Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Jeg skjønner ikke oppskrifter og lurer dermed på hva som menes med dette: "x str 1 r 2 r sm, str r til det gjenstår 3 m på strømpe-p, 2 vridd r sm. 1 r x. Gjenta x-x ti på de øvrige 3 strømpep." Jeg forstår at jeg skal strikke to en rett, så to rette sammen og så falt jeg litt av.

    Eg tolker det som "Strikk ein rett, strikk to rett sammen, strikk rett til det er tre masker igjen, strikk to vridd rett sammen, strikk ei rett." Gjenta på kvar pinne.

  2. Det er vel ein regel på at dei har rett til å forsøke å reparere den tre gongar, meinar eg, og deretter har du rett på ny vare. Og så skal det vere noko om erstatning om du er lenge utan, men den biten er eg meir usikker på, alt står i lova

    Er på jobb no men kan prøve sjekke opp i kveld om du Ikkje har funnet ut av det. (og om eg hugsar..)

  3. Min eine gjekk over til acana ved siste fôrinnkjøp, fra orijen. Bytta kun pga pris. Han har fått meir matt pels, og gjekk litt opp i vekt, men det kan og vere ein litt slapp sommar (varme + husoppussing = mindre fjell :( ). Usikker på om me fortsetter på det, planen er v&h når me har kjøken (frysar) meir på plass, men det kan ta tid.

    Går truleg tilbake til Orijen ved neste innkjøp.

  4. Søk etter LP-Varden, den skal være åpen :) Vi er noen som skal treffes onsdag ca 19:00 om det kan passe. Siste trening før stevne på lørdag.

    Fant! Tusen takk. :D Denne veka jobbar eg til åtte så då kjem eg meg nok ikkje nokonstad, men takk for tilbodet! Kan vere eg kjem dinglande ein anna gong, dersom eg tør.

    • Like 1
  5. Dagene er delt mellom AG og LP, utenom de oppsatte fellestreningene er det en del som trener på egenhånd :) Trening blir ofte avtalt gjennom gruppene på facebook. Banen er ok, men ganske hard. Utenom skoleferiene er det bra med folk på trening (LP), vet ikke med AG.

    Takk! Er FBgruppene opne for alle? (fann ikkje..) AG er nok ikkje så interessant for oss sånn i første omgang, har nok å drive med. :P

    Og sidan eg tydeligvis er flinkare til å melde meg inn i klubbar enn eg er til å utnytte tilboda dei har, så er eg sjølvsagt og medlem av BSBK, og har aldri vore på trening med dei. Og så har eg betalt for å få trene på bana på Myrbø (dagtid), som eg sjeldan dreg nytte av. (og alltid heilt aleine dei gongane eg har vore der.) Me vil veldig gjerne trene med andre, skjønt helst på litt avstand i første omgang, og nesten uansett kvar, men midt på torgalmenningen er truleg litt uinteressant. Evt for interessant for oss i denne omgangen.

  6. Tusen takk for svar! Eg har god tid, no skal eg kose meg og leite fram på nett. :D Kikka på ein del av det Jannicke har gjort (som var lett å finne på nett, har ikkje gjort spesielt godt grunnarbeid enno. :P ), og deler av det likte eg veldig godt, medan andre var litt "meh", men sånn vil det vel alltid bli, tatovøren må vel nødvendigvis høyre litt på kva personen vil ha og. ;)

  7. Prøv å ikkje snakke for fort. :P I alle fall om du har tendenser til hurtigsnakking når du er nervøs, sånn som meg. Har du motsatt problem må du sjølvsagt ikkje høyre på meg.

    Angåande gå rundt i butikker, så ville eg nok tatt med CV, evt. bedt om å få maile, hugs noko å notere epostadresser på. (tlf, ark) Butikkar får ofte slike henvendelsar så det er ikkje rart for dei at nokon spør. Lykke til!

  8. @SoppenCamilla Seriøst kul! Grattis!

    Veit nokon av dykk om det er nokon av dei i Bergen som er spesielt flinke på retatovering/teikne og sette saman forskjellige idear? Ikkje type tribal, roser og slikt. Evt. som gjerne jobbar ut frå teikningar ein har laga sjølve. (og gjerne gjer dei betre. :P ) Eg har vore på Leading Light før og fått tatovering, veldig ok intrykk av dei men av det eg finn på nett er det fleire av dei i galleriet til Lets Buzz som ser meir "riktig" ut, men eg har ikkje peika meg ut nokon namn enno.

    • Like 1
  9. Bokhandel

    Bøker! Får leseeks av det meste. :D

    Kjekke kollegaer, har det stort sett alltid veldig kjekt på jobb.

