-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Ferskvare i matbutikk. - Det er ikkje vi som trykker opp verken tilbudsblad eller personlege tilbud, ei heller vår feil om varen er utgått eller vi er tomme - Eg har ikkje lov til og tømme pantemaskina (på grunn av bakteriar o.l.), så ikkje mas om det når det det er kø. Kan faktisk ikkje sleppe alt eg har i henda for og finne nokon som kan hjelpe... - Ikkje bli sur om du må gjennta deg sjølv, det er meir bråk bak enn forran disken - "Eg vil ha den, den og den der". Kva er eigentleg "den, den og den der"? Sjølv om du ser kvar eg peikar, så betyr ikkje det at eg ser kvar du peikar. Så ikkje bli sur om eg spør kva du då peikar på. - Vi hjelper deg gjerne med å finne ting i butikken, men stopp heller for og snakke med kjentfolk etter at du har fått hjelpa du ville ha. - Ikkje la det gå ut over meg om eg er aleine og det er lang kø. Er ikkje eg som setter opp vaktlistene.
-
I forbindelse med at eg skulle stille på NKK Bjerke i fjor, så hadde onkel og tante gitt meg husly for ei langhelg. Eine dagen hadde dei diska opp med surra svinesteik til middag, og den vart satt inn på kjøkkenbenken når vi var ferdige og ete. Plutseleg forsvant Catania inn, og etter ei stund, når tante var inn ein tur, så kom Catania i hundre-og-ti ut døra, med resten av steika i kjeften. Den hadde dei tenkt og lage noko av dagen etterpå. Endte opp med at dei delte den på alle 4 bikkjene, noko som var enklare sagt enn gjort, sidan Catania IKKJE ville gi i frå seg fangsten sin...
-
Hihi, takk! Kameraet har støva ned i sommar, så har kun mobilbilder. Blir vel betre utover hausten når båndtvangen er over og beitedyra er tatt inn Ei som vart litt gretten når eg drog vekk dyna som låg over ho Ute og testar den dobble kjørestrikken, som funkar perfekt! Smiiiil Passa Dina i nokre dagar i sommar Og lufta fine Whippetane til @Tipsi, syns det vart ein fin trio på tur Miljøtrening er kjeeeeedeleg
-
Hund generellt, uansett rase, er ikkje smart og ha laus i nærleiken av beitedyr
-
Gi dei kvar sin tyggesak/kong som dei kan jobbe med når du er ute? Og om du har ein del fritid, så trene på og vere aleine heime? Om du har muligheten til og ta dei med i bil, så kunne du parkert i parkeringshus/kjellar om der er mulighet for det?
-
Har dei heile huset for seg sjølv, eller har du dei på eit avgrensa område? Er det bjeffing frå du går ut døra, eller går det ei stund før dei startar? Om sistnevnte, så kunne du kanskje fått nokon til og komme innom for lufting o.l. når du er på jobb f.eks. så er dei ikkje aleine så mange timar i strekk? Ville prøvd og filme/ta opptak så du veit litt betre kva som føregår.
-
Ja, dei kom flatpakka saman med kjørestrikken, haha!
-
Ja, fikk DENNE for 2 bikkjer i posten i dag. Gledar meg til eg får testa den skikkeleg
-
I starten hadde eg mine i bur ved sidan av senga. Og dei var veldig flinke til og då gi beskjed om dei måtte ut på natta, men stort sett holdt dei seg til 5-6-7 på morrakvisten Men om du ikkje vil bruke bur, så kunne du jo laga til ein liten kvalpegård eller noko liknande så kvalpen har eit begrensa område og gå på om natta
-
Eg har kobla tre bikkjer, med tre forskjellige liner til, og det var ikkje noko problem. Gått tur med mine to samtidig kobla til beltet, heller ikkje noko problem. Men blir nok betre når eg får kjørestrikken for 2 bikkjer med kun eit feste då, i staden for 2 separate kobbel
-
HER. Kjøpte heile systemet (usikker på om ein får kjøpt kun beltet?) på XXL for 500,- Ingen som hadde selen i bruningen sin størrelse, så kjøpte det kun for beltet si skuld, og solgte selen som var med, sidan den var aaalt for stor.
-
Har nyleg kjøpt meg trekkbeltet som hører til RuffWear omnijore joring system, og det kan eg på det varmaste anbefale. Det har "rumpeholdarar" eller kva eg no enn skal kalle det, som kan klipsast av og på, men merkar ikkje noko til dei, og dei held beltet på plass. Det er superbehageleg og gå med, har flaskeholder + 2 lommar til diverse småting ein må ha med seg på tur (bæsjeposar, nøklar, mobil, m.m. Har sikkerhetsutløysar. Har også jægerens, det er behageleg, men sklir fort opp og ein kan kun gå med ein hund om gangen.
-
Må man til veterinær for å kjøpe zoolac?
