Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. I utgangspunktet er eg heilt for, og eg trur eg er heilt for det i stort sett alle situasjonar. Eg har ein gong opplevd ein unge på kurs, og den ungen var irriterande, men øydela eigentleg ikkje kurset på noko vis anna enn at ungen var langt meir opptatt av alle andre hundar enn sin eigen. Det kan ha mykje med saka å gjere at eg ikkje likar ungar, men eg prøver å skjerpe meg. Kva alder meiner me med "unge" forresten? Eg ville nok ikkje sett på ein 13-14åring som "unge", men om ein på sju kom og skulle trene hund aleine på konkurransekurs hadde eg kanskje tykt det var litt feil. Og så er det kanskje litt avhengig av kva type kurs? På kvalpekurs var eg langt meir "tålmodig" med mine medkursarar, men eg har stort sett vore veldig heldig med dei eg har gått kurs med trur eg. Evt, så er folk flest ganske greie.
  2. Wahey! Ang. organisert trening. I teorien gjer eg det, i praksis, not so much. Skuldar på eksamen, blir meir etterkvart. Eg bur forøvrig ikkje på Åsane, men køyrer tvers gjennom der av og til sidan eg av og til forvillar meg på hundegreier på "feil" side av Bergen. Eg veit ikkje heilt kven og kva som trener på Åsane, men det går jo buss i alle retningar (om du ikkje har bil.) Alternativt kan me jo starte eit opplegg sjølve.
  3. Nei. Eller, me sender julepostkort til svigers, men lagar ingen sjølve. Dei einaste me får av er og svigers. Eg er skrekkelig dårlig på å gjennomføre slike ting. ETA: Eg stemte nei, men stemte og 1-5 kort, så resultatet kan sjå forvirrande ut. Det er fordi eg helst ikkje vil ha ansvar for at svigerfamilien skal få kort/gaver/etc, men det endar alltid med at eg går bak pluttemannen og seier "skriv god jul her" og sånt. Offisielt sett skriv eg ikkje julkort.
  4. Er du på ravelry? http://www.ravelry.com/projects/kmarissa/deer-with-little-antlers-hat Denne FBsida skal vere den som har laga dei på bildet, men ser ut til at dei har fått inn fleire bestillingar enn dei har mulighet til å produsere i år.
  5. Det skal eg, takk! Og ja, ho er latterlig pen!
  6. Vakre mennesker. Eg veit ikkje om ho et kattar inne, men ho prøver å ta dei ute. Det ser uansett ut til at bestemor skal passe, gamle galne dama. Får nok hjelp av slekta som bur nærast, så får eg heller stå klar til å køyre og hente om det blir vanskelig.
  7. Snille du! Og dersom du plutselig får lyst til å bu i Arna eit par netter, eller noko, så kan det sikkert ordnast. Høhø.
