Gå til innhold
Hundesonen.no

Catania, Cira, Hera og Fenris (Etnahund og NEG)


Bellare
 Share

Recommended Posts

1934252_10156294048980468_24619003328017

Til tross for at vi ikkje har komt oss på mandagstreningane etter at vi flytta (20 minutt heim for å hente hund og 20 minutt tilbake til Førde i løpet av ein knapp time, etter 9t på jobb er litt stress...) og heller ikkje har fått med oss LP-treningane pga. jegerprøvekurs samme kveld, har det med andre ord blitt frykteleg lite LP-trening i løpet av året. Men ho har vert veldig "på" på dei få treningane vi har fått til aleine.
Men til tross for det, meldte eg Catania på til årets første LP-stevne i dag.

Var ille spent på vær og vind, men til tross for at vi sto opp til eit par cm nysnø på morgonkvisten i går, så våkna vi i dag til blå himmel og stor sol. Men med eit par minusgrader. 
Vi ankom stevneområdet tidleg og tok morgenturen der. Eg var grisenervøs, og på oppvarminga var ikkje Catania noko særleg gira. Ho var litt av/på. 
Tenker vi får ta det heile som trening.

Men uansett; stevnet gjekk mildt sagt rett vest, på det stadiet at det nesten er litt flaut :lol:

Visning av tenner - 9p
Blir ikkje sittande, hoppar på dommar og gir han eit lite bjeff. 

Fellesdekk - 0p
Vi stod over denne pga. kulden og fuktig gras.

Lineføring - 5p
Snuser og følger ikkje med.

Dekk frå holdt - 0p
Følger bedre med på foten, men legger seg ikkje skikkeleg ned. Sitter nesten oppreist på veg tilbake. Ikkje greit når det er kaldt og vått gitt.

Innkalling - 9p
Sitter fint, super fart inn, men kjem som vanleg litt for langt bak ved innkomsten.

Stå under marsj - 0p
Ho sto til slutt, når ho først stoppa. Snudde seg vel også når eg var på veg bak.

Fritt hopp over hinder - 0p
Overraskande nok, sprang ho rundt. Den var skuffande, sidan ho har vert så utruleg flink her.

Avstandskommandering - 5p
Vanskeleg og få skikkeleg ned i dekk og utruleg nok vanskeleg og få opp igjen i sitt. Gav dobbeltkommando.

Heilhetsinntrykk - 7p 
Poeng - 73

 

Kryssar fingrane for at løpetida lar vente på seg, slik at vi får trent og forhåpentlegvis kjem betre ut på stevnet i Juni :) 

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...
  • Svar 131
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Her har det skjedd litt forskjellig sidan sist. Vi er nemleg godt i gang med og kjøpe oss eit lite småbruk, på rundt 54 mål. Så her blir stor og god tumleplass for bikkjene. Og ingen naboar klin innpå

Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom

Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdi

Posted Images

Eit aldri så lite bildedryss frå den siste månaden. Snøen er endeleg vekke, og det har blitt så fint og grønt her. Sauene til naboane er satt ut på beite, og det er herleg og sjå at Catania ikkje bryr seg noko med verken dei eller lamma. Ho har dog fått skikkeleg ferten av hjort i det siste, og går fullstendig bananas om ho merkar at det er ein i nærleiken.

Tidlegare i veka, når vi var med Fredrik som skulle gjere seg kjend i terrenget for blodsporprøva i dag (han er sporleggar), tok ho hjorten vi såg forsvinne inn i skogen, på overvær. Eg fulgte på, og det heile endte opp med at den brått kom ut frå nokre busker ovanfor oss, og sprang forbi knappe 10 meter i frå oss! 
Kan sei det sånn at ho vart enda meir hysterisk då, hyler og kavar noko veldig.

Her er også tonnevis med turmuligheter, og eg gler meg til å få utforska enda fleire!

Og om ei veke skal vi utvide flokken med fem stykk Pekingender. Rydding pågår i utegården, der tidlegare eigar av huset hadde hønene sine. Eit noko dystert syn som møtte meg der nede, då der er mange inngrodde gjerder som vi må trekke opp med bil, men det blir nok veldig bra til slutt trur eg. 
Enn så lenge får dei ha uteområde i hagen utafor huset her. Inneområdet skal lagast klart til veka, tjohei :D 

13139187_10156813723890468_3205320674453
Herlege turmuligheter rett utanfor huset! Her, oppe ved Instebøstølen.

