Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Eg synst det høyrdest ut som ein spennande blanding, eg . Eg ville ikkje brydd meg mykje om svigerfamiliens meiningar, det er ikkje dei som skal leve med hunden. Folk som ikkje kan hund er ofte skeptiske til store hundar, uansett kva hund det er snakk om. Slik eg tolkar denne blandinga, vil du truleg få ein allsidig hund, som toler både ein roleg dag og ein 5-timars fjelltur.Kor mykje arbeid du vil får med oppdraging og slikt er alltid vanskeleg å spå på ein blanding. Når det gjeld fordelar og ulemper med stor hund, er det smak og behag. Ja, det er ein del ulempar med stor hund, dei tek plass. Det kan vere problematisk i høve til bil, det passar dårleg i leiligheit, og ein del folk er generelt skeptisk til store hundar (utan at eg kan fatte kvifor). Dei et òg litt meir enn små hundar, men ikkje så mykje som mange trur. Fordelane må jo vere at dei er robuste og sterke. Du kan til dømes kjøpe vogn som ungen kan sitje i medan hunden trekk, hunden kan bere proviant og utstyr på tur osv.. Og så er det koseleg med ein stor bamse, då .
  2. Det var vel det einaste punktet eg stoppa litt opp ved òg, men sidan eg er ein sær ung gamal gubbe, lot eg det passere . Elles ser eg ikkje noko poeng i å korte det inn på noko som helst måte, som Pippin og Tintin ville eg òg likt å vite mest mogleg om den ein skal leige ut til, og når ein tek vilt framande inn i huset sitt, har ein faktisk tid til å lese ein liten A4-side om vedkomande.
  3. Dette er akkurat den typen annonse eg ville svart på då vi såg etter leigebuar. Trur nok det at du faktisk skriv meir enn "jente 21 ønsker leige. Nær skulen og under 5000kr/mnd." vil vere viktigare enn det at du har hund, med mindre ein absolutt ikkje vil leige ut til folk med hund. Der ville du jo ikkje fått leige uansett.
  4. Eg synst forresten Mai er eit nydeleg jentenamn .
  5. Lina Kristine har bestemt at vår jentunge (som ikkje kjem på mange år enno) skal heite Ronja...
  6. Det ligg vel alltid inne gjensidig oppseiingstid i husleigekontraktar, og desse er vel meint som minimumstider. Som du seier er det strenge føringar for når ein huseigar kan seie opp eit leigeforhold, men sjølv om desse skulle vere oppfylte (huseigar skal bruke rom sjølv osv) gjeld ein minimumstid på 1 / 3 månader. Og igjen, som du seier, han skal nok slite hardt med denne "avtalen kan straks sies opp"-politikken, då skal det vere svært grove avtalebrott, og i dei aller, aller fleste tilfelle vil det uansett krevje fleire skriftlege åtvaringar i forkant. Eg har eigentleg inntrykk av at det er meir gale huseigarar enn leigetakarar, trass i at eg har vore den som har sete på eigarsida dei siste tre åra.
  7. Eg tolkar det vel heller motsatt, at leigeforholdet kun gjeld i eitt år, og at kontrakten då må fornyast. Men det er jo du som er juristen her .
  8. Eg har kontor i Åsane, ingen problem å ta med Laffen ein dag for litt turgåing .
  9. Seier du det? I så fall har dei syndig nok fora med LABB! Dei har iallefall vore næraste nabo til Vaksdal mølle, som produserar FK-foret (Labb og Appetitt) i mange år, og hatt oppdrettaravtale med desse.
  10. Det er vel eit generelt problem med tørrfor på marknaden, at store delar av innhaldet er korn og karbohydratar. Her er ikkje RC-Eukanuba og dei andre velrennomerte fora noko betre. Med Labb premiumfor reknar eg med at du meiner Appetitt? Det er i så fall det vi forar med. Det har òg oppdrettarane våre alltid gjort, og deira hundar er mestvinnande utstillingsbernerar på Vestlandet, og det blir ein ikkje med tørr pels og dårleg for . Å dele erfaringar når ein blir spurd om det, er sjølvsagt heilt fint. Ein annan sak er det når ekspeditør på eige initiativ spør kva for ein brukar, for så å ytre høylytt og klart kva ein synst om det. For å gjenta meg sjølv:
  11. Hæ? Eg var heilt sikker på at denne tråden låg i Debattkjelleren... Jaja, det forklarer vel kvifor mitt førsteinnlegg vart sensurert...
  12. OlavEmil