    Greie kundar, mennesker flest er over gjennomsnittet greie har eg funnet ut.

    Fotobutikk

    Fine kollegaer her og!

    Rimelige bilder, men tar omtrent aldri ut. :P

    Fototing er gøy, og det er mykje å lære, læring er kjempegøy!

  10. Er sosialisering lik møte andre hundar for leik? Og/eller hilse på flest mogleg andre hundar, på tur eller frislipp eller kvarsomhelst? For då har eg kanskje misforstått kva andre legg i sosialisering, eg har tenkt meir type kunne gå tur i lag utan at det betyr herjing, og i hovedsak berre leik/helse på faste hundar.

  11. Tja, eg hugsar då plenty av hundar eg gjekk tur med i Oslo i min barndom, der me tilbragte store deler av turen tvinna rundt ein stolpe fordi dyra klikka når det såg andre hundar og det var einaste måten me klarde halde dei att på. Oftast gjekk me minst to-tre jenter i lag og ei sprang i førevegen og sjekka om det kom andre hundar. Eg skjønar ikkje kvifor me fekk lov til å gå med dei, då var me 7-9 år. Kunne glatt ringe på hjå nokon heilt tilfeldige og spørre om dei hadde hund me kunne gå tur med, og stort sett fekk me alltid ja.

    Hadde eit par bikkjer som budde hjå ein pensjonist, og dei utagerte aldri, (Janka og Olemann :wub: ) så det var dei som var kjekkast å gå med og dei eg hugsar best. Etter min hukommelse så var det minst like ille på den tida, og eg ser fleire som oppfører seg bra no enn då. :P Flytta seinare til bygda på vestlandet, og der gjekk bikkjene fritt, og dei var generelt sett nokre aggressive gneldrebikkjer heile gjengen.

    Så, tja, eg trur det er veldig mange fleire som har langt større forventningar til at hundeholdet skal vere så perfekt og usynlig i dag, enn det var før, og det skal ikkje vere til ulempe for nokon andre. Det er heilt "normalt" for meg at enkelte hundar vil utagere, anten det er arv eller miljø som er orsaka, og mykje av det kan visserleg trenast vekk, men eg kjenner sjølv at eg vert meir stressa avdi eg ikkje vil vere ei ulempe, enn avdi eg faktisk ser på det som eit så stort problem, og det har på eit vis gjort problemet mitt større.

  12. Begge mine har no bråkete passering av andre hundar, og eg ser ikkje vekk frå at yngstemann kan vere min feil, men eldste var slik då me fekk han og har faktisk blitt betre.

    Yngstemann har ingen dårlige erfaringar frå overfall på bandtur. (Men har vorte overfallen i treningssituasjon ein gong, det har han derimot ikkje vist ettervirkningar på.) Han har heller ingen forventning til leik/hilsing, for me har i den grad det er mogleg, ikkje latt han hilse i det heile tatt. Men han har stort sett alltid limt seg fast i bakken og nistirra, og har no den siste månaden byrja hoppe etter dei som går forbi og gøyr etter dei. Dritkult. Den einaste måten eg har funne som fungerar er å dra han med meg så langt vekk (inn i skau/grøft/snu) at det er mulig å trene fokus, med tid og stundar vil me nok klare meir normale avstandar. Merkar stor forskjell når eg finn områder eg kan gå i der me faktisk møter hundar ofte og ikkje, og det er faktisk eit problem her eg bur, for her er det aldri nokon andre ute og går når eg går min langtur om dagen, og det er sjeldan me møter andre hundar.

  13. Jeg ELSKER de søte gamle damene. Kanskje ikke så rart at jeg nå jobber innafor hjemmesykepleien? :D

    Egentlig liker jeg disse "jeg så en gang en bok som var sånn og sånn"-oppdragene. Føler meg som en detektiv der jeg står og leiter, og det er skikkelig morro når man finner ut av det! Så lenge kunden har NOE mer å si enn "jeg skal ha den derre som er så populer, du må jo vite hva jeg snakker om, du jobber jo i en BOKHANDEL", så trivdes jeg veldig godt.

    Det FINESTE i hele verden er når foreldre kommer innom og bare "hei, jeg skal kjøpe noen bøker til barnet/ungdommen min, kan du hjelpe meg å finne noe?". Fine, engasjerte foreldrene. Og så juletida! Jeg ELSKER å jobbe der i juletida! Blir å savne det i år altså.