13178831_10156827847315468_8242842478368

13240534_10156849010670468_2325404869899
Godbitsøk i luftegården på mindre produktive dagar.

13237821_10156824464655468_7678208772080
Hjortevilt "rett utanfor" huset.

13151974_10156799017945468_5189259636897

Luftegården-Mini_9872.jpg

Luftegården-Mini_9889.jpg

Luftegården-Mini_9926.jpg
Legg i frå seg kameraet og leik med meg!

Luftegården-Mini_9940.jpg

Leik-Mini_0021.jpg

Leik-Mini_0025.jpg

Leik-Mini_0033.jpg

Leik-Mini_9968.jpg

 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 months later...

Bildespam! 

13406971_10156923851570468_1034415957215

13418901_10156944083300468_1141561046717
Prinsessa på erta :lol:

13509073_10156996352295468_6743150409263
To våte kråker som storkosar seg på tur :teehe:

13512214_10157012786125468_8435980663569
Kokt potet, nomnom!

13439046_10157015610305468_8200045854594
Ei som syns det var stooor stas når matmor fikk ny bil. Vart jo kjempegod plass, også forran buret :P 

13606463_10157052788550468_1157723405624
Meg, sambuar og bikkjene var på Skardåstoppen i Valdres.

13680725_10157056377835468_9140808343717
Ei som måtte sole seg litt, må jo bli brun vett :sleep:

13707585_10157091393420468_1085021890770
Innlæring av ruta. Eg ante ikkje kva eg driv med, men bruningen syns det var morro :D 

13690651_10157103855055468_3661706445118
Sykkeltur med beista. Håpe på ein fin haust, så vi får gjort meir av det :D 

13781967_10157108284895468_5784281313715

13615108_10157108285540468_3237328611141
Beste Cataniaen :wub:

13620060_10157108285860468_3484235542773

13680628_10157137827290468_5353865393633
Når Fenris kaprar buret :P 

13903425_10157179335115468_8832518866284
Sjå kor fornøgde dei er med turværet :D 

13907009_10157184492920468_7071558141125
Hadde du MAT sa du!?

14034803_10157192567585468_6477616980469
Viktig med turbilde, då må troppane samlast. Ikkje alltid like enkelt, men hender man er heldig :P 

14021472_10157228631825468_4878199625668

14113901_10153833653892215_533531630_o.j
Håpar på fint vær igjen snart, så vi kan komme oss opp på eit nytt fjell :D 

Sitter no her og funderar på om eg skal tørre melde bruningen på til LP stevnet i November, i regi av Fitjar-Stord hundeklubb. Og kanskje Dogs4All, men usikker på korleis der er og gå der, om det kanskje blir litt too much?
Her er det ingen innestevner lenger trur eg, etter at dei flytta vårutstillinga til hausten, veldig kjedeleg for dei som er litt avhengig av vær og vind for og kunne gå lydighet :( 

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...
  • 2 weeks later...

Trene litt blodspor etter gammalt, saman med @Tipsi, på søndag. Ho var også så grei at ho knipsa litt bilder av Catania og meg med kameraet mitt :D 

Må prøve og få trent litt blodspor også framover, og ikkje kun lydighet, og håpe ho blir like flink som ho var, før ho brått kobla heilt ut i fjor.

Blodspor Mini_2015.jpg
Viktig med leik og morro etter funn av skanken :D 

Blodspor Mini_2019.jpg

Blodspor Mini_2020.jpg

Blodspor Mini_2021.jpg

Blodspor Mini_2023.jpg

Blodspor Mini_2025.jpg

Blodspor Mini_2050.jpg

Blodspor Mini_2058.jpg
Verdas lekraste "stå" :lol:

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...

Gikk LP på Stord med Catania i helga, og var ille spent på korleis det skulle gå. Ikkje hadde vi fått trent på ei lita stund heller, sidan det brått vart ned i 9 minus ute. Men i ettertid viste seg at eg ikkje hadde så innmari mykje og kvi meg for. Litt surt at ho ikkje tok hinderet som ho alltid pleier og ta, men pytt pytt, eg er fornøgd :D 

 

Visning av tenner: 9 poeng
Forlot utgangsstilling og reiste seg opp.

