1. juledag var vi ute hos mormor og besten, så då var det berre og hive dressen på Pia og tussle oppover mot sauefjøsen som no står tom. Den var, utruleg nok, svært spennande! Pia holdt på å snike seg inn i overbygget der fleire gangar... -.-'
Men vi var på nokre småjorder over huset, og der har Vangen (hesten) trakka opp bakken når det har vert bløtt ute, så når det blir frost i bakken, så seier det seg kanskje sjølv korleis det ser ut under snøen. Så Pia gjekk på tryne ein del gangar, men det er kanskje ikkje så heilt enkelt å koordinere føtta når ho springer i hundre-og-ti nedover ein bakke då heller?
Smile litt til kamera
"Trosse muttern og gå inn igjen i overbygget? Hmm..."
Let's shake it!
Pia i farta
Pia fant ut at ho skulle lukke øyra og gå på oppdagelsesferd... Så ho fikk berre ha det så godt
"Sorry, sorry, sorry! Muttern, veeeeent! *kræsj* "