    Åh, nå savner jeg gamlebutikken min altså... :wub:

    Ja, det er i grunn ganske gøy med dei meir utfordrande spørsmåla om bøker, veldig kjekt å finne att ei gamal bok nokon har lese då dei var små og slikt. :D Og så veit alltid folk veldig mykje meir enn dei påstår! Dei spør etter ei bok, kan ikkje fortelle meg noko meir enn X, men om eg fiskar litt så veit dei egentlig Y og Z og. :P

    Teksting av film/serier:

    • Nei, jeg blir ikke invitert på filmpremierer.
    • Nei, jeg kan ikke dele de nye filmene med deg selv om jeg kanskje har dem på PC-en.
    • Jeg har faktisk taushetsplikt, og kan ikke fortelle hvilke prosjekter jeg jobber med akkurat nå.
    • Korte tidsfrister og dårlige lønnsbetingelser gjør at kvaliteten ikke alltid blir så bra. Tid og penger styrer dessverre bransjen, og det ble betydelig verre etter finanskrisen.
    • Bruken av oversettelsesprogrammer er vanlig fra leverandørens side. Det gir rare oversettelser. Kombinert med enda kortere tidsfrister og lavere betaling, gir det enda dårligere kvalitet.
    • På tross av tidspress stortives jeg med arbeidet, og jeg prøver stadig å gjøre mitt for å forbedre kvaliteten på tekstingen.

    Eg ville bli oversetjar i min ungdom, men bøker då. :D Eit spørsmål berre, overset de frå tekst eller må de sitje og forsøke å forstå kva folk seier? Det er jo sjukt mykje mumling ute og går, spesielt i norske produksjonar, då skjønar eg ofte ikkje ein drit utan teksting. Engelsk er stort sett betre, men eg høyrer visst på ein litt svimete måte, i følge hørselslege. :P

    Fotobutikk:

    - Nei, eg vil helst ikkje at du skal vise meg alle bildene dine.

  14. Ingen egentlig forandring her, men gjeld den lova i bil og? På enkelte kurs og langkøyring så kan det jo fort bli meir enn to minutter i bilen liksom. Og, er det i følge den lova, tillatt å stenge ein hund inne på eit adskilt rom? (Yngste her har gang + kjøken på dagtid)

    Passehunden brukar me av og til bur til dei første dagane, for ho klarar rett og slett ikkje roe seg ned utan, eg ser inga anna løysing akkurat no på den biten for det andre me har prøvd har ikkje fungert.

  15. Dersom berre eg himler, så trur eg sambuar tar begge, sjølv om eg egentlig trur Vaffel burde omplasserast. Ryker me begge til, så håpar eg mamma tar Bamse (ho har redda han frå drukningsdøden før og har blitt ekstra glad i han etterpå), han er vorten gamal og sær, har vore omplassert mange gongar før og går på ein del medisiner, så eg håpar han kunne fått siste tida i ein forholdsvis kjent heim. Vafflus har eg nok ingen som kan overta, egentlig.

  16. Bokhandel

    Nei, jeg vet ikke hvilken bok du mener når du sier "Den der boka som er så populær nå", men jeg blir frista til å selge deg det største makkverket jeg kan finne når du insisterer på at jeg må vite det.

    Jeg skjønner at du vil jeg skal anbefale deg bøker, men når du ikke klarer å gi meg noen andre parametere enn "jeg liker sånne der romaner, du vet" så blir jeg pittelitt frustrert - iallefall når alt jeg spør om blir møtt av "njaaaaaaa, jeg vet ikke helt."

    Jeg gjør mitt beste for å finne bøker som passer ut i fra beskrivelsen du gir meg av de du skal kjøpe gaver til. Som oftest veit jeg ikke hva slags bagasje de har i lasta eller hva slags kinks de har, så det er sjeldent jeg anbefaler fifty shades of abuse and misrepresentation of bdsm, iallefall til dattra di på fjorten. :ermm:

    Amen. :D

    Generelt er spørsmål av typen "Den blå boka som låg på det bordet for to år sidan" og litt vanskelige, men me brukar å finne ut av det. Og så er eg litt lei av alle som skal absolutt ha meg til å vere einig med dei i at "bok X er kjeeeempebra", men eg har innsett at eg ikkje likar klisseromanar og prøver stadig vekk å vri meg unna og skryte av bøkene på anna vis. Eg lyg berre nesten. :icon_redface:

    Sånn generelt frå butikk, så er det ikkje spesielt kult med kundar som stuper inn medan eg skrur ned gitteret med fem cm klaring medan dei jublar "RAKK DET!", men det er nesten enda mindre kult med dei som aldri vaskar seg.

    Favorittkundane mine er dei søte gamle damene. :wub:

×
×
  • Opprett ny...