Fellesdekk: 10 poeng
Ingenting og sei på den, gikk strålande!

Lineføring: 7,5 poeng
Veldig skeive holdtar og eg går veldig lutnakka og ser ned på ho heile tida, dommar ønsker at eg skal sjå meir opp. Men fikk skryt for kor godt samarbeid vi hadde ellers, så eg er strålande fornøgd med at ho gikk med så fin kontakt under nesten heile øvelsen.

Dekk frå holdt: 7 poeng
Veldig skeiv dekk og dobbeltkommando på oppsitten.

Innkalling frå sitt: 9 poeng
Teppet var dessverre såpeglatt, og fikk trekk fordi ho havna over 1 meter bak meg, men når eg ser på filmen ser eg at ho sklir bakover då ho ikkje klarte stoppe i tide. Men fikk ellers skryt for farten og at ho var så gira at ho spant i gang bortover.

Stå under marsj: 7 poeng
Gikk vel nokre skritt ekstra.

Hopp over hinder: 0 poeng
Sprang rundt, dumme tullehund!

Avstandskommandering: 7 poeng
Dobbeltkommando på oppsitten.

Heilhet: 8 poeng
Totalt: 145,5 poeng

 

 

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...
På 15.11.2016 at 2:09 PM, Bellare skrev:

 

 

Så utrolig inspirerende å se dere gå lydighet! Dere er skikkelig flinke! :D Veldig gøy med en ikke typisk rase i lydighet. Hun var så morsom med den innkallingen! :lol: Veldig syns med hinderet da, det var jo nesten opprykk der hvis det ikke var for den nullen vel? 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så utrolig inspirerende å se dere gå lydighet! Dere er skikkelig flinke! [emoji3] Veldig gøy med en ikke typisk rase i lydighet. Hun var så morsom med den innkallingen! [emoji38] Veldig syns med hinderet da, det var jo nesten opprykk der hvis det ikke var for den nullen vel? 


Takk for det [emoji4]
Er nok nesten opprykk, ja. Har hatt eit par slike, men trur ho foretrekker å ligge på den poengsummen her [emoji28]
Helga etter gjorde ho det vesentleg mykje dårlegare, men hinderet tok ho ironisk nok utan problem [emoji85]

Sent fra min SM-G900F via Tapatalk

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 months later...

Fått meg trekkhund gitt :P 
Vi fant fram syklane for eit par veker sidan, på tide og få opp kondisjonen og slikt på spesielt gråbikkjene, så dei klarar halde ut på elgjakta til hausten. Så mens sambuar syklar med Fenris i springer, syklar eg med Catania og Hera i stang forran sykkelen. Var i grunn sikker på at eg skulle dø før første tur med begge forran, men det gikk jo over all forventning. Ingen knall, fall eller påkjørslar :) 

Catania, som i fjor stort sett jogga lett og absolutt ikkje la seg i selen, har forandra seg totalt frå i fjor til i år. No legger ho seg i selen og gønnar på. Har absolutt ikkje ro i ræva til og ta det med ro, når eg meinar vi skal roe ned litt. Men litt morro at ho har begynt og trekke!

På sykkelturen i går kveld, sykla sambuar nokre meter forran oss. Og brått såg han det sto ein hjort midt i vegen eit lite stykke forran han. Den sprang raskt opp i skogen, men skal sei det var noken som fikk fart på seg då, ja! Fenris var nær med å bøye/vri springeren, og Catania satte ræva i høggir og gav bånn gass. Hera derimot, skjønte ingenting, fram til vi passerte der hjorten sprang opp :lol:

Tenker det blir eit litt kulare to-spann når Hera har fått opp kondisjonen, blitt eldre så ho kan få trekke skikkeleg og ikkje blir giddalaus så fort. Stakars Catania får litt ekstra lass å slepe på, når Hera finner ut at ho ikkje gidder/orkar å halde tritt :P 

18952747_10158729413065468_6499077361016

19105187_10158722656435468_1915864944_o.png

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Catania var hos Optimal Dyrehelse og fikk massasje- og laserbehandling (og noke anna, men hugsar aldri kva det heiter :P) i dag. Kun for forebygging. Det var vist litt overraskande at det var så lite å "fikse" på, med tanke på aktivitetane vi driver med, PL-operasjonen på begge kne for nokre år sidan og null rehabilitering i ettertid. Så det var jo superbra :D 

Sist Catania var der, var etter PL-operasjonen. Er vel 4 år sidan no, faktisk! Då var ho veldig stiv, men det hjalp veldig med ei behandling hos Merethe :D 

59493028ddf14_CataniaMini_5753.jpg.a18f21b4ff83cba816aef01bd164404e.jpg

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...

