Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Takk for svar!

    Eg tykkjer slikt er så vanskelig, fordi det er så individuelt. Eg veg ein del for mykje så eg får nok litt "gratis trim" berre ved å leve. :P I følge dei aller fleste kalkulatorar eg har prøvd bør eg ligge rundt 1700 for å gå ned. Har ikkje tenkt på meg sjølv som spesielt aktiv, men står og går ganske mykje på jobb, og går jo ein del tur. Vart litt overraska når fitbit seier eg er nær 4000 i forbruk på eit døgn, for det virka veldig mykje.

    • Like 1
  2. Litt halvOT, men kor mykje stolar folk på fitbit og liknande, når det kjem til kor mange kalorier det står at ein forbrenn? For etter ein månad med telling og registrering ligg eg ca 1500-2000 kalorier i underskudd kvar dag, og eg har litt vanskelig for å tru på fitbit sine tall. Ikkje går eg ned heller. :P (ca 16-1800 daglig.)

  3. Ingen av dei eg har hatt inni har fått det til i alle fall, og den eine er heilt kriminell og kjem seg ut av omtrent alt. Eg fekk den strengt tatt berre så vidt av sjølv, og då fekk eg hjelp. Den er skrudd fast og må "løftast" for å takast ut, og verkar sikker nok til ikkje å bli knust så lett. Edit: mine er ca 25-30kg. Utbrytardronninga har knust opptil fleire slike bur utanfor butikkar tidlegare og er generelt ganske sterk og utan hemningar når det skal herjast.

    • Like 1
  4. Den som gir seg er ein dritt!

    Vil nokon med? Kva tema vil me ha?

    Forslag, kom gjerne med fleire!

    Liten blendaropning

    Stor blendaropning

    Brennvidde

    Fart

    Bevegelse

    Portrett

    Landskap

    Tekstur

    Lang lukkertid

    Kort lukkertid

    Linjer

    Kontraster

    Stort som lite/Lite som stort

    Motlys

    Nattfoto

  5. Golf stv 2000 modell. Den er egentlig heilt perfekt størrelse. Har største dobbeltburet til Herkules bak (eller kanskje nest størst? Hugsar ikkje.) Har hatt tre 25kgsbikkjer, tre vaksne og heile juleferieutstyret i bilen samtidig, men då var det litt trangt bak. :P

    Ønsker meg større bil dog, firehjulstrekk, men det skjer nok ikkje på ei stund.

  6. Oi, eg trur eg kjenner hunden din!

    Eller kjenner og kjenner. I så fall hadde me ho på prøve ei lita stund for eit par år sidan, måtte gi ho tilbake sidan vår hund vart sjuk og stressa omtrent samtidig, og eg har sett ho utlyst eit par gongar etterpå, seinast no nylig på finn. Kan det stemme? Blandingen ser rett ut, leonberger/riesen og eit par til om eg ikkje hugsar feil?

    Ellers, generelt sett, så har eg hatt ein del omplasseringshundar i huset, og det kan ta tid før dei verkeleg slår seg til ro, men den største tilpassinga har stort sett skjedd i løpet av dei første tre-fire vekene. Lenger tid for hundar som det har vore store forandringar for, om dei til dømes aldri har vore innandørs før så har ein jo litt meir utfordringar på det viset. :P Hundar som har flytta litt rundt har andre utfordringar, og kan stresse meir enn ein kanskje egentlig ser at dei gjer trur eg, før dei roar seg. For dei aller fleste roar seg og blir vant til nye rutiner, alt blir ein vane. :]

  7. Blæh, mister masse quoter jo!

    Herlig bilde og herlig lys. Men jeg blir også litt skjev i nakken av å se på det :P

    Synes dette bildet har masse potensiale! Skulle ønske tok bildet litt lavere, eller hvordan jeg skal si det. At du hadde jekka deg ned litt :lol: Da tror jeg komposisjonen hadde blitt enda bedre.

    For meg er vår at det endelig blir lysere og jeg var enig meg med selv om at da skulle jeg utfordre meg selv ved å prøve meg på lavere blender sånn at jeg kanskje klarte å fange han lille på et actionbilde, har aldri blitt fornøyd med det:

    Skitkult! Stilig uttrykk, og flott og skarpt på hunden! Kahaaaaanskje litt mykje luft rundt? Eller kanskje ikkje. Tøft! Kva blender brukte du?

    @Banshee Der er vår! Det er jo sånn det ser ut! :D Så fint og skarpt du har fått det! Korleis har du fått det så skarpt!? 7.1 er ikkje så liten opning? At eg aldri skal skjøne DOF.

    Eg ville gjerne ha sett eit alternativ der det var klipt slik at sjølve "midtpunktet" (der vegen forsvinn inn i bildet) faktisk ikkje var i midten, om du skjønar? Klipt av eit par cm nederst for eksempel. Samtidig har bildet ein ganske kul snurring på midten, for meg ser det ut som at fjellet og vegen går saman i ein hypnotisk snurring der nemlig. :D

    @Lovozero Fiiiint! Nydelig utsnitt tykkjer eg, og fin stemning. Tykte det var vårlige fargar og eg, sånn tidlegvår. :D

    Eg har hatt seriøst dårleg fotomånad, og det er ikkje fordi eg ikkje har prøvd. Eg tok til og med fri på solformørkelsesdagen for å gå på fjellet og ta bilder! Det var ikkje så vellykka, kunne ha gått ut ein hvilken som helst annan overskya dag og fått akkurat same bilder. :D I ein eller annan overmodig augeblink har eg til og med vore inne og gjort noko med fokusinstillingane som eg seinare ikkje har funne ut av kva var, så INGEN av mine bilder blir skarpe. (Hjelp?) Veldig irriterande. Heile haugen ser og rimelig blasse ut, men det er lyset trur eg. I alle fall, legger ved eit av dei som eg ved sjekk no er minst misfornøgd med, sjølv om det er altfor mykje herja med i LR, berre for å ha bidratt.

