna øyra, mens enkelte har svært lite. Er jo heilt fersk når det kjem til Saluki, men ein god oppdrettar ser vel om kvalpane blir langhåra eller korthåra når dei har vakse litt? Har tisper mindre pels enn hannhundar? Eller er det individuelt frå hund til hund?
  15. Då har eg vert bortom og forhørt meg ang. sele, og fekk høyre at y-selen eg har burde funke bra. Det var den beste dei hadde for små hundar. Blir sånn i tvil når det er enkelte som seier det er fyfy, og andre seier det skulle gå bra. Er Youki eller whatever sitt merke eg har på y-selen.
  16. Heldig! Kunne ønske eg kunne gjere det samme, men spørs om ikkje alt kjøttet og eventuelt all fisken i ferskvarediskane hadde forsvunne då
  17. Når det kjem til pelsen trur eg ikkje den gresshoppa selen hadde vert noko stort problem. Har både halsbånd og y-sele i slikt fleecefôr som gresshoppa ergonomiselen har, og har aldri hatt problem med med flokar. Uansett så skal jo frøkna bruke både dress og sokkar på skitur for å hindre kladding, så her er det heller dressen som skapar pelstrøbbel for meg
  18. Skal innom og høyre ang. sele til skiturar og slikt i morgon, men nokon som veit korleis Gresshoppa Ergonomisele er til liten hund og skitur? Blir båndfeste for langt bak i forhold til kva som er bra på ein såpass liten hund og "trekk"?
  19. Ei på jobben her hadde limt på hundehår så øyenbryna vart svære og rufsete. Så kan du rufse til håret kraftig, tuppere det og ha i noko som gjer det gråaktig. Bekledning er det litt verre med
  20. Korleis blir DENNE selen? Blir den også feil til skibruk? Eller jægerens kombisele?
  21. No har ikkje eg noko særleg peiling på selar, men halvnome, er ikkje det ein nomesele der båndfestet er midt på ryggen og ikkje bak på rumpa?
  22. Hmm... Kanskje eg må reise innom våpenloftet og få dei til å måle frøkna korrekt og bestille ein halvnome til meg? Så får eg evt. kjøpe den om den sitter bra, dei kan i det minste hund og utstyr der oppe
  23. Ho skal ikkje brukast til å trekke. Stort sett endar det opp med at hunden spring ved sidan av meg, men ho kan fint finne på å trekke, det er jo heilt opp til ho sjølv.
  24. Dilemma: trur dei blir for store med mindre det finst størrelsar som er mindre enn størrelse 4 (14 til 20 kg.) :rolleyes2:
×
×
  • Opprett ny...