  8. Min kjære far har slått til (igjen) og bestilt seg spaniatur på søndag, og berre gått ut i frå at eg kan passe, og denne gangen bør eg virkelig fokusere på eksamen... Han undersøker andre løysingar, meeen eg kan jo undersøke litt eg og, sidan eg ikkje heilt trur at bestemor bør passe denne hunden. Det gjeld ei tre år gamal tispe, som eg tykkjer er ein av dei kulaste hundane i verda, schæfer/staff/X-blanding. Svart og glatthåra, og eit av dei vakraste vesena på jord. Problemet er, at ho (slik eg kjenner ho) blir stressa i nye situasjoner, og avreagerer med å jage halen/pipe/mase. Eg har hatt ho her hjå meg i to lengre perioder, og då har ho brukt dei første dagane til å vere veldig stressa før ho roar seg. Derimot er ho omplasseringshund, og reagerte -ikkje- slik då pappa overtok ho for vel eit år sidan, hjå han er ho faktisk veldig rolig og grei alltid. (Ho kom då frå ein småbarnsfamilie som hadd budd på gard, og stod den siste tida truleg mest i bur.) Ho er vant til ca ein times tur for dagen, og nær null i hjernetrim, men skulle nok aller helst hatt meir. Ho har reagert heilt fantastisk på det lille eg har gjort av trening med ho. Kan fint vere aleine heime, er stort sett håplaus på passering av andre hundar men har gått veldig greit med (vaksne) hannhundar. Drar i båndet. Elskar kong, bein, kampleik og oppmerksomhet generelt. Genial på IQ-leiker. Eg står for frakt/avlastning og slikt, dersom nokon skulle ønske seg ein liten problemhund i nokre dagar. (Truleg frå mandag, i ca ei veke.) Eg kan vere behjelpelig med køyring hit og dit, turing og slikt, så lenge det ikkje kræsjar fullstendig med eksamenar. Pappa har, som han brukar, ikkje kjøpt returbillett, han seier "ei god veke". Dersom nokon vil, for berre eit par dagar, så kan det og vere veldig hjelpsomt. (Merk, eg tykkjer jo at fyren ikkje skal reise og heller bli heime. Det skjer nok ikkje, det er meir truleg at han får nokon til å stikke innom 3-4 gonger for dagen for å lufte, der eg sikkert ender opp med å vere ein slik person. Eg vil helst slippe å ha alle tre hjå meg no når eg har så trangt for tid, min hypre unghund + hennas trulige stress er ingen god kombinasjon med mine eksamenar, men det er ei kriseløysing.)
  9. Hvilken farge har egentlig ein tennisball? Gul eller grøn?
  10. Eg er rimelig sikker på at me har på jobb, dersom du er desperat. Men bokhandlarar skal, om dei ikkje har, ha mulighet til skaffe i alle fall. Om du har god tid, brukar det å vere kontorutstyrkampanje rett over jul, då dukkar dei nok opp. Ellers... staples? Edit: intarweb! her.
  11. Dei har Bamse vore hjå, og han tykte i grunn ikkje at me var så veldig interessante då me kom for å hente, enda eg stod der med klump i halsen. Han har vore langt meir heimekjær når han har vore på andre kennelar, eller blitt passa av familie faktisk. Eg har høyrt berre godord om dei, og det hjalp veldig at eg har høyrt så mykje bra, for eg fekk i grunn ikkje særleg mykje opplysningar av dei som var der. Dei vil ikkje ha teppe/seng med, men har eigne dyner visstnok. Han hadde med kong, kosebamse og masse leverpostei. Veldig hyggelige folk da, og ikkje så dyrt.
  12. Bokhandler har sånt. Sikkert clas ohlsson og slikt og. Eg betaler gjerne litt for ein vest som passer, viser godt og ikkje er ubehagelig for hunden. Har ein haug med vestar, men dei går i stykker, lyser ikkje godt nok eller setter seg fast i pelsen. Hurtta altså, i r check out!
  13. Ooh, den såg fin ut. Men glidelås altså, problemet var jo at pelsen set seg fast i borrelåsen, men det er kanskje flapp under så pelsen ikkje set seg fast? Skal sjekke ut, takk for tips!
  14. Eg og er på refleksvestjakt. Kvar finn eg ein fin og god refleksvest til bikkja som -ikkje- har borrelås?
  15. Eg har vore plutte her heile tida, trur ikkje eg har brukt det namnet nokon annan stad. Veit ikkje kvifor eg valgte det, har ingen betydning for meg, men namnet mitt var/er opptatt.
  16. Eg elskar Le Creuset gryta mi! Meiner eg såg den på tilbud på Jernia/Wallendahl til rundt 8-900ish her om dagen? (Moooooot normalt 1700ish!) Og støpejerngryta eg arva av mamma. Resten av våre er fra Ikea trur eg? Heilt kurante dei og.
