-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Eg har jobba ca 10-16 i eit par år, og har blitt bortskjemt med korte dagar. 9-15 hadde kanskje vore endå betre. Etter utdanning, om 2-3 år, håpar eg at eg finn noko i retning av 8-16 eller deromkring. Siste tida har det blitt meir 12-20 og 10-18. Det er skikkelig lange treige dagar, der eg ikkje får gjort noko som helst utanom og berre søv mellom slaga.
-
Min kan ingenting på kommando. :stolt: Han tilbyr sitt, ligg, ligge på sida,ligge på rygg, rulle rundt, stå, stå på to, sitte bamse (nesten, og på ein veldig sprettete måte), rygge, håndtarget, post-it, gå på musematte, gå på kasse. Jobber med å sette kommando på ting, i første omgang sitt.
-
Ah, har aldri vore på utstilling eller messe. Det passar bra, då har eg ein grunn til å stikke på utstillinga til helga.
-
Snedig, har ikkje sett slike, dei har vel slikt i nettbutikk om eg ikkje finn i butikk reknar eg med? Nei han får jo ikkje lov til å holde på slik, eg vil helst ha jorda utanfor huset.
-
Finnast det noko som fungerer? Kvalpedusten går stadig vekk og herjer med vannskåla. Han grev i den, plaskar, bles bobbler, fyller den med jord (...)(seriøst, han hentar munnfuller med jord ute og slepp oppi, gah!) skubber den i alle retninger (men helst under sofaen), og dersom den ikkje er tung nok løfter han den opp og bærer den rundt overalt med vatten skvulpande rundt. Eg har i utgangspunktet ingen skrupler med å ta frå han vannskåla, men gamlebikkja er avhengig av å drikke ofte, ellers blir han dårlig. Har forsøkt eit par mindre geniale idear (tung skål, høg skål, kun vannskål ute (stort sett alltid opent ut)) men nei. Nokon med idear eller løysingar? Gjerne og tips om korleis stoppe han frå aktiviteten, til no har me fjerna skåla kvar gong han byrjar og prøver å hugse å sette den ut att til gamlemann.
-
Så leit å høyre! Det (lille) eg har sett av han var jo heilt fantastisk. Fine, glade, flinke sporhunden. Og kalkunen da, søtingen! Jammen har de gått gjennom mykje på kort tid, det fortener ingen av dykk.
-
Etter dei du har nemnt du liker, tipper eg du vil like: Rush Home Road av Lori Lansens. Water for Elephants av Sara Gruen The Island av Victoria Hislop The language of flowers av Vanessa Diffenbaugh The story of beautiful girl av Rachel Simon The house at Riverton av Kate Morton Basert på at dei fleste som kjøper dei bøkene du har lest, og likar/kjøper/leser desse. (Eg jobber i bokhandel. )Eg har ikkje lese alle sjølv, eg er meir fantasy/sci-fi/krim og liker generelt sett ikkje "følepå" bøker, men spesielt Rush Home Road og Language of Flowers var bøker eg likte godt. Av meir lettlest humor kan du prøve alt av Karin Brunk Holmqvist. Ho er svensk da, men du får bøkene på norsk i allefall, kanskje engelsk.
-
Eg kan lite, men nok til å bidra med at du finn heilt sikkert bruksanvisninga på nett som nedlastbar fil. I alle fall på engelsk, kanskje på norsk. Der finn du nok korleis du bytter fokuspunkt. (Heiter det det?) Og så trur eg at eg ville brukt al servo, det er i allefall det eg har fått beskjed om, utan at eg kan forklare heilt kvifor. Har du fleire valg der eller kun dei to?
-
Eg vil leike! Hundane og, kanskje. Eg og gamlebikkja er ganske keisame, men resten av gjengen er kul(e). (Eg har to hunder, men er fast passer for minst ei tispe ekstra innimellom.) Bamse er 13 og Vaffel er 6 mnd. Ingen av dei har spesielt behov for å herje med andre hunder men vil gjerne gå tur. :]
-
Ja, bli med! Eg og vurderte å avlyse, halsvondt som ikkje vil sleppe taket, men eg går alikavel og held meg litt på avstand. Me kan jo sitte i kvart sitt hjørne og leike spedalske? Eg lovar å ikkje helse på deg om du lovar å ikkje helse på meg.
