Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Mine absolutte mål i livet, som eg har utført (for det er vel det dette går ut på?): Blitt lastebilsjåfør Køyrd langtransport til aust-Europa (woho!)
  2. Eg MÅ attende til nordlege Botswana og køyre firhjulstrekkjar i bushen. Eg og LK var jo der no i januar, men på grunn av mykje regn, dårleg rygg og det at vi var åleine utan mobildekning trivdes ikkje LK der, dermed vart det berre å køyre rett gjennom. Her har eg lyst til å bruke minst ei veke og snirkle rundt i området. Satsar på å arrangere ein tur for venner og familie, og dermed vere fleire bilar (=tryggare om det skulle skje noko). Elles har eg VELDIG lyst til å prøve å køyre Road Train i Australia. Spørs om det kan la seg gjennomføre, men vi kan jo draume...
  3. Hurra! Gratulerer . Hahaha! LP i slaget . Berre sei det som det er: Du KUNNE ikkje snakke om det . --- Historia om då eg møtte Lina Kristine (LK): Eg kryssa av på Skule, for det var der vi møttest. Grunnen til at vi møttest på skulen var forsåvidt internett, men ikkje nok til at eg vil krysse av på det. Vi var nemleg begge aktive medlemmar av forumet til KFUK - KFUM, K3-Torget (som etterkvart fekk totalt nytt design trass heftig motstand frå medlemmane, og dermed forsvann alle saman). Då ho skreiv på forumet at ho skulle flytte frå Haugesund til Os for å gå på ambulansefag på same skulen som eg gjekk yrkessjåførfag, var det heilt naturleg at vi skulle møtast og helse på. Første gang vi møttest var på skuleplassen før skulen byrja. Eg sto med eit par av dei andre i klassen og venta på køyretime, og ho var på veg til timen. Vi sa hei og hallo, og ikkje så mykje meir enn det. Då eg var ferdig med sertifikatet, inviterte eg ho med på lastebiltur, då eg hadde ein fin rute å ha med folk på (mykje køyring og lite jobbing ). Eg synst det var moro å ha med folk, så eg inviterte stort sett alle eg kjende, det var overhode ikkje noko baktanke i det. Etter det hang ho litt med meg og ein kamerat (som seinare vart min forlovar), og var m.a. med på ein del heftige terrengsykkelturar. Eine gongen fekk ho t.d. eit perfekt nøkkelavtrykk i låret, då ho ramla med låret først på ein stein, med nøklane i lomma . Så kom somaren, og ho flytta heim att til Haugesund for å ta læretida der. Vi var no venner, så det var jo sjølvsagt naturleg å halde kontakten, mest på MSN (dette var jo i gamledagar ). Utover somaren merka eg at ho verka veldig nedfor og trist, utan at ho ville seie kva det var (det fekk eg først vite etter at vi vart saman, men det er ikkje noko å skrive om her). Ho skreiv m.a. at ho ville kome seg vekk frå Haugesund litt. Eg inviterte ho med på Ten Oase (kristen somarleir), og ho vart med. Alt dette var framleis heilt utan baktankar hos begge to. Vi var ein gjeng på 5stk som reiste bort saman, derav 4 av oss skulle sove baki bilen min, ein amerikansk van med seng. Eg låg på eine sida, så LK, så Eivind (min seinare forlovar), så Mari (ei felles venninne av oss alle). Så kjem det merkelege med heile denne historia. På eitt eller anna vis vart det til at eg og LK delte sovepose (opna glidelåsen og la han over oss, vel å merke), og brukte dyna mi som fellespute for alle. Forsåvidt ei god løysing, når 4 vaksne personar skal dele 1,5 meter seng, men vi er sterkt ueinige om korleis det vart til. Eg hugsar glasklart at ho spurde meg om vi skulle dele sovepose, og ho hugsar at eg spurde. Eg veit med meg sjølv at det aldri ville falt meg inn å spørje om noko slikt, og ho seier det same om seg. Uansett oppdaga vi plutseleg midt på natta at det kanskje ikkje var berre venner vi skulle vere. Vi var fullt påkledd og alt, altså, så ingen skitne tankar, takk . Sjølv om stakkar Eivind som låg rett ved sidan av var rask på med MP3-spelaren . Etter ei veke på Ten Oase skulle eg og Eivind rett vidare på ein trevekers roadtrip til Nord-Noreg, medan LK og Mari reiste heim. Eg tenkte nesten ikkje på anna enn LK på heile turen, og så snart vi kom heim, kom LK og vitja meg i Os. 29. juli 2007 vart vi saman. 27. juni 2009 vart vi trulova, og 14. august 2010 gifta vi oss .
  4. 0 år her. Eg klarte heldigvis å karre meg ut av mi mor før ho kom seg ut av si. Ho hadde nemleg som absolutt krav at ho aldri skulle bli saman med nokon som var yngre enn henne, eller lågare. Praktisk at han som sikla over ho i (minst) eitt år før det vart noko av oss var både yngre og lågare enn henne .
  5. Stikk berre kjapt innom på dårleg afrikanett for å informere om at bloggen til LK blir oppdatert innimellom på turen : http://leikogmorskap.wordpress.com No skal vil til Savuti, så Khwai og Xaxanaxa (bytt ut x-ane med diverse klikkelydar). Her er det neppe telefon, og iallefall ikkje internett, så de får kose dykk med dei innlegga som alt er lagt ut. Snakkast .
