Sidan mormor og besten har tatt turen østover, så er eg og mamma barnevakt for Border Collien, Enya. Og ei gårdsbikkje som ho, som er vandt til å gå laus 24/7 passar ikkje alltid like godt til midt i byen. Spesielt med tanke på at ho nektar å gjere i frå seg om ho går i bånd! Men ho er flink jente, og stikker i det minste ikkje av. Og sidan ho ikkje er så glad i å gå i bånd, så heiv eg ho i bilen og kjørte ut til jordet så ho kunne herje rundt mens eg knipsa litt bilder av ho.
Desverre viste det seg å vere hekkande fuglar i graset eit godt stykke utpå jordet, så då spaserte vi i ein anna retning.
Men stakkars lille Pia, ho som er vandt til og ha meg heilt for seg sjølv og dele seng med meg, vart nesten most av store Enya som fant ut at ho også ville ligge i senga. Er vel ikkje så vanskeleg å gjette seg til kven som begynte å surmule fordi Enya tok plassen der Pia først låg
Det er fasinerandes kor lik stil ho springer i. Er det samme kvar gong.