    DSC_0064.jpg

    ISO 100

    85mm

    1,8

    1/320

    Kva tema vil folk ha for april?

    • Like 1
  8. Klipper vekk bildene!

    Tatt med vanlig kompakt kamera 7 mars.

    Vårbildet sitt det! Har ikkje sett ein blomst på årevis eg, kjenst det som. :D

    Ville og gjerne hatt heile blomen i fokus, og det hadde vore enda meir in-your-face-blomst om den hadde hatt f.eks. sollys på seg trur eg? Ikkje at det er så lett å styre sola. :D

    Vel... dette er jo tatt om våren, så da kan jeg vel poste det :)

    Skal få tatt noen bilder fremover med dette temaet i bakhodet. I mellomtiden tar jeg gjerne tilbakemeldinger på dette :-)

    ISO 250

    F 1.4

    1/3200

    50mm

    Eg eeeer så imponert over bildene dine, alltid. Eg tykkjer du har så sjukt god kontroll på lys og motiv og skarphet og heile pakka liksom. </generell betraktning> Dritkule fargar, passar ekstra godt med prikkedyr. Kan kanskje ønske meg at det var meir av grafittien bak heile hunden, og at ein enten kunne sjå begge auga hans, eller meir i profil, men samtidig er den oransje fargen der heilt knall. Eg må få nokon til å spraye ned naboen sitt hus, så kan eg og prøve!

    Canon 7d m/ Sigma 17-50mm 2.8

    Iso 100

    40 mm

    f/ 3,2

    1/1000

    Kult motiv! Så synd med det treet foran rumpa. :D Og så var kanskje sjølve ansiktet litt mørkt, men det er fullt mulig at det er skjermen min for eg trur den er ganske mørk. Buskene rundt kunne kanskje vore ein tanke meir uskarpe for å få hunden meir fram? Og klipt vekk litt på venstre sida? Veldig godt fanga lys, tykkjer eg! Er det tatt midt på dagen?

  9. Sonen sitt fotoframgangsprosjekt!

    Sjå og februartråd!

    Denne gongen prøver me med bilder og kommentarar i same tråd. Dette blir bra!

    Tema er Vår, og kan tolkast i alle retningar så langt ein vil. Målet er å lære meir om, og å bli betre på, å ta bilder.

    Det må vere greit (tykkjer eg) å kome med fleire bilder, men prøv gjerne å begrense antal bilder frå same setting i ein og same post. Fortel gjerne kva instillingar ein har brukt, og eventuelt kva tanken var å få til dersom det kan vere uklart. (Den var litt note-to-self. :D)

    Eg har ikkje surra meg til å ta bilder enno, og eg skuldar på regnet. Skikkelig teit unnskyldning, eg kan jo ha regnværsvår som motiv. :]

    • Like 1
  10. Nå så jeg jo at jeg har lagt ut om mine støvsuger-kvaler her tidligere, så da kan jeg jo fortelle hvordan dette endte!

    Jeg kjøpte en miele complete c3 med hepa 13 filter, og er veldig fornøyd. Fant min på tilbud for 1500, og selv om jeg syns det var tullete mye penger for en støvsuger, er jo miele kjent for å vare veldig lenge og ha god kvalitet.

    Min fungerer supert! Får med seg alt rusk og rask, lukter ikke vondt, virker som om den er mer effektiv på "småstøv", triller veldig godt og har lang ledning, så jeg slipper alt sånn "h.... støvsuger"-irritasjon.

    Den har me akkurat kjøpt! Fekk for to dagar sidan, så ikkje all verdas erfaring, men elsker den så langt!
    • Like 1
  11. Eeeendelig fått i gang maskina igjen, trur eg, hurra for nyinstallasjonar. :D Beklager min manglande aktivitet for februartråden! Eg skal kome sterkare tilbake.

    Vår er eit heilt greit tema, sånn egentlig, og eg kan godt vere med på å ha det denne gongen, masse tolkningsmuligheter.

    Ellers er eg veldig open for forslag til andre tema framover som kan gå litt innpå teknikkar, type liten/stor blendaropning, fart/bevegelse, portrett, tekstur, lang lukkertid, linjer etc.

    • Like 3
  12. Eg var litt kjapp med å trykke Post-knappen i innlegget over, pizza-alarmen gikk nemlig. :D

    Eg har hatt lyst til å få til sånn type bilde lenge, svart bakgrunn og kun lys på motivet, og fikk det forsåvidt til men det er mykje eg kan öve på her ser eg, ikkje minst fokus. :P Er redd det vart alt for mykje oppskarpa i photoshop, men alt i alt er eg nögd med förste forsök.

    Akkurat kvifor det vart dei instillingane det vart er eg ikkje sikker på, brukte Manuell og prövde meg i grunn berre fram til eg fekk eit bilde som såg okay ut. (För bikkja gikk lei da, det tok ikkje så lang tid...)

    1/3200

    f 3.2

    ISO 500

    85 mm

    Eit av dei andre eg fekk, her har eg og malt vekk dei hendene som stod og klödde han på rompa for å få han til å stå i ro. Begge desse bileta er tekne medan Bamse stod i verandadöropninga, bakgrunnen er stova og lyset kjem frå sola. :)

    1/3200

    f2.2

    ISO 500
    85 mm

    16407340568_c86306bf76_c.jpg

    Tar gjerne i mot tips til forbetringar!

    • Like 3
×
×
  • Opprett ny...