-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Eg brukar å tvinne tråden rundt den tråden eg strikker med, sånn ca etter kvar tredje-fjerde maske.
-
Kamera er lurt. Det ønskar me oss. Min er åtte mnd no, og har vore heime aleine (skjønt, med annan hund) i maks tre timar i bur, i eitt kvarter laus. Han var vant til å vere aleine heime i bur då me fekk han fire mnd gamal, men han har eit vatn-problem (søler alt) som gjer at eg ikkje vil la han vere aleine i buret så veldig lenge. Helst vil eg la dei gå lause begge, men han finner ikkje roen og plager/maser på den andre i staden, så det har berre blitt når eg hentar post/vaskar kle og slikt. Eg er mykje heime og tar han med i bil når me er lengre vekke.
-
Eia, var vi der! Mine hundar heldt meg opptatt i natt med å ville ut på do, og då eg vakna utpå dagen, var det under sovande bikkjer og med kvalme og migrene. Me har lege på sofaen under (dobbel!)dyna og prøvd å sove vekk dagen heilt til no. Det har kanskje vore mest synd i oss i heile verda! Neste gong!
-
Strålande, eg går ut i frå at me kjem. Parkerer sikkert på senteret og byrjar trene passering på alle eg ser med hund. Skrik gjerne ut om de ser ei forvirra kjerring med bc på slep som går i "feil" retning. Han har begynt å legge seg ned i sjokk kvar gong han ser andre firbeinte når me ikkje er på trening, så målet er at han greier å gå nokonlunde fornuftig forbi, uansett avstand. Så får det heller være at me kanskje ikkje kjem nærare enn eit par hundre meter.
-
Oi, 18kg lønner seg ser eg. Kjøpte 13 kg før i dag for 990,-. :sur:
-
Kjekt! Eg har gløymt å sette meg inn i kvar de skal møtast. Er det langt frå Sletten senter?
-
Yay, hurra! Då må eg ut og rote i gamle boksar, usikker på kva eg har. Takk for perfekte svar!
-
Kor store/gamle er kvalpane som er med her? Min er 8ish mnd og hadde hatt godt av ein bytur, ikkje nødvendigvis for å leike og herje, men eg kan kanskje få gå forbi dykk litt fram og tilbake, stå litt og glo og slikt? Han ser ikkje nok andre hundar til vanleg.
-
Er det generelt sett heilt greit å bruke gamle analoge objektiver til nye digitalkameraer? Eg har eit sprett nytt Nikon D5200, og har nokre gamle objektiver liggande som eg ikkje eingong veit om passar, langt mindre om kameraet kan ta skade. Er det dumt å prøve?
-
2008, då heitte det dyresonen seier eposten min. Registrerte meg først i mai, men validerte ikkje før i september tydeligvis. Eg har ikkje vore særleg aktiv, profilen min seier framleis at eg er nykommar. Leser meir enn eg skriv då, litt sånn hemmelig spion.
-
Åh Peppes! Og så såg eg bloggen, Noah! Så fantastisk at du viser fram omplasseringshundane på den måten! Og så vondt for hjertet mitt, eg vil jo ha alle saman.
-
Eg veit ikkje om det allerede står i tråden, men eg har fått mykje hjelp med all matten eg har gløymt på udl.no, haugevis med videoar der og eg tykkjer han forklarer ting betre enn dei lærebøkene eg har no i allefall.
-
Rundering i Teori og Praksis ØNSKES KJØPT!
plutte replied to SiriEveline's emne in Kjøp & Salg - Privatpersoner
Skulle det dukke opp tre, er eg kanskje interessert. -
Me har og bestilt orijen på nett fleire gonger frå fleire forskjellige, veldig praktisk. No er det endelig eit par dyrebutikkar som har tatt det inn i Bergen og. Gamlemann her har fått orijen i eit par år no er det vel, og har fungert ganske bra på det. Han er kresen og vil egentlig ikkje ha noko hundefôr, men me fekk i han litt kvar dag, og han skulle heller ikkje ha så mykje. No har han bytta til Hills (Pga proteingreier), men kvalpen får Orijen og er glad og fornøgd.
-
Det var veldig interessant å lese! Eg vil bli du. Eg mista quoten til @laikamor, men ser ut som me studerer ca samme? Eg går på BI - nettstudier, første år, og siktar på å bli regnskapsførar. Er skrekkelig umotivert for tida, men det er nok pga manglande evner til å studere på eiga hand og eksamenspress. Det er så teit, for eg tykkjer eigentleg alt er spennande, til og med markedsføring (flink foreleser!) og Bedriften, men eg er veldig flink til å finne på andre ting.
-
Luftetur er "do-tur" stort sett, enten i hage eller 15-30 minutters trasking langsmed vegen. Dei blir slipt ut i hagen 4-5 gongar for dag i allefall, gjerne meir om det er fint (= ikkje kaldt/regn), pluss ein liten luftetur langs veg (pensjonisten bæsjer ikkje i hagen), og ein hovedtur. Sånn gjennomsnittlig.
-
Hei hei! Håpar me får mange bilder etterkvart, han var riktig søt!
-
Åh, mopsekvalpen! Så deilig! Min har ikkje bestemt seg for om han er A eller B hund tydeligvis. I dag forsov han oss. Me har vore heime på garden i helga og han har fått utfolda seg meir eller mindre fritt, så han var tydeligvis sliten og vakna ikkje før nærare ti i dag, og då fekk eg brått dårlig tid sidan me skulle til dyrlege kvart på tolv.
