-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Det vart kjempefint . Eg stemte òg på nr. 4, utan å ha sett verken kva folk hadde stemt eller svart i tråden.
-
Og Heinz funkar faktisk veldig bra som krydder i matlaging. Då snakkar eg under laging av retten, og ikkje på toppen av den ferdige maten.
-
Hm... Eg ville vel definert mellomstor til å vere 15 - 25kg. Alt under ti er iallefall smått. Men det er klart, det er jo forskjell på mudi og papillon . No var dei jo ikkje så veldig spesifikke i kva "liten" vil seie då ida spurde...
-
Men mudi er då ein liten hund, er det ikkje?
-
Hahaha. Eg ser det for meg .
-
Berner sennen! Neida... Kva med mudi? Det er ein rase vi synst verkar utruleg spennande, og noko vi absolutt kunne vurdert om vi nokon gong skulle finne på å ha lyst på ein liten hund .
-
V70 har jo den kjempefordelen med loddrett bakluke, og god plass til bur. Sjølv har vi Mazda 626, 2001-modell. Det er ein kjempebil, veldig driftssikre (og billige delar om noko likevel skulle ryke), gode å køyre, ok forbruk (0,8 på blanda køyring) og god plass. Ekstra pluss er at baksetet kan flyttast fram og bak, du kan med andre ord få større bagasjeplass og likevel ha 5 seter. Du kan òg leggje setene ned, og få flatt golv heilt fram til framsetene, men det er jo ikkje så uvanleg. Om 2003 er det eldste du kan akseptere, er jo 626en bytta ut med Mazda 6. Det ser òg ut som flotte bilar, og det var vel denne vi i utgangspunktet skulle ha, men vi fall ned på førre modell på grunn av takhøgde i bagasjerommet. Som så mange andre stasjonsvognar (og bilar generelt) skal jo designet på død og liv vere så forbanna striiiiimlain, og det går ofte ut over funksjonalitet. Her er dei litt eldre stasjonsvognane hakket betre. Eg meiner det var i 2002 626en vart erstatta av 6en.
-
DEFINITIVT Heinz! Idun smakar billig, kunstig og industrielt, Heinz har kraftig, rund og frisk smak. Det er nesten ein skam å kalle Heinz ketsjup i det heile, det er fullverdig tomatsaus i mine auge .
-
No har eg jo alt lagt ut dette biletet i AN-tråden, men det passar kanskje vel så godt her inne?
-
Vi brukar Appetitt frå FK, og det funkar supert. Laffen er sunn og frisk, god pels, og drit ein gong for dagen (og knapt det ). Våre oppdrettarar brukte òg dette, og fleire av hundane deira sankar premier så det renn etter på utstillingar.
-
Laffen har tissa innandørs to gongar etter at han byrja å løfte bakbeinet (han var husrein før dette), begge gongane i andre hus enn vårt, og ein av gongane med ein annan hund i same hus. Har eigentleg ikkje så mykje meir fornuftig å seie, anna enn at du iallefall ikkje er åleine om å oppleve det . Vi har ikkje teke det veldig tungt, og ettersom vi ikkje tok han på fersken, kunne vi ikkje ta tak i det der og då heller. Trur nok eg ville stogga han og sagt NEI om eg tok han i akten, eg òg.
-
Og dermed sit du der, blind slik at du ikkje kan sjå på TV, og er tvungen til eit liv med radio(reklame) .
-
*gni seg i hendene* Som trailersjåfør så har eg høyrd mine timar på radio. Eg synst det er morosamt å sjå at stort sett alt det som irriterer folk er nøyaktig det same som ville ha irritert meg, men som eg har løyst enkelt med å høyre på P1. Folk burde få opp auga for denne kanalen, i staden for berre å gå ut frå at dette er kanalen for dei over 90, og så tvihøyre på møkkakanalar nærast på trass. Det som irriterar meg mest på radio, er at ein på død og liv må snakke heilt fram til vokalisten byrjar å syngje når ein spelar musikk. Av og til har dei ikkje eingong noko å seie, og det blir mumling, trekkjing og jaddaaaaaa fram til vokalisten byrjar. Men i svarte då, det er jo mykje flott musikk før vokalisten byrjar òg! Elles er eg einig i at barneradio er noko av det kvalmaste som finst. Eg får fnatt berre det kjem eit slikt reklameinnslag for Radio Super (barneradioen til NRK). Grøss...
-
Om kunnskapsspel finst interessant, så er Passport eitt som må sjekkast ut. Eg veit forresten ikkje om det eksisterer lenger, eller om det var noko form for eingongsprosjekt. Vi fekk det iallefall av noko familievener for ein del år sidan, og nokre av spørsmåla byrjar å gå ut på dato, men det er framleis fullt spelbart. Det er eit geografispel, der ein del går på å identifisere land basert på flagg og hovudstad, og ein annan del er å svare på spørsmål om landet. Stort sett alle land i verda er med, inkludert kvar minste lille øystat i t.d. Oseania . Elles er Bonansa (bønnespelet) morosamt . Men er bør ein gjerne vere meir enn to personar.
-
Wow! Den der var jo ekstrem. Måtte sjå tre gongar før eg faktisk såg at det var ein tatovering, og ikkje eit supert bilete som var redigert til maks kvalitet .
-
Haha. Eg kjente akkurat det same då eg las Trulte sitt innlegg .