Elvebyen's Amelia, aka Cira.
Født 13. September 2018. Samme dag som Catania faktisk!

Ein så utruleg herleg kvalp, og i rake motsetning til korleis Catania var. Ho her er så trygg og fin på alt, elskar folk, driter i om vi går ut av huset og ho er aleine, stort sett roleg, håndterbar og så kom ho i hus nærmast husrein. Og no, straks 4 mnd. gammal, går ho gjerne til døra når ho må ut ?

Skal prøve og få stilt ho ein del, så vurderar om eg skal melde ho på til Nordhordalandsutstilling i februar. Spørsmålet er berre om eg gidder stå opp før fuglane fiser og kjøre i 3 timar, lang dag på utstilling og så 3 timar heim igjen. Ellers må eg vente heilt til april!

49007467_10161137786685468_1993313026656

Catania som ikkje likar kvalpar, er overraskande tolerant ovanfor Cira. Catania er nok litt rasistisk av seg, for ho har sikkert skjønt at Cira er av samme rase ? 

48424504_10161138814095468_8325854073924
Firkløveren vår ?

 

(Korleis får man endra overskrifta?)

  • Like 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Tida går så alt for fort, lille propellen Cira har allerede rukke og bli 6.5 mnd. gammal! 
Trur aldri eg har vert borti ein så behageleg kvalp og ha i hus. Ho kan ha sine frustrerande stunder, men det druknar i alt det som er så bra. Husrein, null problem med og vere heime aleine, stort sett roleg inne, søv natta gjennom... Ho ligg stort sett i bur når vi er vekke, men skal eg ein kjapp tur på butikken (har 10 minutt ein veg, så kjapp og kjapp...), prøvar eg og la ho vere laus med dei andre i stua. Så langt har det gått veldig bra! Har kun komt heim til at ho har vert i vedkorga og funne seg ei vedskie ho kan tygge på. Og så lenge det kun er veden det går ut over, så er det heilt greit! :D 

I Februar var ho meldt på til Nordhordalandsutstillinga i Lindåshallen. Det gikk veldig bra og Cira fikk ein veldig fin kritikk, mens eg fikk ein mindre fin ein, for eg gav for mykje godbitar ?

"Very pleasing feminin head and expression. Good neck. Well placed shoulders. Excellent topline. Nice balanced overline. Moving very soundly in both directions. Handler over baiting a little."
BIR og HP

Planen var og melde på til NKK Bergen, men der er det vist ikkje kvalpeshow, så då gikk den i dass. Då blir det heller 2 dagers i Ålesund i staden. Aldri vert der oppe før, så tek det som ein kosetur med kun 1 hund og sambuar på slep. Og så blir det forhåpentlegvis NKK Trondheim i ferien, då har Cira nett bikka over i junior-klassen, og blir kanskje å stille mot eine kullsøstera si der. 

621649584_ParkenMini_5909.jpg.6764b136284b579cc53d39550cab8f56.jpg
Cira (4 mnd.), Hera og Ronja (svigers hund)

1270074648_CiraMini_6074.jpg.4165d5ecfc2d0a1411ed7e28639e4ddd.jpg

644190070_CiraMini_6126.thumb.jpg.c0c9dc2b8be687d1ac87870d23735fd8.jpg

342555782_CiraMini_6206.jpg.28ec24cb4a560899c6901815b54f3bc0.jpg

71170311_Cira1Mini_6194.thumb.jpg.cfdf10f05ca6cd978ca93f0dbfd726f1.jpg

1658636948_HundegardenMini_6280.jpg.f9808f21acb59fdc19999efdad588bcd.jpg
Cira og Catania

2067824427_HundegardenMini_6327.thumb.jpg.8185be5f22d7a370a8e5495ad33feaa2.jpg

488233188_HundegardenMini_6332.thumb.jpg.b35b8c4292fcf177695341f9b4905414.jpg
Dronninga, begynt og bli litt grå i barten for tida ?

