-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Eg tykkjer meir synd i dei som er ufrivillig aleine i jula og ikkje får gjort noko med det, enn dei som får vil vere aleine men får pes fordi familie og venner ikkje trur at nokon faktisk vil vere aleine i jula. Og eg trur ikkje det er mogleg å unngå at folk trur det er synd i deg, mennesker er enkle vesen og det er opplest og vedtatt at jul er "familietid". Men eg ser at det er kjipt altså, det er slitsomt når andre maser om korleis ein sjølv burde ville å ha det.
-
Hundesnacks og leker til lave priser!
plutte replied to Anette's emne in Kjøp & Salg - Privatpersoner
Er det nokon i Bergensområdet som skal ha noko før jul og vil dele porto? Lurer på å kjøpe ei leike til som julepresang. -
Bountykuler 50 g smør 1/2 dl lys sirup 1 dl melis 1 ts vaniljepulver/vaniljeekstrakt. 2 dl kremfløte 200 g kokos Masse kokesjokolade Bland smør, sirup, melis og fløyte i ein kjele og varm opp. Småkok (såvidt det bobler, kanskje ikkje det ein gong), i ca 15 min, massen skal bli litt seig og litt gyllen. Ta av varmen og ha i kokos, bland godt saman. Set heile greia i kjøleskap eller frys til den blir meir enkel å forme som kuler. Form massen i den størrelse/form du vil ha og legg dei på bakepapir etterkvart. Dei kan godt gå i kjøleskap ei stund etter at dei er forma, då er det lettare å få dei til å behalde forma og få sjokoladen til å sitte på. Smelt kokesjokolade. Dersom du likar det veeeldig søtt -kan- du bruke berre melkesjokolade, men eg anbefalar nok å blande med litt mørk. Alt etter kor tjukt lag du vil ha, og kor mykje du et undervegs, treng du tre-fire plater. Smelt sjokoladen og dypp kulene i og legg på bakepapir, sett i kjøleskap til sjokoladen er stiv. Desse skal vere temmeleg holdbare, men dei brukar bli oppetne fort. Karamellkaker 200 g sukker 200 g meierismør 300 g hvetemel 1/2 boks sirup 2 ts natron 2 ts vaniljesukker Rør sukker og smør sammen. Ha i mel, natron og vaniljesukker. Til slutt sirup. Kjevle ut til like store emner, ca. én cm tykke, to på hver plate. Ca 180 grader i 15 minutter seier oppskrifta, men følg med, min ovn har i alle fall stadig nye idear om kor varm den er, dei ser litt wibbly-wobbly ut når dei er ferdige, skal ikkje stå til dei er harde med mindre du vil ha pepperkakeharde kaker. Skjær i bitar medan dei er varme. Blir halvseige og heilt vanvittig gode, er pluttemannen sin favorittgodis. Rocky road fudge 200 gram mørk sjokolade 200 gram melkesjokolade 25 gram smør Ein boks søta, kondensert mjølk (Ikkje vikingmelk! Viktig at det er den ekstremt sukkerfylte søte varianten, eg har kun sett den i innvandrerbutikk. Er rett under 400 gram i ein boks.) 1-2 ts vaniljepulver/vaniljeekstrakt. 3 dl minimarshmallows 3 dl peanøtter (gjerne hakka, men heile bitar går og. Kan sikkert bruke mange andre typer nøtter. Salte nøtter var forresten digg.) Brekk sjokoladen i bitar og ha i ein bolle i lag med smør og mjølk, smelt over vannbad, rør av og til. Når alt er smelta ta av varmen og avkjøl. (litt). Sleng oppi vaniljepulveret og rør inn. Ha i marshmallows og peanøtter og vend litt rundt (ikkje rør for kraftig.) Hell i ei form på ca 20x30ish cm, kledd med aluminium eller bakepapir og sett i kjøleskap i nokre timar før du deler i bitar. Bør stå kjølig. Får du ikkje tak i mjølka, prøv desse!
-
Ja til oppskriftsdeling! Eg kan dele mine, og tar gjerne i mot nye. Lager ny tråd! Mmmmh konfekt.
-
Eg har lest dei på engelsk, og høyrt dei på norsk. Den norske oversettinga var ikkje like bra som den engelske, det er dei jo sjeldan, men eg tykte den var litt irriterande dårleg innimellom. Går ut i frå at den lydbokversjonen er samme som lesebokoversettinga.
