I forbindelse med flyttinga i august, så skal eg, frøkna og pappa ta inn på eit hotell og vere der frå fredag til søndag. Pappa har tenkt at eg og han skal kose oss litt når vi først er der, noko som sikkert resulterar i at Pia får nokre aleinetimar på hotellrommet.
Er litt redd for at ho skal stresse og bråke litt sidan det er ein fremmed plass, og sikkert folk som går i gangane ho varslar på. Så tenkte å ta med eit gnagebein, strø litt godis her og der, og sette opp tøyburet så ho har nokre kjente lukter og ei hule ho kan søke ly i om ho skulle føle for det.
Så sant det er mulig og temperatur for det, vil eg nok ha ho med i bilen sidan eg veit ho er roleg i buret sitt der.
Men eg er ovehode ikkje kjent med rutinar på hotell i Noreg då eg ikkje er ein hotellvant person. Men er det nokon som veit om dei fleste hotell har romrydding kvar dag, eller kun når kunden har reist? Er livredd for at det skal komme ein person for å rydde rommet mens Pia er aleine, ho som atpåtil ikkje er ein stor fan av vilt fremmede.
Og er det andre ting som er viktig å tenke på når hunden er med på hotell?