Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Pia var 12 mnd. ved første løpetid, mens Catania var rundt 10 mnd.
  2. Har retrieverkobbelet frå Paw of Sweden, men dei har vanlege kobbel også. Er både med og utan refleks, samt mange forskjellige fargar. Veldig fornøgd med mine og enkle å surre saman
  3. Dei nedbrytbare som vi kjøpte eller fikk ein gong i tida, der raknar bunnen så snart ein stikk hånda nedi posen. Så går i vanlege posar her.
  4. Kan du ikkje snakke litt med instruktøren då, så er det mulighet for at h*n kan legge til rette for det seinare? På kvalpekurset eg var med eldste tispa mi når ho var kvalp, då var det ofte ein og ein kvalp om gangen. Instruktøren viser øvelse, person 1 tar ut kvalp og får hjelp av instruktør med øvelsen mens vi andre observerar, kvalpen blir så satt i bilen/buret igjen og person 2 tar ut sin kvalp. Veeeldig mange småpausar med andre ord På andre kurs eg har vert på, så har det vert likedan.
  5. Trur eg ville gått for ein varmedress når det er så kaldt og bikkja er barbert
  6. Skoies.no har diverse med refleks i vert fall, som muligens kan passe.
  7. Teknte også non-stop, men mulig det blir for bredt? Kva med å feste Orbiloc lys på halsbåndet/selen, eller gå til innkjøp av lysande halsbånd? Då ser du i vert fall kvar bikkja er
  8. Ingen som viser teikn til det. Men skulle ikkje forundre meg om yngste frøkna får nr 2 om ikkje så alt for lenge, men er vel nokre mnd. til enda Dei har ikkje gått i strupen på kvarandre i dag, så håpar det kun var eit "eingongs tilfelle".
  9. 1. Januar, dagen derpå, sove lenge og dermed lite å gjer Ca. klokka 13 hadde eg komt meg opp av senga, og det var på tide med ein enkel frukost. 14, tid for ein liten runde på nett. 15, henge opp postkasse og vise mamma leiligheta eg har kjøpt 16, på besøk hos mormor og besten. Bikkjene måtte få herje i frå seg litt. 17, skittne bikkjer fulle av hestemøkk og gjørme. Wehooo! 18, Catania lurer på om det kanskje er middagsrestar ho kan få. 19, ut på hytta og hente nokre saker og ting. 20, nesten heime igjen. 21, laste opp bilder på bloggen. Brukte opp siste rest av lagringsplassen 22, vi slappar av i sofaen 23, skrive ned kva maling som må kjøpast inn. 23:30, sjekkar ut Rizzoli & Isles 00:00, hissigproppen 01:00, funne senga!
  10. Har kun skilt dei og bedt dei kutte ut. Men om det begynner i dag også får eg heller gi kraftigare beskjed. Pia manglar vel eit par mentale skruar, men ellers er begge to friske. Catania var dårleg i magen for ei vekes tid sidan, men alt er normalt igjen no
  11. Pia (3 år) og Catania (15,5 mnd) har alltid gått overrens. Har innimellom braka saman, men då har det berre vert å skille dei, så har alt vert greit igjen. Det har stort sett vert når den eine har vert med på tur mens den andre har vert heime, er då spesielt Catania som har gått i Pia, men det er noko som er nesten heilt vekke. No er det heller Pia som gjerne kan gå i Catania, men det har aldri vert eit problem. I dag derimot har dei gått i strupen på kvarandre X-antall gangar. Det starta med Pia og Catania i sofaen, Pia låg delvis på fanget og fikk kos (heilt normalt), og plutseleg tar Catania, som er heilt roleg, bitetak i strupen på Pia, noko Pia synest eg svært ubehageleg. Ba Catania gå vekk med ein gong, og skulle til å fjerne ho, men då rauk begge to ihop. Skilte dei og dei var rolege ei lita stund, får dei braka saman igjen. Seinare var vi på besøk hos mormor og besten, der dei fikk herje frå seg ute saman utan tull og tøys. Etter ei stund inne rauk dei ihop igjen. Fikk skilt dei, men det tok lang tid før dei fikk roa seg noko lunde. Så rauk dei ihop igjen. Vel heime var Catania klar for å ryke i Pia når ho skulle ut av bilen, men etter litt lufting var alt bra igjen. Etter ei stund inne ruk Pia i Catania. Pia vart plassert på kjøkkenet (grind mellom kjøkken og stue), til begge hadde roa seg. Så var alt roleg igjen, før dei plutseleg brakar ihop atter ein gong. Pia blir nok ein gong plassert på kjøkkenet. Når begge er rolege slepper eg Pia ut, men då rauk dei ihop med ein gong. Om Catania står ved grinda og ser inn til Pia, er det Pia som gjerne står og knurrar. Det verkar også som at det gjerne er Pia som ryker i Catania, men Catania er ikkje akkurat uskuldig ho heller. Kjenner eg er møkka lei av to kranglefantar, og håpar verkeleg ikkje det er slik i morgon! Finst det "førebyggjande tiltak" for slikt noko? Tips/triks? Kan det vere alderen? Er ikkje vandt med at dei går slik i strupen på kvarandre heile tida, så veit ikkje heilt kva eg skal gjere anna enn å skille dei... Sånn til info er det ei tispe på 8 år i hus her også, men det er kun Pia og Catania som slåss.
  12. Bruningen har fått seg fleecegenser sydd på mål. Og potesokkar frå myndewear.com. Så no kan vinteren berre komme
  13. Pia: Nei. Ho er verdens herlegaste og mest elskbare blant folk ho kjenner og stoler 100% på. Ute er ho verdens største stressmajor og eit herk å slepe med seg. Ville ha ho til utstilling med mulighet for avl, ho har gjort det greit på utstilling men er overhode ingen avlshund. Catania: Både ja og nei. Ville ha ein familiehund som også kunne stillast litt i ny og ne. Ho gjorde det veldig bra på kvalpeshow, men er ikkje akkurat utstillings "materiale" lenger. LC var noko eg tenkte vi kunne prøve litt også, men det går ikkje lenger. Dermed prøvar vi heller lydighet. Ellers er ho verdens beste. Kosegris. Leiken. Stikker ikkje av og held seg stort sett i nærleiken. Veldig enkel på tur i forhold til Pia.
  14. Kva type Bichon er det snakk om? Edit: Hoppa vist over siste teksten. Men då er det ikkje dei eg tenkte på
  15. Starte LP klasse 1 med Catania Gå meir tur i skog og mark (lettare når vi snart får turområde like ved der eg skal flytte ) Utforske andre turområder Vere meir sosial og få fleire hundevenner som kan vere med på tur Få profesjonell hjelp med Pia Bli enda meir økonomisk bevisst når eg flyttar for meg sjølv Komme meir inn i fotograferinga igjen, prøve og ta småoppdrag når eg har tid
  16. Fikk overraskande mykje, men sånn er det gjerne når ein er på flyttefot og treng alt mulig rart? Lowe Alpine tursekk (gigantisk sak!) Pengar Gavekort Håndklær Skostativ Kjøkkenklokke Kjøkkenvekt Deig-dele-sak Sleikepott Stappemoser 6 dessertskåler Tapas (?) skåler i 3 delar Brødkorg Rosendahl skåler Telysholder Dørslag Diverse kroppspleie produkter Konfekt Sminke Sjokolade av noko slag Oppskrift på ei polsk kjeks kake, inkludert eit par polske produkt som skal oppi. Pia og Catania fikk: Kvar sitt store gnagebein Dentastix pakke 1 kg tynnribbe eg kjøpte med frå jobb sidan den var så billeg
  17. Spørs om eg berre skal gå for ein slik då, må nok ha XS til Cat også. S vart alt for svært i halsen. Edit: Veit du om nokon som selger den på nett?
  18. Korleis er den Yukon som du har til Tavi? Har vert innom og sett på den, men dei hadde (sjølvsagt) ikkje riktig størrelse inne. Har hørt det ikkje akkurat er den beste selen, men er den eit greit alternativ?
  19. Bellare

