Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Alt skrevet av plutte

  1. Eg vil, men jobber den dagen. Stiller med pepperkaker og karameller om de utsetter til søndag. Neste gong!
  2. Gamlingen har saueskinn frå Ikea, ungdyret har fleecetepper. Prøvde å ha saueskinn til begge, men ungdommen fillerista sitt og det var ull overalt. Er ikkje heilt fornøgd med fleecetepper, blir fort ein ball som han krøller bort i eit hjørne, men det er det einaste han ikkje tygger i stykker av det me har prøvd. Har ikkje prøvd dyner, kanskje det blir neste prosjekt.
  3. Tja, me får ei klementin eller to pluss litt nøtter i strømpa, blir ikkje stappmett av det, og målet med jula er vel å vere konstant sprekkferdig?
  4. På julafta er graut lunsj, me rekk så vidt å skvise inn graut mellom (lang) frukost og middag.
  5. Jammen, NISSEN DÅ! Likar nissen riskrem?
  6. Har du mandel i riskremen?! Ikkje i grauten? Jammen! 10 av 10 for rettferdighet, minus ein million for å ikkje ha den i grauten.
  7. Tja. Sidan sommaren ca, per mnd. (To stk, stort leverposteibudsjett pga medisiner. (Og begge må jo få leverposteiklump når den eine får medisin. )) Medisiner: 300 Leverpostei: 50 Forsikring: 100 Fôr: 600 Godbiter: 200 (pluss restemat) Dentastix: 150 Leiker/utstyr: 100 Kurs: 500 Dyrlege: 500 Edit: Stort dyrlegebudsjett fordi gamlingen har tatt mange prøver i det siste. Stort kursbudsjett fordi kvalpetrynet og eg har gått mest mulig kurs.
  8. Eg er med på haugevis kvart år, aldri vunne noko. Lykke til i år!
  9. Pinnekjøt. Med poteter, kålrotstappe, surkål og raspeballar. Gjerne med noko av kjøtet skjerpa i omnen, men ikkje alt. Brus eller juleøl til. Vanlegvis riskrem til dessert, men har og hatt sitronfromarsj, karamellpudding eller multekrem. Kjem litt an på kvar me er, riskrem er mest riktig når me er heime. Me det er forskjell på pinnekjøt, fekk heile jula øydelagt då me feira hjå ei tante då eg var lita. Røykt gamal sau som var skjerpa for lenge i omnen var skikkelig ille, og mamma måtte lage julemiddag slik pinnekjøt _skal_ vere etterpå. Ribbe er førjulsmat.
  10. plutte

    Hamster!

    Den må jo heite Egg?
  11. Dei såg kjempegode ut! Var det godt med geleklump på? Du har laga dei mykje mindre enn meg trur eg, eg er lat så eg lager digre klumper, har aldri fått 80.
  12. Åååh, digg! Flink! Såg dødsgodt ut. Eg har kjøpt sirup i dag! Woohoo!
  13. @ida Haha, eg og har hatt slike sjokoladeproblemer. Aldri skjønt kvifor det har blitt slik nokon gonger og andre gonger går det bra. Du har sikkert kokt dei lenge nok (ikkje fosskokt håpar eg? Då blir dei for seige/harde. ), mine blir litt "lause" men formbare, men må stå litt i kjøleskap. Kjøpte inn i går for å lage fleire ting i dag, men gløymde sirup.
  14. Haha, ja det kan eg tenke meg.
  15. Du får eiga epostadresse til kindlen, blabla@kindle.com eller noko, som du kan emaile filer til som vedlegg så svosjar dei automatisk inn på kindlen. Deilig. (Så lenge dei er i format kindlen kan lese.) (mobi og pdf i alle fall, eg veit ikkje kva meir men trur det er eit par format til den tar.) Eg har 3G forresten, men har aldri brukt det. (Kindlen min er ganske ny da, enn så lenge.) Har såpass mange uleste bøker på at eg nok sjeldan vil vere i boknød, men den er jo grei å ha til impulskjøp midt oppå fjellet. 3G fungerer kun i nettbutikken til amazon, du må ha wifi til annan surfing, men den er ikkje særleg god til nettsurfing egentlig. Eg er litt nyfrelst.
  16. Du kan fint lese bøker fra amazon på pc, nettbrett, telefon eller lesebrett altså. Det er eigne appar for iPad og android, som heiter kindle, og du kan laste dei ned dit. Eg har iPad, kindle og kibano lesebrett, pluss tlf. Leser bøker på alt, pluss papirbøker. Papir er mest behageleg, kindle nr to (har paperwhite, så kan lese i mørkret og, stort pluss!), kibano tre og iPad er minst behagelig å lese på, blir litt sliten i augo, men det er ei smakssak. Dvs tlf er mest slitsom, men i nøden etc... Pluttemannen likar godt å lese på padda. Du kan kjøpe bøker på amazon og få dei tilsendt på epost (meinar eg), eller laste ned rett til kindle/kindleapp. Enkeltpenkelt. Ellers kan du kjøpe bøker haugevis med stader på nett, og bruke til dømes Calibre (gratisprogram) til å bytte mellom forskjellige ebokfiltyper, så alle bøker kan lesast overalt. Og så kan du låne ebøker på biblioteket! Eller av meg. Edit: På fjelltur ville eg hatt med kindle paperwhite, som skal holde lenge utan lading. Du kan surfe på nett med dei, men da må du ha wifi.
  17. Eg digger sånne dager, nesten alltid aleine ute i slikt vær. Det må da vere heilt ok vær for ein fin pelsdott? Fascinerande med tuberkulose! Takk for kunnskapen!
  18. Eg gløymde å skryte av hesten! HEIA FJORDINGER!! GUL KULE FTW!
  19. Åååååh vakkertryne! Herlig beskrivelse av corgi, eg må visst føre opp ein slik på juleønskelista. (Og fin sele! Kvar er den frå?) Du tar skikkelig fine bilder og, forresten.
  20. Alt som er smått og godt er konfekt. Pluss alt som er godt og kan delast i smått, og sikkert litt til.
  21. Grattis med ny bil! Nora ser ut som ein skikkelig personlighet, er ho litt klovn? Herlig!
  22. Pepperkakedeig! Så fin han er på haugen sin.
  23. Mine ser alltid sjukt krøkkete ut, så har ingen bilder. Kan kanskje prøve å ta nokon etterkvart, tenkte lage noko denne veka (dersom eg får omøblert eit bakebord først). Salte mandler 3 store ss grovt salt 3 dl vatn 3 dl mandlar (heile, med skal) Smør Maldonsalt eller anna godt salt Kok opp vatn, ha i dei 3 ss med grovt salt og rør til det er oppløyst. Ha i mandlane, og la det trekke så lenge du gidder, eg brukar la dei stå ein halvtimeish kanskje, men det går sikkert greit med berre 10 min, eller ein time.. Hell av vatnet og ha mandlane over på eit brett med bakepapir, ha over eit par klattar med smør, bland saman og spre dei utover. Ha i ovn på ca 125 grader til dei er tørre. (1-2 timar) Rør gjerne litt i dei av og til, dei er ferdige når dei er halvtørre/sprø, ta ut av ovn og hell over så mykje maldonsalt som du vil ha og bland godt. Avkjøl.
×
×
  • Opprett ny...