1042892583_HundegardenMini_6341.jpg.676ff5027e715ffee06c057244097c37.jpg
Cira og Hera, er som pompel og pilt. Herjar rundt så busta fyk ? 

  • Like 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...

58766156_10161601895860468_2941957541543

Forge helg var vi i Ålesund på NKK utstilling med Cira. Vart litt grinete etter dei i-siste-liten endringane som vart gjort pga. flystreiken, men det er slikt som skjer. Og dommaren vi vart flytta til på laurdagen, er super med kvalpar, så det vart berre positivt!
For Cira er nemleg ekstremt glad i folk og startar med hopp og sprett. Så når vi var entra ringen på laurdag korta eg inn lina litt, for å ha litt betre kontroll på den brune sprettballen min. Men dommar sa eg måtte sleppe opp og gi ho full line, og brått var Cira i armane til dommaren som fikk seg ein god ansiktsvask. Synd sambuar ikkje var rask nok oppe med kameraet så han fikk tatt bilder av det heile!

Når vi var ferdige i ringen, takka dommaren meg for at nettopp vi hadde komt til ho i dag. Så tydeleg at ho likte Cira og energien hennar ? 

LAURDAG:
«7.5 mnd, femi. fint hode, vakker hals, noe fremskutt skulderparti, fin overlinje i stående, noe avfallende kryss, som gjør at hun skyter ryggen opp noe i bevegelse, fin benstamme og føtter, velvinklet bak, noe fransk i frambena, fin farge og pels, herlig temp, åpen og vennlig, velvist

Resultat: HP og BIR
Dommar: Aud Fossum

Men det var stor forskjell på Cira i ringen frå laurdag til søndag. Ho var nok meir stressa over alt som skjedde laurdagen sidan ho brått vart tatt med inn i ein stappa hall full i mennesker og hundar. Så er nok det som skuldast at ho skaut rygg under bevegelse i ringen. For ho gikk overhode ikkje fint, og det vart mykje hopp og sprett og rot. Men ho sto veldig bra syns eg.

På søndagen gikk ho betre i ringen, men var meir uroleg når ho skulle stå. Har ein liten mistanke om at det kanskje kan skuldast at dommaren sto nærme men at Cira ikkje fikk hilse på ho (trur faktisk ikkje ho tok på ein einaste hund eingong?). Så tannvisning vart veldig vanskeleg når eg skulle halde sprettballen på bakken og samtidig vise fram tenna hennar sjølv, mens dommaren sto klin inntil for og sjå, haha! Dommaren ville ha eigarane til og vise fram tenna på hunden sin sjølv nemleg.

Så vi har i vert fall masser og trene på til NKK Trondheim. Då er ho brått komt over i juniorklassen. Hjelpes så fort tida går!

SØNDAG:
«very nice dog, 7 1/2 months old, correct construction, correct proportion of the head, correct ear set, correct body and bodyline, elegant dog.»

Resultat: HP og BIR
Dommar: Maria Teresa Mondo Gabrielli

835223623_AlesundMini_6689.thumb.jpg.d2bee584b31d60162cbe385a1292d672.jpg

 

908151903_AlesundMini_6695.jpg.5265d2763241566c6b2d3a90797efb12.jpg
Trenar på ro mens vi ventar.

903038719_AlesundMini_6706.jpg.c54e0daf974a2ecde8284995d3c78416.jpg
Enda meir ro-trening.

1531013618_AlesundMini_6762.thumb.jpg.46cfbcce82aa289509b4f282cb9a5069.jpg
Gruppebedømminga. Endeleg kom det nokon for og hilse på!!! ?

1984201403_AlesundMini_6765.thumb.jpg.1969eba32a0f41690894307a05c898a4.jpg
Tannvisning.

1886760498_AlesundMini_6774.jpg.1046caf8648363cf3181453bff717107.jpg
Ho kan vis ho vil. Sånn innimellom ? 

1296244876_AlesundMini_6786.jpg.ad1c859a2f7cd994e13c15753fa40cc1.jpg
Viktig og følge med, så ho kanskje lærer litt av og sjå på alle dei andre ? 