    Løvstakken

    Ja, var det ikkje frå Langeskogen og opp på Løvstakken, då? Fredag passar forresten supert, kurset vårt vart avlyst . Så om det framleis er meldt sol då, må det jo vere perfekt!
  13. Ro, ro til fiskeskjær... Det spelar liten rolle at du no prøver å flytte fokus til ein heilt irrelevant plass i setninga, det du skreiv var at det var mangler i kosthaldet (altså Labb). Når du i tillegg skriv at du prøvde dette foret for å skaffe deg erfaring, iom at du jobbar i dyrebutikk (som ikkje eingong sel Labb, med mindre det var ein FK-butikk), ville det ikkje overraske meg om du er ein av dei som snakkar nedlatande til kundar som brukar FK-for på sine hundar, og ikkje det foret du helst vil selje.
  14. Opprinneleg diskusjon: http://hundesonen.no...73#entry1243873 Nokre meiningar ser eg ikkje vitsen i å diskutere mot. Eg kosar meg heller med å få styrka alle mine fordommar mot byfolk (som no bur i ein mellomting mellom by og land, nemleg 15min sykling frå Oslo sentrum. L O L :rolleyes2: ).
  15. Susanne Sundfør att . http://www.youtube.com/watch?v=tAPACxgd83U
  16. Ja, det er greit. Vi er alle einige i at nokre hundar funkar på det eine foret, og nokre funkar på det andre. Men du skriv at Labb ikkje har dei næringsstoffa ein hund må ha for å leve. Då lurar eg på kva du meiner RC inneheld som Labb ikkje inneheld. For såvidt eg kan sjå, er innhaldet relativt likt i dei to fora, og dei fleste andre tørrfor på marknaden. Så med mindre du vil utdjupe kva Labb manglar, som RC har, så kan vi kanskje prøve å halde det bittelittegranne sakleg her.
  17. "For å kompensere for mangler i kostholdet"? Feel free til å utdjupe.
  18. (straum to gongar i året? Det må bli nokre saftige straumrekningar ) Men sånn elles har laikamor eit godt poeng, om ein er villig til å busse litt, får ein utruleg mykje meir for pengane litt utanfor Bergen sentrum. Arna bør sjekkast, her går det tog kvar halvtime, då er du i Bergen sentrum på 8 minutt. Og så er det utruleg mykje betre enn å bu midt i ein by .
  19. OlavEmil

    Løvstakken

    Haha. Har du sett på organiseringa vår, eller? Tidspunktet blir flytta fram og attende kvar gong nokon postar, og er sjeldan heilt klart før seinast dagen før, for ikkje å snakke om kvar vi skal gå... Men då er du med på turen neste veke, då, anten det blir tysdag, onsdag, torsdag eller fredag .
  20. Oi, her var det mykje vranglære ute og går . Linken til Raksha er den ein skal halde seg til. Eit samandrag av reglane: Grunnregelen seier at ein med sertifikat klasse B kan trekkje ein hengjar med tillate totalvekt i vognkortet (!) på maks 750kg. Ein kan trekkje tyngre hengjar enn dette når desse forutsetnadane er på plass: Hengjarens tillate totalvekt i vognkortet ikkje er større enn bilens eigenvekt inkludert førar i vognkortet. og Tillate totalvekt på bil og hengjar i kvart av vognkorta ikkje blir meir enn 3500kg. http://www.vegvesen....+%28klasse+B%29 På det punktet har Malamuten rett, det spelar ingen rolle om hengjaren er heilt tom, og ikkje veg meir enn 250kg, om tillate totalvekt på hengjaren er for stor. Med BE er det ingen grense på totalvekta, så lenge bilen ikkje har tillate totalvekt på meir enn 3499kg, kan du trekkje så tung hengjar denne har lov til å trekkje. I optimale tilfelle kan du dermed med BE køyre "vogntog" som er 19 meter lange og veg 7-8 tonn. Argyr: Eg skulle gjerne teke meg ein tur, om eg budde på den sida av landet. Lukke til med flyttinga .
  21. De kan jo berre vere med på flyet til Kangerlussuaq. Blir sikkert fønn der òg .
  22. SFX: :lol: Heilt fantastisk. Frå starten av tenkte eg at når du får pinnen, har vi noko bra i vente, og du skuffa ikkje . Eg tenkte sjølv å sende pinnen til deg, men Yodel var jo alt tinga (og ho plukka jo pinnen med perfekt presisjon òg, då :ahappy). Men altså, KensingtonGateCollies? Har Kensington Gate fått nytt brukarnamn? Eller heitte ho det før?
  23. OlavEmil

    Løvstakken

    Og kvifor har du ikkje sagt det før, når det har vore så mykje snakk om fellesturar i Bergen? Fredag trur eg eg skal på kurs... Torsdag?
  24. Ikkje noko fast, nei, vi berre legg ut her i tråden (evt ny tråd, men under Bergensforumet) og avtalar frå gang til gang .
×
×
  • Opprett ny...