-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Var oppi skogen her no i veka for og sjekke ut turområdet, og den stien eg gjekk var berre heilt fantastisk! Både Pia og Catania fikk springe lause, og dei storkosa seg. Var litt kort rute, men passe lang for travle dagar. Eventyrstien lever i vert fall opp til namnet sitt. Neste gong skal vi sjekke ut den andre stien, reknar med den går litt lenger. Så O'store værgudar, gi meg soool på onsdag Nokon må sjølvsagt vere ansvarleg for litt skogsrydding også! Litt trollsk stemning
-
Og plutseleg, så ser dei vaksne ut. Tidi har blitt stor, og så finfin! Kjenner igjen det med å ikkje ville ha pelshund igjen, alt er så mykje enklare med ein korthåra hund
-
Nokon tankar rundt desse?
-
Ja, har vel budd her i rundt 3 veker no trur eg. Og stortrivst! Kurset startar ikkje før om 1 mnd, så må fortsatt smøre meg med tålmodighet
-
Lite, men samtidig mykje som har skjedd i det siste. Har nemleg fått ei som er nyutdanna instruktør frå Hagan hundetrenerskule til og hjelpe meg med utaggeringsproblemet til spesiellt Pia. Så det er vi godt i gang, har vert observasjon på besøk, tur med begge, tur med Pia og tur med Catania. Så no gjennstår trening for meg sjølv i 4 veker før vi skal møtast for oppfølgingstime. Står ein heil del om det på bloggen, for dei som måtte finne interesse i og lese. Og i mellomtida, så må eg også prøve og få med meg nokon på sosialtur, gjerne med nokon vi ikkje kjenner eller ikkje kjenner så godt. Men det er vanskeleg! Ellers fikk bikkjene sosialisert seg med kjekkasen Oliver i helga, ein liten Papillon/Chihuahua blanding på 6-7 mnd. Nydeleg altså! Vart uklart, men shit... Har litt lyst til og vere med dei to frammi der... Får eg lov? Pia kom heseblesande langt bak Var akkurat for sen til å ta bilde når dei satt som to tente lys, frusterande! Oliver
-
Var med på tur saman med ein herleg liten herremann i dag, på 6-7 mnd. Og då måtte det takast bilder!
-
Har nett begynt å fôre mine på det, eine skal ha ca. 250g mens andre skal ha rundt 120g per dag. Så eg kjøper 0,5 kg pølser og tar det på augemål. Pakkar i kvar sine posar og hiver i frysen igjen, etter å ha porsjonert opp for nokre dagar
-
Trur rett og slett du går alt for mykje. Er mange som går og går og går, samt gjer alt mulig for og slite ut bikkja, men endar opp med ein hund som er enda meir gira på meir. Så ville rett og slett trappa ned, og ikkje gjort så innmari mykje heile tida. Blir vel gjerne litt stress og forventningar frå han også då. Og så må du tenke på at mental stimulering gjerne sliter ut på ein anna måte enn fysisk trim. Så ville starta med litt trening av diverse øvelsar, kanskje gått til innkjøp av ein type hjernetrim? Dagar med fullstendig ro, kun doturar, kan også vere greit Etter ein halvtime-/times tur i skogen med frislepp og gjerne litt mental trening, så er mine to, som er to vidt forskjellige rasar, ganske så avslappa når vi har komt heim igjen. Dei har gjerne meir energi å by på, men dei går og legger seg og slappar av resten av dagen.
-
Når eg budde heime, og det då var tre hundar, då var det kun min Coton og mamma sin som var i flokk. Mamma's tispe på 8 år og Etnaen min på 1 år gjekk overrens, men dei budde berre under samme tak. Men mine to trur eg er i ein flokk. Dei kan sove side om side, bruke kvarandre som hodepute og leike saman. Catania må ha Pia heime når eg er ute, er ho heilt aleine blir det uling. Etter at Catania vart operert i sommar, var Pia veldig oppmerksom på Catania, og passa på ho. Litt spesielt og sjå på. Dei kan sjølvsagt ryke i tottane på kvarandre i ny og ne, men når dei er skilt er alt som før igjen
-
Det beste er å velge eit utstillingsbånd med ein nøytral farge som framhevar hundens farge. Lilla, rosa, grønt og andre fargar bør unngåast, då det er fargar som fort kan ta oppmerksomheten litt vekk i frå hunden. Det fikk eg og andre kursdeltakarar på handlerkurs høyre av ein som jobbar som profesjonell handler, bør unngås etter beste evne. Sjølv har eg kvit line til min kvite bomullsdott, men ho skulle så absolutt hatt ei svart line! Men Etnaen har gull-lenke og svart bånd, det er nøytralt og det går til fargen hennar. Ho er også av ein rase der litt perler kan passe.