-
Eg er med! Men aner ikkje kva eg ønsker meg da. Vaskehjelp kanskje. Har to bikkjer, bc (8mnd) og labradorblanding (13 år). Begge likar snop og fine halsband. Sjølv er eg ein godt vaksen student med eit evigvarande husoppussingsprosjekt, likar bøker, handarbeid og eh.. snop. (Egentlig lavkarbo, men er ikkje så nøye i jula. ) Drikker ikkje te/kaffe med mindre eg må, ikkje særleg glad i pyntedill og "damegreier" men likar (og treng) bilder til veggane. Har over gjennomsnittet mange elefanter men samlar egentlig ikkje på noko som helst. Ønsker meg kanskje fine strikke/hekleoppskrifter? Edit: Er veldig glad i brukt og heimelaga forresten, og er strengt tatt veldig lett å glede.
-
Mesteren og margarita er ein av dei beste bøkene i heile verda!
-
Ei dobbeltdyne til oss, og ei enkeltdyne til han når eg har tatt heile dobbeltdyna. Pluss ei dyne til bikkjene, som brukar hamne på golvet. Og så har me mange digre puter. Treng større seng.
-
Nei til alt, egentlig, i eit nytt forhold. I min spede ungdom, i mitt første alvorlige forhold, lot eg partneren bestemme. Han bestemte rase, hvilken kvalp i kullet, kva deler av huset hunden skulle få vere i, og han bygde bur. Eg sat etterkvart med eit hundehold eg ikkje trivast med, der eg sneik hunden opp i stova når sambuaren ikkje var heime, og han putta hunden i bur ved alle anledninger, før eg tilslutt enda på omplassering. Han styrte jo etterkvart enda meir av resten av mitt liv og det tok heldigvis slutt etter ei stund, det hadde ikkje vore aktuelt å gå inn i eit nytt forhold der ny partner er så bestemmande. Den nyforelska perioden er jo der folk stort sett eeegentlig er mest opptatt av å vise sine positive sider, og om det mest positive ein person viser meg ved sin instilling til hundehold er at han/ho vil bestemme over korleis -mitt- hundehold skal vere... så nei.
-
Edit: Eg tenkte feil, trur eg.
-
Så fin! Dersom du får ho med deg til Bergen så vil hunden min leike med hunden din, seier han.
-
På tide med ein fellestråd for meg og mitt, eg veit fansen har venta spent. Her i heimen er det to firbeinte, som utan hemningar forventar å få alt dei vil, når dei vil. Mine hundar er meir bortskjermte enn den etterlengta dattra til ein nyrik russer, og eg ville egentlig ikkje hatt det på noko anna vis. Bamse var den første, er den eldste, og den finaste. Blanding av, trur me, labrador, rottweiler og border collie. Han er (kanskje) født i år 2000, og har blitt omplassert ein del gonger før han endte opp hjå oss i 2008. Bamse hoppar rundt som ei kanin når han spring, er ekstremt glad i leverpostei og pølse, og var med meg på sitt (og mitt) første klikkerkurs då han var 12 år. Han er utan tvil den smartaste firbeinten her i hus, for han er den einaste som skjønar seg på IQtestane, som demonstrert under. Jepp, golvet mitt er akkurat så stygt. Det hamnar diverre langt ned på husoppussningslista. Skeptisk vakkerklump. Watcha doin' ova' deeer? Så fiiiiiiin! (Og her litt bekymra for om naboen har tenkt å gå inn i hagen vår) Vaffeltrucken er ein bordercollie født 3. mars 2013. Me hadde planlagt å få kvalp i løpet av sommaren, vart tipsa om han på ein fredag, og henta han måndag, då var han ca fire mnd. Det gjekk i grunn litt kjapt i svingen, for det var først etterpå at eg hugsa på at eg eigentleg ikkje likar smiskete bordercolliar, men han er i grunn ganske kul. Eg ville eigentleg at han skulle heite (To)Blomst, men sønnen min nekta å rope på Blomst i skogen, så då var det einaste alternativet Vaffel. Vaffel og eg har gått to sporkurs i lag, og han stortrivast med å gå spor både med og utan blod involvert. Det gjer me gjerne meir. Me har og gått kvalpekurs (canis), og går no på canisCupkurs, gøy! Han er stort sett veldig flink til å tilby adferder, men me må øve meir på forstyrrelsar. Han tykkjer andre hundar kan vere litt skumle dei første fem minuttane, men så vil han leike. Vaffel er diger, eg er oppvokst med bc på nabogardane, og det var små (i forhold) spinkle gneldrebikkjer md kort pels. Sist me vog han hjå dyrlege var han 24,3 kg (meiner eg), og eg er rimelig sikker på at han har blitt breiare, men han har meir pels enn eg er vandt til så det kan vere fuktig-pels-syndrom. Eg har ikkje erfaring med lenger pels enn Bamse har, og skjønar ikkje heilt kva sele/band han kan bruke utan å lugge? Han er (enda) lågare enn Bamse som er ca rett under 60, Vaffel ligg på rett over 55ish med mi (u)nøyaktige måling. (Ein måler hund på same måte som hest, ja?) Bilder! Stå opp snart? Skvist pels under halsband og sele som lugger (?) Vaffel ventar på at eg skal vente på at han skal vente på at me kan gå ut. Eg innser at eg kanskje er mest glad i å ha hund, når hundane ligg og søv fordi dei er trøytte og slitne etter god dagar. Jepp. Finingane.