-
Månedlige utgifter her er 400ish i forsikring. I tillegg kjem bensin, fyller ein til to gonger, 700 per tank. 3-4(?) gonger i året får me rekning på bompenger, 2-300 kr gongen. På våren årsavgift, 2500ish(?), på sommaren Nafmedlemskap 1000+. 20-30 kr i parkering dersom me er lenge i byn. Piggdekkavgift bergen 1300 per vinter. Har hatt bilen to og eit halvt år, to gonger på service ca kr 3-5k. Ein gong rep av defekt lys i dashbord, ca 250 kr. Eukontroll er på nokre hundringsar. Skal på verkstad til veka, sum ukjent. Nye sommardekk til våren, 4000.
-
Næsj. Den hadde eg lett kasta i maskina, men kanskje ikkje på kokvask da. Så lenge det er litt kvalitet i søm så brukar det gå bra, og om alternativet er å kaste fordi den stinker tiss, så hadde eg i alle fall gjort det. Men du kan jo prøve håndvask først, og bruk gjerne eddik, det fjerner lukt.
-
Ikkje gløym utgifter som parkering, bompenger og evt piggdekkavgifter. NAFmedlemskap er kjekt å ha (tusenlapp++ trur eg i året). Pluss nødvendigheter som
-
Kva er veska laga av? Den veska eg har kunne eg nok ha stappa i vaskemaskina og brukt eddik som skyllemiddel for eksempel. Evt kan du kanskje berre legge den til blaut i eddik.
-
Kupert er kult. Bygda eg bur i er skakk, så Vaffel er ikkje vant til anna flatmark enn det som er langs asfalten, stakar. Her i huset er ikkje eingong golvet beint. Aner ikkje kvar den fotballbana er i Fyllingsdalen, men har vore på Varden eit par gonger på eine grusbana der. Kan vere den same for alt eg veit? Kompassgenet mitt er ikkje så veldig godt utvikla. Eg tar gjerne passeringstrening ein dag om nokon vil forresten, og gjerne på dagtid. Treng ikkje sleppe dei i lag heller, eller kanskje berre gå litt rundt i lag utan voldsom hilsing/leik? Min er grei med dei små men kan leike litt voldsomt så det kan dei jo få slippe. :]
-
Er fadder for Peter på sju år i Kenya. Har fått bilde og brev og greier, stas! Og det minnar meg på at eg burde vere grei og sende brev med bilde til han og, han har bursdag i januar (eller var det februar) så det burde eg rekke. Kjem nok ikkje fram til jul. Betaler 250,- kr i mnd trur eg, gjennom Plan, og eg veit faktisk ikkje kor mykje som går til han og kor mykje som går til andre ting? Innbiller meg at det går til skulegang for Peter. Og så er me fadder for nasehorn gjennom WWF, men der har eg fått korkje bilde eller brev. Edit: Me får ikkje lov å sende gave, dei gjekk visst vekk frå det sidan det vart urettferdig sidan det var veldig mange som ikkje fekk eller noko slikt. Men kan sende brev og bilder.
-
Heiter det virkelig i Åsane? Så teit, høyrest heilt feil ut. Då må eg omstille språket. Ja det var ikkje ein spesielt ven og vakker hundepark, hadde kvidd meg for å treffe mange der, er den på Sletten større/betre? Og så er det visst enda ein i Bergen, men eg har gløymt kvar. Skulle gjerne visst fleire stader det går an å ha han litt laus utan at eg må midt opp på fjellet. Vaffel vil gjerne møte andre og leike, han går fint med dei fleste men likar ikkje flats.
-
Eg fikk vite i går at det er hundegård på Åsane! (i Åsane? på Åsane? Kva er rett?) Så då gikk(køyrde) me dit i dag. Eg tykkjer slikt er skummelt, men ville sjå kvar den var og kanskje henge der litt om det ikkje var folksomt. Og jammen var der tomt for folk, så då fekk han gå litt laus og leike litt, og så kom det ei eg kjenner så vidt forbi med hunden sin, og då fekk dei leike litt i lag. Det var skummelt og gøy.
-
Åh! Gamle BBC Narnia? Så fin ide, den vil eg stjele!