    TV-serie

    Har akkurat begynt på Once upon a time in Wonderland, men meinar eg såg litt av området og enkelte av dei samme personane frå Once upon a time der. Samanheng eller ikkje, trur ikkje det spelar ei rolle her
  20. Bellare

    TV-serie

    No ramsar eg berre ned dei eg følger med på, og fulgte med på tidlegare. Mulig du finn noko spennande her? White Collar Covert Affair The tomorrow people Arrow The vampire diaries Grey's Anatomy Once upon a time Once upon a time in wonderland Revenge Heartland New Girl Hart of Dixie Hawaii five-0 2 broke girls Legend of the seeker Make it or break it Merlin The secret circle Beauty and the beast Veronica Mars Da Vinci's Demons Under the dome The client list Vikings House Revolution (enda ikkje sett, men verkar som ein spennande serie)
  21. Vil påstå eg har ein dugande lydig hund. På innkalling i vert fall. Klønete meg klarte å miste kobbelet på veg ned og ut frå ein butikk som selger dyreutstyr, så ho kunne endt opp som villstyring i sportsbutikken vi måtte gjennom for og komme oss ut, var evig mange folk der også. Flinke Catania'en min snudde raskt på labben og kom tusslande tilbake når eg ropte Motivasjonen for lydighetstrening har ellers vert temmelet lav for tida. Forhåpentlegvis stiger den ein god del når eg får flytta inn i leiligheta mi, som truleg har større stue enn her heime, stor fotballbane like ved og jah. Og så sant vi får inn det meste så det faktisk sitter, så trur eg det skal bli morro på nybegynnerkurset i konkurranselydighet som forhåpentlegvis skal arrangerast i begynnelsen av året. Gledar meg! Kanskje, kanskje vi er klare for konkurranse allerede i slutten av april? Einaste ho ikkje er introdusert for i klasse 1 øvelsar, er fellesdekk. Alt anna har vi utruleg nok begynt på, og meir utruleg er vel at det faktisk går bra. Inne i vert fall.
  22. Er vel ikkje så veldig smart å bade før alle flokar er ute? Og det er heller ikkje smart og vente med å fjerne dei, då blir dei større og etterkvart vonde. Så ville klipt dei vekk, eller skaffa ein liten kam og fjerna dei. Sjølv har eg ein liten slik eg brukar på flokar, lugg, bein og bart til bomullsdotten. Funkar nok på barten til din også
  23. Er til Etnaen, så ho er ikkje akkurat så veldig liten. Ho er ca. 48 cm høg Nei, er Yukon sin Korleis ser Norsk Hundeutstyr sin sele ut? Dei har jo ingen bilder på heimesida...
  24. Tenkte eg skulle ta med meg Catania på skitur når vinteren kjem tilbake. Mest for og venne ho til ski og andre skigåarar til neste sesong. Men finner ingen god sele som passar skikkeleg, og vil dermed heller vente med og kjøpe til NonStop Freemotion str. 3 kjem ut i butikkane, noko som tydelegvis kan ta litt tid... Har sett litt på Zero Faster nomesele, men er veldig usikker sidan ingen selger den her i området, og den då ikkje kan prøvast på. Kva sele er då eit godt alternativ? Har no kun ein y-sele og ein brystsele. Tenker då ikkje at ho skal gå og trekke noko særleg, men reknar med muligheten er stor for at ho kan finne på og trekke litt uansett.
×
×
  • Opprett ny...