  17. Det høyrest kjent ut. Den hunden eg kjenner som er "verst" på det, får lett problemer med å slappe av når ho er usikker på kva som skal/kan skje, og då jagar ho halen. Men ho er langt verre enn det Pi virkar vere altså, ho er veldig avhengig av forutsigbare rutiner, "etter X skjer Y" og sånn. Det er omtrent som hjernen kortsluttar og det går berre rundt og rundt og ho avreagerer/blir avhengig av å spinne rundt. Tippar det utløyser ein haug med adrenaliner/endorfiner eller whatnot. Ellers var gamlebikkja eg vaks opp med slik når han ville ha oppmerksomhet. Beit seg sjølv i hale og bein, trilla rundt nokre gonger, og såg på oss. Minsten eg har no (8mnd) hadde ein liten periode her for litt sidan der han tydeligvis oppdaga at han hadde hale, men han ga seg med litt avledning og har ikkje gjort det på ei stund.
  18. Jau, då har eg fått utlevert heimeeksamen i den eine utdanninga eg tar, og faktisk fått gjort to oppgaver enda det er leeeeeenge til innlevering. (to veker ) Og så skal eg ha to eksamenar i den andre utdanninga i løpet av desse to vekene og, (pluss eit par etter) og har byrja stresse litt med det. Det eine faget er eg heilt hysterisk dårlig i, så no har eg kjøpt kurs på enklereeksamen.no, håper det ikkje blir bortkasta.
  19. Er det ikkje potensielt avhengighetsskapande? Eg har vore borti to stykker som begge kavar seg sjølve opp med å jage hale, og den eine klarer ikkje å stoppe av seg sjølv.
  20. æææh dette var jo dritvanskelig! Får så lyst til å spørre om min hemmelige venn vil ha X eller Y og blabla. :Grin: Men eg har fått shoppa inn litt da, og er eit par andre ting eg må få tak i, trur det blir bra. Håpar, i alle fall. Eg har fått så fin venn!
  21. ^ What (s)he said. Eg oppsøker stort sett tider/stader der det er minst mulig andre når eg går med begge. Dvs eg bur slik til at eg nesten ikkje møter folk, så særleg bevisst er det forsåvidt ikkje. Men det er meir styr, sidan eg ikkje har lært dei å gå fint i lag, for det er tydeligvis ikkje nok å kunne gå fint aleine. Og så har me ikkje plass til bagasje i bilen lenger, det er meir hundering overalt, meir organisert foring, meir veterinær, mindre frivillige hundepassarar. Men det er meir kos, mine trivast godt i lag sjølv om gamlingen nok hadde greit seg fint utan. Dei har mykje selskap i kvarandre, dei leikar i lag og kjem stormande i fellesskap kvar gong kjøleskapet vert opna. Bamse fordi han vil ha leverpostei, Vaffel fordi Bamse kom. Det er liksom alltid to hundar overalt, oppå deg, rundt deg, foran og bak, og det snublast og snorkast overalt. Me har to hannar, eg er oppvokst med tispe+hann, begge deler har fungert greit etter mi erfaring, men det kan nok vere store forskjellar. Eg trur nok at me kjem til å ha to, så lenge me har nok pengar og tid.
  22. Eg har ikkje hatt hund lenge i bil om vinteren, (enda), men tenker dekken om det er veldig kaldt? Søstra mi hadde korthårhund i bil på kaldaste austlandet, dekken + tepper og varme i bilen når mulig, men eg lurer på om ho ikkje fann andre løysingar for dei aller kaldaste dagane.
  23. Det har eg og gjort. Er greit med litt variasjon, ja. Og så er det greit å passe på at den tråden som ligg bak ikkje blir for stram/laus, eg har ein tendens til å få den litt stram, så prøver å dra litt i arbeidet (sidelengs) for at den skal slakkast litt.
  24. Oi, spennande! Eg bur for langt vekke til at det blit særleg aktuelt, med mindre dei opnar for drop-in. Skal tipse dei eg måtte møte som kan vere interesserte!
×
×
  • Opprett ny...