  • Like 7
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Etter litt fram og tilbake, sa svigers ja til og komme hit og vere "barnevakt" for tre av flokkens firbeinte + hønsa neste helg, så eg kan vere med sambuar austover (han skal på konsert) og stille Cira på podencospesialen. Er frykteleg spent på korleis det skal gå!
Vi har lagt oss i hardtrening sidan NKK Trondheim, og det kjem seg for kvar dag som går. Dei siste par dagane har vi hatt eit par knalløkter, og ho har blitt så flink til og gå fint utan kengurufakter. Einaste minuset er nok at vi ikkje har fått generalisert så mykje, men stort sett kun trent ute på plassen vår ved huset. Dog med både høns, sauer, hestar og bjeffande nabohundar i nærområdet.

Og så blir det første møtet med oppdrettar igjen, sidan vi var og henta Cira i november. Dei har sjølv meldt på alle 5 Etnaene dei har i hus no, deriblant 3 av Cira sine kullsøsken. 

I Trondheim fikk ho forresten ein flat rød med fin kritikk. Mistenker at kengurufaktene kan ha noko med resultatet og gjere, for der gikk det i hopp og sprett heile vegen rundt i ringen. Men ho sto fint då, haha! ? 
«Mykke bra, feminint hode og uttrykk. Velbåret ører, bra hals, bra kropp for sin alder, behøver å utvikles mer i forbryst. bra vinkler, rør seg steg for alderen. behøver litt tid.»

 

 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

1245821776_PodencospesialenMini_7043.thumb.jpg.aee9897322012c9e4b4528b6f41bbd6a.jpg

På søndag var vi på Hvam for rasespesialen til Podencoklubben, og eg kan vel ikkje sei stort anna enn at det gikk over all forventning! Oppdretter til Cira var der også, men alle sine 5 Etnaer, og Cira var heilt i ekstase over og sjå dei igjen. Er greit at ho blir heilt tussete når folk vil hilse på ho, men her tok ho verkeleg kaka gitt. Bjeffa, hylte og sto i, så glad vart ho. Nesten på grensa til at det ikkje var så enkelt i ringen, for oppdretter gikk bak oss med eine kullsøstera, og Cira vart sååå glad kvar gong ho snudde seg og såg at ho var der, haha!

«Utmerket helhet. Vakkert hode og uttrykk. Prima ører. Stilig hals. Utmerket vinkler foran og bak. Utmerket kropp for alder. Noget lang i lendpartiet. Rorer seg rasetypisk fra alle hold. Bra farge og pelskvalitet.»

Resultat: Excellent, CK, CERT, beste junior
Dommar: Säde Hohteri

Sidan ting drøya så veldig og sambuar skulle på konsert i Oslo, fikk vi dessverre ikkje med oss junior finalen der Cira også skulle vert med. Veldig kjedeleg, men men. Vi får ta det igjen, sjølv om det neppe blir som junior då. 

Så no får vi fortsette og trene fram mot dei fire neste utstillingane som gjenstår i år!

1213672611_PodencospesialenMini_7004.jpg.2899c6e6b0685aaa74ff3e6858e5e7e4.jpg

297773988_PodencospesialenMini_7007.thumb.jpg.ece2b988eb3fe7d83865b078cd85dd9b.jpg
Min store skrekk er bord, for Cira har ein tendens til og bli litt rabiat fordi ho har SÅ lyst til og hilse på dommar. Men på søndag gikk det veldig bra, og alle fire beina var stort sett planta på bordet.

40569181_PodencospesialenMini_7015.thumb.jpg.9e4db12a178d7b24e39c3730936c4cbf.jpg

Podencospesialen Mini_7023.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 hours ago, Bellare said:

1245821776_PodencospesialenMini_7043.thumb.jpg.aee9897322012c9e4b4528b6f41bbd6a.jpg

På søndag var vi på Hvam for rasespesialen til Podencoklubben, og eg kan vel ikkje sei stort anna enn at det gikk over all forventning! Oppdretter til Cira var der også, men alle sine 5 Etnaer, og Cira var heilt i ekstase over og sjå dei igjen. Er greit at ho blir heilt tussete når folk vil hilse på ho, men her tok ho verkeleg kaka gitt. Bjeffa, hylte og sto i, så glad vart ho. Nesten på grensa til at det ikkje var så enkelt i ringen, for oppdretter gikk bak oss med eine kullsøstera, og Cira vart sååå glad kvar gong ho snudde seg og såg at ho var der, haha!