-
Likar heller ikkje dei snorene som henger og slenger. Høres forferdeleg irriterandes ut om ein er på skogstur med bikkja, risikerar vel å henge fast i både det eine og det andre? Og om dei då ikkje slitnar... Ikkje noko eg hadde gått til innkjøp av i vert fall
-
Navn: Pia Rase: Coton de Tulear Kjønn: Tispe Pia er ei Pia, så ho passar fint til navnet sitt. Kort, enkelt og fint Navn: Catania Rase: Etnahund Kjønn: Tispe Ho hadde fått behalde namnet sitt, ja. Ho passar det så fint syns eg
-
Kor gammal er hunden? Om det er ein kvalp, så er 3-4 gangar aaaalt for lite med lufting i løpet av dagen. Då må du ut etter mat og drikke, leiking, soving og innimellom alt det der igjen også
-
To stykk 3,5 meter lange kobbel (strengt tatt leietau til hest, men pyttsann) Nytt halsbånd så Cat har id-tag når ho spring laus. Er så stort og klumpete med myndehalsbånd då. Og ei hue, kun for og komme over 200,- grensa
-
Har vert innom tanken, om den skulle bli for stor er det ikkje eit stort problem å bytte den sjølv trur eg. Men takk for tipset
-
Er det fettlærlina eller multifunksjonslina du har? Syns fettlærlina ser best ut å holde i, mens multifunksjonslina ser best ut med tanke på justeringane. Åååh, tusen takk! Prisen var i vert fall meir enn akseptabel!
-
Nokon som veit kvar ein kan få kjøpt litt ekstra lange kobbel, gjerne på 3 meter? Gjerne lær, men nylon funkar også, om dei er gode og solide. Og helst i Noreg
-
Coton de Tulear: Avleding av krokodiller og gjeting. Blir ikkje brukt til den slags av meg, nei Etnahund: Hetsjakt på villkanin og hare, i noko grad fugl også. Blir ikkje brukt til nokon av delane, men fugl jagar ho til tider på eiga hånd
-
Pia til adferdskonsultasjon
-
Brillevask? Eller reise innom ein fotobutikk og kjøpe eit lite vaskesett med blant anna ein vaskespray og "brillepuss"
-
Hadde lyst på sånn til Cat også, men får nok bli noko anna sidan dei ikkje svarar. Har til og med sendt purremail, men neeeida
-
Må ein ikkje sende mail til dei når ein bestiller frå Noreg, eller generellt utanfor Sverige? Eg har nemleg prøvd og kontakte dei via mail sidan det stod noko om det, men dei svarar aldri
-
Biltema sine senger er veldig lik Biabed sine, og sikkert like enkel å tørke over om den blir skitten. Ellers har IKEA billegdyner til 19,- så ei slik dyne + trekk og evt teppe oppå igjen funkar jo fint. Enkelt å hive i maskina også
-
Endeleg er det satt opp kurs retta mot konkurranselydighet for nybegynnere! Så i mars blir der kurs på meg og bruningen, og eg gledar meg! Spesielt sidan det er mulighet for og ta bronsemerket for den som ønsker ved kursavslutting, så vi får legge oss i hardtrening når vi har komt oss inn i nye leiligheta. Som forhåpentlegvis blir i neste veke (krysse fingra!) Når vi har komt oss på plass i leiligheta, så skal eg teste ut vom og hundemat på bikkjene. Er spent på resultatet Etter bortimot 1 mnd. med møkkavær, så har snøen komt tilbake og vi har i dag hatt sol og blå himmel. Dermed vart det tur saman med ei som har 2 Whippeter i dag Ei som føler seg forfulgt Var fin utsikt oppi der vi gjekk. Endeleg nokon og leike litt med Catania nyter været og friheten