-
Anette sin hente valp i Polen EFIT (obs lang og mye bilder :P )
plutte replied to Anette's emne in Bildeforum
Slitsom tur, men den premien da! Supersøt! -
Eg fikk for meg at han kunne gå på kvalpeshowet, men eg tok visst feil. Då tar me heller turen og ser på.
-
No var eg vill&gal og skulle melde oss på, men det står "rasen kan ikke delta i valpeshow" på påmeldinga?
-
Helledussen så søt! Og dei hadde alt for mange, tar du med eit par tre stykker? Vil haaa!
-
Eg går regnskapsmedarbeider på eCademy, og har akkurat begynt på årsstudium i bedriftsøkonomi ved BI. Planen er å ta bachelor etterkvart. Bestemte meg etter at eg var begynt på det første, at eg ville studere meir, og då vart det slik. Vurderte NKI då eg skulle begynne, men enda opp på ecademy, trur det er nokså likt opplegg.(?) Foreløpig er det ganske gøy, litt tungt innimellom, men det gjeld jo det meste.
-
Hurra, ein studentklagetråd! Her skal eg bu. Eg har klart å karre meg tilbake til skulebenken. I vår faktisk, men byrja for fullt no. Meir enn fullt, egentlig, sidan eg går på to utdanningar samtidig. Jaja. Eg tar nettbasert utdanning da, så eg slepp å vere to stader samtidig i det minste. (Og så satsar eg på at eksamensdatoutdelinga går bra...) Skal bli sånn derre reknskapsperson, og som det ser ut, ein ganske forvirra ein sådan. Eg trudde jo at eg likte matte!?
-
Han vil vere nesten sju mnd da, men det er framleis kvalp, ikkje jr, ja? Eg blir så forvirra. :] Men, ja, nei, kanskje? Det kan jo hende det er kjekt.
-
Tenkte eg skulle ta turen å kikke litt på i alle fall, har aldri vore på utstilling. Eg har jo BC, og er egentlig, trur eg, ikkje så utstillingsinteressert, men eg veit jo ikkje heilt kva det går i. Dessuten skjønar eg ikkje heilt BC reglane, kan han vere med på valpeshow?
-
Ca 25 min, med bil, kvar veg. Litt meir ved dårlig føre. Det går tog, men det passar ikkje med arbeidstidene (vanlegvis), å gå til toget + togreisa tar vel 45 min ca kvar veg, rundt 20-25 min dersom eg får sykkelen i gang att kanskje. Det går buss og, men eg veit ikkje kor lang tid den brukar faktisk, då den er enda mindre passande med mine arbeidstider enn toget. 25 min er nesten litt for lite innimellom, sidan eg ofte høyrer på lydbok og gjerne vil høyre meir. 45 min er meir lydbokvennlig. Eg har varierande arbeidstider (mellom 4 og 8 timar), og ein sambuar som vanlegvis reiser tidlegare enn meg og kjem att før meg, så her slepp bikkjene å vere så lenge aleine.
-
Hundesnacks og leker til lave priser!
plutte replied to Anette's emne in Kjøp & Salg - Privatpersoner
Eg må berre skryte. Fikk henta pakken i dag og hadde bestilt godis og leike, og alt var knallsuksess i heimen! Begge ville opne pakka og stjele oksemuskel, og kvalpen, som eg ikkje har fått til å leike før, DIGGA leiken! Han var heilt vill og stod og hoppa etter den i lomma istaden for å vere med dei andre kvalpane på kurset i kveld. Elskepå! Aaah fantastisk, kjøper definitivt meir seinare! -
Det er nok ikkje verdt mange kronene egentlig, meiner det kosta kring 4500,- for fire (fem?) år sidan, i pakke med to linser. Det har og ein sær feil med lysmålaren, som eg har ignorert i lange tider, så da blir det nok kassert. Då ønskjer eg meg eit nytt med god samvit! Takk for svar.
-
No uttaler eg meg om ting eg egentlig ikkje kan, men eg har omsider fikla meg innover i kameraet mitt nok til å skjøne at den stripa som er på alle bilder ikkje er eit hundehår alikavel. Det ser ut til å vere ein sprekk i glaset inni der, for det er eit glas som ligg foran sensoren, ja? Er eit olympus kamera, e520. Er det noko som kan skiftast i full fart med deler fra ebay, eller må det i tilfelle leverast inn ein stad for ekspertfiksing? Eller, og sei gjerne ja, bør eg ønske meg eit nytt?