«Utmerket helhet. Vakkert hode og uttrykk. Prima ører. Stilig hals. Utmerket vinkler foran og bak. Utmerket kropp for alder. Noget lang i lendpartiet. Rorer seg rasetypisk fra alle hold. Bra farge og pelskvalitet.»

Resultat: Excellent, CK, CERT, beste junior
Dommar: Säde Hohteri

Sidan ting drøya så veldig og sambuar skulle på konsert i Oslo, fikk vi dessverre ikkje med oss junior finalen der Cira også skulle vert med. Veldig kjedeleg, men men. Vi får ta det igjen, sjølv om det neppe blir som junior då. 

Så no får vi fortsette og trene fram mot dei fire neste utstillingane som gjenstår i år!

1213672611_PodencospesialenMini_7004.jpg.2899c6e6b0685aaa74ff3e6858e5e7e4.jpg

297773988_PodencospesialenMini_7007.thumb.jpg.ece2b988eb3fe7d83865b078cd85dd9b.jpg
Min store skrekk er bord, for Cira har ein tendens til og bli litt rabiat fordi ho har SÅ lyst til og hilse på dommar. Men på søndag gikk det veldig bra, og alle fire beina var stort sett planta på bordet.

40569181_PodencospesialenMini_7015.thumb.jpg.9e4db12a178d7b24e39c3730936c4cbf.jpg

Podencospesialen Mini_7023.jpg

gratulerer! 

men, er det vanlig å ha dem på bord? Er de ikke mellomstore? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Meg skrev:

gratulerer! 

men, er det vanlig å ha dem på bord? Er de ikke mellomstore? 

Takk ? både ja og nei. Er første gang Cira har måtte på bord på utstilling, men eg har jo sett det tidlegare at enkelte dommere ønsker det. Enkelte blir også målt, men det trur eg er meir når dei ser ut til og vere i grenseland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive



  • Nye innlegg

    • Frøkna har mest sannsynlig fått en blokkert spyttkjertel. I går skulle hun til utredning i CT, men forundersøkelse av hjertet viste at det ikke er et alternativ å dope henne ned slik hjertet er nå. Så hva i alle dager gjør jeg? Er det noen som har vært borti dette, og evt. fått utført noe slags behandling (f.eks. drenering?) under lokalbedøvelse? Hun ble satt på vanndrivende over helga for å redusere trykket på hjertet, så vil de ta en ny vurdering mtp. risiko ved narkose i neste uke,  men hun vil uansett være en høyrisikopasient så det er jo kjempeskummelt å gå den veien. Jeg har jo ikke lyst til å risikere livet hennes for en blokkert spyttkjertel, som tross alt ikke er livstruende og mest bare et irritasjonsmoment. Alt hva den stakkars hunden skal måtte gjennomgå 
    • Få en trener MED ERFARING (fra hundeklubben f.eks) ikke en som har tatt e kurs og er på sin første hund...  Dette må en hjelpe dere med in real life.  Har selv en valp på 16 uker som bodde på småbruk, men hun er miljøsterk og rå i miljø. Det er noe miljø og mye genetikk.  Kjenner ikke til Collie men tidligere slet de med nerver og det er jo bittelitt arvelig det... Det du opplever høres meget rart ut. Få hjelp hjem nå!!  Valpekurs er genialt, men treneren der har begrenset tid til å hjelpe med sånne problemer, men noe veiledning hjelper absolutt.   
    • Gratulerer med resultatene og hunden!
    • Jeg er ganske forelska om dagen 😂❤️    Vi har jo 3 tisper også - Utrolig morsomme og herlige vesen! Men hannhund er virkelig noe for seg selv! ❤️   Nils hadde en strålende valpekarriere, til helga skal han til Nkk Sandefjord og prøve seg som junior - Vi er forberedt på at alt kan skje 😂
    • Jeg har jo vært inne på tanken, særlig nå i perioden jeg ikke fikk lekt med han. Men i utgangspunktet bør det være mer enn nok. I tillegg til korte lufteturer er han en time i skogen ila formiddagen, og får en økt eller to med spor/lydighet/felt/rundering ila ettermiddagen/kvelden. Jeg har sluttet med all trening inne fordi det tydelig bygger stress, men han bør ikke være understimulert totalt sett. Mellom øktene får han også mye ro og søvn
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...