-
Mamma får, om eg greier å lage, eit smykke basert på eit maleri kjærasten hennar har malt. Og litt greier fra bodyshop tenker eg. Saman lurer eg på om dei skal få eit abonnement på syn og segn, mulig eg ber søstrene mine spleise, får sjå. Dei får sikkert bøker og, eg greier ikkje la vere. Pappa får bok, House of leaves, i fullversjon med farger. Sær bok, fell nok i smak. Og antageligvis ei (eller fleire) flaske med ein eller anna kul og sær øl. Aner ikkje med dama hans, hunden får eit bein. Søstrene får, (begge 30+), maskemarkører, dersom eg får tid til å lage. Kvar sin fine boks med te. Den yngste skal få ein tallerken eller to om eg finn nokon fine, og kanskje ei strikkebok. Den eldste vurderer eg noko fjellturutstyr av eit eller anna slag, kanskje helvetesukeboka. (Ho driv med triathlon og andre ekstreme utholdenhetsvarianter av trim .) Heimelaga bounty og karamellkaker, dersom eg gidd lage. Broder, veit ikkje. Bok, antageligvis. Heimelaga konfekt. (Sjå over) Sønn... Har bursdag rett før jul så må finne dobbelt opp, gah. Sonic screwdriver fra hundane. Eit par kule tskjorter. Kaaanskje slalomski, men da muligens brukt. (Aner ikkje kva slikt kostar) Muligens litt kle frå Moods of Norway eller HM. Pluttemann. Har ikkje peiling. Han får eit krus med navnet sitt på gallifreysk på frå hundane. Mattermos muligens, og hansker fra nissen. Vil gjerne finne noko meir spesielt. Tantunger, to tenåringsjenter og gutt 6-7 år. Jentene får kvar sitt armband med sitat fra hhv Harry Potter og Dr Who, reknr ikkje med dei skjønar kvarifrå, men fine likevel. Dei er ikkje norske, så tenkte eg skulle finne noko typisk norsk/bergensk. Sydvest kanskje, eller noko. Får glo litt i byn. Gutten får leike av noko slag, kanskje lego med dinosaurar om eg finn. Bestemor, bok? Og sett vekk frå hemmelig venn, og ein kompis som skal få noko strikka greier til ungane, så er det alt eg har av gaver. Sjef og kollegaer får kanskje konfekt om eg lagar og det blir nok.
-
Linkedinprofilen til ei som heiter nesten det samme som meg kjem først. Første treff som er meg kjem som nr fem, og det er facebook. Jaja. Som bildesøk er det eit par ukjente, så søstra mi (!) og deretter facebookbildet mitt. Lenge stod det at "Mitt Navn" døde da blablabla når eg googla meg, det kom _alltid_ først, frå eit eller anna historielag, men det fant eg ikkje no. Eg er den einaste som heiter akkurat det eg heiter, men me er ein tre-fire stykker som har samme fornavn + mitt mest brukte etternavn.
-
Kor stor er ein stor to-åring egentlig? Livvidde, brystmål, armlengde wantedd, dead or alive. Kva størrelse osloanorakk bør eg gå for? Har strikka str 1-2 år før, men tykte den vart så liten, evt var den ungen stor. Hjelp?
-
Eg og har desse, kjøpte nye i går faktisk, er veldig fornøgd. Eg må anten ha sånne som går utanpå øyra, eller dei aller minste proppane som går inni, og dei mister eg heile tida, må kjøpe ekstra proppedingsar til og det eine med det andre. Proppane er gode å ha dersom eg vil sovne med musikk/lydbok, men når eg går tur vil eg heller bruke utanpådingsane. Lekker litt meir lyd kanskje, men til mitt bruk er dei meir enn gode nok. Kan ikkje ha lue utanpå da, og ikkje for store luer under.
-
Takk! Då har eg fått nokre stader å sjekke ut, om eg klarer å hugse dei til neste gong.
-
Det høyrdest unektelig veldig koselig ut. Om ikkje anna så hadde det vore kjekt med litt fleire bilder av oss sjølve opp gjennom åra. Må kanskje revurdere julekortlaging.
-
No la eg forresten merke til at du er i Førde, kvar er det de har gått tur? Me er i Førde eit par gongar i året, men det lengste me har kome oss på tur der er vase litt rundt på Langeland med ski. Skulle gjerne hatt litt inside-info om litt mindre folksame stader.
-
15 år er ikkje det eg tenker på som unge på kurs nei. Aner ikkje kor gamle dei yngste eg går på kurs med er, 14-16 ein plass, og det er på ingen måte ei negativ erfaring. Er da langt meir potensiell irritasjon i ein halv(heil)gamal bedreviter enn i dei aller aller fleste ungdommer, så ja takk til ungdommer på kurs. Dei fleste er sikkert flinkare og hyggeligare enn meg. Eg har ein sønn på 16 og hadde ikkje falt meg inn å ikkje sende han på kurs aleine om han ville det.
-
Lykke til med eksamenar, folkens! Tar eg feil forum eller var det her inne det var nokon som jobba med reknskap? Eg sit med heimeeksamen no, og har eit spørsmål eg lurer på om eg tolker riktig. Vil gjerne få litt hint om eg tenker rett, er ikkje ute etter å få gratissvar altså. Anyone?
-
Så utruleg fine bilder du tar! Er det berre fordi du har eksepsjonelt fine hundar? Nydelige.