Vi har to hundar i hus når eg er heime, og det er mor og datter. Dei er små, så leik inne er greit så lenge det ikkje går heilt over styr. Dei kan finne på og "slåss", men det er aldri meir alvorleg enn flekking av tenner og ein masse bråk, så dei finner ut av det sjølv utan at vi tobeinte blandar oss inn.
Mat får dei i kvar si skål, den eine står i stua og den andre på kjøkkenet, rett og slett fordi den eine er eit større matvrak enn den andre. Minstefrøkna må dermed bli stengt inne på kjøkkenet for at ho skal få ete i fred, for ho bryr seg fint lite om ho går vekk i frå maten og lar Dina (eldste hunden) ete opp -.-'
Vannskål delar dei på.
Morgontur og kveldstur får dei stort sett saman. Ellers varierar det litt på om vi tar dei med saman eller kvar for seg.
Når eg hadde med meg Pia på sosialtrening, så gjekk eg for det meste aleine. Veldig greit det
Når det kjem til tur og bånd, så er det sikkert mykje smak og behag.
Hanefot kan vere greit, men eg personleg føler eg mistar mykje kontroll, spesielt sidan eg har ei frøken som kan dra mot- og bjeffe på folk/hundar. Eit bånd med krok i kvar ende er veldig greit for kortare turar, ellers likar eg at dei går med kvar sitt kobbel