-
NorWay Bussekspress, som har langdistanserutene her på Vestlandet (Sognebussen, Kystbussen m.m.) tillet ikkje hund på sine bussar. Her står det spesifisert i regelverket, og ein finn det greit om ein går inn for å sjekke opp i det. Har ein derimot sjekka det, og det ikkje står noko om det, kan dei jo ikkje nekte for det. Om du har mail frå Nettbuss om at det er lov med hund, ville eg òg skrive ut denne og teke med meg på bussen i tilfelle. Men om sjåføren kan vise at det står i regelverket at det ikkje er lov, har du jo ikkje så mykje du skulle ha sagt.
-
Hahaha :lol: . Eg såg òg denne då han låg på AN. Då lo eg høgt! (det gjorde eg forresten no òg )
-
Og det er jo òg ein stor diskusjon, om vi burde ha dårleg samvit for å bruke så ekstremt store delar av verdas ressursar, på bekosting av ein stor del av verdas folk, som ikkje får dei moglegheitene vi har. Eg slit sjølv med å føle den heilt store skammen, men eg synst det er synd at det skal vere slik. Det er vel ingen som går inn for at dyr skal lide, og det blir jo alltid jobba for betre kår for dyr brukt i konsumproduksjon. Vi har alltid mykje å gå på her. Eg trudde ikkje det var nemneverdige forskjellar i krava til dyras levekår i økologisk drift i høve til vanleg drift. om det er så, så tek eg det til meg. Når det gjeld jordbruk, så ser eg ingen argument for økologisk drift. Her til lands er det strenge reglar for kva ein kan bruke uansett kva drift ein har, mat på norsk marked er IKKJE giftig. Eg synst òg, som eg nemnte i opningsinnleggjet, at det er forferdeleg synd at folk er så skeptiske til alt som har med genmanipulering, særleg hos plantar. Her snakkar vi jo ikkje om å tilføre noko som helst, ein går berre inn og endrar på dei komponentene som alt er i plantene, og får fram gode resultater. Her er det store potensiale! Dette er eit kjempeinnlegg, som alle bør lese fullt og heilt. Som du seier, den enklaste, beste og mest openbare måten å løyse "matkrisa" på, er å fjerne svinnet. Det svinnet vi har no, både i rike og fattige delar av verda, er grotesk. Dette er likevel ikkje noko argument mot effektivisering av jordbruk og matproduksjon. Etterkvart som fossile ressursar som olje og mineralar, til dømes fosfor, som du nemte, blir brukt opp, kan jo jordbruksprodukt bli gode, fornybare erstatningar for desse. Det som per i dag er problemet med det, er jo nettopp mangel på landbruksareal og ressursar. Effektivisering av det landbruket vi har, vil frigjere areal til andre gode, viktige føremål, utan at det går ut over produksjonen.
-
Plukkar ut ein diskusjon frå Akkurat Nå-tråden, og frå min PM-innboks. Det er vorte diskutert litt fram og attende, og Ane skriv: "Økologisk kylling har det mye bedre enn "frittgående" kylling. Økologisk kylling har tilgang til frisk luft, noe ingen andre kyllinger har. Den fores heller ikke med slik vekst"greie" som "vanlig" kylling, som gjør at de vokser veldig veldig mye fortere enn de egentlig gjør. Økologisk kylling fores dobbelt så lenge som konvensjonell kylling." Eg siterer "Økologisk kylling fores dobbelt så lenge som konvensjonell kylling.", og svarar: "Og er dermed eit stort bidrag til den aukande matmangelen i verda. Økologisk mat er egoistisk, og kun eit verkty for å pleie samvitet til rikfolk som brukar altfor store andelar av verdas ressursar frå før. Det same gjeld den store motstanden mot genmodifisert mat, her har vi gode verkty for å tre- og firedoble matproduksjonen, med praktisk talt null ekstra ressursar, og så skal vi setje oss på bakbeina og sutre fordi alt som har med gen og DNA er politisk ukorrekt? Kvalmt er det!" Ane skriv: "Bryr du deg overhode ikke om hvordan dyrene du spiser har hatt det før dem blir slakta?" Eg skriv: "Jo, det gjer eg. Så då er det jo bra vi har så strenge dyrevelferdsreglar i Noreg og Europa. Men økologisk drift er ikkje dyrevennleg drift. Ein kan fint ha høns i bur og kuar i bås og drive økologisk. Økologisk drift vil seie at ein ikkje brukar noko form for kunstige "tilsetjingsstoffar" i drifta, i praksis vil det seie null kunstgjødsel og null kraftfor. Og det er IKKJE bra for verdssamfunnet, då vi MÅ utnytte dei naturressursane vi har på ein mest mogleg effektiv måte. Kunstgjødsel og kraftfor er på ingen måte skadeleg, verken for naturen, dyra eller oss som et dyra / plantene i etterkant. Det er utelukkande eit positiv hjelpemiddel i matproduksjonen. Kjøp egg frå frittgåande høns, og gjerne kjøt frå frittgåande kylling, om det finst. Men økologisk mat er ikkje berekraftig i den verda vi har i dag, og det er farleg!" Køyr diskusjon .
-
Moro å så at det same som svarte i februar, svarar att no . Eg kryssa av i februar, men eg har visst gløymd å skrive alderen. Eg er altså 23 år gamal, 88-modell. Og så hiver vi på det som tydelegvis er obligatorisk smaili i denne tråden: ...
-
Kan likne litt på ein tibetansk mastiff. Det er enkelte av desse som har ganske bra manke. Men denne var då voldsom... Mogleg han har vore (u)heldig med biletet og treft akkurat på ei rørsle som har slengt opp all pelsen på ein unaturleg måte.
-
Det går over .