Bellare replied to Lola Pagola's emne in Hundens helse og sykdommer
På vet.kontoret her, står Zoolac i utstyrshyllene deira, så kan berre plukke størrelsen ein skal ha, betale og gå -
Hadde ei tispe på 2 år når eg fikk tispe nr. 2. Budde ei stund hos mamma før eg flytta for meg sjølv, og ho har også ei tispe, som på den tida var 6 år. Ingen problem
-
foto.no er ei fin side om du kan gå for brukt utstyr 24-70mm er eit greit objektiv med normal zoom. Har sjølv Sigma sitt, og er veldig glad i det
-
Mi erfaring med Etnahund, er at det er ein rase med mykje jakt, kjærleik og ein herleg personlighet. Mi eiga tispe jaktar mykje, men ho har aldri stukke av. Ho har stor radius og kan fort forsvinne bakom ein haug eller to, men held seg alltid i nærleiken og passar på at eg fortsatt er der. Mosjonsmessig føler eg dei treng lite, men samtidig mykje. Så lenge mi eiga får springe laus på tur eller eit jorde nokre gangar i løpet av veka + vanlege spaserturar, så er ho veldig fornøgd. Men samtidig er det ein sofahund som fint kan ligge strekk ut i nokre dagar utan mas, noko som er veldig greit om ein blir sjuk eller om det er møkkavær ute. Og mest sansynleg innbillar dei seg at dei ikkje er vanntette, for om det er dårleg vær ute, då må i vert fall eg slepe ho med meg ut. På vinterstid er det ein frospinne, så då må dei ha klær Det er ein veldig fin allround rase som kan brukast til bortimot alt. Sjølv trenar konkurranselydiget, noko ho syns er veldig morro. Trenar litt agility når været er greit for det, og har med tid og stunder tenkt å trene blodspor, må berre få oss med på eit kurs først… Og så kan dei gå LC Mi er ein kosegris utan like når det kjem til kjentfolk, men er veldig careface om fremmedfolk på gata vil hilse. Har ei Coton-tispe som eg hadde frå før av, og ho har desverre lært Etnaen å bjeffe når nokon ringer på døra, og ho blir fort veldig "høg" når vi får besøk. Men ellers er det ein veldig stille hund som det nesten ikkje er lyd i. Kan vere litt rasediskriminerande, då ho trivst best i selskap med andre mynder, spesielt på hennar eigen størrelse. Er vi med hundar av andre rasar, havnar ho raskt i si eiga lille boble og kan vere litt meir sær. Så eg syns det er ein absolutt herleg rase, som eg gjerne kan anbefale til andre @Nowisclee har mykje meir erfaring med rasen enn meg, så ho kan nok fortelle ein god del meir
-
Puddel, kanskje?
-
Har eit liknande, men det er veldig ustødig på gras og veldig smalt. Det funkar greit nok, men er overhode ikkje glad i det
-
Får trent alt for lite på hopp over hinder sidan eg ikkje har eit skikkeleg LP-hinder, og sidan treningane føregår ute på denne tida av året, så er det ikkje tilgang på hinder. Med mindre dei som har sammenleggbare kjem på treninga og setter opp eit hinder. Så er det nokon som har ei grei "oppskrift" på eit slikt hinder, så eg kan lage eit sjølv?
-
Det pleier og vere småhundtreff på Gunnarsbøparken i Tønsberg. (fb - gruppe: småhund-treff Gunnarsbøparken Tønsberg) Fikk aldri vert med på det sjølv når eg budde på Nøtterøy, men dei har treff kvar dag kl. 17, samt lørdag og søndag kl. 15. Står nok meir på fb - gruppa deira
-
Store, fine bruningen min, 22 mnd (neste gong må eg prøve å få med hennar eiga line ) Catania syns Ivo var unødvendig plaskete i vatnet, farleg å bli for våt nemleg! Vår første treningssamling og fellesdekk 2 minutt, ho låg heile tida! Pia, Catania og Tiko. Trur Catania kunne klart seg fint i Rødhette og ulven Knoll og Tott på eventyr På laurdag debuterte eg og Catania i LP-ringen for første gong. Er i grunn fornøgd sidan eg ikkje hadde så store forhåpningar, men eg veit at ho kan betre, men så blir jo alt veldig annleis på eit stevne. Men no veit eg i vert fall litt betre kva eg bør trene meir på, kva som må forandrast på, pirkast på og alt det der. Har sett meg ut eit par stevner til i år, men vi har masser av tid til trening før den tid Er spesielt fornøgd med tannvisninga, det er nemleg ein kjip øvelse syns Catania
-
Ferie på austlandet og dagstur over grensar, det er ikkje bra det... RuffWear Omnijore joring system Tursele Puppia - sele til Pia Leikar Tyggesaker Kyllingføtter, kyllinglever og kyllinghjerter Flytevest Ull- og fleecedekken Godbitar Sammenleggbar skål Diverse PetSilk pelsprodukter
-
Mamma gav meg ei oppskrift i dag som vist nok skal vere veldig god 2 Kiwier 1-2 ss melis (så smoothien ikkje skal bli så himla sur) Tropisk juice, eller appelsinjuice for og få tilbake litt surhet.
-
Før yngste frøkna her vart operert for det, kunne ho halte litt på tur. Men om kneskåla ikkje poppa på plass av seg sjølv, så strakk eg ut beinet så det poppa på plass. Så gjekk vi vidare. Og aldri ein lyd når det skjedde, kun vanlig happy-happy bruning. Men ville tatt ein tur innom veterinæren sidan han nektar og stå på beinet.
-
Møkkatrening