  6. Huff og fysj. Nok eit punkt på minuslista .
  7. Kjekt at ikkje det berre er eg som synst det . Eg gler meg òg til Afrikabloggen, ja . Så spennande . Ein av mine store draumar er å faktisk tørre å leggje seg under laseren. Men det sit langt inne enn så lenge. Kanskje dei har billig laseroperasjon i Botswana? Takk for lukkeønsking . --- DER var eg ferdig med siste rest, no har eg kopla av jobbserveren, så då er det vel ferie? Har ein timeliste heime som eg må hugse å føre inn før eg dreg, elles er det ein sjåfør som blir trist og lei, men anna enn det trur eg det meste skal vere i boks. Endeleg!
  8. Du veit du har bra telt når du har badekar i teltet . Takk . Dette skal nytast, det skal eg love deg! Sit på kontoret og prøver å få unna det eg MÅ gjere før vi dreg, har framleis ein del att... Blir godt å sleppe alt og berre sose rundt i Afrika i ein liten månad . Takktakk . Må prøve på det. Har iallefall kjøpt oss speilrefleks med video, OG stativ! Det MÅ jo bli bra. Satsar òg på å låne gåopråo av bror min, og prøve å feste det på bilen når vi skal køyre i bushen . Det var trist. Må jo berre ta det att ein annan gong, og då skal eg ha trip report! Det blir det . Får prøve på det (æsj, eg er altfor dårleg til slikt). Men i mellomtida kan folket kose seg med Lina Kristine sin oppsummering av Ukrainaturen : http://leikogmorskap.wordpress.com/2012/12/27/tingene-man-burde-vaert-redd-for-pa-lastebiltur-til-ukraina/
  9. I morgon reiser vi til Afrika . Woho! Dei som vi skulle sove hos, let ikkje folk bu hos seg i halve helgar, så der måtte vi betale frå i morgon kveld av, sjølv om vi ikkje kom før laurdagen. Lite interessant. Dermed vart det dette i staden: http://www.waterbergwilderness.co.za/accomodation/ Vi leiger eit såkalla luksustelt ("telt"), ettersom 4 vaksne personar blir i meste laget i eit taktelt berekna på to. Blir ein litt annan type overnattingsplass enn det vi hadde tenkt. Her hoppar vi rett i det, med skikkeleg Afrika frå natt 1 . Evelzz (eg får ikkje til å skrive under sitatet, så det får bli over i staden ): Eg har sendt deg PM .
  10. Lurar på korleis dei har kome fram til det talet. Det må då vere ein heilt umogleg oppgåve å telje til 8 000 000?
  11. Positiv, men som soelvd kjem eg nok ikkje til å kjøpe sjølv, då vi òg har altfor mange kalenderar og altfor få veggar...
  12. Hm. No har eg hoppa att, men det kan sjå ut til at Raksha treng ein "God Betring" . Då har eg tinga overnatting til dei to første nettene på Afrikaturen vår. Det var visst på tide, måte sende nesten ti førespurnadar før eg fann nokon som ikkje var fullbooka . Har funne oss eit resort med det meste av fasilitetar, inkludert 4x4-køyrefelt. . Vi skal bu i hytte desse nettene, då bror min og ein studiekamerat skal sitje på med oss frå Johannesburg til Francistown. Dei skal nemleg ha praksisperioden sin der, og det passa slik at dei kjem til Johannesburg ein time etter oss . No gler eg meg til å reise vekk! Om to døgn går vi inn for landing i Oslo, på veg nedover . Red.: Kvifor er AN klistra? Finn han ikkje att, jo...
  13. Då prøver vi att i morgon .
  14. Ser ut til at eg må jobbe i morgon. Æsj...
  15. Stend kunne funka. Når?
  16. Då blir det sjølvsagt noko heilt anna . Var i grunn ikkje meininga å bruke deg / nokon som døme, poenget var (og er) som Nirm seier at menn som blir slått ned av damer ofte blir latterleggjort, og det er ikkje bra. Men då er vi forhåpentlegvis alle einige om det...
  17. Nei, det viser jo t.d. kommentaren til Line rett over... Får håpe det blir slått like hardt ned på som om det hadde vore ein mann som slo ned ei dame.
  18. Som 2ne seier, dei er nok i full gang med å rekne ut alt på nytt, slik at dei om nokre dagar / veker kan kome med årsaka til feilinformasjonen, og kome med den RETTE datoen... Men hugs at mange av desse "prepparane" førebur seg på heilt andre ting enn mayadommedag, og det er nok (nesten) like mange av desse som synst dette oppstyret har vore tullete som av oss normale menneske.
  19. Søndag formiddag høyrest bra ut . Sjølv er vi opptekne alle juledagane (som vel mange er), og eg jobbar torsdag og fredag (som vel mange gjer). Når på søndagen passar det? 11? 12? Kvar går turen?
  20. Om du har avtalt med han at han skulle behalde hunden, kan du jo ikkje ombestemme deg fordi du har funne noko betre seinare. Har han òg vore med på å finne nytt heim, eller har han berre fått beskjed om at hunden ikkje får bu hos han likevel?
  21. Eg forstår godt at den stakkaren som sat og snekra kalenderen for 5000 år sidan ikkje gadd å lage meir...
  22. Eg veit nok kva svaret på det spørsmålet hadde blitt . --- Eg likte spørsmålstypen til Red Merle: Har du noko du vil seie? Elles kunne eg gjerne spurd Laffen "Kva er det viktigaste for at du skal ha det bra?". Det hadde vore koseleg .
×
×
  • Opprett ny...